{"id":228161,"date":"2026-05-03T05:55:23","date_gmt":"2026-05-03T05:55:23","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/228161\/"},"modified":"2026-05-03T05:55:23","modified_gmt":"2026-05-03T05:55:23","slug":"meiningar-sosiale-medium-ap-sitt-digitale-luftslott","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/228161\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sosiale medium | AP sitt digitale luftslott"},"content":{"rendered":"\n<p>Arbeidarpartiet sitt siste framlegg om \u00e5 innf\u00f8re ei 16-\u00e5rs aldersgrense p\u00e5 sosiale medium er ikkje berre urealistisk, det er eit teikn p\u00e5 handlingslamming. Det verkar som at med ein gong AP f\u00e5r problem med noko dei ikkje heilt forst\u00e5r, s\u00e5 er l\u00f8ysinga deira anten \u00e5 gjere det ulovleg eller \u00e5 setje ei urealistisk aldersgrense. I staden for \u00e5 ruste oss til \u00e5 meistre den digitale verda vi faktisk lever i, vel politikarane \u00e5 l\u00e5se d\u00f8ra og kaste n\u00f8kkelen.<\/p>\n<p>Det store sp\u00f8rsm\u00e5let er korleis AP i det heile har tenkt \u00e5 handheve eit slikt forbod. Til no har vi berre f\u00e5tt naive svar som ikkje heng saman med verkelegheita. I dag ser vi at sj\u00f8lv 13-\u00e5rsgrensa ikkje vert overhalden. Korleis skal lova plutseleg fungere betre berre ved \u00e5 flytte grensa tre \u00e5r opp? Forslaget er d\u00f8mt til \u00e5 feile, noko vi allereie ser i utlandet. I Australia har dei pr\u00f8vd p\u00e5 noko liknande, og etter berre tre m\u00e5nader viser tala at det fungerer d\u00e5rleg. Unge finn alltid vegar rundt tekniske sperrer, og eit slikt forbod f\u00f8rer berre til at aktiviteten flyttar seg til m\u00f8rkare krokar av nettet som er end\u00e5 farlegare.<\/p>\n<p>Regjeringa sitt forslag framst\u00e5r meir som eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 tekke h\u00f8glydte foreldregrupper enn ei l\u00f8ysing som faktisk gjer noko med problema. Om ein trur at ei 16-\u00e5rsgrense fjernar grooming og skadeleg innhald, er ein meir enn berre naiv. Ein kan framleis sitje timevis p\u00e5 TikTok og YouTube utan \u00e5 logge inn, men d\u00e5 mistar ein samstundes tryggleiksmekanismane som alderstilpassa innhald. Eller s\u00e5 flyttar aktiviteten seg over til dataspel, der risikoen for grooming er minst like reell.<\/p>\n<p>Verifiseringsmodellen er i seg sj\u00f8lv eit luftslott. Verken BankID eller App Store er gode nok l\u00f8ysingar slik dei fungerer no. Skal ein ha noko som faktisk fungerer, m\u00e5 ein i praksis innf\u00f8re ei aldersgrense p\u00e5 heile internett med pass verifisering. Det er ei gryte med s\u00e5 mange prinsipielle utfordringar at regjeringa neppe har forst\u00e5tt kva dei r\u00f8rer i.<\/p>\n<p>I eit moderne demokrati er sosiale medium dei viktigaste arenaene for debatt og informasjon. Ved \u00e5 stengje ute alle under 16 \u00e5r, nektar regjeringa i praksis ein heil generasjon moglegheita til \u00e5 utvikle eigne meiningar. Det er b\u00e5de udemokratisk og gamaldags. I staden for \u00e5 kaste seg over eit radikalt forbod, b\u00f8r politikarane heller konsentrere seg om \u00e5 handheve den eksisterande 13-\u00e5rsgrensa p\u00e5 ein skikkeleg m\u00e5te. \u00c5 auke grensa no er som \u00e5 byggje ein ny etasje p\u00e5 eit hus der grunnmuren allereie har rasa saman.<\/p>\n<p>Medan regjeringa vil kontrollere og forby, har Frp og FpU ein heilt annan innfallsvinkel. Dei seier klart nei til dette symbolske forbodet. I staden for statleg overstyring og urealistiske aldersgrenser, vil Frp satse p\u00e5 digital danning, betre f\u00f8rebygging og \u00e5 gje foreldra tillit til \u00e5 ta eigne val for sine barn. Vi treng politikarar som forst\u00e5r den digitale kvardagen, ikkje politikarar som trur at eit forbod l\u00f8yser alt.<\/p>\n<p>I staden for \u00e5 ta seg tid til \u00e5 gjere dette skikkeleg, vel regjeringa ein lettvint og ubrukeleg snarveg som ikkje gjer kvardagen til norske barn og unge noko tryggare.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Arbeidarpartiet sitt siste framlegg om \u00e5 innf\u00f8re ei 16-\u00e5rs aldersgrense p\u00e5 sosiale medium er ikkje berre urealistisk, det&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":228162,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,7797,26,27],"class_list":["post-228161","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-sosiale-medium","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116509102949200413","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/228161","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=228161"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/228161\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/228162"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=228161"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=228161"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=228161"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}