{"id":232893,"date":"2026-05-08T18:22:10","date_gmt":"2026-05-08T18:22:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/232893\/"},"modified":"2026-05-08T18:22:10","modified_gmt":"2026-05-08T18:22:10","slug":"fekk-heilt-sjokk-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/232893\/","title":{"rendered":"\u2013 Fekk heilt sjokk \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p><strong>\u00abSluttar ikkje \u00e5 overraske du\u00bb, skriv<\/strong> <strong>Hedda Schroeter Skaug\u200b. \u200b\u200b\u200b\u200b\u200b\u200b<\/strong><\/p>\n<p><strong>\u00abHeilt r\u00e5tt\u00bb, skriv Vita Mashadi.<\/strong><\/p>\n<p>Superlativa sit laust i kommentarfeltet. For videoen og VO 2 maks-resultatet til Emilie Nereng har imponert ein l\u00f8pegalen nasjon.<\/p>\n<p>\u2013 Eg blei rimeleg overraska da eg fekk talet. Eg fekk jo heilt sjokk, seier Emilie \u00abVoe\u00bb Nereng til NRK.<\/p>\n<p>Resultatet Nereng fekk p\u00e5 testen, er nemleg p\u00e5 niv\u00e5 med tal som dei fleste berre kan dr\u00f8yme om.<\/p>\n<p><strong>P\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.instagram.com\/emilienutrition\/\" ec-id=\"https:\/\/www.instagram.com\/emilienutrition\/\" ec-name=\"Instagram\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Instagram<\/a> la ho ut resultatet \u2013 og p\u00e5 skjermen lyste det kvite talet rett mot dei i overkant av 340.000 f\u00f8lgarane: 65. <\/strong><\/p>\n<p>Dette er kanskje eit tal som meinigmann ikkje har eit forhold til, men til samanlikning er det gjennomsnittlege talet til ei kvinne i 30-\u00e5ra p\u00e5 rundt 40.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Emilie Nereng smiler for resultat av h\u00f8yt VO2 maks-opptak\" title=\"Faksimile: Instagram: @emilienutrition\"\/><\/p>\n<p class=\"\">INN P\u00c5 TOPP: Resultatet heldt til \u00e5 ryke heilt opp p\u00e5 toppen p\u00e5 den private klinikken der testen blei gjort.<\/p>\n<p>Faksimile: Instagram: @emilienutrition<\/p>\n<p>Visste ikkje kva det betydde<\/p>\n<p>VO2 makstalet blir rekna som \u00e5 vere gullstandarden for \u00e5 m\u00e5le kondisjon, uthald og hjartehelse. Jo h\u00f8gare tal \u2013 jo betre prestasjonsevne.<\/p>\n<p>Kva er VO2 maks?<\/p>\n<p>Maksimalt oksygentak er eit m\u00e5l p\u00e5 den st\u00f8rste mengda oksygen kroppen din klarer \u00e5 forbruke i l\u00f8pet av eitt minutt. Resultatet blir vanlegvis oppgitt i ml\/kg\/min (milliliter oksygen per kilo kroppsvekt per minutt). H\u00f8gare tal = betre form.<\/p>\n<p>For \u00e5 forklare det p\u00e5 ein enkel m\u00e5te, kan ein seie at verdien beskriv st\u00f8rrelsen p\u00e5 den menneskelege \u00abmotoren\u00bb. Jo st\u00f8rre denne motoren er, desto meir arbeid er du i stand til \u00e5 utf\u00f8re.<\/p>\n<p>Ein VO2 maks p\u00e5 35 til 45 blir ofte rekna som gjennomsnittleg blant kvinner. Godt trena kvinner har ein VO2 maks p\u00e5 rundt 45 til 60. Eliteut\u00f8varar p\u00e5 kvinnesida har ofte ein VO2 maks fr\u00e5 rundt 65 og opp til 80 +.<\/p>\n<p>I desember skreiv NRK om langdistansel\u00f8paren Hanne Maridal som <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sport\/her-ser-tina-_8-md._-mor-hanne-maridal-sprenge-grenser-_-therese-johaug-maper-av-resultatet-1.17691409\" ec-id=\"pp:article:1.17691409\" ec-name=\"m\u00e5lte rett i overkant av 80 i VO2 maks\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">m\u00e5lte rett i overkant av 80 i VO2 maks<\/a>, berre \u00e5tte m\u00e5nader etter f\u00f8dsel. Therese Johaug er \u00e9in av f\u00e5 kvinner som har sl\u00e5tt eit slikt resultat.<\/p>\n<p>Men da Nereng fekk vite \u00abbragda\u00bb ho hadde st\u00e5tt for, visste ho ikkje heilt kva ho s\u00e5g.<\/p>\n<p><strong>\u2013 I starten s\u00e5 visste eg ikkje kva det betydde. Eg visste ikkje heilt kva som var ein god VO2 maks. Det var f\u00f8rst da eg unders\u00f8kte det i etterkant at eg s\u00e5g at han var ganske h\u00f8g, seier Nereng.<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>Dette er dei gjennomsnittlege VO2 makstala for kvinner og menn:<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Ganske god m\u00e5ling<\/p>\n<p>Ekspert Thomas Losnegard, som er professor ved institutt for fysisk prestasjonsevne ved Noregs idrettsh\u00f8gskole, er imponert over m\u00e5linga til Nereng.<\/p>\n<p><strong>\u2013 I utgangspunktet er det ei ganske god m\u00e5ling, ei ganske h\u00f8g m\u00e5ling gitt at talet er rett, seier Losnegard.<\/strong><\/p>\n<p>Han er rask med \u00e5 trekke fram at han ikkje veit noko om testprotokollen som er utf\u00f8rt og at feilmarginar p\u00e5 mellom fem og 10 prosent kan sl\u00e5 inn.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann med caps og m\u00f8rk t-skjorte jobber over en vask. Han holder en hvit plastkomponent i hendene. Bak ham er det hyller med diverse gjenstander. Et svart dispensere for papirh\u00e5ndkl\u00e6r henger p\u00e5 veggen til venstre.\" title=\"Foto: Siri Kvehaugen Saugstad \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">LABROTTE: Thomas Losnegard er fleire hundre timar i labbar og har studert fleire titals toppidrettsut\u00f8varar oppgjennom \u00e5ra.<\/p>\n<p>Foto: Siri Kvehaugen Saugstad \/ NRK<\/p>\n<p>Losnegard drar ogs\u00e5 genetikk inn i bildet for det gode resultatet.<\/p>\n<p>\u2013 Det er nokon som har naturleg h\u00f8g VO2 maks, sj\u00f8lv om ein p\u00e5 generelt grunnlag ikkje n\u00f8dvendigvis har trena veldig m\u00e5lretta mot \u00e5 auke VO2 maks. Ein stor del av h\u00f8ge m\u00e5lingar kan ogs\u00e5 komme av genetikk, seier Losnegard.<\/p>\n<p>Nereng fortel at ho har trena l\u00f8ping rundt tre gonger i veka i fleire \u00e5r, men ikkje m\u00e5lretta mot \u00e5 auke VO2 maks. Derfor var resultatet ekstra overraskande, fortel ho.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg har ikkje vore klar over det eller m\u00e5lt det f\u00f8r.<\/strong> <strong>Eg trur eg m\u00e5 ha ein genetisk komponent, men det betyr vel at eg har eit potensial for \u00e5 bli godt trena, seier Nereng.<\/strong><\/p>\n<p>Ramm s\u00e5r ogs\u00e5 tvil om resultatet<\/p>\n<p>Det er mange som ofte held <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/sport\/amalie-_28_-fikk-_sjokk_-da-hun-sa-tallet-_-men-hva-betyr-det-egentlig_-1.17753376\" ec-id=\"pp:article:1.17753376\" ec-name=\"VO2 makstalet\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">VO2 makstalet<\/a> hemmeleg \u2013 og fleire av Noregs st\u00f8rste uthaldenheitsut\u00f8varar \u00f8nsker ikkje \u00e5 g\u00e5 ut med talet. Losnegard meiner uansett at Nereng kan vere stolt over eige resultat.<\/p>\n<p>\u2013 Ho er godt trena og spring fort. Talet h\u00f8yrest h\u00f8gt ut, men ikkje urealistisk, seier han.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Emile Voe Nereng poserer mot kamera under TV 2s h\u00f8stlansering\" title=\"Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">L\u00d8PEFANTOM: Komboen raude l\u00f8parar og l\u00f8ping viser seg \u00e5 vere ein suksessformel for Emilie \u00abVoe\u00bb Nereng. Her fr\u00e5 TV 2s haustlansering.<\/p>\n<p>Foto: Paul S. Amundsen \/ NTB<\/p>\n<p>I kommentarfeltet har det ogs\u00e5 blitt s\u00e5dd tvil rundt resultatet, blant anna fr\u00e5 komikar og l\u00f8peinfluensar Nicolay Ramm.<\/p>\n<p><strong>\u00abKanke stemme. M\u00e5l p\u00e5 nytt!\u00bb<\/strong><\/p>\n<p>Det var den korte og kontante beskjeden fr\u00e5 Ramm. Kritikken fr\u00e5 Ramm tar Nereng med knusande ro.<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00f8lvsagt, n\u00e5r eg yppar s\u00e5 forventar eg \u00e5 f\u00e5 eit eller anna tilbake igjen. Dette er berre Nicolay som er sjalu, som vanleg, seier Nereng.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.05.2026, kl. 19.51<\/p>\n<p><script async src=\"\/\/www.instagram.com\/embed.js\"><\/script><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u00abSluttar ikkje \u00e5 overraske du\u00bb, skriv Hedda Schroeter Skaug\u200b. \u200b\u200b\u200b\u200b\u200b\u200b \u00abHeilt r\u00e5tt\u00bb, skriv Vita Mashadi. Superlativa sit laust&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":232894,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-232893","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116540352235597358","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/232893","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=232893"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/232893\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/232894"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=232893"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=232893"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=232893"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}