{"id":235570,"date":"2026-05-12T03:55:19","date_gmt":"2026-05-12T03:55:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235570\/"},"modified":"2026-05-12T03:55:19","modified_gmt":"2026-05-12T03:55:19","slug":"tre-turistar-doydde-ved-smola-oppmodar-folk-om-a-ta-sjovett-pa-alvor","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235570\/","title":{"rendered":"Tre turistar d\u00f8ydde ved Sm\u00f8la \u2013 oppmodar folk om \u00e5 ta sj\u00f8vett p\u00e5 alvor"},"content":{"rendered":"<p>D\u00f8dsulykka p\u00e5 Nordm\u00f8re i natt har skaka lokalsamfunnet.<\/p>\n<p>Tre turistar hadde ikkje komme tilbake til avtalt tid etter ein fisketur. Det fekk resten av turf\u00f8lget til \u00e5 sl\u00e5 alarm og store ressursar rykte ut til leitinga, <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/leiteaksjon-etter-fritidsbat-med-tre-personar-vest-for-smola-i-more-og-romsdal-1.17878988\" ec-id=\"pp:article:1.17878988\" ec-name=\"men liva deira stod ikkje til \u00e5 redde.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">men liva deira stod ikkje til \u00e5 redde. <\/a><\/p>\n<p>\u2013 Vi er langt ute p\u00e5 havet. V\u00earet kan vere kraftig her ute, og det kan snu ganske fort, seier Sm\u00f8la-ordf\u00f8rar Svein Roksv\u00e5g.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"B\u00e5t etter d\u00f8dsulykke p\u00e5 Sm\u00f8la\" title=\"Foto: Kurt Sivertsen\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Politiet har funnet b\u00e5ten etter d\u00f8dsulykka.<\/p>\n<p>Foto: Kurt Sivertsen<\/p>\n<p><strong>S\u00e5 langt i 2026 har \u00e5tte personar d\u00f8ydd i ulykker med fritidsb\u00e5t. For knappe to veker sidan miste ein mann i 30-\u00e5ra livet utanfor Aver\u00f8y.<\/strong><\/p>\n<p>Dermed har halvparten av d\u00f8dsulykkene med fritidsb\u00e5t s\u00e5 langt i \u00e5r skjedd p\u00e5 Nordm\u00f8re.<\/p>\n<p>\u2013 Ta sj\u00f8vett p\u00e5 alvor<\/p>\n<p>Sj\u00f8fartsdirektoratet har f\u00f8rt statistikk p\u00e5 ulykker p\u00e5 fritidsfart\u00f8y sidan 2001. Til saman har 247 personar mista livet dei siste 25 \u00e5ra.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Mange ulykker kan ein f\u00f8rebygge med riktig utstyr, gode haldningar og ansvarlege val p\u00e5 sj\u00f8en.<\/strong><\/p>\n<p>Det seier Siv Haugvaldstad Bygnes, som er kommunikasjonsr\u00e5dgivar for seksjon fritidsfart\u00f8y i Sj\u00f8fartsdirektoratet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et n\u00e6rbilde av en kvinne med blondt h\u00e5r i hestehale, if\u00f8rt en m\u00f8rkebl\u00e5 dunjakke. Bakgrunnen er utydelig og viser en bl\u00e5 vannflate og bygninger. V\u00e6ret er solrikt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: H\u00e5kon Kummermo \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Kommunikasjonsr\u00e5dgivar for seksjon fritidsfart\u00f8y i Sj\u00f8fartsdirektoratet, Siv Haugvaldstad Bygnes, understrekar viktigheita av sj\u00f8vett. <\/p>\n<p>Foto: H\u00e5kon Kummermo \/ NRK<\/p>\n<p>Ho seier det er viktig \u00e5 vere budd og ta sj\u00f8vett p\u00e5 alvor n\u00e5r ein skal k\u00f8yre b\u00e5t eller opphalde seg i fritidsfart\u00f8y.<\/p>\n<p>\u2013 Vi oppfordrar alle til \u00e5 setje sikkerheita f\u00f8rst, vere edru og tilpasse b\u00e5de fart og ferdsel etter forholda.<\/p>\n<p>Viktige r\u00e5d n\u00e5r f\u00f8r ein legg fr\u00e5 kai: <\/p>\n<ul>\n<li>\n<p>Ha alltid p\u00e5 flyteutstyr &#8211; i b\u00e5t, p\u00e5 brygge og ved fort\u00f8ying, s\u00e6rleg n\u00e5r ein er \u00e5leine.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Bruk alltid daudmannsknapp.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>S\u00f8rg for \u00e5 ha kompetanse til b\u00e5ten du skal f\u00f8re \u2013 hald kunnskapen ved like og ta b\u00e5tf\u00f8rarpr\u00f8va.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Ha ein god leider som er lett \u00e5 n\u00e5 fr\u00e5 vatnet.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>S\u00f8rg for \u00e5 ha vasstett kommunikasjonsutstyr, slik at du kan varsle eller kontakte nokon ved behov for hjelp.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Alkohol og b\u00e5t er ein farleg kombinasjon \u2013 ver edru p\u00e5 sj\u00f8en.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Tilpass farten etter forholda, s\u00e6rleg i m\u00f8rke og tusm\u00f8rke.<\/p>\n<\/li>\n<li>\n<p>Ver eit godt f\u00f8rebilde \u2013 l\u00e6r barna gode haldningar og trygg ferdsel p\u00e5 sj\u00f8en.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kjelde: Sj\u00f8fartsdirektoratet.<\/p>\n<p>\u2013 Risikofylt aktivitet<\/p>\n<p>Sverre Limtun er fagdirekt\u00f8r i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Dei er tilsynsmyndigheita for b\u00e5tutleige, men samarbeider med Sj\u00f8fartsdirektoratet i tilsynssaker.<\/p>\n<p>I fjor haust starta dei ein landsdekkande <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/havarikommisjonen-krever-strengere-regler-etter-dodsulykke-1.17865260\" ec-id=\"pp:article:1.17865260\" ec-name=\"tilsynsaksjon retta mot forbrukartenesta b\u00e5tutleige.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">tilsynsaksjon retta mot forbrukartenesta b\u00e5tutleige.<\/a><\/p>\n<p>\u2013 Handlingsplanen inneber ein visjon om at ingen skal omkomme eller bli hardt skadd ved bruk av fritidsb\u00e5t, og inneheld ei rekke innsatsomr\u00e5de med tilh\u00f8yrande tiltak.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sverre Limtun\" title=\"Foto: DSB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sverre Limtun er fagdirekt\u00f8r i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).<\/p>\n<p>Foto: DSB<\/p>\n<p>\u2013 B\u00e5tutleige er ein risikofylt aktivitet, der det dessverre skjer d\u00f8dsfall kvart \u00e5r. Eit viktig verkemiddel for \u00e5 bidra til \u00e5 auke sikkerheita og redusere talet hendingar, er \u00e5 gjennomf\u00f8re tilsyn hos verksemder som tilbyr b\u00e5tutleige.<\/p>\n<p>\u2013 Ei tragisk ulykke som r\u00f8rer mange<\/p>\n<p>Dette er ikkje f\u00f8rste gong \u00f8ysamfunnet har opplevd liknande. <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/en-person-omkom-etter-at-smabat-kantra-1.16027580\" ec-id=\"pp:article:1.16027580\" ec-name=\"I 2022 mista ein tysk turist livet etter ein fisketur, d\u00e5 b\u00e5ten kantra.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">I 2022 mista ein tysk turist livet etter ein fisketur, d\u00e5 b\u00e5ten kantra.<\/a><\/p>\n<p>Sm\u00f8la-ordf\u00f8rar Svein Roksv\u00e5g (Sp) seier at lokalsamfunnet er i djup sorg.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er ei tragisk ulykke. Det er klart at n\u00e5r det skjer ei slik ulykke med tre omkomne, s\u00e5 r\u00f8rer det mange. No er det viktig \u00e5 ta vare p\u00e5 dei som er igjen.<\/strong><\/p>\n<p>Han fortel at kommunen no tilbyr hjelp til dei som har vore involverte i redningsaksjonen og dei etterlatne i turf\u00f8lget.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Svein Roksv\u00e5g\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sm\u00f8la-ordf\u00f8rar Svein Roksv\u00e5g (Sp) fortel at dette er ein tragisk ulykke som r\u00f8rer mange. <\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>Roksv\u00e5g peikar samstundes p\u00e5 at omr\u00e5det kan vere krevjande.<\/p>\n<p>\u2013 F\u00f8rst og fremst er det mange turistar der ute. Det er mange b\u00e5tar p\u00e5 sj\u00f8en, og mange selskap som driv med utleige av b\u00e5tar, seier han.<\/p>\n<p>Roksv\u00e5g forklarar at Sm\u00f8la ligg ope mot storhavet, og at kraftig vind der ute kan f\u00f8re til store d\u00f8nningar som sl\u00e5r innover mot \u00f8ya, i tillegg til sj\u00f8lve vinden.<\/p>\n<p>Samtidig understrekar ordf\u00f8raren at akt\u00f8rane i omr\u00e5det arbeider med tryggleik.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har fleire utleigarar p\u00e5 Sm\u00f8la, og dei er flinke til \u00e5 leggje til rette og s\u00f8rgje for at tryggleiken er godt ivareteken.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>11.05.2026, kl. 19.00<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"D\u00f8dsulykka p\u00e5 Nordm\u00f8re i natt har skaka lokalsamfunnet. Tre turistar hadde ikkje komme tilbake til avtalt tid etter&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":235571,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-235570","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116559591886561804","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235570","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=235570"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235570\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/235571"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=235570"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=235570"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=235570"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}