{"id":236993,"date":"2026-05-13T13:17:17","date_gmt":"2026-05-13T13:17:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236993\/"},"modified":"2026-05-13T13:17:17","modified_gmt":"2026-05-13T13:17:17","slug":"vil-gje-fleire-hundre-millionar-i-krisestotte-det-er-absolutt-ikkje-nok","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/236993\/","title":{"rendered":"Vil gje fleire hundre millionar i krisest\u00f8tte: \u2013 Det er absolutt ikkje nok"},"content":{"rendered":"<p>Saka vart oppdatert klokka 15:10 med kommentarar fr\u00e5 dei administrerande direkt\u00f8rane i Helse Midt-Noreg og Helse M\u00f8re og Romsdal, Jan Frich og Olav L\u00f8demel.<\/p>\n<p>Det kjem fram av ei sak administrerande direkt\u00f8r i Helse Midt-Noreg Jan Frich legg fram for styret der 20. mai.<\/p>\n<p>Helse M\u00f8re og Romsdal ligg an til eit underskott p\u00e5 <a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/fortsatt-underskudd-for-helse-more-og-romsdal-1.17857182\" ec-id=\"pp:article:1.17857182\" ec-name=\"490 millionar kroner i 2026\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">490 millionar kroner i 2026<\/a>. S\u00e6rleg prosjektet med nytt sjukehus p\u00e5 Hjelset har vore kostbart for helsef\u00f8retaket.<\/p>\n<p><strong>For \u00e5 b\u00f8te p\u00e5 vil Frich f\u00f8resl\u00e5 ein krisepakke p\u00e5 275 millionar kroner fordelt p\u00e5 dei komande fem \u00e5ra:<\/strong><\/p>\n<ul>\n<li>2026: 75 millionar kroner<\/li>\n<li>2027: 100 millionar kroner<\/li>\n<li>2028: 50 millionar kroner<\/li>\n<li>2029: 25 millionar kroner<\/li>\n<li>2030: 25 millionar kroner<\/li>\n<\/ul>\n<p>Saka m\u00e5 verte godkjend av styret som har m\u00f8te 20. mai, f\u00f8r krisepakka eventuelt vert godkjend.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"B\u00e5rer og senger st\u00e5r i ein gang p\u00e5 eit sjukehus. Sengene er p\u00e5 hjul, har gule rammer og belter og stropper opp\u00e5. Gangen, veggar og d\u00f8rer ber preg av \u00e5 vere gamle. Lenger bak i biletet ser vi fleire senger som tek opp over halvparten av breidda i gangen.\" title=\"Foto: Josef Benoni Ness Tveit\"\/><\/p>\n<p>Foto: Josef Benoni Ness Tveit<\/p>\n<p>\u2013 Absolutt ikkje nok<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig bra, men det er absolutt ikkje nok, seier Elisabeth Kirkholm.<\/p>\n<p>Ho er konstituert f\u00f8retakstillitsvald i Fagforbundet i Helse M\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n<p>\u2013 Sj\u00f8lvsagt burde det vore h\u00f8gare, men vi skal jo vere glade for at det kjem noko. Alt hjelper p\u00e5 slik det er no.\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne med blondt h\u00e5r og en svart overdel. Hun ser mot kameraet. Hun st\u00e5r foran en hvit vegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Privat\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Det er bra vi f\u00e5r noko, men det er p\u00e5 langt n\u00e6r ikkje nok. Slik oppsummerer konstituert f\u00f8retakstillitsvald Elisabeth Kirkholm nyheita.<\/p>\n<p>Foto: Privat<\/p>\n<p>Ho trur pengane ikkje kjem til \u00e5 direkte betre arbeidsforholda for tilsette ved sjukehusa, men at dei vil hjelpe p\u00e5 dei allereie varsla kutta og omstruktureringane.<\/p>\n<p>\u2013 Omstilling og kutt p\u00e5 ein bu seg p\u00e5 at kjem uansett. Men det er renteutgifter no som ogs\u00e5 g\u00e5r opp, so dette vert end\u00e5 t\u00f8ffare enn f\u00f8respegla tidlegare, seier Kirkholm.<\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Trine Bruseth Sevaldsen i Norsk Sjukepleiarforbund i fylket har delte meiningar om den moglege krisepakka.<\/p>\n<p>Ho seier ho f\u00f8rst vart positivt overraska over at det kan kome ein krisepakke og at dette kunne monne godt. So s\u00e5g ho at det var snakk om 275 millionar over fem \u00e5r.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er jo som \u00e5 kaste vatn p\u00e5 lusa. Det er overhovud ikkje nok, seier Sevaldsen.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne med briller og oransje blazer ser ned mot en mann.&#10;Begge sitter ved et bord med andre personer i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: \u00d8yvind Sandnes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Leiar i sjukepleiarforbundet i M\u00f8re og Romsdal, Trine Bruseth Sevaldsen, trur ikkje krisepakken vil merkast nede p\u00e5 golvet. Her fr\u00e5 eit folkem\u00f8te om krisehjelp til HMR 7. mai.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Sandnes \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Helse Midt-Noreg har jo kome oss i m\u00f8te som ein start. Honn\u00f8r til dei, for all del. Men dette hjelper jo ikkje eigentleg det reelle behovet Helse M\u00f8re og Romsdal har.<\/p>\n<p>\u2013 Korleis trur du desse pengane som truleg vert l\u00f8yva kjem til \u00e5 p\u00e5verke kvardagen til tilsette ved helsef\u00f8retaket?<\/p>\n<p>\u2013 75 millionar var f\u00f8resl\u00e5tt for 2026. Klart det vil hjelpe noko, men n\u00e5r utfordringa er p\u00e5 400 millionar totalt sett, so vil jo det monne i sm\u00e5 dropar. Eg trur ikkje dette vil merkast nede p\u00e5 golvet, seier Sevaldsen.<\/p>\n<p>Ein start, men ikkje l\u00f8ysinga<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ein start, men ikkje ei l\u00f8ysing. Vi er glade for at Helse Midt-Noreg erkjenner at Helse M\u00f8re og Romsdal trenger ei spesiell st\u00f8tte, men 75 millionar i 2026 l\u00f8yser ikkje ei \u00f8konomisk utfordring p\u00e5 n\u00e6r ein halv milliard.<\/p>\n<p>Det seier dagleg leiar i Sunnm\u00f8re regionr\u00e5d Sverre \u00d8vrelid Steen, som har engasjert seg for \u00f8konomien til helsef\u00f8retaket.<\/p>\n<p>\u2013 Det som er avgjerande er jo om dette faktisk oppn\u00e5r f\u00f8rem\u00e5let. Skjermar det pasienttilbodet, beredskapen, dei tilsette \u2013 eller er dette \u00e5 skubbe p\u00e5 problemet slik at ein framleis kan gjennomf\u00f8re dei same kutta, sp\u00f8r Steen.<\/p>\n<p>I det st\u00f8rre biletet meiner han at HMR ikkje berre treng pengar til \u00e5 l\u00f8yse det akutte problemet med underskott, men treng berekraftige rammer til \u00e5 l\u00f8yse oppdraget sitt.<\/p>\n<p>\u2013 Sender denne krisepakka f\u00f8retaket i leia mot noko som er berekraftig?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Eg les dette f\u00f8rst og fremst som ei erkjenning. Ja, det er ein start, men vi treng meir enn dette her, seier Steen.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i m\u00f8rk dressjakke st\u00e5r foran et hav. I bakgrunnen skimtes en by med hvite hus og en r\u00f8d fyrlykt. \" title=\"Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Sverre \u00d8vrelid Steen i Sunnm\u00f8re regionr\u00e5d er engasjert for \u00f8konomien til helsef\u00f8retaket i M\u00f8re og Romsdal.<\/p>\n<p>Foto: \u00d8yvind Berge S\u00e6bj\u00f8rnsen \/ NRK<\/p>\n<p>Skj\u00f8nar misn\u00f8ya, men m\u00e5 kutte likevel<\/p>\n<p>Administrerande direkt\u00f8r i Helse Midt-Noreg Jan Frich seier han forst\u00e5r at mange ser p\u00e5 krisepakken med litt bismak i munnen.<\/p>\n<p>\u2013 Samtidig er det slik at vi har dei moglegheitene vi har innanfor v\u00e5r regionale \u00f8konomi. Det er mange behov og mange prosjekt. N\u00e5r eg no g\u00e5r til styret og f\u00f8resl\u00e5r dette, so er det innanfor det handlingsrommet vi har no til \u00e5 kunne hjelpe p\u00e5 situasjonen, seier Frich.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dress snakker med en person som er delvis utenfor bildet. Mannen har briller og et ID-kort rundt halsen. I bakgrunnen ses en moderne bygning og en parkeringsplass med flere biler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Frederik Winness Ringnes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Administrerande direkt\u00f8r i Helse Midt-Noreg Jan Frich seier summen han vil gje Helse M\u00f8re og Romsdal er alt han kan gje.<\/p>\n<p>Foto: Frederik Winness Ringnes \/ NRK<\/p>\n<p>Olav L\u00f8demel, administrerande direkt\u00f8r i Helse M\u00f8re og Romsdal, seier han er glad for dei ekstra pengane som kan kome p\u00e5 konto, spesielt for \u00e5 kunne utbetale l\u00f8n framover.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Men det er ikkje slik at vi kan unng\u00e5 \u00e5 omstille likevel. Vi m\u00e5 faktisk gjennomf\u00f8re dei planane vi har i \u00e5r og neste \u00e5r, trass i denne inntektsst\u00f8tta, seier L\u00f8demel.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Men vil desse pengane n\u00e5 heilt ned p\u00e5 golvet, eller vil dei bli spist opp av renter og l\u00e5n?<\/p>\n<p>\u2013 Det vil n\u00e5 ned p\u00e5 golvet i form av at vi sikrar verksemda v\u00e5r. Vi er jo ei kjempestor bedrift, har ti milliardar i \u00e5rsbudsjett og har store l\u00f8nnskostnader til ei kvar tid, og det m\u00e5 vi ha pengar til \u00e5 kunne betale l\u00f8n, seier direkt\u00f8ren.<\/p>\n<p>\u2013 Vil desse pengane endre planane de har for kutt i \u00e5r?<\/p>\n<p>\u2013 Vi har jo behov for \u00e5 omstille i ganske omfattande grad i \u00e5r og neste \u00e5r. Men det er klart at meir pengar inn gjer at det ikkje vert den akutte krisa, seier L\u00f8demel.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann i dressjakke og hvit skjorte ser mot kamera. I bakgrunnen er det moderne hvite og m\u00f8rke bygninger. Det ser ut til \u00e5 v\u00e6re byggeplass med oransje avsperringer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Frederik Winness Ringnes \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Administrerande direkt\u00f8r i HMR Olav L\u00f8demel seier helsef\u00f8retaket vert n\u00f8ydde til \u00e5 kutte trass i den nye krisepakka fr\u00e5 HMN.<\/p>\n<p>Foto: Frederik Winness Ringnes \/ NRK<\/p>\n<p>Folkem\u00f8te om hjelp fr\u00e5 regjeringa<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/mr\/folkemote-i-alesund-krev-ekstraloyving-til-helse-more-og-romsdal-fra-stortinget-1.17870223\" ec-id=\"pp:article:1.17870223\" ec-name=\"7. mai var bystyresalen i \u00c5lesund fylt til randa og vel so det\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">7. mai var bystyresalen i \u00c5lesund fylt til randa og vel so det<\/a> p\u00e5 eit folkem\u00f8te der dei framm\u00f8tte bad om hjelp til \u00e5 berge Helse M\u00f8re og Romsdal sin \u00f8konomi.<\/p>\n<p>Initiativtakarane kravde ekstra pengar fr\u00e5 regjeringa d\u00e5 desse skulle legge fram revidert nasjonalbudsjett tysdag 12. mai.<\/p>\n<p>Men budsjettet kom og ingen friske pengar til HMR var i sikte. Men no kjem altso meir pengar fr\u00e5 sjefane i Tr\u00f8ndelag.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>13.05.2026, kl. 10.37<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>13.05.2026, kl. 15.09<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka vart oppdatert klokka 15:10 med kommentarar fr\u00e5 dei administrerande direkt\u00f8rane i Helse Midt-Noreg og Helse M\u00f8re og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":236994,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-236993","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116567463999810465","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236993","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=236993"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/236993\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/236994"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=236993"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=236993"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=236993"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}