{"id":230074,"date":"2026-05-05T12:34:12","date_gmt":"2026-05-05T12:34:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/230074\/"},"modified":"2026-05-05T12:34:12","modified_gmt":"2026-05-05T12:34:12","slug":"alvorleg-trafikkulykke-pa-lerstad-i-alesund-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/230074\/","title":{"rendered":"Alvorleg trafikkulykke p\u00e5 Lerstad i \u00c5lesund \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Ein buss og ein personbil med fem personar kolliderte p\u00e5 Lerstad i \u00c5lesund i morgontimane tysdag.<\/p>\n<p>Det var like etter klokka 05.00 at alle naudetatane rykte ut. Etter kort tid viste det seg \u00e5 vere snakk om ei d\u00f8dsulykke.<\/p>\n<p>Ein av personane i bilen er omkomen. Dei p\u00e5r\u00f8rande er varsla om hendinga.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ut ifr\u00e5 spor p\u00e5 staden kan det tyde p\u00e5 at personbil har kome over i motg\u00e5ande og kollidert med bussen, sa innsatsleiar i politiet, Lars Lundemo, etter hendinga.<\/strong><\/p>\n<p>Det skal ha vore sv\u00e6rt glatt p\u00e5 staden d\u00e5 ulykka skjedde.<\/p>\n<p>Politiet har ikkje oversikt over kor skadde dei fire andre i bilen er. Dei blei sende til sjukehuset, medan sj\u00e5f\u00f8ren av bussen blei sendt til legevakt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ulykke \u00c5lesund\" title=\"Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">I alt seks personar er involverte i den alvorlege ulykka.<\/p>\n<p>Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK<\/p>\n<p>Ber folk la bilen st\u00e5<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/farevarsel-for-sno-i-store-delar-av-landet-_-oppmodar-folk-pa-koyretur-om-a-ha-riktige-dekk-1.17870172\" ec-id=\"pp:article:1.17870172\" ec-name=\"Etter ei periode med finv\u00ear og v\u00e5rstemning kom det br\u00e5tt sn\u00f8fall fleire stader m\u00e5ndag kveld.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Etter ei periode med finv\u00ear og v\u00e5rstemning kom det br\u00e5tt sn\u00f8fall fleire stader m\u00e5ndag kveld.<\/a><\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/oppmoding-til-bilistar-med-sommardekk_-_-vurder-a-la-bilen-sta-1.17871357\" ec-id=\"pp:article:1.17871357\" ec-name=\"Det er difor vanskelege k\u00f8yreforhold mange stader tysdag.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Det er difor vanskelege k\u00f8yreforhold mange stader tysdag.<\/a> S\u00e6rleg p\u00e5 morgonen var det glatt p\u00e5 vegane i M\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Folk b\u00f8r vere ekstremt forsiktige. Det er s\u00e5 seint p\u00e5 \u00e5ret at mange har bytta til sommardekk, og d\u00e5 b\u00f8r dei la bilen st\u00e5. Det er blankpolert, sa Lundemo i politiet.<\/strong><\/p>\n<p>Han vektlegg at det er bilf\u00f8rar sitt ansvar \u00e5 vere skodd etter forholda.<\/p>\n<p><strong>Politiet seier vidare at det er for tidleg \u00e5 seie noko om bakgrunnen for ulykka p\u00e5 Lerstad i \u00c5lesund, eller om bilen hadde sommardekk. <\/strong><\/p>\n<p>Det er 50-sone p\u00e5 staden der ulykka skjedde.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En politimann i uniform st\u00e5r ute med sn\u00f8 langs veien. Han har p\u00e5 seg en gul refleksvest over uniformen. Bak ham er det et veiskilt og tr\u00e6r. Himmelen er bl\u00e5 med noen skyer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Innsatsleiar i politiet, Lars Lundemo.<\/p>\n<p>Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK<\/p>\n<p>Var ikkje br\u00f8yta eller salta<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.smp.no\/nyheter\/n\/16vEEq\/ikkje-broeyta-og-salta-foer-ulykka\" ec-id=\"https:\/\/www.smp.no\/nyheter\/n\/16vEEq\/ikkje-broeyta-og-salta-foer-ulykka\" ec-name=\"Sunnm\u00f8rsposten melder tysdag f\u00f8remiddag at Lerstadvegen, der ulukka skjedde, ikkje var br\u00f8yta eller salta\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Sunnm\u00f8rsposten melder tysdag f\u00f8remiddag at Lerstadvegen, der ulukka skjedde, ikkje var br\u00f8yta eller salta<\/a> f\u00f8r ulykka.<\/p>\n<p>Det stadfester Torgeir Bye, seksjonsleiar for drift og vedlikehald i M\u00f8re og Romsdal fylkeskommune, til NRK. <\/p>\n<p>Han seier dei avsluttar vinterberedskapen 1. mai, men at dei, p\u00e5 grunn av v\u00earvarselet, hadde avtale med entrepren\u00f8r om \u00e5 ha ein del k\u00f8yret\u00f8y ute. <\/p>\n<p><strong>\u2013 D\u00e5 var det prioritert ein del andre strekningar enn Lerstadvegen i natt.<\/strong><\/p>\n<p>Bye seier at det stort sett var regnbyer p\u00e5 v\u00earkamera dei har kika p\u00e5 fram til like f\u00f8r klokka 05.00 tysdag morgon, men at det kom ei kraftig sn\u00f8bye etter det. <\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Torgeir Bye\" title=\"Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">ARKIVBILDE: Torgeir Bye er seksjonsleiar for drift og vedlikehald i M\u00f8re og Romsdal fylkeskommune. <\/p>\n<p>Foto: Roar Jonny Str\u00f8m \/ NRK<\/p>\n<p>Han veit ikkje kor mange br\u00f8ytebilar dei hadde ute. Seksjonsleiaren seier ogs\u00e5 at sj\u00f8lv midt p\u00e5 vinteren, om ein f\u00e5r slikt ver, s\u00e5 vil det legge seg sn\u00f8 p\u00e5 vegen.<\/p>\n<p>\u2013 Du rekker ikkje \u00e5 fjerne sn\u00f8en f\u00f8r den legg seg. Det vil skje n\u00e5r det er full beredskap ogs\u00e5, seier Bye.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ulykke \u00c5lesund\" title=\"Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det var glatt p\u00e5 staden tysdag morgon. <\/p>\n<p>Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK<\/p>\n<p>Vegen var stengd i fleire timar<\/p>\n<p>Lerstadvegen var stengt i fleire timar etter ulykka. Dette fordi kriminalteknikarar fr\u00e5 politiet og ulykkesgruppa til Statens vegvesen skulle gjere unders\u00f8kingar p\u00e5 staden.<\/p>\n<p>M\u00e5let er \u00e5 finne \u00e5rsaka til ulykka.<\/p>\n<p>\u2013 Det er f\u00f8rebels ukjent for oss. Difor m\u00e5 vi unders\u00f8ke staden, sa innsatsleiar Lars Lundemo.<\/p>\n<p><strong>Rundt klokka 12.00 blei vegen opna igjen. <\/strong><\/p>\n<p>Etter det politiet veit s\u00e5 langt skal det ikkje ha vore andre vitne til ulykka.<\/p>\n<p>\u2013 Det blir jobba med \u00e5 f\u00e5 sikra forklaringar til dei involverte i ulykka. Men f\u00f8rst og fremt no er det viktigaste at dei blir varetatt av helse, og \u00e5 s\u00f8rge for at dei har det bra, seier Lundemo.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"glatt veg\" title=\"Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er sv\u00e6rt glatt fleire stader tysdag morgon etter eit sn\u00f8fall.<\/p>\n<p>Foto: Silje Steinnes Bjerknes \/ NRK<\/p>\n<p>F\u00f8lger opp bussj\u00e5f\u00f8ren<\/p>\n<p>Bussen som var involvert i ulykka kjem fr\u00e5 busselskapet Vy.<\/p>\n<p>Kommunikasjonssjef Siv Egger Westin opplyser at bussen ikkje hadde starta ruta end\u00e5 og difor ikkje hadde passasjerar om bord.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ei tragisk ulykke og det er veldig leitt \u00e5 h\u00f8yre om utfallet, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p>Egger Westin seier dei skal f\u00f8lge opp bussj\u00e5f\u00f8ren.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har sj\u00f8lvsagt fokus p\u00e5 bussj\u00e5f\u00f8ren v\u00e5r som har vore involvert i dette. I samsvar med rutinane v\u00e5re f\u00f8lger vi opp med bedriftshelseteneste og det som eventuelt m\u00e5tte vere behov for, seier Westin.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En bil med tydelige skader i fronten st\u00e5r i vegbanen. \" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ein buss fr\u00e5 selskapet Vy er involvert i ulykka.<\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>05.05.2026, kl. 05.24<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>05.05.2026, kl. 12.44<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ein buss og ein personbil med fem personar kolliderte p\u00e5 Lerstad i \u00c5lesund i morgontimane tysdag. Det var&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":230075,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-230074","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116521996568563951","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/230074","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=230074"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/230074\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/230075"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=230074"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=230074"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=230074"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}