{"id":228492,"date":"2026-05-03T14:57:14","date_gmt":"2026-05-03T14:57:14","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/228492\/"},"modified":"2026-05-03T14:57:14","modified_gmt":"2026-05-03T14:57:14","slug":"ta-ein-fot-i-bakken-ordforar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/228492\/","title":{"rendered":"Ta ein fot i bakken ordf\u00f8rar"},"content":{"rendered":"<p data-testid=\"textWithMarkup-markup\" data-v-8b265892=\"\">Av Kjell Einar Skrede:<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">Eg trur nokon og einkvar sette kaffien i halsen d\u00e5 ein kunne lese i Fjordabladet at ordf\u00f8rar Judith Kv\u00e5le trekte inn Politiets Sikkerhetsteneste, PST, i samband med ein underskriftsaksjon i Selje. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">Det er mange ting \u00e5 seie om ordf\u00f8raren sin reaksjon. For det f\u00f8rste roar ho ikkje ned situasjonen med bekymringane folk i ytre delar av kommunen har n\u00e5r det gjeld tenestene for helse, velferd og skule. Folk m\u00e5 f\u00e5 lov til \u00e5 vere bekymra utan \u00e5 bli mistenkeleggjorde.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">For det andre b\u00f8r ordf\u00f8raren ha sv\u00e6rt gode grunnar til \u00e5 nemne PST i same andedrag som ho kritiserer ein folkeaksjon. Ho b\u00f8r tenkje seg grundig om f\u00f8r ho trekkjer inn i diskusjonen ei grein av politiet som arbeider for \u00e5 avdekke sv\u00e6rt alvorleg kriminalitet. Som v\u00e5r \u00f8vste folkevalde har ho eit s\u00e6rskilt ansvar for \u00e5 kommunisere p\u00e5 ein klok m\u00e5te.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">For det tredje m\u00e5 ein ordf\u00f8rar ha b\u00e5de politiske og sosiale antenner i sitt m\u00f8te med andre politikarar, media og innbyggjarar generelt. At folk blir urolege n\u00e5r kommunen skal f\u00e5 ein anstrengt \u00f8konomi til \u00e5 g\u00e5 i hop er fullt forst\u00e5eleg. D\u00e5 m\u00e5 prosessane som er politisk- og administrativt styrte vere ekstra gode. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">Politisk leiing, med ordf\u00f8raren i spissen, har ansvar for \u00e5 styre prosessane p\u00e5 ein god m\u00e5te. Politisk leiing har \u00f2g ansvar for \u00e5 korrigere det administrative arbeidet dersom dette ikkje er godt nok. Det er politikarane som bestemmer politikken til sjuande og sist og ikkje administrasjonen. At kommunen er politisk styrt skal vere det viktigaste fundamentet i gode prosessar.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">For det fjerde b\u00f8r ein ordf\u00f8rar og folkevald forst\u00e5 rolla si. B\u00e5de politikarane og administrasjonen er tenarar av folket og har plikt til \u00e5 lytte til sine veljarar. Som ordf\u00f8rar m\u00e5 du finne l\u00f8ysingar som tek omsyn til og tek vare p\u00e5 dei som valde deg. Det er di plikt \u00e5 leggje til rette for at velgjarane blir h\u00f8yrde og dregne med i viktige saker som ber\u00f8rer folk i kvardagen. Prosessane f\u00f8r viktige avgjerder m\u00e5 sikre at folket som valde deg blir h\u00f8yrde. Hvis dette ikkje er tilfellet har du ikkje gjort jobben din som ordf\u00f8rar. Du burde \u00f8nskje engasjement og underskriftslister velkome, istadenfor \u00e5 pr\u00f8ve \u00e5 leggje munnkorg p\u00e5 veljarane. Dersom du som ordf\u00f8rar m\u00f8ter folkeleg engasjement i form av underskrivslister og lesarbrev i lokalavisa med sinne, frustrasjon og fordekte truslar om PST, d\u00e5 vil eg p\u00e5st\u00e5 at du ikkje forst\u00e5r di rolle som v\u00e5r \u00f8vste folkevalde.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">Noko av det flottaste i v\u00e5re bygder og i v\u00e5r kommune er n\u00e5r innbyggjarane engasjerer seg lokalt og startar d\u00f8r-til-d\u00f8r-aksjonar og underskriftsaksjonar. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">Ingenting er betre enn at folk engasjerer seg i bygdene sine. Apati er motstykket til engasjement, og dersom folk gjev opp har politikken spelt fallitt. Dit vil vi ikkje. Sterke leiarar \u00f8nskjer engasjement og end\u00e5 til kritikk og motstand velkomen, svake leiarar t\u00e5ler ikkje kritikk. Det \u00e5 i heile teke nemne Politiets Sikkerhetsteneste i samband med den nemnde underskriftsaksjonen er s\u00e5 usmakeleg og umusikalsk at eg har vanskar med \u00e5 finne ord. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-d46f15c0=\"\" data-v-8b265892=\"\">Ordf\u00f8raren har ein stor jobb \u00e5 gjere dersom ho skal rette opp att denne skandalen. Det g\u00e5r p\u00e5 tilliten laust.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Av Kjell Einar Skrede: Eg trur nokon og einkvar sette kaffien i halsen d\u00e5 ein kunne lese i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":228493,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-228492","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116511234553814740","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/228492","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=228492"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/228492\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/228493"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=228492"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=228492"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=228492"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}