{"id":236422,"date":"2026-05-12T21:49:15","date_gmt":"2026-05-12T21:49:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236422\/"},"modified":"2026-05-12T21:49:15","modified_gmt":"2026-05-12T21:49:15","slug":"reagerer-pa-lite-tryggleik-i-borgarting-lagmannsrett-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236422\/","title":{"rendered":"Reagerer p\u00e5 lite tryggleik i Borgarting lagmannsrett \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert:<\/p>\n<ul>\n<li>Fredag oppstod ei hending med ein kniv i Borgarting lagmannsrett under lunsjpausen i ei ankesak.<\/li>\n<li>Ein forn\u00e6rma tok fram ein kniv etter ein konfrontasjon med dei tiltalte i korridoren utanfor rettssalen.<\/li>\n<li>Lagmannsretten ikkje permanent tryggingskontroll. M\u00e5ndag blei det sett opp ein mobil tryggingsportal.<\/li>\n<li>Politiet etterforskar hendinga og har videomateriale av situasjonen.<\/li>\n<\/ul>\n<p>M\u00e5ndag var det sett opp midlertidig tryggingskontroll i Borgarting lagmannsrett etter ein episode som fann stad fredag.<\/p>\n<p>Hendinga oppstod under lunsjpausen i ei p\u00e5g\u00e5ande ankesak med fleire unge personar.<\/p>\n<p>Dei to forn\u00e6rma i saka hadde forklart seg for retten, medan dei tiltalte h\u00f8yrde p\u00e5 fr\u00e5 eit anna rom.<\/p>\n<p><strong>D\u00e5 partane m\u00f8ttest i gangen utanfor rettslokalet, enda det i ein konfrontasjon kor ein av dei forn\u00e6rma skal ha tatt fram ein kniv.<\/strong><\/p>\n<p>Vedkommande, som no er sikta for hendinga, nektar straffskuld, if\u00f8lge forsvarar Asfand-yar Thathal.<\/p>\n<p>    <img alt=\"En d\u00f8rskilt med teksten &quot;RETTSM\u00d8TE P\u00c5G\u00c5R&quot; er montert p\u00e5 en tred\u00f8r. Under skiltet er det to sm\u00e5 symboler. Ett symbol viser en kopp kaffe med en kryss over. Det andre symbolet viser en boks med suger\u00f8r og en flaske brus med en kryss over. Et r\u00f8dt lysskilt under disse symbolene viser teksten &quot;LUKKET RETT&quot;. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"En politibetjent i m\u00f8rk uniform med utstyr og v\u00e5pen. Betjenten st\u00e5r til venstre i bildet, med en kollega i m\u00f8rk uniform til h\u00f8yre. Bakgrunnen er lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Rettssaka heldt fram m\u00e5ndag med v\u00e6pna politi p\u00e5 plass utanfor rettslokalet.<\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK og Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>Aktor i den p\u00e5g\u00e5ande ankesaka h\u00f8yrde roping fr\u00e5 korridoren, og tok beslag i ein kniv som l\u00e5g p\u00e5 golvet.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det var ein stor kniv, type jaktkniv, som er godt egna til \u00e5 p\u00e5f\u00f8re nokon kroppsskade, seier politiadvokat Anders Valen M\u00f8rland.<\/strong><\/p>\n<p>Til vanleg er det ingen tryggingstiltak i lagmannsretten, med mindre det er meldt inn ekstra behov ved ei sak \u2013 noko som ikkje blei gjort til den p\u00e5g\u00e5ande ankesaka.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En metalldetektor st\u00e5r p\u00e5 et rutete gulv. Det er en utgangsskilt over metalldetektoren. Et lite bord st\u00e5r ved siden av. Det er en d\u00f8r\u00e5pning bak metalldetektoren. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">M\u00e5ndag var det sett opp ein mobil tryggingskontroll i gangen kor hendinga fann stad. Det var ogs\u00e5 ein kontroll ved inngangen til bygget. <\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>M\u00f8rland reagerer p\u00e5 at mangelen p\u00e5 tryggingskontroll inn i bygget, kan leie til alvorlege hendingar.<\/p>\n<p>\u2013 Hadde det vore same grad av tryggleik i lagmannsretten som i tinghuset hadde ikkje dette skjedd, seier politiadvokaten.<\/p>\n<p>\u2013 I tingretten har dei metalldetektorar og vakthald ved innslepp, litt som ved ein flyplass, legg han til.<\/p>\n<p>Permanent tryggingskontroll p\u00e5 \u00f8nskelista<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 f\u00f8rstelagmann Marianne Vollan i Borgarting lagmannsrett ettersp\u00f8r betre tryggingstiltak i domstolen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er f\u00f8rst ved ein permanent tryggingskontroll at vi kan unng\u00e5 at farlege gjenstandar blir brakt inn i domstolen, seier Vollan. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi er opptatt av at alle skal kjenne seg trygge i domstolen v\u00e5r, s\u00e5 det st\u00e5r \u00f8vst p\u00e5 \u00f8nskelista v\u00e5r, legg ho til.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En politibetjent i uniform st\u00e5r ved et bord. P\u00e5 bordet ligger to metalldetektorer. I bakgrunnen er det stoler og en s\u00f8yle. Politibetjenten b\u00e6rer utstyr i beltet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Vollan h\u00e5per at tryggingskontroll i lagmannsretten kan bli ei permanent l\u00f8ysing. <\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>Ho understrekar at tryggingsstaben og politiet kom rask til staden fredag, men at det er eit \u00abparadoks\u00bb at lagmannsretten er \u00abden einaste akt\u00f8ren innanfor statsmakta som ikkje har ein s\u00e5nn kontroll\u00bb.<\/p>\n<p><strong>Borgarting lagmannsrett har berre ein mobil tryggingsportal. <\/strong><\/p>\n<p>Vollan peiker p\u00e5 at organ som Oslo tingrett, H\u00f8gsterett, Stortinget og det nye Regjeringskvartalet har tryggingskontroll ved innslepp.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne med lyst kort h\u00e5r. Sjal i halsen og en svart dressjakke. Portrett. Hun st\u00e5r fremfor et maleri som henger p\u00e5 en beige vegg. \" title=\"Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Vi gjer det beste innanfor dei rammene vi har, seier f\u00f8rstelagmann Marianne Vollan om tryggleiken i lagmannsretten. <\/p>\n<p>Foto: Hanna Hiim Sindre \/ NRK<\/p>\n<p>Vollan seier ho er kjent med at tingretten stoppar farlege gjenstandar i sin tryggingskontroll.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ingen grunn til \u00e5 tru at ikkje ogs\u00e5 vi ville gjort det same med ein s\u00e5nn kontroll. Det er mange av dei same sakene i lagmannsretten, seier ho.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg tenker at det er berre gode grunnar til som tilseier at vi b\u00f8r ha ein permanent tryggingskontroll i Borgarting lagmannsrett. Her m\u00e5 det friske middel og politisk vilje til. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En person i m\u00f8rke kl\u00e6r b\u00e6rer et hylster med et v\u00e5pen festet til beltet. Hylsteret er plassert p\u00e5 siden av beltet. I bakgrunnen er det et uskarpt rom med et s\u00f8ylelignende objekt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">M\u00e5ndag var v\u00e6pna politi p\u00e5 plass ved inngangen til lagmannsretten. <\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>Videomateriale av hendinga<\/p>\n<p>Hendinga er under etterforsking av politiet, som har video av hendinga.<\/p>\n<p>\u2013 Vi vil gjennomg\u00e5 videomaterialet. Kva som har skjedd skal etterforskinga klarlegge, seier politiadvokat Tharsiga Tess Skav\u00e5s.<\/p>\n<p>Kva videoen viser vil ikkje Skav\u00e5s kommentere p\u00e5 noverande tidspunkt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne i politiuniform. \" title=\"Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Hendinga blir etterforska av politiet, opplyser politiadvokat Tharsiga Tess Skav\u00e5s.<\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Dei involverte er kjent for politiet fr\u00e5 f\u00f8r, og tilh\u00f8yrer eit ungdomsmilj\u00f8 som har vore prega av konflikt over tid.<\/p>\n<p>N\u00f8yaktig kva konflikten inneber vil ikkje politiadvokaten g\u00e5 n\u00e6rmare inn p\u00e5.<\/p>\n<p>Personen som hadde med kniven er no sikta for blant anna \u00e5 bere kniv p\u00e5 offentleg stad. Sikta er varetektsfengsla i fire veker, opplyser Skav\u00e5s.<\/p>\n<p>Den sikta personen har ingen kommentar til kniven, if\u00f8lge forsvararen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Et stort kniv med svart h\u00e5ndtak og et langt, bredt blad ligger p\u00e5 en brun overflate. Kniven har en taggete del p\u00e5 oversiden av bladet. En m\u00e5lestokk ligger under kniven, som viser centimeter opp til 37. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Politiet\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Dette er kniven som sikta hadde med seg inn i Borgarting lagmannsrett fredag. <\/p>\n<p>Foto: Politiet<\/p>\n<p>\u00abOpenberr d\u00e5rleg\u00bb tryggleik<\/p>\n<p>Forsvararen peiker p\u00e5 at tryggleiken i lagmannsretten er \u00abopenberr d\u00e5rleg\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Min klient \u00f8nska ikkje \u00e5 m\u00f8te p\u00e5 dei tiltalte, og ikkje vere i same rom som dei. N\u00e5r dette ikkje etterlevast, s\u00e5 er det jo openbert noko som er feil i tryggleiken, seier Thathal.<\/p>\n<p>\u2013 Utanfor rettssalen blei han angripen av dei tiltalte, og forsvarte seg sj\u00f8lv, seier forsvararen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dress og slips blir intervjuet av en person som holder en mikrofon med NRK-logo. Bak mannen er det en brun vegg med vertikale striper. En del av et kamera ses til h\u00f8yre i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Mathias Revheim-Rafaelsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Klienten til advokat Asfand-yar Thathal er sikta og sit i varetekt. <\/p>\n<p>Foto: Mathias Revheim-Rafaelsen \/ NRK<\/p>\n<p>Det meiner bistandsadvokat Lars Morten Bj\u00f8rkholt ikkje stemmer. Han viser til at politiet har videoovervaking av hendinga, utan \u00e5 g\u00e5 inn p\u00e5 kva videoen viser.<\/p>\n<p>Konflikten skal ha starta \u00abmunnhoggeri\u00bb og utvikla seg til \u00abspytting og slag\u00bb f\u00f8r kniven blei tatt fram, if\u00f8lge Bj\u00f8rkholt.<\/p>\n<p>\u2013 Den eine forn\u00e6rma, i saka som g\u00e5r no, skal ha trekt kniv. Det blei avverja av min klient som gjorde ein framst\u00f8yt mot den personen slik at kniven hamna p\u00e5 bakken, seier Bj\u00f8rkholt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann med gr\u00e5tt skjegg og dress blir intervjuet av en person ute. Mannen holder en mikrofon med NRK-logo. Det er en bygate i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bistandsadvokat Lars Morten Bj\u00f8rkholt ettersp\u00f8r tryggingstiltak i lagmannsretten. <\/p>\n<p>Foto: Regine Engelina Hatvik \/ NRK<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Bj\u00f8rkholt stiller sp\u00f8rsm\u00e5l ved tryggleiken i bygget.<\/p>\n<p>\u2013 Det er litt skremmande at ein kan ha akt\u00f8rar i rettslokalet med ein relativ stor kniv som vedkommande vel \u00e5 ta fram i lunsjpausen, seier Bj\u00f8rkholt.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Er det ein sak som involverer unge gutar, tidlegare konfliktar og s\u00e5 vidare, b\u00f8r nok terskelen vere l\u00e5g for \u00e5 ha eit litt sikrare tryggingsopplegg enn det som var her, legg han til.<\/strong><\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>12.05.2026, kl. 19.12<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Fredag oppstod ei hending med ein kniv i Borgarting lagmannsrett under lunsjpausen i ei ankesak. Ein&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":236423,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-236422","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116563815144040549","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236422","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=236422"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236422\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/236423"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=236422"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=236422"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=236422"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}