{"id":236316,"date":"2026-05-12T19:43:21","date_gmt":"2026-05-12T19:43:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236316\/"},"modified":"2026-05-12T19:43:21","modified_gmt":"2026-05-12T19:43:21","slug":"sniktitt-the-sinking-city-2","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236316\/","title":{"rendered":"Sniktitt: The Sinking City 2"},"content":{"rendered":"<p>Ukrainske Frogwares har laga ei lang rekke eventyrspel med fokus p\u00e5 mysterium og etterforsking, f\u00f8rst og fremst basert p\u00e5 meisterdetektiven Sherlock Holmes. I 2019 kom dei med ein liten vri d\u00e5 dei lanserte The Sinking City, eit spel basert p\u00e5 Cthulhu-mytologien til <strong>H.P. Lovecraft<\/strong>.<\/p>\n<p>Eit par \u00e5r seinare kom ei oppussa utg\u00e5ve av Cthulhu-spelet, og sj\u00f8lv om Frogwares etter den umiddelbart starta arbeidet med The Sinking City 2, m\u00e5tte det leggast p\u00e5 is d\u00e5 Russland invaderte Ukraina. <\/p>\n<p>Nokre mindre prosjekt seinare fekk derimot Frogwares starta opp at arbeidet, og til sommaren er det klart for eit nytt Lovecraft-eventyr, men mykje har skjedd sidan f\u00f8rre spel i serien.<\/p>\n<p>                            Spelet heiter trass alt The Sinking City 2.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Monsteret i skapet <\/p>\n<p>The Sinking City 2 introduserer oss for Calvin Rafferty og Faye Bennet, eit forelska eventyrarpar par i 20-\u00e5ra som tek ting litt for langt under eit okkult rituale. Berre Calvin kjem tilbake fr\u00e5 det, medan Faye endar opp i koma. Calvin legg d\u00e5 ut p\u00e5 ei farleg jakt for \u00e5 vekke ho til live igjen, og rette opp feila han gjorde i sin iver etter \u00e5 utforske det okkulte.<\/p>\n<p>Vi har alts\u00e5 med ein heilt ny hovudperson \u00e5 gjere, og det er p\u00e5 ingen m\u00e5te naudsynt \u00e5 spele det f\u00f8rste spelet f\u00f8r du g\u00e5r i gong.<\/p>\n<p>Der Frogwares i tidlegare spel har hatt stort fokus p\u00e5 \u00e5 samle bevis og spor som kan leie deg til ein konklusjon som kan hjelpe deg med \u00e5 forst\u00e5 kva i alle dagar som f\u00f8reg\u00e5r, er The Sinking City 2 hakket meir rett fram. Du m\u00e5 framleis sanke spor, og sortere gjennom dei, men fokuset p\u00e5 \u00e5 finne ting er redusert.<\/p>\n<p>Vi har f\u00e5tt tilgang til ein tidleg demo der vi fekk teste to ulike omr\u00e5de. Eit av dei var tidleg i spelet der vi m\u00e5 utforske det oversv\u00f8mte Miskatonic University i byen Arkham. Seinare fekk vi pr\u00f8ve oss p\u00e5 utfordringar lengre ut i spelet, der v\u00e5r helt har f\u00e5tt meir utstyr, fleire v\u00e5pen, og moglegvis ein st\u00f8rre sjanse for \u00e5 overleve.<\/p>\n<p>Dette med \u00e5 overleve er eit n\u00f8kkelord for The Sinking City 2, for her lurer det farar rundt kvart hj\u00f8rne. Dette er eit spel som strengt tatt minnar meir om Resident Evil enn ei detektivhistorie med okkulte over- og undertonar, samt enkelte farlege situasjonar.<\/p>\n<p>                            Det er rikeleg med beist i spelet.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Alltid beredt <\/p>\n<p>Eg vil p\u00e5 ingen m\u00e5te kalle The Sinking City 2 eit actionspel, men det er eit spel som kontinuerleg pr\u00f8var \u00e5 lure deg til \u00e5 tru det er fleire farar her enn kva det kanskje er. Baksida med slikt er sj\u00f8lvsagt at det er n\u00e5r du f\u00f8rst slappar av at eitt eller anna hoppar ut fr\u00e5 ei d\u00f8r du ikkje s\u00e5g og bit og riv i deg til du nesten g\u00e5r i bakken.<\/p>\n<p>Spelet er velkjent prosedyre for alle som har spelt eit Resident Evil-spel, eller liknande. Kameraet heng bak Calvin, som alltid har eit v\u00e5pen klart. Du har lite ammo, kan lage meir av b\u00e5de den og medisin sj\u00f8lv med ting du finn, og du har aldri meir av noko enn du verkeleg treng.<\/p>\n<p>For det meste g\u00e5r tida med p\u00e5 \u00e5 utforske. Plukke opp viktig info, og nyttige gjenstandar, og pr\u00f8ve \u00e5 finne vegen vidare. Dette er ikkje eit spel med fri lagring, men der du m\u00e5 kome deg til eit trygt rom for \u00e5 f\u00e5 sikra deg. Meir Resident Evil-inspirasjon. Ein detalj eg set pris p\u00e5 er korleis kartet alltid viser om du har f\u00e5tt med deg alt. Eit bl\u00e5tt rom indikerer at her er det ikkje meir \u00e5 finne, medan raude rom enno byr p\u00e5 hemmelegheitar.<\/p>\n<p>Der spelet skil seg fr\u00e5 inspirasjonskjeldene er gjennom systema for \u00e5 l\u00f8yse mysteria. N\u00e5r du finn nye spor, kan du legge dei inn i ein slags database der du kan lenke saman og gruppere spor for \u00e5 l\u00f8yse utfordringane som ventar og finne ut kva du skal gjere.<\/p>\n<p>                            Det er rikeleg med beist i spelet.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p> Konklusjon <\/p>\n<p>Etter eit par timar med The Sinking City 2 er det lov \u00e5 vere optimistisk. Dette er eit spel som kanskje ikkje gjer veldig mykje nytt og spanande reint spelteknisk, men det nyttar Cthulhu-universet veldig godt. <\/p>\n<p>Har du lest b\u00f8kene til H.P. Lovecraft, eller spelt Call of Cthulhu-rollespelet basert p\u00e5 hans skribleri, vil du raskt kjenne deg igjen her. Mange stadar, namn og termer er lett \u00e5 kjenne igjen, medan den generelle stemninga er knakande god, noko som lovar sv\u00e6rt godt for det ferdige spelet.<\/p>\n<p>S\u00e5 langt ser spelet ut til \u00e5 by p\u00e5 godt med variasjon. Balansen mellom \u00e5 nedkjempe farlege skapningar f\u00f8r dei tek deg, og det \u00e5 finne ut kva som skjer, framst\u00e5r god. \u00c5 g\u00e5 rundt med halvtomt magasin medan du h\u00f8yrer lyden av noko som romsterer i etasjen over, gjer absolutt sitt for \u00e5 skape ei akkurat passe nifs stemning.<\/p>\n<p><strong>The Sinking City 2 blir lansert p\u00e5 PlayStation 5, Xbox Series S\/X og Windows (testa) til sommaren.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ukrainske Frogwares har laga ei lang rekke eventyrspel med fokus p\u00e5 mysterium og etterforsking, f\u00f8rst og fremst basert&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":236317,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[58],"tags":[71,30,28,29,72],"class_list":{"0":"post-236316","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-underholdning","8":"tag-entertainment","9":"tag-no","10":"tag-norge","11":"tag-norway","12":"tag-underholdning"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116563319761404905","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236316","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=236316"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236316\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/236317"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=236316"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=236316"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=236316"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}