{"id":235839,"date":"2026-05-12T10:32:39","date_gmt":"2026-05-12T10:32:39","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235839\/"},"modified":"2026-05-12T10:32:39","modified_gmt":"2026-05-12T10:32:39","slug":"keir-starmer-blir-verande-som-statsminister-etter-regjeringsmote-i-storbritannia-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235839\/","title":{"rendered":"Keir Starmer blir verande som statsminister etter regjeringsm\u00f8te i Storbritannia \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>\u2013 Labour har ein prosess for \u00e5 utfordre ein leiar, og denne har ikkje vorte utl\u00f8yst, sa Starmer til statsr\u00e5dane p\u00e5 regjeringsm\u00f8tet tysdag.<\/p>\n<p><strong>Trass aukande press vil statsminister i Storbritannia Keir Starmer bli verande i jobben. Det skriv kontoret hans tysdag.<\/strong><\/p>\n<p>Tema for regjeringsm\u00f8tet var framtida til Starmer etter nederlaget i lokalvalet.<\/p>\n<p>78 parlamentsmedlem fr\u00e5 statsminister Keir Starmer sitt eige parti, Labour, har kravd at han trekker seg. Det er nesten 20 prosent av dei 403 representantane Labour har sitjande i parlamentet.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To kvinner bruker mobiltelefoner utenfor bygninger. Flere kameraer og lydutstyr st\u00e5r p\u00e5 stativ i forgrunnen. Det er en gate og gjerde i bakgrunnen. Bildet er tatt utend\u00f8rs. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: BROOK MITCHELL \/ AFP,NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Pressa f\u00f8lger spent med utanfor Downing Street tysdag morgon. <\/p>\n<p>Foto: BROOK MITCHELL \/ AFP,NTB<\/p>\n<p>Regjeringsm\u00f8tet starta like etter 10.30 norsk tid tysdag og varte ein times tid.<\/p>\n<p>\u00abDestabiliserande\u00bb<\/p>\n<p>P\u00e5 m\u00f8tet sa Starmer at dei to siste d\u00f8gna har vore \u00abdestabiliserande\u00bb for regjeringa og at dette har kosta landet og familiar dyrt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Landet forventar at vi held fram med \u00e5 styre. Det er det eg gjer, og det vi m\u00e5 gjere som regjering, sa han.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"To menn i dress og slips g\u00e5r utend\u00f8rs. Bakgrunnen er en mursteinsvegg. Begge smiler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: BROOK MITCHELL \/ AFP,NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Tysdag morgon er regjeringsmedlemmar p\u00e5 veg inn til Downing Street. Her er visestatsminister David Lammy til venstre og den britiske regjeringsadvokaten Richard Hermer.<\/p>\n<p>Foto: BROOK MITCHELL \/ AFP,NTB<\/p>\n<p>Det var ei splitta regjering som m\u00f8tte tysdag morgon. Seks statsr\u00e5dar var venta \u00e5 be Starmer trekke seg under regjeringsm\u00f8te, melder den britiske avisa <a href=\"https:\/\/www.telegraph.co.uk\/news\/2026\/05\/12\/keir-starmer-latest-news-resign-speech-labour-mps-streeting\/\" ec-id=\"https:\/\/www.telegraph.co.uk\/news\/2026\/05\/12\/keir-starmer-latest-news-resign-speech-labour-mps-streeting\/\" ec-name=\"The Telegraph\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">The Telegraph<\/a>.<\/p>\n<p>Trass mykje kritikk, f\u00e5r Starmer ogs\u00e5 st\u00f8tte.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ikkje eit spel, skriv bustadminister Steve Reed p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/SteveReedMP\/status\/2054125164208459910\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/SteveReedMP\/status\/2054125164208459910\" ec-name=\"X\" rel=\"nofollow\">X<\/a>.<\/p>\n<p>\u2013 Denne ustabiliteten har konsekvensar for folk sine liv. Dei som vil bli hardast r\u00e5ka, er dei som valde oss for mindre enn to \u00e5r sidan. Vi m\u00e5 samle oss bak statsministeren, held han fram i innlegget.<\/p>\n<p>Statssekret\u00e6r trekker seg<\/p>\n<p>Like f\u00f8r regjeringsm\u00f8tet starta, meldte statssekret\u00e6r Miatta Fahnbulleh har ho trekker seg fr\u00e5 regjeringa, som den f\u00f8rste og f\u00f8rebels einaste i saka mot Starmer. I brevet kom ho ogs\u00e5 med ein klar beskjed til Starmer:<\/p>\n<p>\u2013 <strong>Eg oppmodar statsministeren til \u00e5 gjere det rette for landet og partiet, og setje ein tidsplan for ein ordna overgang, skriv ho p\u00e5 <a href=\"https:\/\/x.com\/Miatsf\/status\/2054112850323378533\" ec-id=\"https:\/\/x.com\/Miatsf\/status\/2054112850323378533\" ec-name=\"X\" rel=\"nofollow\">X<\/a> i dag. <\/strong><\/p>\n<p>Fahnbulleh skriv ogs\u00e5 at verken ho eller folket har trua p\u00e5 at Starmer kan leie Storbritannia gjennom endringane det krevst for \u00e5 f\u00e5 landet p\u00e5 rett kurs att.<\/p>\n<p>M\u00e5ndag trekte seks r\u00e5dgjevarar i regjeringa seg fr\u00e5 rollene sine.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har grenselaus tillit til Labour-partiet og til evna v\u00e5r til \u00e5 reise oss etter dette. Det er derimot diverre no klart at statsministeren ikkje lenger har tilliten eller tiltrua fr\u00e5 \u00e5lmenta til \u00e5 leie denne endringa.<\/p>\n<p>Det skreiv \u00e9in av dei som trekte seg, Joe Morris, i ei uttale if\u00f8lgje The Independent.<\/p>\n<p>Lokalvalnederlag<\/p>\n<p>Presset mot Starmer skjer i kj\u00f8lvatnet av det katastrofale nederlaget for Labour i lokalvalet f\u00f8rre veke. Partiet mista hundrevis av representantar til det ytre h\u00f8gre-partiet Reform UK og det venstrepopulistiske partiet Dei Gr\u00f8ne.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann og en kvinne g\u00e5r langs en gate forbi en valgskilt. Mannen har p\u00e5 seg m\u00f8rk dress og kvinnen har p\u00e5 seg hvit blazer og jeans. Mannen og kvinnen g\u00e5r h\u00e5nd i h\u00e5nd. En annen mann i m\u00f8rk dress g\u00e5r bak dem. En r\u00f8d buss er synlig i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: JUSTIN TALLIS \/ AFP,NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Keir og Victoria Starmer kom saman for \u00e5 stemme under lokalvalet i Storbritannia 7. april. <\/p>\n<p>Foto: JUSTIN TALLIS \/ AFP,NTB<\/p>\n<p>Labour mista ogs\u00e5 sin hundre\u00e5rige dominans i Wales. Samstundes blei dei sl\u00e5tt av det skotske nasjonalpartiet (SNP) i det sj\u00f8lvstyrte parlamentet i Edinburgh.<\/p>\n<p>Starmer har vore statsminister i Storbritannia i nesten to \u00e5r sidan han tok over for Rishi Sunak.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>12.05.2026, kl. 10.58<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>12.05.2026, kl. 12.06<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Labour har ein prosess for \u00e5 utfordre ein leiar, og denne har ikkje vorte utl\u00f8yst, sa Starmer&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":235840,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-235839","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116561153103100703","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235839","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=235839"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235839\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/235840"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=235839"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=235839"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=235839"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}