{"id":235746,"date":"2026-05-12T08:13:16","date_gmt":"2026-05-12T08:13:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235746\/"},"modified":"2026-05-12T08:13:16","modified_gmt":"2026-05-12T08:13:16","slug":"ph-d-soknaden-hennar-i-spansk-vart-forkasta-arsak-masteroppgava-var-pa-spansk","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235746\/","title":{"rendered":"Ph.d.-s\u00f8knaden hennar i spansk vart forkasta. \u00c5rsak: masteroppg\u00e5va var p\u00e5 spansk"},"content":{"rendered":"<p>Ho<br \/>\nhar toppkarakteren A p\u00e5 den spanskfaglege mastergraden sin fr\u00e5 UiT Noregs<br \/>\narktiske universitet. Det skulle normalt vere eit godt utgangspunkt for ein<br \/>\ns\u00f8kar til ei doktorgradsstilling der spr\u00e5kvitskap og spansk som fag er<br \/>\netterspurt.\u00a0<\/p>\n<p>Men<br \/>\nfor Carina Lia utspelte det seg annleis. S\u00f8knaden vart avvist av Universitetet<br \/>\ni S\u00f8raust-Noreg (USN), og det f\u00f8r det var gjort ei einaste fagleg<br \/>\nvurdering.\u00a0<\/p>\n<p>\u2014<br \/>\nEg har pr\u00f8vd i over ein m\u00e5nad \u00e5 f\u00e5 ei konkret fagleg og rettsleg grunngiving,<br \/>\nmen eg har ikkje f\u00e5tt noko skikkeleg svar, seier Lia til Khrono.\u00a0<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">USN<br \/>\nmeiner dei ikkje har gjort noko feil og peikar p\u00e5 at dei lyste ut fleire stillingar<br \/>\ninnan fleire fagomr\u00e5de og at spr\u00e5k, litteratur og historie er blant dei. Sj\u00e5<br \/>\nutfyllande svar lenger nede i saka.<\/p>\n<p>\u00abAnsett som mangelfull\u00bb<\/p>\n<p>Carina Lia meiner p\u00e5 si side at forklaringa ho har f\u00e5tt fr\u00e5 universitetet ikkje held m\u00e5l og dessutan har endra karakter undervegs: F\u00f8rst vart avslaget<br \/>\nforklart med at masteroppg\u00e5va var skriven p\u00e5 spansk, deretter med generelle<br \/>\ndokumentasjonskrav, og til slutt med \u00abprosess\u00f8konomiske\u00bb omsyn.<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">\u2014 Eg blir dermed diskvalifisert til ei stilling<br \/>\nmed spansk som fagomr\u00e5de fordi masteroppg\u00e5va mi er skriven p\u00e5 spansk,<br \/>\nseier ho.<\/p>\n<p class=\"font-weight-normal m-font-weight-normal\" data-lab-font_weight=\"font-weight-normal\">Det n\u00e6raste Lia meiner<br \/>\n\u00e5 ha kome ei grunngiving fr\u00e5 USN, er svaret fr\u00e5 dekan Per-Ludvik<br \/>\nKjendlie ved Fakultet for humaniora, idretts- og utdanningsvitskap: I ein<br \/>\ne-post 20. april svarte han, etter purring, at \u00abs\u00f8knaden ble ansett som<br \/>\nmangelfull fordi masteroppgaven ikke forel\u00e5 oversatt til norsk eller<br \/>\nengelsk\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>Og<br \/>\nvidare:\u00a0<\/p>\n<p>\u00a0\u00ab(\u2026) uten en slik<br \/>\noversettelse vil en sakkyndig komit\u00e9 ikke kunne foreta en forsvarlig faglig<br \/>\nvurdering av s\u00f8knaden\u00bb.<\/p>\n<p>\u2014 Prinsipielt problem<\/p>\n<p>Den<br \/>\nsakkunnige komiteen, som har til oppg\u00e5ve \u00e5 gjere dei faglege vurderingane av<br \/>\ns\u00f8karane, vart oppnemnd 19. mars. Fem dagar seinare, 24. mars, fekk Lia<br \/>\nbeskjeden om avslaget.\u00a0<\/p>\n<p>\u2014 Det reiser sp\u00f8rsm\u00e5l om s\u00f8knaden min vart stansa fordi prosessen<br \/>\nallereie var lagd opp utan \u00e5 ta tilstrekkeleg h\u00f8gde for spanskfaglege s\u00f8knader,<br \/>\ns\u00e6rleg sett i lys av at USN ogs\u00e5 har vist til \u00abprosess\u00f8konomiske omsyn\u00bb, seier<br \/>\nLia.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5<br \/>\ndette sp\u00f8rsm\u00e5let har ho stilt til USN, men s\u00e5 langt utan \u00e5 f\u00e5 svar.<\/p>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/874078.webp.jpeg\" width=\"480\" height=\"447\" alt=\"\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Dei har ikkje s\u00f8kt spesifikt etter kandidatar som jobbar med spansk, skriv dekan Per-Ludvik Kjendlie.<br \/>\n            USN\n        <\/p>\n<p>Lia stiller ogs\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om korleis USN ville sikre spanskfagleg<br \/>\nkompetanse i vurderinga dersom s\u00f8knaden vart sendt vidare. Ho peikar p\u00e5 at<br \/>\nproblemet ikkje n\u00f8dvendigvis er at nokon i komiteen m\u00e5tte kunne spansk, men at s\u00f8knaden hennar vart stansa f\u00f8r det i det heile vart vurdert om<br \/>\nslik kompetanse m\u00e5tte hentast inn.<\/p>\n<p>\u2014 Dette<br \/>\nhandlar ikkje berre om mi sak, men om eit prinsipielt problem for USN: Enten<br \/>\nhar administrasjonen gjort ein feil ved \u00e5 stanse s\u00f8knaden min f\u00f8r han fekk ei<br \/>\nfagleg vurdering. Eller s\u00e5 er utlysinga og vurderingsprosessen feilkonstruert,<br \/>\nfordi dei ikkje tok h\u00f8gde for at spanskfaglege arbeid faktisk m\u00e5 kunne<br \/>\nvurderast p\u00e5 spansk.<\/p>\n<p>Lia har no bede b\u00e5de tilsettingsorganet og styret ved USN ta stilling<br \/>\ntil om prosessen har vore forsvarleg innretta for spanskfaglege s\u00f8knader, og om<br \/>\nsaka kan vidaref\u00f8rast p\u00e5 eit tilstrekkeleg opplyst grunnlag.<\/p>\n<p>I brev til<br \/>\n\u00abTilsettingsorganet for stipendiatstillinger\u00bb ber ho om at vedtak blir sett p\u00e5<br \/>\nvent til \u00abprosessens forsvarlighet, regelverksforankring og<br \/>\nbeslutningsgrunnlag\u00bb er blitt unders\u00f8kt.\u00a0<\/p>\n<p>If\u00f8lgje brevet hennar gir<br \/>\nsvaret fr\u00e5 dekanen ved USN grunn til \u00e5 stille \u00abalvorlige sp\u00f8rsm\u00e5l om hvilken<br \/>\nfagkompetanse USN mener er n\u00f8dvendig for \u00e5 vurdere s\u00f8knader innan et<br \/>\nuttrykkelig utlyst spr\u00e5kfag\u00bb.<\/p>\n<p>\u2014 Ei omsetting av masteroppg\u00e5va til engelsk eller norsk vil gjere<br \/>\nteksten leseleg, men det kan ikkje erstatte fagkompetansen som er n\u00f8dvendig for<br \/>\n\u00e5 vurdere kvaliteten p\u00e5 eit forskingsarbeid innan spansk som akademisk fag,<br \/>\nseier ho. <\/p>\n<p>Masteroppg\u00e5va hennar handla om bruk av konjunktiv i spansk.<\/p>\n<p>\u2014 Kan hindre kandidatar<\/p>\n<p>Lia meiner at spr\u00e5kkravet som USN har brukt mot henne kan ha<br \/>\nlangt vidare konsekvensar:\u00a0<\/p>\n<p>\u00abS\u00f8kere innan norsk og engelsk f\u00e5r sine faglige arbeider vurdert<br \/>\ndirekte, mens s\u00f8kere innan spansk, slik kravet n\u00e5 er praktisert, i realiteten<br \/>\nm\u00e5 bekoste sertifisert oversettelse av en hel masteroppgave (i mitt tilfelle 81<br \/>\nsider) for \u00e5 passere den administrative grovsorteringen\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>Lia viser til at masteroppg\u00e5ver i spansk ved norske<br \/>\nuniversitet blir skrivne p\u00e5 spansk. <\/p>\n<p>\u2014\u00a0 Ei sertifisert omsetting av ei heil masteroppg\u00e5ve krev ein omsetttar med<br \/>\nbetydeleg innsikt i fagterminologien.\u00a0Eg stiller sp\u00f8rsm\u00e5l ved om eit slikt krav i praksis er realistisk \u00e5 oppfylle innan s\u00f8knadsfristen, s\u00e6rleg n\u00e5r kravet ikkje kjem tydeleg fram i utlysinga. Eit krav om sertifisert omsetting av ei heil<br \/>\nmasteroppg\u00e5ve vil i praksis kunne fungere som ei s\u00e6rleg hindring for<br \/>\nnorske spanskfaglege kandidatar, seier ho<\/p>\n<p class=\"font-weight-bold m-font-weight-bold\" data-lab-font_weight=\"font-weight-bold\">Prisen for ei profesjonell omsetting vil if\u00f8lgje tilbod Khrono har sett kome p\u00e5 mellom 70.000 og 90.000 kroner, ei utgift s\u00f8karen eventuelt m\u00e5 dekke.<\/p>\n<p>I grunngivinga for avvisinga som Lia fekk fr\u00e5 dekanen viser han til at framgangsm\u00e5ten deira er \u00abvanlig praksis ved de fleste norske<br \/>\ninstitusjoner\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>\u2014 Paradoks<\/p>\n<p>USNs<br \/>\neigne retningslinjer sl\u00e5r fast at utvalet som i f\u00f8rste omgang skal sortere<br \/>\ns\u00f8knader, skal ta ut dei som \u00ab\u00e5penbart ikke oppfyller kvalifikasjonskravene\u00bb.\u00a0<\/p>\n<p>I<br \/>\nretningslinjene heiter det ogs\u00e5 at eventuell tvil skal kome s\u00f8karen til gode,<br \/>\nslik at kandidaten blir tatt med vidare og i vurderinga til den sakkunnige<br \/>\nkomiteen.<\/p>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/1058002.webp.jpeg\" width=\"480\" height=\"279\" alt=\"Veiskilt ved et moderne campusomr\u00e5de med bygninger, gress og flagg i bakgrunnen.\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Universitetet i S\u00f8raust-Noreg s\u00f8kte etter stipendiatar til KULL26 ved ph.d. programmet for humaniora, kultur- og utdanningsvitskap. Spr\u00e5k, engelsk norsk og spansk, er blant dei etterspurte fagomr\u00e5da.<br \/>\n            USN\n        <\/p>\n<p>\u2014 Eg godtar sj\u00f8lvsagt om eg ikkje n\u00e5r opp, dersom det<br \/>\nfinst forsvarlege grunnar for det. Men eg har berre f\u00e5tt beskjed om at eg ikkje er<br \/>\nkvalifisert, utan at USN har gitt ei fagleg og rettsleg forankra grunngiving. \u00c5<br \/>\nbli stansa fr\u00e5 fagleg vurdering til ei stilling der spansk uttrykkeleg er nemnt<br \/>\nsom fagomr\u00e5de fordi masteroppg\u00e5va er skriven p\u00e5 spansk, er eit paradoks USN<br \/>\nf\u00f8rebels ikkje har gitt ei tilfredsstillande forklaring p\u00e5, seier Lia.<\/p>\n<p> I utlysinga fr\u00e5 USN st\u00e5r det mellom anna at dei legg vekt p\u00e5\u00a0\u00abstudier innenfor spr\u00e5kvitenskap i bred forstand, spesifikke spr\u00e5kfag (f.eks. engelsk, norsk og spansk), litter\u00e6re og tekstvitenskapelige emner, samt historie\u00bb. <\/p>\n<p>USN: \u2014 Vi er forplikta<\/p>\n<p> Rektor ved USN, Pia Cecilie Bing-Jonsson, seier til Khrono at ho \u00abhar h\u00f8yrt om saka\u00bb, men viser til dekan Per-Ludvik Kjendlie og personal- og organisasjonsdirekt\u00f8r Hege Oftedahl for sp\u00f8rsm\u00e5l og kommentarar.\u00a0<\/p>\n<p>Oftedahl viser til at det i utlysingsteksten for ph.d.-stillingane st\u00e5r at \u00aballe dokumenter m\u00e5 v\u00e6re p\u00e5 et skandinavisk spr\u00e5k eller p\u00e5 engelsk\u00bb.<\/p>\n<p>\u2014 Vi meiner dette er uttrykkeleg opplyst i annonsen. S\u00f8karen har ikkje levert etterspurt dokumentasjon p\u00e5 dei kvalifikasjonskrava vi har etterspurt. Vi har gjort ei vurdering. Det var mange s\u00f8karar, og vi har vurdert opp mot kvalifikasjonsprinsippet, som vi er forplikta til, seier Oftedahl.<\/p>\n<p>                <img decoding=\"async\" src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/05\/993010.webp.jpeg\" width=\"480\" height=\"341\" alt=\"Portrett av en kvinne\" loading=\"lazy\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Hege Oftedahl er personal- og organisasjonsdirekt\u00f8r. Ho seier USN ikkje har gjort nokon feil.<br \/>\n            USN\n        <\/p>\n<p class=\"italic m-italic\" data-lab-italic=\"italic\">\u2014 Sidan det spesifikt blir etterspurt spanskfagleg kompetanse, er det d\u00e5 ikkje naturleg \u00e5 kunne tolke dokumentasjonskravet som at ei spanskspr\u00e5kleg oppg\u00e5ve ikkje er del av kravet om at det m\u00e5 vere p\u00e5 skandinavisk eller engelsk?<\/p>\n<p>\u2014 Vi tenker at vi har vore tydelege p\u00e5 kva vi har kravd.\u00a0Prinsipielt m\u00e5 vi behandle alle likt.<\/p>\n<p class=\"italic m-italic\" data-lab-italic=\"italic\">\u2014 I og med at utlysinga ettersp\u00f8r spanskfagleg kompetanse, er det ikkje d\u00e5 merkeleg at ein s\u00f8kar med spanskfagleg kompetanse skal bli avvist f\u00f8r sakkunnig vurdering?<\/p>\n<p>\u2014 Det er rett at spansk er nemnt i utlysinga. Samstundes er ogs\u00e5 andre fag nemnt.\u00a0Det er lyst ut stillingar innanfor fleire fagomr\u00e5de. Spr\u00e5k, litteratur og historie, SLH, er blant desse.<\/p>\n<p>Oftedahl stadfestar at det ikkje er spanskyndige med i den sakkunnige komiteen.\u00a0<\/p>\n<p>Dekan Kjendlie svarar Khrono p\u00e5 e-post:<\/p>\n<p class=\"no_italic m-no_italic\" data-lab-italic=\"\">\u00abI denne saken er det viktig \u00e5 notere seg at vi ikke har lyst ut en spesifikk stilling med spansk som tema, men s\u00f8ker etter kandidater innenfor doktorgradsprogrammets fulle faglige bredde. Doktorgraden har r\u00f8tter i vitenskapsomr\u00e5der som samfunnsvitenskap, humaniora og utdanningsvitenskap og henter teoretiske perspektiver, begreper og metoder fra disiplinfag som sosiologi, pedagogikk, spr\u00e5kfag, historie, litteratur, idrett, estetiske fag, statsvitenskap, psykologi, antropologi osv. Metoder og begreper fra fagene brukes for \u00e5 analysere pedagogiske prosesser og kulturelle fenomener. Doktorgraden har tre fagomr\u00e5de,\u00a0spr\u00e5k, litteratur og historie; kulturstudium, kunst og idrett, og utdanningsforskning, l\u00e6ringspraksiser og pedagogikk\u00bb.<\/p>\n<p>\u00a0<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ho har toppkarakteren A p\u00e5 den spanskfaglege mastergraden sin fr\u00e5 UiT Noregs arktiske universitet. Det skulle normalt vere&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":235747,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-235746","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116560606902470857","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235746","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=235746"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235746\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/235747"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=235746"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=235746"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=235746"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}