{"id":235934,"date":"2026-05-12T12:09:30","date_gmt":"2026-05-12T12:09:30","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235934\/"},"modified":"2026-05-12T12:09:30","modified_gmt":"2026-05-12T12:09:30","slug":"regjeringa-seier-nei-til-omstridd-straumavtale-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/235934\/","title":{"rendered":"Regjeringa seier nei til omstridd straumavtale \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>Regjeringa har endra definisjonen av datasenter fr\u00e5 \u00abalminneleg forbruk\u00bb til \u00abindustri\u00bb, som p\u00e5verkar konsesjonskraft-avtalar.<\/li>\n<li>Endringa hindrar datasenter i \u00e5 f\u00e5 billeg konsesjonskraft, noko som har skapt sterke reaksjonar i kraftkommunar.<\/li>\n<li>Kommunar som Luster og Vik kritiserer endringa som distriktsfiendtleg og eit angrep p\u00e5 lokal sj\u00f8lvr\u00e5derett.<\/li>\n<li>Energiminister Terje Aasland forsvarer endringa som n\u00f8dvendig for \u00e5 sikre tillit til kraftsystemet og lovar overgangsordningar for eksisterande datasenter.<\/li>\n<li>Landssamanslutninga av vasskraftkommunar varslar kamp mot det dei ser som ein omfordeling i disfav\u00f8r av distrikta.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Med eit pennestrok gjer regjeringa det <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/vestland\/slutt-pa-billig-konsesjonskraft-til-datasenter-1.17873821\" ec-id=\"pp:article:1.17873821\" ec-name=\"vanskelegare\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">vanskelegare<\/a> for datasenter \u00e5 skaffe seg billeg konsesjonskraft.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette er gode nyheiter. Det svekkjer utbyggingspresset fr\u00e5 internasjonale tek-gigantar som snikar i kraftk\u00f8en, seier Sofie Marhaug, energipolitisk talskvinne i Raudt.<\/strong><\/p>\n<p>Rundt om i kraftkommunane er responsen annleis.<\/p>\n<p>NRK har snakka med fleire rasande ordf\u00f8rarar som fortvilar over at datasenter br\u00e5tt og utan f\u00f8rehandsvarsel skal reknast som industri.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Bluefjords datasenter like ved Jostedalselva og Statkrafts trafostasjon i Luster.&#10;\" title=\"Foto: NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Korleis vi kategoriserer eit datasenter, er ikkje berre eit akademisk sp\u00f8rsm\u00e5l. Mange stader i landet er det av eksistensiell betydning for kommune\u00f8konomien. P\u00e5 bilete: Bluefjords datasenter like ved Jostedalselva.<\/p>\n<p>Foto: NRK<\/p>\n<p>For \u00e5 forst\u00e5 striden m\u00e5 vi g\u00e5 tilbake til 2018. D\u00e5 slo staten fast at datasenter ikkje skulle reknast som industri.<\/p>\n<p>I staden blei straumbruken definert som \u00abalminneleg forbruk\u00bb.<\/p>\n<p><strong>Konsekvensen var at kraftkommunane stod fritt til \u00e5 tilby datasentera rimeleg <\/strong>konsesjonskraft<strong>, p\u00e5 lik linje med vanlege hushaldningar.<\/strong><\/p>\n<p>Kva er konsesjonskraft?<\/p>\n<p>Konsesjonskraft er ein lovfesta rett kommunar og fylkeskommunar har til \u00e5 kj\u00f8pe ein del av straumen som blir produsert i kraftverka i deira omr\u00e5de. Denne krafta skal dei f\u00e5 kj\u00f8pe til ein rimeleg pris (ofte kalla kostpris).<\/p>\n<p>Bakgrunnen er ein \u00absamfunnskontrakt\u00bb mellom staten og lokalsamfunna. N\u00e5r ein kommune gir fr\u00e5 seg verdifull natur, demmer opp elvar og legg store areal under vatn for \u00e5 produsere kraft til storsamfunnet, skal kommunen sitje att med noko av verdiskapinga. Konsesjonskrafta er ein del av betalinga for dei ulempene og naturinngrepa utbygginga f\u00f8rer med seg.<\/p>\n<p>D\u00e5 ordninga vart etablert tidleg p\u00e5 1900-talet, var m\u00e5let at kommunane skulle ha tilgang p\u00e5 rimeleg kraft for \u00e5 byggje opp lokalt n\u00e6ringsliv og sikre straum til innbyggjarane. Det skulle gjere det attraktivt \u00e5 bu og drive verksemd i distrikta.<\/p>\n<p>Lova seier at kommunane berre kan bruke konsesjonskrafta til det som blir kalla alminneleg elektrisitetsforsyning.<\/p>\n<p>Striden st\u00e5r om kva som fell inn under \u00abalminneleg forsyning\u00bb. Fram til no har datasenter vore rekna som dette. N\u00e5r regjeringa no definerer datasenter som industri, betyr det at dei hamnar i same kategori som store fabrikkar (til d\u00f8mes Hydro eller Elkem). Slik tungindustri har tradisjonelt ikkje hatt rett p\u00e5 konsesjonskraft, fordi dei har s\u00e5 enormt kraftbehov at dei ville \u00abslukt\u00bb alt kommunen har til r\u00e5digheit.<\/p>\n<p>Ved \u00e5 flytte datasentera over i industrikategorien, mistar kommunane retten til \u00e5 bruke sin billige kraftkvote som lokkemat for \u00e5 f\u00e5 slike selskap til \u00e5 etablere seg lokalt.<\/p>\n<p>Krypto-smell i Luster<\/p>\n<p>I Luster i Sogn fekk definisjonen direkte f\u00f8lgjer for det engelskbaserte datasenteret Bluefjords.<\/p>\n<p>Fordi dei var \u00abtenesteytande n\u00e6ring\u00bb (og ikkje \u00abindustri\u00bb) fekk dei tilslag p\u00e5 \u00e5 kj\u00f8pe rimeleg konsesjonskraft til 50\u201355 \u00f8re per kWh<\/p>\n<p><strong>Avtalen blei etter kvart eit <a href=\"https:\/\/www.dn.no\/energi\/kommunen-selger-strom-til-krypto-fullstendig-parodi\/2-1-1973631\" ec-id=\"https:\/\/www.dn.no\/energi\/kommunen-selger-strom-til-krypto-fullstendig-parodi\/2-1-1973631\" ec-name=\"omd\u00f8mme-problem\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">omd\u00f8mme-problem<\/a> for kommunen d\u00e5 det kom for ein dag at opp mot ein tredel av straumen gjekk til utvinning av kryptovaluta.<\/strong><\/p>\n<p>No blir det slutt p\u00e5 denne rabattordninga.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Sidan det ikkje lenger er mogleg \u00e5 bruke konsesjonskraft til datasenter, er denne avtalen utan verdi, seier Andreas Wollnick Wiese (Sp), som er ordf\u00f8rar i Luster.<\/strong><\/p>\n<p>Han karakteriserer grepet som \u00abdistriktsfiendtleg\u00bb og eit angrep p\u00e5 den lokale sj\u00f8lvr\u00e5deretten.<\/p>\n<p>\u2013 Dette handlar om v\u00e5r moglegheit til \u00e5 bruke eigne ressursar til \u00e5 byggje gode lokalsamfunn, seier han.<\/p>\n<p>\u2013 Det er meiningslaust at krafta ikkje skal brukast lokalt for \u00e5 unng\u00e5 store overf\u00f8ringstap, berre fordi regjeringa endrar spelereglane over natta, seier Luster-ordf\u00f8rar Andreas Wiese.<\/p>\n<p>\u2013 Arrogant politikk<\/p>\n<p>Vik-ordf\u00f8rar Roy-Egil Stadheim (Ap) meiner den nye datasenter-definisjonen kjem \u00abheilt ut av det bl\u00e5\u00bb.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Regjeringa sparkar beina under oss. Vi har brukt mykje ressursar p\u00e5 arealplanar for \u00e5 bruke krafta der ho blir produsert, seier han.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Moderne datasenter skaper arbeidsplassar og gir varme til anna n\u00e6ring. No sender vi i staden verdiskapinga til sentrale strok. Det er ein arrogant og feilsl\u00e5tt politikk.<\/p>\n<p>Landssamanslutninga av vasskraftkommunar (LVK) har sendt <a href=\"https:\/\/fido.nrk.no\/c98cd33471d4ffbb29117ddebb92fb638e2eedbd9f59a0c56baea2941f0fa260\/LVK%20Brev%20Konsesjonskraftordning%20og%20datasentre%20mai%202026.pdf\" ec-id=\"https:\/\/fido.nrk.no\/c98cd33471d4ffbb29117ddebb92fb638e2eedbd9f59a0c56baea2941f0fa260\/LVK%20Brev%20Konsesjonskraftordning%20og%20datasentre%20mai%202026.pdf\" ec-name=\"brev\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">brev<\/a> til Energidepartementet der dei varslar kamp.<\/p>\n<p>Dei kallar endringa eit brot p\u00e5 samfunnskontrakten og ein omfordeling i disfav\u00f8r av distrikta.<\/p>\n<p>Sj\u00e5 fleire reaksjonar under.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"Arnar Kvernevik\"  width=\"3840\" height=\"2158\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Oddmund Reis\u00e6ter Haugen\n      <\/p>\n<p>Arnar Kvernevik (Ap), ordf\u00f8rar i Gloppen<\/p>\n<p>Lokalsamfunn som gjev fr\u00e5 seg natur, fossar og elvar til kraftutbygging skal f\u00e5 noko attende. Det handlar om lokal verdiskaping og kompensasjon for naturinngrep. N\u00e5r staten tek bort lokale fordelar, svekkjer dei viljen til vidare utbygging. \u00c5 skjere alle datasenter over \u00e9in kam verkar lite nyansert, d\u00e5 mange er viktig digital infrastruktur med store ringverknader lokalt.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Petter Sortland\"  width=\"3840\" height=\"2159\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        privat\n      <\/p>\n<p>Petter Sortland (Ap), ordf\u00f8rar i H\u00f8yanger<\/p>\n<p>Dette var mildt sagt overraskande. Her har departementet jobba i rekordtempo utan \u00e5 invitere dei aktuelle partane til dialog. Det er ei stor mistyding at kommunane gir vekk krafta gratis; vi har lang r\u00f8ynsle med \u00e5 optimalisere desse verdiane. Det er jo faktisk st\u00f8rre betalingsvilje og evne i datasenterbransjen enn i tradisjonell kraftforedlande industri som Hydro og Elkem.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"ein person som st\u00e5r framfor ein byggeplass\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Geir Olav Sl\u00e5en\n      <\/p>\n<p>Merete Myhre Moen (Sp), ordf\u00f8rar i Tynset og leiar i LVK<\/p>\n<p>Endringa er korkje varsla, greidd ut eller har vore p\u00e5 h\u00f8yring. Dette vitnar om mangel p\u00e5 respekt for inntektene til kommunane. Ein b\u00f8r ikkje straffe kommunar som stiller natur til disposisjon for fellesskapet. Med slike avgjerder vil det stadig bli vanskelegare \u00e5 f\u00e5 kommunar med p\u00e5 laget som vertskommunar for energiutbygging og bygging av viktig digital infrastruktur i framtida.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Terje Aasland\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ukjent\n      <\/p>\n<p>Terje Aasland (Ap), energiminister<\/p>\n<p>Datasenter er ei n\u00e6ring som bruker sv\u00e6rt mykje straum og som skil seg vesentleg fr\u00e5 alminneleg forbruk. Difor har regjeringa endra tolkinga av kva som er alminneleg forsyning i konsesjonskraftordninga. Det meiner vi er sakleg og rett grunngitt. Vi innf\u00f8rer ei overgangsordning for kommunar som allereie har datasenter i drift, slik at dei f\u00e5r tid til \u00e5 omstille seg til dei nye reglane.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Kjell B\u00f8e Bj\u00f8rgum\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ingeborg Grindheim Slinde\n      <\/p>\n<p>Kjell B\u00f8e Bj\u00f8rgum (Ap), ordf\u00f8rar i Aurland<\/p>\n<p>Dette er nok eit angrep p\u00e5 vertskommunane for kraftproduksjon. Det er eit direkte brot p\u00e5 den samfunnskontakten me inngjekk d\u00e5 me gav v\u00e5r tilslutning til utbygging av krafta. Fylkeskommunane blir allereie finansierte med store overf\u00f8ringar fr\u00e5 vertskommunane, og dette blir ei rein direkteoverf\u00f8ring fr\u00e5 oss til fylkeskommunen. Slikt skaper ikkje ro rundt vidare vasskraftutbygging.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Bilde av Sofie Marhaug. Ho har blondt h\u00e5r og har p\u00e5 seg ein sort genser Det st\u00e5r tre personar i bakgrunnen.\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        William Jobling \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Sofie Marhaug, energipolitisk talskvinne i Raudt<\/p>\n<p>Det er veldig gode nyheiter at regjeringa endeleg gjer noko med den hovudlause politikken til Solberg-regjeringa om \u00e5 gi datasenter billeg konsesjonskraft, noko som l\u00e8t dei snike i k\u00f8en framfor annan industri. At dette har vore definert som alminneleg forbruk av dei borgarlege, har aldri vore f\u00f8rem\u00e5let med ordninga. No svekkjer vi utbyggingspresset fr\u00e5 internasjonale tek-gigantar.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Bilete teke i forbindelse med diskusjon om utbygging av Fl\u00e5mselvi\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Raymond Lidal\n      <\/p>\n<p>Noralv Distad, Kraftfylka<\/p>\n<p>Datasenter kan samanliknast med anna kraftkrevjande industri, som ikkje er med i konsesjonskraftgrunnlaget til kommunane. St\u00f8rre kraftkrevjande verksemder m\u00e5 reknast som regionale verksemder der ogs\u00e5 fylkeskommunane b\u00f8r f\u00e5 del i verdiskapinga. At fylka skal ha konsesjonskraft har alltid vore ein del av systemet. Det er kraft ein f\u00e5r tildelt, og ikkje noko ein tek fr\u00e5 kommunane.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"ein mann med briller og dress\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ingeborg Grindheim Slinde \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Andreas Wollnick Wiese (Sp), ordf\u00f8rar i Luster<\/p>\n<p>Dette er direkte distriktsfiendtleg. Det p\u00e5verkar v\u00e5r moglegheit til \u00e5 bruke konsesjonskraft til \u00e5 byggje gode lokalsamfunn. For meg ser det ut som ein enkel m\u00e5te for staten \u00e5 finne finansiering til fylkeskommunane ved \u00e5 sende sjekkar fr\u00e5 kommunedirekt\u00f8rar til fylkesdirekt\u00f8ren. Det blir heilt feil at det er kraftkommunane som skal bidra til ei betre finansiering av fylkesleddet.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"ein mann i dress\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Nils Ole Refvik \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Roy-Egil Stadheim (Ap), ordf\u00f8rar i Vik<\/p>\n<p>Dette kjem heilt ut av det bl\u00e5. Vi har brukt mykje ressursar p\u00e5 arealplanar for \u00e5 bruke krafta der ho blir produsert, men no sparkar regjeringa beina under oss. Det er ein arrogant politikk som tvingar krafta bort fr\u00e5 distrikta til sentrale str\u00f8k med store tap i linjenettet som f\u00f8lgje. Ein m\u00e5 spele p\u00e5 lag med kraftkommunane om ein skal f\u00e5 bygd ut meir kraft i dette landet framover.<\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Bj\u00f8rn L\u00f8demel\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        NRK\n      <\/p>\n<p>Bj\u00f8rn L\u00f8demel, Sogn og Fjordane N\u00e6ringsr\u00e5d<\/p>\n<p>Vedtaket svekkjer kraftkommunane si moglegheit til \u00e5 nytte eiga kraft til lokal verdiskaping og r\u00e5kar distrikta direkte. Det er eit grunnleggande prinsipp at dei som tek belastninga med naturinngrep, ogs\u00e5 m\u00e5 f\u00e5 tilgang til \u00e5 bruke noko av krafta lokalt. \u00c5 sende krafta ut av distrikta med tap i linjenettet framst\u00e5r som b\u00e5de lite berekraftig og samfunns\u00f8konomisk ufornuftig.<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>Regjeringa: \u2013 Skil seg vesentleg fr\u00e5 alminneleg forbruk<\/p>\n<p>Energiminister Terje Aasland viser til at straumbruken i datasenter er i kraftig vekst, og at det difor er \u00abheilt n\u00f8dvendig\u00bb \u00e5 kategorisere det som industri.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Dette er n\u00e6ring som bruker mykje straum og som skil seg vesentleg fr\u00e5 alminneleg forbruk. Derfor har regjeringa endra tolkinga og forvaltningspraksisen sin. Det meiner vi er sakleg og rett grunngitt.<\/strong><\/p>\n<p>Han forst\u00e5r at kraftkommunar som har lagt rette for datasenter reagerer, men meiner klargjeringa er n\u00f8dvendig for at kraftsystemet skal ha tillit i folket.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg trur ogs\u00e5 at mange kommunar ser kvifor dette grepet er n\u00f8dvendig, siger han.<\/strong><\/p>\n<p>For kommunar som allereie har sett datasenter i drift, lovar statsr\u00e5den at det vil kome ei overgangsordning.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>11.05.2026, kl. 10.36<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Regjeringa har endra definisjonen av datasenter fr\u00e5 \u00abalminneleg forbruk\u00bb til \u00abindustri\u00bb, som p\u00e5verkar konsesjonskraft-avtalar. Endringa hindrar&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":235935,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-235934","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116561534284230383","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235934","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=235934"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/235934\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/235935"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=235934"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=235934"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=235934"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}