{"id":235680,"date":"2026-05-12T07:09:22","date_gmt":"2026-05-12T07:09:22","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235680\/"},"modified":"2026-05-12T07:09:22","modified_gmt":"2026-05-12T07:09:22","slug":"frykta-ho-aldri-skulle-komme-tilbake-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235680\/","title":{"rendered":"Frykta ho aldri skulle komme tilbake \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Saka samanfatta<\/p>\n<ul>\n<li>Regjeringa innf\u00f8rer tiltak for at f\u00e6rre skal f\u00e5 100 prosent sjukemelding av fastlegen.<\/li>\n<li>Graderte sjukemeldingar er det viktigaste tiltaket.<\/li>\n<li>Ingrid R\u00f8e Brevig vart sjukemeld, men kom seg tilbake i full jobb med gradert sjukemelding.<\/li>\n<li>Fastlege Torgeir Hoff Skav\u00f8y meiner tiltaka ikkje seier noko nytt, og at ein m\u00e5 tenke meir heilskapleg for \u00e5 f\u00e5 l\u00e5gare sjukefr\u00e5v\u00e6r.<\/li>\n<li>Skav\u00f8y og Anne-Karin Rime, president i Legeforeningen, meiner at dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar m\u00e5 bli betre.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Regjeringa vil at<a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/norge\/regjeringen_-skal-bli-lettere-a-si-nei-til-sykemelding-1.17879057\" ec-id=\"pp:article:1.17879057\" ec-name=\"f\u00e6rre skal f\u00e5 100 prosent sjukemelding\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> f\u00e6rre skal f\u00e5 100 prosent sjukemelding<\/a> n\u00e5r dei g\u00e5r til fastlegen.<\/p>\n<p>M\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 ned sjukefr\u00e5v\u00e6ret.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ambisjonen er at nesten alt sjukefr\u00e5v\u00e6r skal vere gradert, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap). <\/strong><\/p>\n<p>Regjeringens forslag i tre punkter<\/p>\n<ul>\n<li>Ha en mer lik vurdering av sykmeldinger.<\/li>\n<li>Gradert sykmelding skal v\u00e6re hovedregelen. Hvis legen likevel vil sykmeldte 100 prosent, m\u00e5 det begrunnes.<\/li>\n<li>Legene skal f\u00e5 bedre betalt for \u00e5 snakke med pasienter om hvordan de kan g\u00e5 fra full til delvis sykmelding.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Frykta \u00e5 ikkje komme tilbake<\/p>\n<p>Sjukepleiar Ingrid R\u00f8e Brevig veit alt om korleis det er \u00e5 vere gradert sjukemeld.<\/p>\n<p>Etter \u00e5tte \u00e5r som sjukepleiar fekk ho leddgikt og vart 100 prosent sjukemeldt.<\/p>\n<p>Som NRK tidlegare har fortalt, fekk ho <a href=\"http:\/\/www.nrk.no\/norge\/mener-for-fa-langtidssykmeldte-kommer-helt-tilbake-i-jobb-1.17216415\" ec-id=\"pp:article:1.17216415\" ec-name=\"livet snudd opp ned\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">livet snudd opp ned<\/a> og frykta \u00e5 aldri komme tilbake i jobb.<\/p>\n<p>\u2013 Det var veldig viktig for meg \u00e5 halde meg i jobb.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ingrid R\u00f8e Brevik er fagsykepleier ved Diakonsykehuset.\" title=\"Foto: Johan E. Bull \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Fagsjukepleiar Ingrid R\u00f8e Brevig fekk ein periode andre arbeidsoppg\u00e5ver og jobba berre ein eller to dagar i veka i starten. No er ho tilbake i 100 prosent jobb. <\/p>\n<p>Foto: Johan E. Bull \/ NRK<\/p>\n<p>Gradert sjukemelding vart l\u00f8ysinga<\/p>\n<p>Det vart avgjerande at ho fekk andre arbeidsoppg\u00e5ver og jobba lite i starten.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5pass lite som \u00e9in dag i veka, med tilrettelagde arbeidsoppg\u00e5ver.<\/p>\n<p>Det tok ho rundt to \u00e5r \u00e5 komme tilbake i full jobb.<\/p>\n<p><strong>Sj\u00f8lv om ho seier gradert sjukemelding var viktig, vil ho ikkje utan vidare st\u00f8tte <a href=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/nye-grep-for-redusert-sykefravar\/id3159205\/\" ec-id=\"http:\/\/www.regjeringen.no\/no\/aktuelt\/nye-grep-for-redusert-sykefravar\/id3159205\/\" ec-name=\"regjeringa sine nye grep\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">regjeringa sine nye grep<\/a> fordi folk har ulike behov. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Den perioden eg var 100 prosent sjukemeldt, s\u00e5 hadde eg ikkje noko arbeidskapasitet i det heile. D\u00e5 hadde det ikkje vore mogleg for meg \u00e5 jobbe ved sidan av det.<\/p>\n<p>Virke-sjef Bernt Apeland meiner forslaget til regjeringa er eit viktig steg i riktig retning.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er viktig b\u00e5de for den enkelte verksemda og for det heile norske samfunnet. B\u00e5de for \u00e5 ha folk i aktivitet og for \u00e5 redusere kostnadane til sjukefr\u00e5v\u00e6r.<\/strong><\/p>\n<p>Feil medisin<\/p>\n<p>Legeforeininga meiner regjeringa skriv ut feil medisin om m\u00e5let er \u00e5 f\u00e5 ned sjukefr\u00e5v\u00e6ret.<\/p>\n<p>\u2013 Me m\u00e5 skilje mellom kort- og langtidsfr\u00e5v\u00e6r, og setje inn tiltak for \u00e5 f\u00e5 ned talet p\u00e5 langtidssjukemelde, meiner president i Legeforeningen, Anne-Karin Rime.<\/p>\n<p>Ho meiner at dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar m\u00e5 bli betre, og at dei kan ordne opp sj\u00f8lv, utan \u00e5 involvere fastlegen.<\/p>\n<p>Meiner tiltaka ikkje vil ha effekt<\/p>\n<p>Fastlege og leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Torgeir Hoff Skav\u00f8y, er einig med Rime.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ein mann i svart t-skjorte st\u00e5r framfor to fargerike kunstverk og ser alvorleg ut. \" title=\"Foto: Sissel Rikheim \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Torgeir Hoff Skav\u00f8y meiner tiltaka til regjeringa ikkje vil ha noko effekt. <\/p>\n<p>Foto: Sissel Rikheim \/ NRK<\/p>\n<p>P\u00e5 B\u00f8nes legesenter i Bergen seier han at legeinvolvering i det korte sjukefr\u00e5v\u00e6ret har liten effekt. N\u00e5r ein eventuelt g\u00e5r over p\u00e5 langtidsfr\u00e5v\u00e6r, kan lege verte involvert.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dei fleste sjukemeldingar b\u00f8r byrje med arbeidstakar og arbeidsgivar. Slik kan ein finne ut kva moglegheiter for tilrettelegging ein har, meiner Skav\u00f8y.<\/strong><\/p>\n<p>Apeland i Virke meiner at dette ikkje er vegen \u00e5 g\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Men \u00e5 ha eit godt samarbeid mellom arbeidstakar og arbeidsgivar er heilt openbert.<\/p>\n<p>Skav\u00f8y meiner at regjeringa sine tiltak vil ha liten effekt.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er tiltak som er godt kjent fr\u00e5 f\u00f8r og eit fokusomr\u00e5de som legar har hatt i mange \u00e5r.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Ein mann i svart t-skjorte sit i ein kontorstol og ser p\u00e5 ein PC-skjerm\" title=\"Foto: Sissel Rikheim \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">I ein travel kvardag kjem legar til \u00e5 bruke meir tid p\u00e5 \u00e5 gjere papirarbeid enn legearbeid, meiner fastlege Torgeir Hoff Skav\u00f8y. <\/p>\n<p>Foto: Sissel Rikheim \/ NRK<\/p>\n<p>Eit av dei nye tiltaka er eit \u00abF\u00f8lg-eller-forklar-prinsipp\u00bb. If\u00f8lgje Vestre betyr dette at legen m\u00e5 forklare kvifor pasienten skal bli 100 prosent sjukemeld.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det verker som at det ikkje er noko anna effekt enn at me legar m\u00e5 bruke meir tid p\u00e5 \u00e5 dokumentere vala v\u00e5re, seier Skav\u00f8y.<\/strong><\/p>\n<p>Han kjem til \u00e5 jobbe p\u00e5 same m\u00e5te som han har gjort f\u00f8r.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Me har pr\u00f8vd \u00e5 gradere i alle \u00e5r. Skal me m\u00e5 l\u00e5gare sjukefr\u00e5v\u00e6r m\u00e5 me samarbeide. Me m\u00e5 slutte \u00e5 tenke at me f\u00e5r endringar av \u00e5 leggje strengare krav p\u00e5 legane.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en sykepleier p\u00e5 et kontor\" title=\"Foto: Johan E. Bull \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ingrid R\u00f8e Brevig h\u00e5par arbeidsgivarar legg til rette for sjukemelde. <\/p>\n<p>Foto: Johan E. Bull \/ NRK<\/p>\n<p>Ingrid R\u00f8e Brevig meiner det viktigaste er at arbeidsgivarane gjer det mogleg for sjukemelde \u00e5 komme tilbake.<\/p>\n<p>\u2013 Eg h\u00e5par fleire arbeidsgivarar legg til rette for tilrettelagde stillingar og gradvis auke og passar p\u00e5 at det er passe arbeidsmengd for dei som er sjuke.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>11.05.2026, kl. 21.36<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>11.05.2026, kl. 21.50<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka samanfatta Regjeringa innf\u00f8rer tiltak for at f\u00e6rre skal f\u00e5 100 prosent sjukemelding av fastlegen. Graderte sjukemeldingar er&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":235681,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-235680","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116560354786856241","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235680","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=235680"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235680\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/235681"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=235680"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=235680"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=235680"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}