{"id":239730,"date":"2026-05-16T19:15:12","date_gmt":"2026-05-16T19:15:12","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/239730\/"},"modified":"2026-05-16T19:15:12","modified_gmt":"2026-05-16T19:15:12","slug":"desse-kontroversane-pregar-arets-esc-nrk-kultur-og-underholdning","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/239730\/","title":{"rendered":"Desse kontroversane pregar \u00e5rets ESC \u2013 NRK Kultur og underholdning"},"content":{"rendered":"<p>Israel-elefanten<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Eden Golan i en kjole som holder et flagg\" title=\"Foto: ANDREAS HILLERGREN \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Eden Golan representerte Israel i 2024, den f\u00f8rste utg\u00e5va av konkurransen etter Gaza-krigen starta.<\/p>\n<p>Foto: ANDREAS HILLERGREN \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Som dei to f\u00f8reg\u00e5ande \u00e5ra er det \u00f2g i \u00e5r knytt store kontroversar til Israel si deltaking i konkurransen.<\/p>\n<p>Irland, Island, Nederland, Slovenia og Spania har vald \u00e5 trekka seg fr\u00e5 konkurransen som eit resultat av at Israel framleis er med.<\/p>\n<p>Det var knytt stor spenning til om Israel fekk bli verande d\u00e5 EBU i fjor haust inviterte medlemslanda til avstemming om Israel skulle bli kasta ut.<\/p>\n<p>Denne avstemminga blei derimot avlyst d\u00e5 det blei inng\u00e5tt v\u00e5penkvile p\u00e5 Gaza 10. oktober.<\/p>\n<p>Likevel har det blitt gjort fleire endringar.<\/p>\n<p>Endringane i \u00e5rets ESC:<\/p>\n<ul>\n<li>Talet p\u00e5 stemmer kvar enkelt person kan gje er redusert fr\u00e5 20 til 10 per betalingsmetode.<\/li>\n<li>Reglane for promotering av nummer er stramma inn for \u00e5 hindra eksternt drivne kampanjar<\/li>\n<li>Kringkastarar og artistar kan ikkje aktivt st\u00f8tta kampanjar fr\u00e5 tredjeparter, slik som til eksempel ei regjering.<\/li>\n<li>Juryordninga blir utvida til \u00e5 igjen vera gjeldande i semifinalen, i tillegg til at det skal vera fleire jurymedlemar.<\/li>\n<li>Forsterka tryggingstiltak rundt dei tekniske stemmeordningane for \u00e5 hindra juks og lettare oppdaga mistenkelege stemmem\u00f8nster.<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Det kan verka som om EBU har lytta til NRK og fleire andre medlemsland, og gjort justeringar som peikar i riktig retning, sa Charlo Halvorsen i november. Han er redakt\u00f8r for Underhaldning og fiksjon i NRK.<\/p>\n<p>NRK har derfor vald \u00e5 bli verande i konkurransen trass at fleire land har trekt seg.<\/p>\n<p>Maskert svenske med Israel-kritikk<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Felicia Mello\" title=\"Foto: Christine Olsson \/ TT News Agency,NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">FELICIA haustar kritikk fr\u00e5 fleire hald.<\/p>\n<p>Foto: Christine Olsson \/ TT News Agency,NTB<\/p>\n<p>Felicia Eriksson vann svenske Melodifestivalen i mars og skal derfor representera Sverige i ESC i \u00e5r.<\/p>\n<p>Det har ikkje vore utan kontroversar.<\/p>\n<p>FELICIA, tidlegare kjend under artistnamnet Fr\u00f6ken Snusk, har mellom anna f\u00e5tt kritikk i heimlandet fordi ho alltid opptrer med maske.<\/p>\n<p>I kj\u00f8lvatnet av sigaren hennar i Melodifestivalen uttala ho mellom anna at ho ikkje synest Israel skal f\u00e5 lov til \u00e5 delta i konkurransen.<\/p>\n<p>Dette fall ikkje i god jord hos den israelske kringkastaren KAN som reagerte p\u00e5 det dei meinte var politiske utsegner fr\u00e5 den svenske ESC-deltakaren.<\/p>\n<p>Den svenske Israel-kritikken har ikkje f\u00f8rt til sanksjonar fr\u00e5 EBU.<\/p>\n<p>\u2013 For sexy<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En mann med tatoveringer p\u00e5 armene og brystet danner et hjerte med hendene. Mannen har bart og \u00f8replugger. Han st\u00e5r foran en m\u00f8rk trebakgrunn. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: MAX SLOVENCIK \/ APA,NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det blei for mykje \u00abBang Bang\u00bb for EBU i nummeret til Jonas Lovv.<\/p>\n<p>Foto: MAX SLOVENCIK \/ APA,NTB<\/p>\n<p>P\u00e5 den turkise l\u00f8paren under opningsseremonien p\u00e5 sundag kunne norske Jonas Lovv avsl\u00f8ra at han hadde f\u00e5tt ei \u00e5tvaring fr\u00e5 EBU.<\/p>\n<p>Han fekk ikkje lov til \u00e5 g\u00e5 i detalj, men tilbakemeldinga fr\u00e5 arrang\u00f8ren gjekk p\u00e5 at dei meinte nummeret ikkje var barnevenleg nok.<\/p>\n<p>\u2013 Me har f\u00e5tt beskjed om \u00e5 tona ned \u00absex appealen\u00bb fordi det ikkje er familievenleg nok, s\u00e5 det skal vi gjere, sa delegasjonsleiar Mads T\u00f8rklep til NRK sundag kveld.<\/p>\n<p>EBU har dei siste \u00e5ra streva etter at programmet skal vera s\u00e5 familievenleg som mogleg.<\/p>\n<p>I fjor fekk til eksempel finske Erika Vikman beskjed om at kostymet hennar var for avsl\u00f8rande.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Erika synger &quot;Ich komme&quot; for Finland under Eurovision 2025\" title=\"Foto: Alma Bengtson\/EBU\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Erika Vikman i kostymet som EBU til slutt godkjende<\/p>\n<p>Foto: Alma Bengtson\/EBU<\/p>\n<p>No m\u00e5 norske Jonas Lovv endra p\u00e5 nummeret f\u00e5 dagar f\u00f8r han skal til pers p\u00e5 den store scena.<\/p>\n<p>\u2013 Eg skj\u00f8nar ikkje kva dei snakkar om. Eg er den minst seksuelle personen i delegasjonen, sa Jonas leande til NRK-reporteren i Wien.<\/p>\n<p>Israel testar regelverket<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Noam Bettan fra Israel med livvakter bak\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Israelske Noam Bettan etter semifinalen p\u00e5 tysdag.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>Ei av endringane EBU har gjort i \u00e5rets konkurranse er at dei har tydeleggjort regelverket kring korleis statar og regjeringar kan og ikkje kan aktivt st\u00f8tta deira lands bidrag.<\/p>\n<p>Under fjor\u00e5rets konkurranse var det til eksempel fleire tilfelle av folk over heile verda som fekk oppmodingar om \u00e5 stemma p\u00e5 det israelske bidraget 20 gongar i ein reklame p\u00e5 YouTube.<\/p>\n<p>Tidlegare i mai begynte det nok ein gong \u00e5 poppa opp reklamevideoar, denne gongen med \u00e5rets israelske artist Noam Bettan, kor det blei oppmoda om \u00e5 stemma 10 gongar \u2013 det maksimale talet p\u00e5 stemmer med dei nye reglane.<\/p>\n<p>EBU var raske p\u00e5 ballen og sende ut ei formell \u00e5tvaring til den israelske kringkastaren KAN.<\/p>\n<p>I ein offisiell uttale skreiv dei at sj\u00f8lv om dei nye reglane hovudsakeleg er meint for \u00e5 hindra p\u00e5verking fr\u00e5 tredjepartar, var denne forma for marknadsf\u00f8ring \u00f2g uheldig.<\/p>\n<p>\u2013 Ei direkte oppmoding om \u00e5 stemma 10 gongar p\u00e5 ein artist er ikkje i tr\u00e5d med reglane eller f\u00f8rem\u00e5let til konkurransen.<\/p>\n<p>Den israelske kringkastaren fjerna videoane med det same dei mottok \u00e5tvaringa fr\u00e5 EBU.<\/p>\n<p>Finsk fiolin til bry<\/p>\n<p>Linda Lampenius og Pete Parkkonen framf\u00f8rer l\u00e5ta \u00abLiekinheitin\u00bb<\/p>\n<p>Linda Lampelius og Pete Parkkonen representerer Finland i ESC i \u00e5r med l\u00e5ta \u00abLiekinheitin\u00bb.<\/p>\n<p>Lampelius syng ikkje, men spelar fiolin i nummeret som i skrivande stund ligg \u00f8vst p\u00e5 bettinglistene over kven bookmakerar tru kjem til \u00e5 vinna konkurransen.<\/p>\n<p>Det har vore knytt stor spenning til om Lampelius skulle f\u00e5 lov til \u00e5 spela fiolin \u00abLIVE\u00bb p\u00e5 scena, noko som blei bekrefta fr\u00e5 EBU si side at ho fekk f\u00f8rre veke.<\/p>\n<p>Dette har f\u00e5tt fleire fans til \u00e5 reagera p\u00e5 det dei meiner er forskjellsbehandling ettersom regelen fr\u00e5 1999 har vore at alle instrument skal vera innspelte p\u00e5 f\u00f8rehand.<\/p>\n<p>Publikum fekk til eksempel berre h\u00f8yra f\u00f8rehandsinnspelt fiolin d\u00e5 Alexander Rybak vann finalen i 2009.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Alexander Rybak\" title=\"Foto: Hege Bakken Riise \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Alexander Rybak d\u00e5 han tok Noregs forel\u00f8pig siste ESC-sigar med \u00abFairytale\u00bb i 2009.<\/p>\n<p>Foto: Hege Bakken Riise \/ NRK<\/p>\n<p>EBU seier i ein uttale at avgjerda om \u00e5 la Finland spela fiolin i finalen er teke av kunstnariske omsyn i tett dialog med den finske delegasjonen og den austerrikske arrang\u00f8ren.<\/p>\n<p>Sp\u00f8rsm\u00e5let blir d\u00e5 om Finland set ein ny presedens for bruken av Live-instrument p\u00e5 ESC-scena, eller om det er snakk om eit eingongstilfelle.<\/p>\n<p>Umusikalsk pauseinnslag<\/p>\n<p>Programleiar Victoria Swarovski hadde ein leksjon om ESC sitt forhold til skeive.<\/p>\n<p>Under den andre semifinalen p\u00e5 torsdag blei det sendt eit f\u00f8rehandsinnspelt pauseinnslag om forholdet mellom ESC og skeive.<\/p>\n<p>\u2013 Ho pratar om dei som om dei var apar i bur, seier ESC-ekspert i Aftonbladet, Tobbe Ek, til NRK.<\/p>\n<p>\u2013 Kvifor er det berre skeive i Eurovision no? Har dei teke over?<\/p>\n<p>Slik lyder eit av sp\u00f8rsm\u00e5la fr\u00e5 forelesingssalen i innslaget.<\/p>\n<p>Programleiaren set s\u00e5 i gang \u00ableksjonen\u00bb.<\/p>\n<p>\u2013 Min f\u00f8rste tanke er at det verkar gamaldags. Seksuell legning er ikkje nokon mark\u00f8r \u00e5 snakka om lenger. Det kjennest gamalt.<\/p>\n<p>Det seier redakt\u00f8r for Underhaldning og fiksjon i NRK, Charlo Halvorsen.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"NRKs redakt\u00f8r for Underholdning og fiksjon Charlo Halvorsen om LGBTQIA+-innslaget til Eurovision.\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Charlo Halvorsen er i Wien under ESC denne veka.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Det er berre teit. Litt un\u00f8dvendig, kanskje. Og s\u00e5 er det ikkje noko \u00e5 bry seg om heller, legg Halvorsen til.<\/p>\n<p>Konkurransesjefen som ikkje blei erstatta<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en manns ansikt p\u00e5 en skjerm\" title=\"Foto: JESSICA GOW \/ AFP \/ NTB\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Martin \u00d6sterdahl forl\u00e9t ESC i 2025 etter to av dei mest turbulente \u00e5ra i historia.<\/p>\n<p>Foto: JESSICA GOW \/ AFP \/ NTB<\/p>\n<p>Svenske Martin \u00d6sterdahl har sidan 2020 vore s\u00e5kalla \u00abExecutive Supervisor\u00bb for ESC. Han har hatt det \u00f8vste ansvaret for at alt g\u00e5r som det skal i konkurransen.<\/p>\n<p>Norske Jon Ola Sand hadde denne rolla i mange \u00e5r, og var kjend for \u00abcatchphrasen\u00bb sin \u00abTake it away\u00bb.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Jon Ola Sand smiler med EUB-n\u00f8kkelkort rundt halsen. \" title=\"Foto: Thomas Hanses\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Norske Jon Ola Sand var konkurransesjef for ESC fr\u00e5 2011 til 2019.<\/p>\n<p>Foto: Thomas Hanses<\/p>\n<p>\u00d6sterdahl oppn\u00e5dde nok aldri same kultstatus som Sand, men pr\u00f8vde seg lenge p\u00e5 sin eigen \u00abYou&#8217;re good to go\u00bb.<\/p>\n<p>I 2024 oppstod det kraftig buing i salen d\u00e5 \u00d6sterdahl skulle godkjenna stemmeresultatet p\u00e5 finalekvelden.<\/p>\n<p>Dette var nok eit resultat av den kaotiske veka i Malm\u00f6 kor nederlandske Joost Klein var blitt diskvalifisert kort tid f\u00f8r finalen, og det var mykje uro knytt til Israel si deltaking.<\/p>\n<p>D\u00e5 resultatet skulle presenterast i 2025 var dette utan \u00abcatchphrasen\u00bb og med ein stum tommel opp i kamera fr\u00e5 \u00d6sterdahl.<\/p>\n<p>Seinare det \u00e5ret, slutta \u00d6sterdahl i jobben som konkurransesjef.<\/p>\n<p>Jobben hans fekk derimot ingen erstattar. I staden har EBU vald \u00e5 organisera seg p\u00e5 andre m\u00e5tar.<\/p>\n<p>P\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l fr\u00e5 NRK om kva som har skjedd seier ESC-direkt\u00f8r Martin Green at det ikkje er noko dramatikk bak endringane.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Sjef for Eurovision Song Contest (ESC), Martin Green\" title=\"Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">ESC-direkt\u00f8r Martin Green er den nye \u00f8vste sjefen for konkurransen.<\/p>\n<p>Foto: Kjetil Solh\u00f8i \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Martin hadde lyst til starta eit nytt kapittel i livet. Det er naturleg at n\u00e5r det kjem nye folk, s\u00e5 f\u00e5r dei tilpassa rolla til seg.<\/p>\n<p>Han avkreftar at den d\u00e5rlege responsen fr\u00e5 publikum i 2024 har noko med avgjerda om \u00e5 fjerna EBU sitt \u00abansikt utad\u00bb fr\u00e5 sendinga.<\/p>\n<p>\u2013 Me har vald \u00e5 organisera oss p\u00e5 ein annan m\u00e5te slik at artistane p\u00e5 scenen skal f\u00e5 skina.<\/p>\n<p>Kroatisk-bosnisk-tyrkisk klagesong<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"En kvinne svever i luften med en fakkel mens tre andre kvinner i r\u00f8de kjoler synger. Kvinnen i luften har hvit kappe og holder en mikrofon. Scenen er r\u00f8ykfull og bakgrunnen viser et m\u00f8nster av greiner. Det er et sceneshow med artister i kostymer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)\" title=\"Foto: AP\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Det er lett \u00e5 tru at du ser p\u00e5 ein gateartist p\u00e5 ein hamnepromenade i Split, men det er faktisk det kroatiske ESC-bidraget.<\/p>\n<p>Foto: AP<\/p>\n<p>Det kroatiske bidraget \u00abAndromeda\u00bb framf\u00f8rt av gruppa Lelek har hausta kritikk fr\u00e5 uventa hald.<\/p>\n<p>Tyrkia har ikkje vore med i ESC sidan 2012, men no er det alts\u00e5 tyrkarane som reagerer p\u00e5 korleis det osmanske riket blir framstilt i nummeret.<\/p>\n<p>Inspirasjonen bak l\u00e5ta skal vera katolske kvinner fr\u00e5 Bosnia-Hercegovina under den osmanske perioden som bruka tatoveringar for \u00e5 beskytta seg mot vald og tvangsekteskap.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/go2digital.ba\/eurosong-hrvatska-pjesma-o-zenama-iz-bih-naljutila-turke\/\" ec-id=\"https:\/\/go2digital.ba\/eurosong-hrvatska-pjesma-o-zenama-iz-bih-naljutila-turke\/\" ec-name=\"Tyrkiske medium\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Tyrkiske medium<\/a> reagerer p\u00e5 korleis l\u00e5ta tilsynelatande framstiller osmanarane i eit d\u00e5rleg lys og peiker p\u00e5 at slike politiske bodskap ikkje h\u00f8yrer heime i ein upolitisk songkonkurranse som ESC \u00f8nsker \u00e5 vera.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"en person som st\u00e5r p\u00e5 en scene med en mengde mennesker\" title=\"Foto: Ap\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Ukraina vann konkurransen i 2016 med l\u00e5ta 1944 om deportasjonen av krimtatarane.<\/p>\n<p>Foto: Ap<\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>16.05.2026, kl. 19.24<\/p>\n<p>Oppdatert<\/p>\n<p>16.05.2026, kl. 20.14<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Israel-elefanten Eden Golan representerte Israel i 2024, den f\u00f8rste utg\u00e5va av konkurransen etter Gaza-krigen starta. Foto: ANDREAS HILLERGREN&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":239731,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[5],"tags":[20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-239730","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-overskrifter","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-hovedoppslag","14":"tag-latest-news","15":"tag-latestnews","16":"tag-main-news","17":"tag-mainnews","18":"tag-news","19":"tag-no","20":"tag-norge","21":"tag-norway","22":"tag-nyheter","23":"tag-overskrifter","24":"tag-top-stories","25":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116585858788099449","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/239730","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=239730"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/239730\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/239731"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=239730"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=239730"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=239730"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}