{"id":237426,"date":"2026-05-14T01:43:12","date_gmt":"2026-05-14T01:43:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/237426\/"},"modified":"2026-05-14T01:43:12","modified_gmt":"2026-05-14T01:43:12","slug":"russebussar-skal-ha-stukke-av-fra-kontroll-vegvesenet-frykta-brann-og-eksoslekkasje-nrk-more-og-romsdal-lokale-nyheter-tv-og-radio","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/237426\/","title":{"rendered":"Russebussar skal ha stukke av fr\u00e5 kontroll \u2013 Vegvesenet frykta brann og eksoslekkasje \u2013 NRK M\u00f8re og Romsdal \u2013 Lokale nyheter, TV og radio"},"content":{"rendered":"<p>Idet russetida no skulle starte for alvor over heile landet, vart to russebussar avskilta i \u00c5lesund tysdag kveld.<\/p>\n<p>Onsdag kveld har de begge framleis bruksforbod, og helgas russefeiring er usikker.<\/p>\n<p>Russebussane hadde fleire alvorlege manglar, if\u00f8lgje Statens vegvesen.<\/p>\n<p>Leif Jarle Bergseth, som er leiar for utekontrollen til Vegvesenet i M\u00f8re og Romsdal, seier at bussane vart stoppa i ein kontroll i Romsdalen tysdag.<\/p>\n<p>Kort tid etter skal sj\u00e5f\u00f8rane ha stukke av med dei to sv\u00e6re russebussane.<\/p>\n<p>\u2013 <strong>Bussj\u00e5f\u00f8rane&#8230;br\u00e5tt k\u00f8yrde dei berre, dei stakk fr\u00e5 kontrollen, s\u00e5 vi kontakta politiet ute i \u00c5lesund, seier Bergseth.<\/strong><\/p>\n<p>NRK har fors\u00f8kt \u00e5 kontakte bussj\u00e5f\u00f8rane utan \u00e5 lukkast, men til <a href=\"https:\/\/www.smp.no\/nyheter\/n\/BxGnGw\/kjemper-en-intens-kamp-mot-klokka\" ec-id=\"https:\/\/www.smp.no\/nyheter\/n\/BxGnGw\/kjemper-en-intens-kamp-mot-klokka\" ec-name=\"Sunnm\u00f8rsposten\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Sunnm\u00f8rsposten<\/a> seier ein av dei at han k\u00f8yrde vidare for \u00e5 f\u00e5 fiksa det som ikkje var i orden.<\/p>\n<p>Meiner det er tukla med n\u00f8dutgangane<\/p>\n<p>Bergseth i Vegvesenet seier at den eine bussen hadde ein stor eksoslekkasje, slik at eksosen gjekk rett ut i sida av bussen mot karosseriet.<\/p>\n<p><strong>Vegvesenet meiner det difor var ein viss fare for brann. I tillegg reagerte dei p\u00e5 konstruksjonen p\u00e5 taket der det var fleire store h\u00f8gtalarar og musikkanlegg. <\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Det var festa i taket med heimelaga lastesikringsfeste, som dei ikkje kunne dokumentere styrken p\u00e5, seier den erfarne kontroll\u00f8ren.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\" Leif Jarle Bergseth i Statens vegvesen\" title=\"Foto: Silje Thalberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Leiar for utekontrollen i Statens vegvesen i M\u00f8re og Romsdal, Leif Jarle Bergseth, fortel om manglar knytte til tryggleik p\u00e5 bussane. <\/p>\n<p>Foto: Silje Thalberg \/ NRK<\/p>\n<p>If\u00f8lgje han var det rundt 3 tonn med ekstra musikkutstyr i den eine bussen.<\/p>\n<p><strong>\u2013 S\u00e5 er det ei vekt i utstyret som ligg p\u00e5 taket, og ved ein br\u00e5brems kunne det faktisk ramle av.<\/strong><\/p>\n<p>Bergseth trekkjer ogs\u00e5 fram fleire manglar knytte til tryggleik. Blant anna var n\u00f8dutgangane i bussane modifisert.<\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\" aria-label=\"Bildegalleri\">\n<li><img alt=\"Lydanlegg p\u00e5 tak\"  width=\"3840\" height=\"3271\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Lydanlegg p\u00e5 tak<\/p>\n<p> Foto: Statens vegvesen <\/li>\n<li><img alt=\"Folierte og lima n\u00f8dutganger\"  width=\"3840\" height=\"3303\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Folierte og limte n\u00f8dutgangar<\/p>\n<p> Foto: Statens vegvesen <\/li>\n<li><img alt=\"Defekt eksosanlegg russebuss\"  width=\"3840\" height=\"3252\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Defekt eksosanlegg <\/p>\n<p> Foto: Statens vegvesen <\/li>\n<li><img alt=\"Russebuss kontroll Roms\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Bilde fr\u00e5 kontrollen<\/p>\n<p> Foto: Statens vegvesen <\/li>\n<li><img alt=\"Surrefeeste i finergulv til h\u00f8yttalleranlegg\"  width=\"3840\" height=\"3788\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Surrefeste i finergulv til h\u00f8gtttalaranlegg<\/p>\n<p> Foto: Statens vegvesen <\/li>\n<li><img alt=\"Bruddskada dumpertrailer\"  width=\"3840\" height=\"2880\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Brotskadde dumpartrailer<\/p>\n<p> Foto: Statens vegvesen <\/li>\n<li><img alt=\"Panoramabilde omlasting, sladdet\"  width=\"3840\" height=\"2667\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>Panoramabilde omlasting<\/p>\n<p> Foto: Statens vegvesen <\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>\u2013 P\u00e5 den eine bussen verka ikkje n\u00f8dopninga p\u00e5 d\u00f8rer. Det var teip p\u00e5 vindauget som skal kunne knusast for \u00e5 komme ut av bussen, og den eine bussen hadde for sm\u00e5 n\u00f8dutgangar.<\/p>\n<p>Bergseth poengterer faren for at russen vil f\u00e5 problem med \u00e5 evakuere bussen dersom det skulle vore ei ulykke.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Russebil avskiltet, sov p\u00e5 bussen\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Fleire av medlemmane p\u00e5 bussen Wrestlemania m\u00e5tte overnatte i bussen. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Blei avskilta p\u00e5 staden<\/p>\n<p>D\u00e5 bussane kom til \u00c5lesund, etter ein nesten 100 kilometer lang tur, sto politiet klare for \u00e5 stoppe dei. Der blei dei avskilta p\u00e5 staden.<\/p>\n<p>Natt til onsdag har fleire av russane halde vakt gjennom natta for \u00e5 passe p\u00e5 lydutstyr til store verdiar.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Russebil avskiltet, sov p\u00e5 bussen\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Henrik Solesvik Honningsv\u00e5g sov i bussen natt til onsdag. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Henrik Solesvik Honningsv\u00e5g er ein av dei som sov ved bussen.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur det har vore ei misforst\u00e5ing i kommunikasjonen mellom busselskapet vi brukar og Vegvesenet, og at det var ei uheldig hending som skjedde i g\u00e5r. Men eg trur dette kjem til \u00e5 ordne seg ganske greitt, meiner han.<\/p>\n<p>F\u00f8r Tryvann kom full stopp<\/p>\n<p>Kari Nessa Nordtun har flytta fleire av dei skriftlege eksamenane til starten av mai, i eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 dempe presset og flytte meir av russefeiringa bort fr\u00e5 skuletida.<\/p>\n<p>Til NRK tidlegare i \u00e5r sa fleire russ at dei likevel kjem til \u00e5 prioritere feiring.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.nrk.no\/stor-oslo\/-russen-kan-juble_-tryvannstreffet-er-tilbake-1.17349100\" ec-id=\"pp:article:1.17349100\" ec-name=\"Samtidig kjem ogs\u00e5 Tryvannstreffet tilbake for f\u00f8rste gong p\u00e5 sju \u00e5r.\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Samtidig kjem ogs\u00e5 Tryvannstreffet tilbake for f\u00f8rste gong p\u00e5 sju \u00e5r.<\/a> Fr\u00e5 15. til 17. mai skal russ fr\u00e5 heile landet igjen kunne samlast i Oslo.<\/p>\n<p>Men for fleire russ i M\u00f8re og Romsdal fekk \u00e5rets feiring ein langt meir dramatisk start enn planlagt.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Avskiltet russebuss\" title=\"Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Bussen m\u00e5 utbetrast og gjennom ein ny kontroll f\u00f8r dei f\u00e5r tilbake skilta. <\/p>\n<p>Foto: Mia Sofie Ytreberg \/ NRK<\/p>\n<p>Vil unders\u00f8kje kva som gjekk gale<\/p>\n<p>Bussane er eigde av det svenske selskapet Bussexpressen.<\/p>\n<p>Medeigar Alfred Svensson seier det er beklageleg det som har skjedd.<\/p>\n<p>\u2013 Alle ting skal vere utbetra f\u00f8r den k\u00f8yrer til Noreg. Vi har hatt dei p\u00e5 verkstad, og hos v\u00e5re eigne mekanikarar ogs\u00e5. Det er veldig beklageleg at dette har skjedd p\u00e5 vegen, seier han, og legg til:<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er sj\u00f8lvsagt noko vi kjem til \u00e5 unders\u00f8kje internt, korleis det har skjedd at bussane har kome til Noreg i ein teknisk stand som ikkje er 100 prosent.<\/strong><\/p>\n<p>Han seier dei no vil fokusere p\u00e5 \u00e5 ordne opp i problema s\u00e5 snart som mogleg.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har sett s\u00e5 mange vi kan p\u00e5 problemet for \u00e5 f\u00e5 det l\u00f8yst s\u00e5 fort som berre mogleg, seier Svensson.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>13.05.2026, kl. 19.12<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>13.05.2026, kl. 20.48<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Idet russetida no skulle starte for alvor over heile landet, vart to russebussar avskilta i \u00c5lesund tysdag kveld.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":237427,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-237426","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116570397428890226","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/237426","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=237426"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/237426\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/237427"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=237426"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=237426"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=237426"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}