{"id":231974,"date":"2026-05-07T16:56:22","date_gmt":"2026-05-07T16:56:22","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/231974\/"},"modified":"2026-05-07T16:56:22","modified_gmt":"2026-05-07T16:56:22","slug":"mann-tiltalt-for-overgrep-mot-fire-tidlegare-kjaerastar-nrk-trondelag-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/231974\/","title":{"rendered":"Mann tiltalt for overgrep mot fire tidlegare kj\u00e6rastar \u2013 NRK Tr\u00f8ndelag \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u2013 Det er ikkje straffbart \u00e5 vere ein dritsekk, det er ikkje straffbart \u00e5 vere ein d\u00e5rleg kj\u00e6rast. Det er ikkje straffbart \u00e5 overtale nokon til \u00e5 ha sex.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier statsadvokat Eli Reberg Nessimo. Ho er aktor i rettssaka der ein mann i 20-\u00e5ra er tiltalt for \u00e5 ha valdtatt fire tidlegare kj\u00e6rastar gjentatte gongar.<\/p>\n<p><strong>P\u00e5talemakta meiner mannen fr\u00e5 Oppdal har gjort noko meir enn \u00e5 vere ein d\u00e5rleg kj\u00e6rast.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Tiltalte har systematisk tatt kontroll over jentene og deira sosiale liv. Han har brote dei ned gjennom m\u00e5ten han har behandla dei p\u00e5.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har i tillegg vore valdtekt overfor alle dei fire jente, seier statsadvokaten.<\/strong><\/p>\n<p>P\u00e5talemakta ber om 12 \u00e5r i fengsel for mannen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er grovt og avansert, seier aktor om valdtektene.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Statsadvokat Eli Reberg Nessimom st\u00e5r ved en talerstol i en rettsal. I bakgrunnen kan vi se en uniformert politimann\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>Meiner han m\u00e5 frifinnast <\/p>\n<p>If\u00f8lge tiltalen skal mannen gjentatte gonger har skaffa seg seksuell omgang med kvinnene ved hjelp av truslar og vald.<\/p>\n<p>Hendingane i tiltalen skal ha funnet stad over ein periode p\u00e5 over elleve \u00e5r.<\/p>\n<p>Tiltalte erkjenner ikkje straffskuld og forsvarar Linn Haug Holm ber om at han blir frifunnen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det har vore turbulente kj\u00e6rastforhold, seier forsvarar Linn Haug Holm. <\/strong><\/p>\n<p>Men det er langt fr\u00e5 nok til at mannen er skulding i forholda beskriven i tiltalen, if\u00f8lge Holm.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det l\u00e5g eit grunnleggande samtykke i botn og forn\u00e6rma var i stand til \u00e5 motsette seg det, seier ho.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Forsvarerne Linn Haug Holm og Eirik Svingen Bj\u00f8rgo. De sitter i en rettssal. Holm kikker noe betenkt i retning Bj\u00f8rgo. Hun holder h\u00e5nden til ansiktet og har en kulepenn i hendene. Vi ser Bj\u00f8rgo fra siden.\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Linn Haug Holm er forsvarar til den tiltalte mannen, saman med kollega Eirik Svingen Bj\u00f8rgo.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>Forsvararen seier at forklaringane til dei forn\u00e6rma og tiltalte samsvarer p\u00e5 enkelte omr\u00e5de.<\/p>\n<p>\u2013 Men tvangselementet finst ikkje i tiltalte si forklaring, seier Holm.<\/p>\n<p>Holm ber retten vurdere den seksuelle omgangen og samtykke, opp mot seksuelle preferansar.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette er relasjonar som har vore samansette, konfliktfylte og seksualiserte.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Har rotta seg saman<\/p>\n<p><strong>Den tiltalte mannen stiller seg helt uforst\u00e5ande til skuldingane fr\u00e5 kvinnene.<\/strong><\/p>\n<p>Under forklaringane sine i retten har han forklart seg om forholda han har hatt til dei tidlegare kj\u00e6rastane sine.<\/p>\n<p>Ei av kvinnene forklarte i retten at han kunne bli sint og ein gong kasta eit vassglas mot henne.<\/p>\n<p>\u2013 Eg lurer p\u00e5 om ho blandar saman med eit anna forhold ho hadde f\u00f8r meg. Ho kjem med historier fr\u00e5 det forholdet om at han raskt blei sint og kasta ting etter ho, sa tiltalte i retten.<\/p>\n<p>Tiltalte synest det er rart alle skuldingane kjem no. Han meiner dei fire kvinnene samarbeider om skuldingane mot han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Tingrettsdommer Eirik Lereim sitter i dommerstolen. I forkant av bildet ser vi statsadvokat Eli Reberg Nessimo. Hun passerer foran Lereim. Fokus i bildet er p\u00e5 Lereim\" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Eirik Lereim er dommar i saka som g\u00e5r for Tr\u00f8ndelag tingrett.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det verkar som dei fire har rotta seg saman. Alt kjem samtidig. Heilt ut av det bl\u00e5, sa han og peikte p\u00e5 at visste at to av dei har m\u00f8tt kvarandre i fritidssamanheng.<\/strong><\/p>\n<p>Dette meiner statsadvokaten at ikkje er tilfelle og meiner tiltalte ikkje har ei plausibel forklaring.<\/p>\n<p>\u2013 Dei st\u00e5r saman opp mot uretten dei har opplevd. Det handlar ikkje om noko meir enn det, seier Nessimo i sin prosedyre.<\/p>\n<p>\u2013 Eg var redd<\/p>\n<p><strong>Ei av kvinnene forklarte i retten at tiltalte var hyggeleg og omgjengeleg, d\u00e5 dei innleia eit forhold.<\/strong><\/p>\n<p>D\u00e5 dei etter kvart begynt \u00e5 ha sex kunne ho seie \u00abnei\u00bb dersom det var noko ho ikkje \u00f8nska.<\/p>\n<p>Men gradvis blei det mindre og mindre rom for dette.<\/p>\n<p>\u2013 Viss eg sa \u00abnei\u00bb, \u00abstopp\u00bb eller pr\u00f8vde \u00e5 vri meg unna, s\u00e5 blei eg berre meir og meir oversett.<\/p>\n<p>Trenger du noen \u00e5 snakke med?<\/p>\n<p>Ring 113 n\u00e5r det er akutt og st\u00e5r om liv.<\/p>\n<p>Ring legevakta p\u00e5 116 117 for \u00f8yeblikkelig hjelp.<\/p>\n<p>Fastlegen din kan ogs\u00e5 hjelpe deg, for eksempel med \u00e5 henvise deg videre inn i det offentlige tilbudet.<\/p>\n<p>Hvis du trenger noen andre \u00e5 snakke med, kan du bruke noen av disse lavterskeltilbudene:<\/p>\n<p><strong>Hjelpetelefonen:<\/strong> D\u00f8gn\u00e5pen telefontjeneste. Ring 116 123 eller skriv p\u00e5 <a href=\"https:\/\/sidetmedord.mentalhelse.no\/\" ec-id=\"https:\/\/sidetmedord.mentalhelse.no\/\" ec-name=\"sidetmedord.no\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">sidetmedord.no<\/a><\/p>\n<p><strong>Nok.-sentrene: <\/strong>gir gratis oppf\u00f8lging til utsatte og p\u00e5r\u00f8rende etter voldtekt og overgrep. Mer informasjon her: <a href=\"https:\/\/noksentrene.no\/.\" ec-id=\"https:\/\/noksentrene.no\/.\" ec-name=\"noksentrene.no.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">noksentrene.no.<\/a><\/p>\n<p><strong>Kirkens SOS:<\/strong> Ring 22 40 00 40, skriv p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.soschat.no\/\" ec-id=\"https:\/\/www.soschat.no\/\" ec-name=\"soschat.no\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">soschat.no<\/a><\/p>\n<p><strong>Kors p\u00e5 halsen<\/strong> er for deg under 18 \u00e5r. Telefon: 800 333 21. Skriv eller chat p\u00e5 nettsida <a href=\"https:\/\/www.korspahalsen.no\/korspahalsen\" ec-id=\"https:\/\/www.korspahalsen.no\/korspahalsen\" ec-name=\"korspaahalsen.rodekors.no\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">korspaahalsen.rodekors.no<\/a><\/p>\n<p><strong>Foreldresupport:<\/strong> Ring 116 123 (tast 2)<\/p>\n<p><strong>Studenttelefonen:<\/strong> Ring 116 123 (tast 3)<\/p>\n<p><strong>Mental Helse Ungdom:<\/strong> Rettet mot unge voksne i alderen 18\u201336 \u00e5r. Chattetjeneste p\u00e5 nett mandag \u2013 onsdag: kl. 18\u201321. Torsdag \u2013 s\u00f8ndag: kl. 18\u201324: <a href=\"https:\/\/mentalhelseungdom.no\/chat-med-oss\" ec-id=\"https:\/\/mentalhelseungdom.no\/chat-med-oss\" ec-name=\"www.mhu.no.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">www.mhu.no.<\/a><\/p>\n<p><strong>Alarmtelefonen for barn og unge:<\/strong> En gratis telefon for barn og unge som er utsatt for vold, overgrep og omsorgssvikt. Telefon 116 111.<\/p>\n<p><strong>Dersom ho fors\u00f8kte \u00e5 motsette seg, blei ho haldt nede, tatt kvelartak p\u00e5 eller reven i h\u00e5ret, if\u00f8lge henne.<\/strong><\/p>\n<p>Slike opplevingar har alle kvinnene forklart seg om i retten. Tiltalte seier det ikkje stemmer.<\/p>\n<p><strong>Nokre av dei skal ogs\u00e5 ha mista bevisstheita undervegs i den seksuelle omgangen.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Nokre gonger trilla t\u00e5rene, eg gr\u00e5t jo. Andre gonger ynka eg meg, la ho til.<\/p>\n<p>Statsadvokaten spurte om ho nokon gong ropte etter hjelp. Det gjorde aldri kvinna.<\/p>\n<p>\u2013 Eg var redd. Og s\u00e5 var det ein skam i dette.<\/p>\n<p><strong>\u2013 For eg var jo ikkje god nok for nokon andre. Eg var jo ikkje verdt nokon ting, fortalde kvinna.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bistandsadvokat Kari Bj\u00f8rnseth Hegstad sitter i en rettssal. Hun har den ene h\u00e5nden opp til ansiktet og virker betenkt. \" title=\"Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bistandsadvokat Kari Bj\u00f8rnseth Hegstad er bistandsadvokat for ei av dei forn\u00e6rma kvinnene.<\/p>\n<p>Foto: Bjarte M. Johannesen \/ NRK<\/p>\n<p>Bistandsadvokatane ber om til saman 1,5 millionar kroner i oppreisingserstatning til kvinnene.<\/p>\n<p>\u2013 Det er grove valdtekter, seier bistandsadvokat Kari Bj\u00f8rnseth Hegstad.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>07.05.2026, kl. 16.30<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det er ikkje straffbart \u00e5 vere ein dritsekk, det er ikkje straffbart \u00e5 vere ein d\u00e5rleg kj\u00e6rast.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":231975,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-231974","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116534351485055083","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/231974","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=231974"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/231974\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/231975"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=231974"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=231974"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=231974"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}