{"id":230820,"date":"2026-05-06T10:56:12","date_gmt":"2026-05-06T10:56:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/230820\/"},"modified":"2026-05-06T10:56:12","modified_gmt":"2026-05-06T10:56:12","slug":"gar-an-a-ha-to-tankar-i-hovudet-pa-ein-gong-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/230820\/","title":{"rendered":"\u2013 G\u00e5r an \u00e5 ha to tankar i hovudet p\u00e5 ein gong \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>Julie Bergan skal snart debutera i det som ofte blir kalla den st\u00f8rste musikkonkurransen i verda.<\/p>\n<p>Men det er ikkje ho sj\u00f8lv som skal st\u00e5 p\u00e5 scena.<\/p>\n<p>Bergan er nemleg ein av l\u00e5tskrivarane bak det svenske ESC-bidraget \u00abMy System\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Det er litt deilig \u00e5 vera p\u00e5 den andre sida, smiler Julie Bergan.<\/p>\n<p>Nei, det er ikkje andre sida av grensa ho snakkar om.<\/p>\n<p>Bergan er godt vand med \u00e5 st\u00e5 p\u00e5 scena sj\u00f8lv. No skal ho berre slappa av medan FELICIA skal gjera jobben i Wien.<\/p>\n<p>\u2013 No kan eg sitta tilbakelent i sofaen, og den einaste jobben min er \u00e5 vinka i kamera n\u00e5r det kjem. Jobben min er p\u00e5 ein m\u00e5te gjort.<\/p>\n<p>Skreiv under p\u00e5 opprop om boikott<\/p>\n<p>I 2024 var Bergan ein av fleire norske artistar som skreiv under p\u00e5 eit opprop mot israelsk deltaking i konkurransen.<\/p>\n<p>Andre artistar som skreiv under var Aurora, Karpe og \u00c5ge Aleksandersen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg st\u00e5r for at eg skreiv under p\u00e5 det.<\/strong><\/p>\n<p>Ho st\u00f8ttar likevel FELICIA i hennar deltaking.<\/p>\n<p>\u2013 Eg skreiv ikkje denne l\u00e5ta til ESC, men til mitt eige prosjekt, og s\u00e5 vart ho plukka opp av Felicia. Det er hennar l\u00e5t no.<\/p>\n<p>Ho skj\u00f8nar at folk reagerer p\u00e5 at ho no deltek i ein konkurranse som ho har vore kritisk til.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg tenker likevel at det g\u00e5r an \u00e5 ha to tankar i hovudet p\u00e5 ein gong.<\/strong><\/p>\n<p>FELICIA har dessutan \u00f2g vore i hardt v\u00ear for sine utsegner om Israel si deltaking etter at ho vann Melodifestivalen.<\/p>\n<p>Deltok sj\u00f8lv i 2013<\/p>\n<p>Bergan var med i MGP i 2013 med l\u00e5ta \u00abGive A Little Something Back\u00bb.<\/p>\n<p><strong>D\u00e5 r\u00f8yk ho ut i delfinalen.<\/strong><\/p>\n<p>Denne gongen gjekk l\u00e5ta hennar heilt til topps i den svenske Melodifestivalen.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er jo ein konkurranseperson, s\u00e5 det er skikkeleg stas \u00e5 f\u00f8la ei slik anerkjenning av \u00e5 vinna.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Julie Bergan\" title=\"Foto: Hege Bakken Riise \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Julie Bergan i MGP-delfinalen i Steinkjer i 2013.<\/p>\n<p>Foto: Hege Bakken Riise \/ NRK<\/p>\n<p>Noko comeback til MGP-scena trur ho likevel ikkje skjer med det f\u00f8rste.<\/p>\n<p>\u2013 Det er jo ei veldig kul greie, s\u00e5 eg skal ikkje seia at det aldri kjem til \u00e5 skje. Men det skjer nok ikkje i n\u00e6raste framtid.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er jo \u00f2g litt risky \u00e5 bli med igjen no som eg faktisk har vunne noko. Kanskje eg b\u00f8r gje meg p\u00e5 topp?<\/strong><\/p>\n<p>Julie Bergan melde seg p\u00e5 MGPjr tre gongar utan \u00e5 koma med.<\/p>\n<p>\u2013 Ikkje ei typisk Sverige-l\u00e5t<\/p>\n<p>L\u00e5ta blei til d\u00e5 Bergan var p\u00e5 l\u00e5tskrivarcamp p\u00e5 Island. Ho jobba eigentleg med sitt eige eurodance-prosjekt.<\/p>\n<p>D\u00e5 FELICIA fekk h\u00f8yra l\u00e5ta, forelska ho seg med ein gong.<\/p>\n<p>I mars vann ho Melodifestivalen, artisten som tidlegare gjekk under artistnamnet Fr\u00f6ken Snusk.<\/p>\n<p>\u2013 L\u00e5ta skil seg ein del ut. Det er ikkje ei typisk Sverige-l\u00e5t, seier Bergan.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ho bringar noko nytt inn i heile ESC-universet.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"dame som synger med mikrofon\" title=\"Foto: Stina Stjernkvist \/ SVT\"\/><\/p>\n<p class=\"\">FELICIA opptrer alltid med den karakteristiske maska si.<\/p>\n<p>Foto: Stina Stjernkvist \/ SVT<\/p>\n<p>Ho trur det harde EDM-uttrykket i l\u00e5ta er noko som iallfall vil fenga austeuropearane.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 h\u00e5par eg jo sj\u00f8lvsagt dette er noko som kjem til \u00e5 treffa mange rundt om i heile Europa.<\/p>\n<p>\u2013 Kva tenker du om \u00e5 konkurrera for Sverige?<\/p>\n<p>\u2013 Eg f\u00f8ler ikkje at me og Sverige er rivalar lenger. Er ikkje me vennar no? I ESC kan ein jo uansett som norsk ikkje stemma p\u00e5 Noreg.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Dame ser i kamera\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bergan utelukkar ikkje framtidig deltaking i <\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00f8lv om me snakkar om at det er ein konkurranse, s\u00e5 f\u00f8ler eg f\u00f8rst og fremst at Eurovision er ein fantastisk folkefest som skal samla alle slags folk fr\u00e5 masse ulike land kor me kan gleda oss over musikken saman.<\/p>\n<p>NRK sin ESC-ekspert Jim \u00d8deg\u00e5rd Pedersen er storforn\u00f8gd med at Julie Bergan no har funne vegen tilbake til ESC-universet.<\/p>\n<p>\u2013 Skulle \u00f8nske det var for Noreg, sj\u00f8lvsagt, men no er det for Sverige, og det er heilt greitt.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om han synest l\u00e5ta er sterk, tviler han p\u00e5 siger til \u00abS\u00f6ta bror\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Men det kan fort bli ein nordisk siger likevel, smiler han.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>06.05.2026, kl. 12.02<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Julie Bergan skal snart debutera i det som ofte blir kalla den st\u00f8rste musikkonkurransen i verda. Men det&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":230821,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-230820","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116527273579782386","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/230820","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=230820"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/230820\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/230821"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=230820"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=230820"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=230820"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}