{"id":238112,"date":"2026-05-14T21:17:13","date_gmt":"2026-05-14T21:17:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/238112\/"},"modified":"2026-05-14T21:17:13","modified_gmt":"2026-05-14T21:17:13","slug":"direkte-skadeleg-nrk-norge-oversikt-over-nyheter-fra-ulike-deler-av-landet","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/238112\/","title":{"rendered":"\u2013 Direkte skadeleg \u2013 NRK Norge \u2013 Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert: <\/p>\n<ul>\n<li>Stine Steinhaug deler trenings- og kosthaldsr\u00e5d med nesten 70.000 f\u00f8lgarar p\u00e5 TikTok.<\/li>\n<li>Ho er meir medviten p\u00e5 kva ho legg ut etter \u00e5 ha erfart korleis kroppsfokus kan bli altoppslukande.<\/li>\n<li>Helsedirektoratet \u00e5tvarar mot helser\u00e5d p\u00e5 sosiale medium og har lansert ein kampanje for \u00e5 fremje trygg og dokumentert kunnskap.<\/li>\n<li>Seks av ti unge synest det er vanskeleg \u00e5 vite kven ein kan stole p\u00e5 n\u00e5r det gjeld helseinformasjon.<\/li>\n<\/ul>\n<p>Lange l\u00f8p, smilande venninner og middagsretter fyller TikTok-profilen til Stine Steinhaug.<\/p>\n<p>\u2013 Eg postar p\u00e5 sosiale medium i bunn og grunn for \u00e5 inspirere og \u00e5 vere eit forbilde.<\/p>\n<p>Ho er utdanna personleg trenar og deler trenings- og kosthaldsr\u00e5d for nesten 70.000 f\u00f8lgarar p\u00e5 TikTok.<\/p>\n<p>    <img alt=\"En kvinne med blondt h\u00e5r filmer seg selv med en mobiltelefon. Hun st\u00e5r i et treningsstudio med en tripod foran seg. Kvinnen er if\u00f8rt en trenings-topp og shorts. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"En kvinne utf\u00f8rer kneb\u00f8y med vektstang i et treningsstudio. En mobiltelefon viser et opptak av kvinnen som trener. Telefonen er plassert p\u00e5 et stativ foran henne. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Stine har vore aktiv p\u00e5 sosiale medium sidan 2022, og har delt over 1000 innlegg fr\u00e5 treningskvardagen sin.<\/p>\n<p>F\u00f8r la ho ut videoar med kor mange kaloriar det var i ein frukost eller middag.<\/p>\n<p>Det har ho slutta med no.<\/p>\n<p>    <img alt=\"En ung kvinne med blondt h\u00e5r sitter med blikket vendt nedover. Hun har p\u00e5 seg en bl\u00e5 genser. I bakgrunnen er en svart lampe og en m\u00f8rk bakgrunn. Det er et lyst rom. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><img alt=\"En person holder opp en mobiltelefon som viser en video. P\u00e5 skjermen er en kvinne med gr\u00f8nn genser som viser magen. Teksten &quot;Make dinner with me 433 kcal - 57g protein&quot; vises p\u00e5 videoen. Videoen er en del av sosiale medier, sannsynligvis TikTok. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\"  loading=\"lazy\"\/><\/p>\n<p>Ho fekk ein vekkjer d\u00e5 ho merka at fokuset hennar p\u00e5 mat og kropp hadde g\u00e5tt for langt.<\/p>\n<p>Ho var opptatt av \u00e5 ha streng kontroll p\u00e5 kva ho \u00e5t og likte ikkje utsj\u00e5naden sin.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde nokre litt aggressive cuts sj\u00f8lv og begynte \u00e5 tulle litt med maten, og det at ein aldri blir n\u00f8gd med utsj\u00e5andet.<\/p>\n<p><strong>Halvparten av unge mellom 15 og 24 \u00e5r blir ofte eller av og til inspirerte av innlegg om mat p\u00e5 TikTok, viser ferske tal fr\u00e5 Norske spisefakta 2026 fr\u00e5 Ipsos. <\/strong><\/p>\n<p>No \u00f8nsker Helsedirektoratet \u00e5 rydde opp i informasjonsoverfloda.<\/p>\n<p>\u2013 Direkte skadeleg for helsa<\/p>\n<p><strong>\u2013 I beste fall er ein forvirra, men i verste fall kan ein ende opp med \u00e5 gjere val som er direkte skadelege for helsa, seier Live B\u00f8e Johannessen, kampanjesjef hos Helsedirektoratet.<\/strong><\/p>\n<p>Seks av ti synest det er vanskeleg \u00e5 vite kven ein kan stole p\u00e5 n\u00e5r det gjeld r\u00e5d om helse, viser ei unders\u00f8king fr\u00e5 Helsedirektoratet.<\/p>\n<p>Dei har laga ein informasjonskampanje der dei \u00f8nsker \u00e5 vise kva for nokre r\u00e5d ein kan stole p\u00e5.<\/p>\n<p><strong>\u2013 M\u00e5let er eigentleg ikkje \u00e5 fortelje folk kva sanninga er, men \u00e5 vise at i mediekaoset som er der ute, finst det faktisk trygg, dokumentert kunnskap som ein kan stole p\u00e5, seier Johannesen og viser til heimesida deira p\u00e5 helsenorge.no.<\/strong>\n<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"plakat\" title=\"Foto: Jane Rasmussen \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Helsedirektoratet har hengt opp desse plakatane i bybildet. <\/p>\n<p>Foto: Jane Rasmussen \/ NRK<\/p>\n<p>Ho understrekar at det ikkje er enkeltinfluensar som er problemet.<\/p>\n<p>Utfordringa er at mange stemmer roper h\u00f8gt om kosthald, trening og helse slik at ein kan begynne \u00e5 tvile p\u00e5 kunnskapen ein eigentleg har.<\/p>\n<p>\u2013 Gjer de noko meir enn informasjonskampanjen for \u00e5 rydde opp i informasjonskaoset?<\/p>\n<p>\u2013 Det p\u00e5g\u00e5r mange ulike initiativ, b\u00e5de faglege og politiske. Eit d\u00f8me er marknadsf\u00f8ringsforbodet for usunn mat og drikke retta mot barn, og \u00e5 setter tydelegare grenser for innhald ogs\u00e5 i sosiale medium.<\/p>\n<p>Samstundes meiner ho at vi nok m\u00e5 akseptere at mediekvardagen er fragmentert og at det er vanskeleg \u00e5 vite kva som er sant og ikkje.<\/p>\n<p>\u2013 Derfor er det stadig viktigare at folk veit kor dei finn kunnskapsbasert og trygg informasjon.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en kvinne som snakker med en mann (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Ingeborg Grindheim Slinde \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\"> Live B\u00f8e Johannessen h\u00e5per dei kan bidra litt til \u00e5 rydde opp i informasjonskaoset. <\/p>\n<p>Foto: Ingeborg Grindheim Slinde \/ NRK<\/p>\n<p>Men sj\u00f8lv om ein kan f\u00e5 inntrykk fr\u00e5 sosiale medium at \u00aballe\u00bb g\u00e5r p\u00e5 ein diett, er ni av ti nordmenn altetande.<\/p>\n<p>Det seier seniorforskar Annechen Bahr Bugge ved forbrukarinstituttet SIFO ved Oslo Met.<\/p>\n<p><strong>\u2013 Det er veldig, veldig, veldig f\u00e5 som g\u00e5r p\u00e5 ekstremdiettar, men dei f\u00e5r mykje merksemd i media.<\/strong><\/p>\n<p>If\u00f8lge henne er det heller ikkje utelukkande negativt \u00e5 hente matinspirasjon p\u00e5 TikTok.<\/p>\n<p>\u2013 For unge er mat p\u00e5 TikTok ikkje berre oppskrifter, men ein sosial og kreativ praksis der ein kan delta, kommentere, kopiere og vidareutvikle andre sitt innhald.<\/p>\n<p>\u2013 Dritlei cut og bulk<\/p>\n<p>Stine brukar mellom 15 til 20 timar i veka p\u00e5 trening.<\/p>\n<p>Resten av tida g\u00e5r til jobben som online coach og sponsorsamarbeid p\u00e5 sosiale medium.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er meir medviten no p\u00e5 kva eg legg ut enn tidlegare, seier ho.<\/p>\n<p>I dag pr\u00f8ver ho \u00e5 heller \u00e5 fokusere p\u00e5 treningsglede og balanse mellom styrketrening, l\u00f8ping og kosthald.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Kvinne i treningst\u00f8y med mikrofon festet. Hun ser til siden i et treningsstudio. Bak henne er det uskarpe mennesker og treningsutstyr. Et stativ med en telefon er synlig i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: Ingeborg Grindheim Slinde \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Stine Steinhaug deler trenings- og kosthaldstips p\u00e5 sosiale medium. <\/p>\n<p>Foto: Ingeborg Grindheim Slinde \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Eg var s\u00e5 lei kroppsfokuset og ville heller g\u00e5 over til \u00e5 tenke p\u00e5 prestasjon. Eg er dritlei kaloriar, cut og bulk og alt det der. Det blir altoppslukande.<\/p>\n<p>\u2013 Du postar framleis mykje kropp. Kan det p\u00e5verke folk negativt?<\/p>\n<p>\u2013 Det kan jo sikkert det, og ein veit jo aldri kor mykje folk blir p\u00e5verka av innhaldet mitt. Men viss ein blir p\u00e5verka negativt, s\u00e5 gjerne berre slutt \u00e5 f\u00f8lge meg.<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>14.05.2026, kl. 21.28<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert: Stine Steinhaug deler trenings- og kosthaldsr\u00e5d med nesten 70.000 f\u00f8lgarar p\u00e5 TikTok. Ho er meir medviten&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":238113,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-238112","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116575014029915915","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/238112","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=238112"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/238112\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/238113"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=238112"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=238112"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=238112"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}