{"id":236434,"date":"2026-05-12T22:11:11","date_gmt":"2026-05-12T22:11:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236434\/"},"modified":"2026-05-12T22:11:11","modified_gmt":"2026-05-12T22:11:11","slug":"israel-er-vidare-til-eurovision-finalen-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236434\/","title":{"rendered":"Israel er vidare til Eurovision-finalen \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>Tysdag kveld kjempa femten land om finaleplass i Eurovision. Berre ti av dei gjekk vidare.<\/p>\n<p>Israel og Noam Bettan med bidraget \u00abMichelle\u00bb var eit av desse.<\/p>\n<p>\u2013 Eg melder om b\u00e5de buing og applaus i salen, sa Marte Stokstad, NRK sin Eurovision-kommentator, etter bidraget.<\/p>\n<p>H\u00f8ge rop kunne h\u00f8yrast fr\u00e5 salen d\u00e5 han byrja \u00e5 syngje:<\/p>\n<p><strong>\u00abStopp, stopp folkemordet!\u00bb<\/strong><\/p>\n<p>Her kan du h\u00f8yre ropa:<\/p>\n<p>Publikum roper mot Israel under semifinalen i ESC<\/p>\n<p><strong>Personen blei fjerna av tryggingsvakter for \u00e5 \u00abha halde fram med \u00e5 forstyrre publikum\u00bb, uttaler EBU og austerriksk kringkasting.<\/strong><\/p>\n<p>I tillegg blei tre andre personar viste bort p\u00e5 grunn av \u00abforstyrrande \u00e5tferd\u00bb.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Sverige og storfavoritten Finland er blant landa som er vidare til finalen.<\/p>\n<p>Desse gjekk vidare til finalen<\/p>\n<p>Ti land gjekk vidare til finalen fr\u00e5 den f\u00f8rste semifinalen:<\/p>\n<ol>\n<li>Hellas<\/li>\n<li>Finland<\/li>\n<li>Belgia<\/li>\n<li>Sverige<\/li>\n<li>Moldova<\/li>\n<li>Kroatia<\/li>\n<li>Serbia<\/li>\n<li>Israel<\/li>\n<li>Litauen<\/li>\n<li>Polen<\/li>\n<\/ol>\n<p>Noreg deltek i den neste semifinalen.<\/p>\n<p>Skjebna til det norske bidraget blir avgjord i den andre semifinalen \u2013 torsdag kveld. D\u00e5 skal Jonas Lovv til dyst.<\/p>\n<p>Kontroversiell deltaking<\/p>\n<p>Sidan konflikten mellom Israel og Hamas eskalerte i 2023 har Israel si deltaking vore den st\u00f8rste Eurovision-konflikten.<\/p>\n<p><strong>I fjor planla den europeiske kringkastingsunionen (EBU) ein avstemming blant medlemslanda om deltakinga til Israel.<\/strong><\/p>\n<p>Men f\u00f8r avstemminga skjer, vert det forhandla fram ein v\u00e5penkvile mellom Israel og Hamas.<\/p>\n<p>Det vart inga avstemming og Israel fekk gr\u00f8nt lys til \u00e5 delta i \u00e5rets Eurovision.<\/p>\n<p>Deltakinga har f\u00f8rt til store protestar.<\/p>\n<p><strong>Spania, Nederland, Irland, Slovenia og Island har alle trekt seg fr\u00e5 konkurransen i \u00e5r. <\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mannlig artist synger i mikrofon med et stort publikum i bakgrunnen. En kvinnelig danser st\u00e5r ved siden av ham p\u00e5 scenen. Begge er kledd i skinnkl\u00e6r og er i bevegelse. Scenen er opplyst av sterke lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: AP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Israel og Noam Bettan sin deltaking i Eurovision skapar debatt. Her ifr\u00e5 pr\u00f8vane f\u00f8r den f\u00f8rste semifinalen. <\/p>\n<p>Foto: AP<\/p>\n<p>I 2024 signerte rundt 300 artistar eit opprop mot israelsk deltaking.<\/p>\n<p>Julie Bergan var ei av dei som signerte, men er i \u00e5r l\u00e5tskrivar p\u00e5 det svenske Eurovision-bidraget. Ho skj\u00f8nnar at folk reagerer p\u00e5 deltakinga.<\/p>\n<p>\u2013 Men eg tenker likevel at det g\u00e5r an \u00e5 ha to tankar i hovudet p\u00e5 ein gong, sa ho til NRK tidlegare i mai.<\/p>\n<p>Millionavsl\u00f8ring<\/p>\n<p>Israel har brukt millionar p\u00e5 \u00e5 marknadsf\u00f8re sine eigne Eurovision-artistar dei siste \u00e5ra, avsl\u00f8rte <a href=\"https:\/\/www.nytimes.com\/2026\/05\/11\/world\/europe\/eurovision-israel-gaza-netanyahu.html\" ec-id=\"https:\/\/www.nytimes.com\/2026\/05\/11\/world\/europe\/eurovision-israel-gaza-netanyahu.html\" ec-name=\"The New York Times\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">The New York Times<\/a> m\u00e5ndag.<\/p>\n<p>Israelske styresmakter skal ha oppfordra folk til \u00e5 bruke alle stemmene sine p\u00e5 Israel.<\/p>\n<p>I stemmereglane til EBU st\u00e5r det at det er lov med \u00abpassande\u00bb promotering av artistar, men dei fr\u00e5r\u00e5r store promoteringskampanjar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Noam Bettan jubel Israel\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Israel har f\u00e5tt ei formell \u00e5tvaring fr\u00e5 EBU for brot p\u00e5 reglane for promotering.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p><strong>Ogs\u00e5 Noam Bettan, \u00e5rets artist, har vorte promotert gjennom m\u00e5lretta annonsar.<\/strong> <strong>Den israelske kringkastaren Kan fekk ei formell \u00e5tvaring 8. mai for promoteringa.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 \u00c5rsaka er reklamevideoar i sosiale medium der artisten som representerer Kan oppfordrar folk til \u00e5 bruke alle stemmene sine p\u00e5 han. Det er ikkje i tr\u00e5d med EBU sine reglar, sa Eurovision-sjef Martin Green.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>12.05.2026, kl. 23.17<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>13.05.2026, kl. 00.06<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Tysdag kveld kjempa femten land om finaleplass i Eurovision. Berre ti av dei gjekk vidare. Israel og Noam&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":236435,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-236434","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116563901679840380","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236434","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=236434"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236434\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/236435"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=236434"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=236434"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=236434"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}