{"id":231674,"date":"2026-05-07T10:02:36","date_gmt":"2026-05-07T10:02:36","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/231674\/"},"modified":"2026-05-07T10:02:36","modified_gmt":"2026-05-07T10:02:36","slug":"debatt-kommentar-livslognene-partia-helst-ikkje-vil-snakka-hogt-om","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/231674\/","title":{"rendered":"Debatt, Kommentar | Livsl\u00f8gnene partia helst ikkje vil snakka h\u00f8gt om"},"content":{"rendered":"\n<p><b>\u00abTar De livsl\u00f8gnen<\/b> fra et gjennomsnittsmenneske, s\u00e5 tar De lykken fra ham med det samme\u00bb, skreiv Ibsen. Kanskje skulle ein tru at det same gjaldt politiske parti?<\/p>\n<p>N\u00e5r det gjeld Framstegspartiet er situasjonen ein heilt annan. \u00c5 fjerna livsl\u00f8gna burde i staden gjera partiet langt lykkelegare.<\/p>\n<p><b>For: Igjen rasar <\/b>debatten som har dukka opp med jamne mellomrom dei siste ti\u00e5ra. Den om Framstegspartiet si haldning til rasisme.<\/p>\n<p>For eit parti som har som politisk grunnoppskrift at alle skal vera sin eigen lykkes smed, burde det \u00e5 ta avstand fr\u00e5 gruppetenking, stereotypiar og stigmatisering vera den enklaste saka i heile verda.<\/p>\n<p>Det er det ikkje for Frp.<\/p>\n<p><b>Individualismen til Frp<\/b> stoppar nemleg ofte n\u00e5r det meir eller mindre uttalt kan vera mogeleg \u00e5 setta grupper i samfunnet opp mot kvarandre.<\/p>\n<p>Det er det lang tradisjon for. Partiet har aldri tatt eit truverdig fundamentalt oppgjer med ei fortid som apartheid-sympatis\u00f8rar, det falske Mustafa-brevet eller p\u00e5standar om snikislamifisering.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4389\" height=\"3425\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/NTB_aa_jrLrDRm8.jpg\" alt=\"OSLO 19881109: Forlik i rettssaken mellom Muhammad Mustafa og Fremskrittspartets formann Carl I Hagen. Rettssaken var utl\u00f8st av et brev som Hagen leste opp p\u00e5 et valgm\u00f8te i R\u00f8rvik,- og som Mustafa angivelig skulle st\u00e5 bak. Brevet inneholdt p\u00e5stander om at muslimene i Norge en dag \u00f8nsker \u00e5 ta over landet. Etterforskningen viste at brevet var et falsum, og at Mustafas navn var tatt ut av telefonkatalogen. &#10;Carl I Hagen beklaget at brevet ble offentliggjort uten at det var sjekket om det var ekte. Her de to sammen etter forliket.  &#10;Foto:  Bj\u00f8rn SIgurds\u00f8n  &#10;&#10;&#10;&#10;\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4389 \/ 3425;\"\/><\/p>\n<p>      I 1988 inngjekk Carl I Hagen til slutt eit forlik med Muhammad Mustafa. Hagen hevda at Mustafa hadde skrive eit brev som hevda at muslimane i Norge ein dag \u00f8nskte \u00e5 ta over landet. Etterforskinga viste at brevet var eit falsum.<br \/>\n      Foto: Bj\u00f8rn Sigurds\u00f8n\n    <\/p>\n<p><b>Livsl\u00f8gna til Frp <\/b>handlar om oppfatninga om at dei blant veljarane er tent med \u00e5 ha eit litt rufsete rykte.<\/p>\n<p>Eit rykte som litt mindre antirasistiske enn resten av den norske partifloraen.<\/p>\n<p>Eit rykte som mange i Frp har tenkt at dei lever fint med. Det gjeld langt fr\u00e5 alle.<\/p>\n<p><b>N\u00e5r alt kjem<\/b> til alt, og nokon i partiet plumpar uti, m\u00e5 Frp likevel sl\u00e5 like hardt ned p\u00e5 openberre feilsteg som det andre parti m\u00e5. Rasisme er nemleg gift. \u00d2g for Frp.<\/p>\n<p>Me s\u00e5g det igjen denne helga, d\u00e5 Sylvi Listhaug, litt for seint, greidde \u00e5 kalla ein spade for ein spade. \u00c5 kalla norskpakistanarar for minusvariantar, slik H\u00e5rek Hansen gjorde p\u00e5 ein bar saman med TV 2, er nemleg sj\u00f8lve definisjonen p\u00e5 vemmeleg og ussel rasisme.<\/p>\n<p><b>Slikt likar ikkje<\/b> Frp-arar flest. S\u00e6rleg ikkje dei som representerer partiet her vest, og opererer i ein veljarmarknad der framandfrykt aldri har vore ei vinnarsak.<\/p>\n<p>Om oppgulpet er representativt for haldningane til folk i Framstegspartiet vel eg, naiv som eg er, \u00e5 tvila sterkt p\u00e5.<\/p>\n<p><b>Det er likevel <\/b>berre Frp sj\u00f8lv som kan sopa all tvil til side. Men d\u00e5 m\u00e5 dei kvitta seg med den dobbeltmoralske strategien om \u00e5 ikkje ta hundre prosent avstand.<\/p>\n<p>Framstegspartiet er uansett langt fr\u00e5 \u00e5leine om \u00e5 ha nokre \u00f8mme t\u00e6r, nokre elefantar i rommet, som er praktiske \u00e5 ha, men som ein snakkar minst mogleg om.<\/p>\n<p><b>Alle dei etablerte<\/b> partia lever nemleg p\u00e5 nokre livsl\u00f8gner, som dei helst ikkje vil snakka for h\u00f8gt om.<\/p>\n<p>For Senterpartiet er den store livsl\u00f8gna at n\u00e6ringslivet i Distrikts-Norge er heilt avhengige av det partiet hatar mest av alt.<\/p>\n<p><b>Me snakkar sj\u00f8lvsagt<\/b> om EU. Hadde Sp gjort alvor av \u00f8nsket om \u00e5 skrota E\u00d8S-avtalen hadde det betydd katastrofe for dei mange og viktige eksportbedriftene som sikrar lys, aktivitet og arbeid i norske utkantar.<\/p>\n<p>Partiet er alts\u00e5 tent med \u00e5 stadig komma med sure oppst\u00f8yt mot E\u00d8S-avtalen. Den dagen dei m\u00e5tte komma i posisjon til \u00e5 faktisk kvitta seg med hatobjektet, vil dei f\u00e5 livsl\u00f8gna midt i fleisen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4032\" height=\"3024\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/NTB_PcioDCkeBGY %281%29.jpg\" alt=\"Brussel, Belgia 20231109. &#10;Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) er i Brussel for \u00e5 overtale sine kolleger i EU til raskt \u00e5 f\u00e5 vedtatt nye regler for s\u00e5kalt bagatellmessig st\u00f8tte.&#10;Foto: Bibiana Piene \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4032 \/ 3024;\"\/><\/p>\n<p>      Trygve Slagsvold Vedum (Sp) veit godt at det ville vera eit problem for n\u00e6ringslivet i distrikta om Norge sa opp E\u00d8S-avtalen.<br \/>\n      Foto: Bibiana Piene\n    <\/p>\n<p><b>For Arbeidarpartiet er<\/b> elefanten \u00f2g ganske fundamental. Behovet for \u00e5 til ei kvar tid pleasa dei som allereie er med, gjer at partiet ofte set seg sj\u00f8lv ut av spel n\u00e5r det gjeld \u00e5 sikra det som faktisk er sj\u00f8lve eksistensgrunnlaget til partiet, nemleg at \u00aballe skal med\u00bb.<\/p>\n<p>Frykta for \u00e5 legga seg ut med ein stor privilegert middelklasse, gjer at Ap gong p\u00e5 gong vegrar seg mot \u00e5 prioritera dei som fell utanfor. I sosialpolitikken g\u00f8ymer dei seg bak ein moderne definisjon av arbeidslinja, som slettes ikkje er den same som Gerhardsen opererte med. I skulepolitikken kan fellesskulen vera eit galant argument for \u00e5 unng\u00e5 ekstra innsats for dei svakaste. <\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5311\" height=\"3541\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/NTB_f-_1djfYgAg.jpg\" alt=\"Oslo  20170911.&#10;Ap-leder Jonas Gahr St\u00f8re p\u00e5 vei til Arbeiderpartiets valgvake i Folkets Hus i Oslo.&#10;Foto: Vidar Ruud \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5311 \/ 3541;\"\/><\/p>\n<p>      \u00d8nsket om \u00e5 tekka den store feite middelklassen gjer ofte at Ap let vera \u00e5 hjelpa dei som ikkje er inkludert i fellesskapen.<br \/>\n      Foto: Vidar Ruud\n    <\/p>\n<p><b>H\u00f8gre lever \u00f2g<\/b> ganske godt med sine sj\u00f8lvbedrag. Partiet likar nemleg \u00e5 selja seg inn som eit parti som er motstandar av h\u00f8gare avgifter for folk og n\u00e6ringsliv. Du skal likevel \u00f2g vera ganske god for \u00e5 finna eit norsk bompengeprosjekt som H\u00f8gre har stemt imot, eller ein auke i ei kommunal avgift som ikkje har st\u00f8tte fr\u00e5 H\u00f8gre.<\/p>\n<p><b>KrF og SV<\/b> er to parti som for tida gjer alt dei kan for \u00e5 framst\u00e5 s\u00e5 ulike som mogleg. Dei lever likevel p\u00e5 kvar si livsl\u00f8gn som er n\u00e6rt beslekta, men likevel framst\u00e5r som veldig ulike.<\/p>\n<p>Medan SV har s\u00e6rs h\u00f8ge standardar til alle akt\u00f8rar i samfunnet n\u00e5r det kjem til \u00e5 krevja likestilling, kamp mot diskriminering og liberale verdiar, har partiet for vane \u00e5 ha ber\u00f8ringsangst om overgrepa skjer blant minoritetsgrupper i det norske samfunnet.<\/p>\n<p><b>Kristeleg folkeparti, p\u00e5 <\/b>si side, snakkar gjerne h\u00f8gt og lenge om menneskeverd, menneskerettar og respekt for skaparverket. Men finn seg i kva det m\u00e5tte vera om overgrepa vert utf\u00f8rt av staten Israel.<\/p>\n<p>Milj\u00f8partiet dei Gr\u00f8ne vil s\u00e5 gjerne ha fart p\u00e5 det gr\u00f8ne skiftet og ha ein overgang til fornybar energi, men stiller seg f\u00f8rst i demonstrasjonstoget nesten kvar gong det faktisk er aktuelt \u00e5 auka kraftproduksjonen.<\/p>\n<p><b>Raudt er partiet<\/b> som gjerne vil ha h\u00f8gare skatteinntekter, men som har veldig vanskeleg for \u00e5 anerkjenna innsatsen til dei som betalar mest skatt.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 blant nykommarane i den politiske floraen finst det dundrande paradoks. Ja, Industri- og n\u00e6ringspartiet har p\u00e5 forbausande vis vist seg som motstandarar av det meste som kan skapa industri- og n\u00e6ringspolitikk.<\/p>\n<p><b>Har me gl\u00f8ymd<\/b> noko d\u00e5? Joda, me har sj\u00f8lvsagt, akkurat som veljarane, gl\u00f8ymd Venstre. Partiet som for tida har ein s\u00e5 uklar profil at det faktisk er vanskeleg \u00e5 finna tydelege karakterbristar. Det tydelege liberale alternativet i sentrum av norsk politikk har nemleg lang tradisjon for at det kan vera rom for dissens sj\u00f8lv om det berre finst \u00e9in einaste venstrerepresentant i rommet.<\/p>\n<p>Framstegspartiet er alts\u00e5 ikkje \u00e5leine om \u00e5 ha ei dobbeltmoralsk tiln\u00e6rming til politikk. Dei er ikkje dei einaste som b\u00f8r sj\u00e5 seg sj\u00f8lv i spegelen.<\/p>\n<p><b>Skilnaden er likevel <\/b>ganske openberr. Medan ein del av dei andre livsl\u00f8gnene er ganske krevjande \u00e5 gjera noko med, og ofte handlar om at politikk i praksis kan vera ganske vanskeleg, er det frykteleg enkelt for Framstegspartiet.<\/p>\n<p>Mangelen p\u00e5 eit oppgjer er uakseptabel for alle dei i Norge som fryktar konsekvensane av rasisme.<\/p>\n<p>Det er nemleg ingenting anna enn rein opportunisme som gjer at Framstegspartiet ikkje \u2013 ein gong for alle \u2013 tek eit h\u00f8gt, tydeleg og konsekvent oppgjer med noko av det dei ideologisk sett burde hata mest i samfunnet.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6240\" height=\"4160\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/NTB_eDxpIrQ6p8w.jpg\" alt=\"Sylvi Listhaug var bare en av en lang rekke Frp-statsr\u00e5der som m\u00e5tte g\u00e5 av i skam da Frp satt i Erna Solbergs regjering sist.\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6240 \/ 4160;\"\/><\/p>\n<p>      Sylvi Listhaug gjer det sterkt om dagen. Tidspunktet har aldri vore betre for \u00e5 ta eit endeleg oppgjer med partiet si alt for diffuse haldning til rasisme. Det burde vera ganske enkelt.<br \/>\n      Foto: Ole Berg-Rusten \/ NTB\n    <\/p>\n<p><b>Det betyr \u00e5<\/b> ikkje lenger la sleivete formuleringar st\u00e5 uimotsagde i kommentarfeltet p\u00e5 Facebook. Det betyr \u00e5 slutta \u00e5 setta grupper opp mot kvarandre i den politiske debatten. Det betyr \u00e5 tydeleg v\u00e5ga \u00e5 st\u00e5 opp for dei inviduelle rettane til folk flest.<\/p>\n<p>Ja, det handlar om \u00e5 vedg\u00e5 nokre historiske feilsteg.<\/p>\n<p><b>Det betyr derimot<\/b> ikkje at Frp treng \u00e5 slutta \u00e5 problematisera negative konsekvensar av innvandring, slutta \u00e5 jobba for ein strengare asylpolitikk eller \u00e5 slutta med \u00e5 synleggjera at det norske samfunnet ikkje har lykkast godt nok med \u00e5 f\u00e5 mange nok ut i jobb.<\/p>\n<p>Det m\u00e5 absolutt ikkje forvekslast med rasisme, men er i staden debattar som me m\u00e5 handtera i eit ope demokrati.<\/p>\n<p>Om Frp verkeleg vil vera partiet som kallar ein spade for ein spade m\u00e5 dei greia \u00e5 kommunisera politikken tydleg nok til \u00e5 unng\u00e5 stigmatisering og gruppetenking. Ein del i Frp er faktisk ganske gode p\u00e5 dette.<\/p>\n<p><b>Eit Frp som<\/b> kvittar seg med hundefl\u00f8yta, for godt, vil nemleg verta ein langt t\u00f8ffare motstandar for resten av norsk politikk.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u00abTar De livsl\u00f8gnen fra et gjennomsnittsmenneske, s\u00e5 tar De lykken fra ham med det samme\u00bb, skreiv Ibsen. Kanskje&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":231675,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,37,24,25,15,266,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,1382,26,27],"class_list":{"0":"post-231674","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-debatt","12":"tag-featured-news","13":"tag-featurednews","14":"tag-headlines","15":"tag-kommentar","16":"tag-latest-news","17":"tag-latestnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-opinion","24":"tag-overskrifter","25":"tag-politikk","26":"tag-solve-rydland","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116532723794852386","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/231674","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=231674"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/231674\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/231675"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=231674"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=231674"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=231674"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}