{"id":232957,"date":"2026-05-08T20:20:14","date_gmt":"2026-05-08T20:20:14","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/232957\/"},"modified":"2026-05-08T20:20:14","modified_gmt":"2026-05-08T20:20:14","slug":"valerenga-tapte-mot-hamkam-etter-trenarsparking-nrk-sport-sportsnyheter-resultater-og-sendeplan","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/232957\/","title":{"rendered":"V\u00e5lerenga tapte mot HamKam etter trenarsparking \u2013 NRK Sport \u2013 Sportsnyheter, resultater og sendeplan"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Det var eit sjokk for oss alle saman. Det kan det ikkje vere noko tvil om, sa V\u00e5lerenga spelar Carl Lange om den plutselege trenarsparkinga i klubben.<\/p>\n<p>Onsdag kom beskjeden om at Geir Bakke var ferdig som hovudtrenar i V\u00e5lerenga.<\/p>\n<p>Under fredagens kamp mellom HamKam og V\u00e5lerenga kunne sportssjef i V\u00e5lerenga, Joacim Jonsson, komme med nye detaljar rundt trenarsituasjonen.<\/p>\n<p>\u2013 Vi jobbar intensivt med det. Vi har nokon veldig, veldig f\u00e5 kandidatar vi jobbar med no og h\u00e5par \u00e5 ha det i m\u00e5l i l\u00f8pet av relativt kort tid. Men det er viktigare at det blir riktig enn at det er lynraskt, seier han til NRK.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Joacim Jonsson. 24. mai 2022. \" title=\"Foto: Tore Linvollen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">SNART: Sportssjef i V\u00e5lerenga, Joacim Jonsson, seier dei n\u00e6rmar seg ny tilsetting<\/p>\n<p>Foto: Tore Linvollen \/ NRK<\/p>\n<p>If\u00f8lge NRK sine opplysningar har V\u00e5lerenga no offisielt tatt kontakt med KFUM om deira trenar, Johannes Moesgaard.<\/p>\n<p>Og det bekreftar Jonsson overfor NRK fredag.<\/p>\n<p>\u2013 Er Moesgaard ein av dei som st\u00e5r igjen?<\/p>\n<p>\u2013 Han er ein av kandidatane som st\u00e5r igjen, ja.<\/p>\n<p>Moesgaard er trenar i KFUM Oslo og har vore hovudtrenar sidan 2023. I sin f\u00f8rste sesong leia han klubben til deira f\u00f8rste opprykk til Eliteserien. Han har ein kontrakt med klubben til 2027.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Johannes Moesgaard blir l\u00f8ftet opp av KFUM-spillerne etter opprykk\" title=\"Foto: Marius Simensen \/ Bildbyr\u00e5n\"\/><\/p>\n<p class=\"\">KLUBBYTTE? Johannes Moesgaard er for tida trenar i KFUM, men det kan endre seg raskt.<\/p>\n<p>Foto: Marius Simensen \/ Bildbyr\u00e5n<\/p>\n<p>Spelarane tekne p\u00e5 senga<\/p>\n<p>Kapteinen til V\u00e5lerenga, Henrik Bj\u00f8rdal, vart sett ut avgjerda onsdag.<\/p>\n<p>\u2013 Det var litt overraskande sj\u00f8lvsagt. Vi hadde ikkje h\u00f8yrd eit ord. Vanlegvis er det litt skribleri i forkant, men no hadde vi ikkje h\u00f8yrd noko.<\/p>\n<p>\u2013 Er Moesgaard ein mann de kunne tenke dykk?<\/p>\n<p>\u2013 Eg kjenner ikkje han s\u00e5 godt, s\u00e5 det blir vanskeleg \u00e5 svare p\u00e5. Vi f\u00e5r sj\u00e5 kva som skjer, avslutta kapteinen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En gr\u00f8nnkledd m\u00e5lvakt fors\u00f8ker \u00e5 blokkere en fotball mens en spiller i bl\u00e5tt n\u00e6rmer seg. Spilleren i bl\u00e5tt har en bandasje p\u00e5 venstre kne. Bak dem er en spiller i hvitt med m\u00f8rke bukser. Omgivelsene viser et fotballstadion med tilskuere i bakgrunnen.\" title=\"Foto: Terje Bendiksby \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">BJ\u00d8RDAL: \u2013 Det var litt overraskande, seier VIF-kapteinen om trenarsparkinga.<\/p>\n<p>Foto: Terje Bendiksby \/ NRK<\/p>\n<p>Sportssjef Joacim Jonsson legg til at dei er djupt inne i samtalar med kandidatane.<\/p>\n<p>\u2013 Dei kandidatane vi har snevra oss inn p\u00e5 no er vi ganske langt inne i samtalen med. D\u00e5 er det detaljar og knappar \u00e5 trykke p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Er det \u00e5 bli einig med klubbane vanskelegast?<\/p>\n<p>\u2013 Det kan det bli. Det veit vi ikkje. Det er litt ulike prosessar med kandidatane, avslutta sportssjefen.<\/p>\n<p>Tap p\u00e5 Briskeby<\/p>\n<p>V\u00e5lerenga gjesta HamKam p\u00e5 Hamar i den f\u00f8rste kampen utan Geir Bakke som trenar. Mellombels er hans tidlegare assistent, Petter Myhre, trenar i p\u00e5vente av ny person i sjefsstolen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Petter Myhre Geir Bakke\" title=\"Foto: Marius Simensen \/ Bildbyr\u00e5n\"\/><\/p>\n<p class=\"\">DUO: Petter Myhre og Geir Bakke var lenge ein duo i V\u00e5lerenga.<\/p>\n<p>Foto: Marius Simensen \/ Bildbyr\u00e5n<\/p>\n<p>Men den nye endringa ser ikkje ut til \u00e5 hjelpe dei kongebl\u00e5 fr\u00e5 hovudstaden.<\/p>\n<p>Etter sju minutt er HamKam i angrep. Ballen legg seg fint til rette p\u00e5 8 meter og Henrik Udahl har f\u00e5 problem med \u00e5 sette inn 1\u20130 til heimelaget.<\/p>\n<p>V\u00e5lerenga heva seg etter kvilen og kom til fleire sjansar. Thorvaldsen var n\u00e6rmast d\u00e5 han trefte tverrliggaren like f\u00f8r slutt. Men ballen ville ikkje over streken.<\/p>\n<p>Kampen enda 1\u20130 til HamKam. V\u00e5lerenga ligg no p\u00e5 ellevte plass, med 8 poeng etter 8 kampar. HamKam ligg p\u00e5 sjette plass med 13 poeng, etter sju kampar spelt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"HamKams spillere etter 1-0 m\u00e5let til Henrik Udahl under eliteseriekampen i fotball mellom HamKam og V\u00e5lerenga p\u00e5 Briskeby Stadion.\" title=\"Foto: Geir Olsen \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">SIGER: Henrik Udahl vart matchvinnar og scora kampens einaste m\u00e5l.<\/p>\n<p>Foto: Geir Olsen \/ NTB<\/p>\n<p>\u2013 Vi st\u00e5r her som taparar s\u00e5 vi kan ikkje sei vi fiksa det. Men eg synest vi skapar nok til \u00e5 snu det. Det g\u00e5r p\u00e5 marginar og vi har ikkje vore gode nok til \u00e5 f\u00e5 dei marginane med oss, fortalde V\u00e5lerenga sin trenar Petter Myhre etter kampen.<\/p>\n<p>Myhre vil fortsette \u00e5 trene klubben fram til ein ny trenar er p\u00e5 plass.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>08.05.2026, kl. 20.56<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>08.05.2026, kl. 22.08<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Det var eit sjokk for oss alle saman. Det kan det ikkje vere noko tvil om, sa&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":232958,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[30,28,29,83,82],"class_list":{"0":"post-232957","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-sport","12":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116540815850637625","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/232957","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=232957"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/232957\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/232958"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=232957"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=232957"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=232957"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}