{"id":240010,"date":"2026-05-17T07:37:11","date_gmt":"2026-05-17T07:37:11","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/240010\/"},"modified":"2026-05-17T07:37:11","modified_gmt":"2026-05-17T07:37:11","slug":"ekspertar-atvarar-mot-a-ki-generere-selskapstaler-nrk-vestland","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/240010\/","title":{"rendered":"Ekspertar \u00e5tvarar mot \u00e5 KI-generere selskapstaler \u2013 NRK Vestland"},"content":{"rendered":"<p>Saka oppsummert <\/p>\n<ul>\n<li>For nokon kan det verke b\u00e5de freistande og tidssparande \u00e5 la kunstig intelligens generere selskapstalen for seg.<\/li>\n<li>Taleekspert Trond Albert Skjelbred meiner vi vil sj\u00e5 fleire KI-genererte selskapstaler framover.<\/li>\n<li>Han har merkt seg fleire tilfelle der talaren har brukt ei maskin for \u00e5 skrive talen for seg.<\/li>\n<li>Retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen trur fleire bruker KI fordi talesituasjonar kan vere stressande.<\/li>\n<li>Dei oppfordrar likevel folk til \u00e5 skrive fr\u00e5 hjartet.<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u00abKj\u00e6re konfirmant, familie og vener.<\/p>\n<p>I dag er ein stor dag. Ein slik dag som f\u00e5r ein til \u00e5 stoppe litt opp og lure p\u00e5 kor tida eigentleg blei av.\u00bb<\/p>\n<p><strong>Slik lyder opningsorda i ein konfirmasjonstale generert av KI. <\/strong><\/p>\n<p>Ved f\u00f8rste augekast kan talen verke heilt normal. Men etter kvart kan ein likevel byrje \u00e5 stusse.<\/p>\n<p>    Spill av lydKj\u00e6re [Namn p\u00e5 dotter],&amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>I dag markerer vi at du er i ferd med \u00e5 bli vaksen, og n\u00e5r eg ser p\u00e5 deg, blir eg fylt av ei enorm stoltheit. &amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>Du har vakse fr\u00e5 \u00e5 vere den vesle jenta mi til \u00e5 bli ein sj\u00f8lvstendig og flott person med eigne meiningar og varme i hjartet.&amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>Det eg set aller mest pris p\u00e5 ved deg, (namn p\u00e5 dotter), er din styrke og din omsorg for andre. &amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>Du har ein eigen evne til \u00e5 sj\u00e5 dei rundt deg, og du t\u00f8r \u00e5 vere deg sj\u00f8lv fullt ut.&amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>Det er eigenskapar som vil ta deg akkurat dit du vil i livet.&amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>Verda ligg open for deg no. Mi b\u00f8n til deg er at du held fram med \u00e5 vere nysgjerrig, at du trur p\u00e5 deg sj\u00f8lv, og at du hugsar at du alltid er god nok, uansett kva.&amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>Hugs at uansett kor stor du blir, s\u00e5 er eg alltid her for deg. Eg heiar p\u00e5 deg i alt du gjer.&amp;ZeroWidthSpace;<\/p>\n<p>\u2013 Du merkar med ein gong om ein person snakkar som seg sj\u00f8lv, eller om det er KI-generert. Dei KI-genererte talene er altfor generelle.<\/p>\n<p>Det seier kommunikasjonsekspert Trond Albert Skjelbred, som mellom anna har hjelpt toppleiarar med taleskriving i seksten \u00e5r.<\/p>\n<p><strong>No trur han at vi vil oppleve fleire og fleire KI-genererte taler framover.<\/strong><\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Eit n\u00e6rbilete av handa til taleekspert Trond Albert Skjelbred. Han held ein mobiltelefon, og peikar med peikefingeren p\u00e5 skjermen. Mobiltelefonen st\u00e5r open p\u00e5 appen Open AI, som viser eit KI-generert forslag til ein konfirmasjonstale. \" title=\"Foto: Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Trond Albert Skjelbred har f\u00e5tt hjelp av Chat GPT til \u00e5 generere ein konfirmasjonstale. Han er ikkje imponert. <\/p>\n<p>Foto: Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ikkje dine eigne ord<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv har Skjelbred vore vitne til fleire tilfelle av selskapstaler som har vist seg \u00e5 vere skrivne av kunstig intelligens.<\/p>\n<p>\u2013 Eg hugsar at eg tenkte over det i ettertid, og spurte meg sj\u00f8lv kva som eigentleg blei sagt i den talen. Og eg hugsa ingenting! Orda var jo fine, men dei var ikkje talaren sine.<\/p>\n<p>Skjelbred er ikkje den einaste som har reagert p\u00e5 kunstige selskapstaler. Han har h\u00f8yrd fleire historier om talarar som har blitt \u00abKI-frelst.\u00bb<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Taleekspert Trond Albert Skjelbred st\u00e5r til venstre i biletet. Han held ein telefon i handa, og smiler. Til h\u00f8gre for han st\u00e5r tre kvinnelege studentar. Dei st\u00e5r vendt mot han, og ler. \" title=\"Foto: Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK\"\/><\/p>\n<p class=\"\">Skjelbred er partnar i kommunikasjonsselskapet Apriil PR, og er ofte innom NHH der han sj\u00f8lv har vore student. Her testar han studentane sin respons p\u00e5 ein KI-generert tale.\n<\/p>\n<p>Foto: Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK<\/p>\n<p>\u2013 Eg h\u00f8yrte \u00f2g om nokon som hadde ein tale i eit jubileum som var hundre prosent KI-generert. Midt i talen stoppa han seg sj\u00f8lv, beklaga, og sa at det var for d\u00e5rleg til \u00e5 fortsette, ler han.<\/p>\n<p>Han legg til:<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 talaren fortsette talen med sine eigne ord, gjekk det jo bra. Det perfekte er jo uinteressant. Vi vil h\u00f8yre det uperfekte.<\/p>\n<p>        Har du nokon gong h\u00f8yrt ein tale du mistenkte var KI-generert? <\/p>\n<p>        Ja, det har eg opplevd!<\/p>\n<p>        Nei, det har eg aldri tenkt over. <\/p>\n<p>        Eg trur det, men det er vanskeleg \u00e5 vite heilt sikkert.<\/p>\n<p>      Vis resultat<\/p>\n<p class=\"pin-nrkno-poll__disclaimer\">\n    Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om sp\u00f8rsm\u00e5let.<br \/>\n    Resultatet viser hva de som selv har valgt \u00e5 stemme mener,<br \/>\n    og avstemningen har ikke et utvalg som gj\u00f8r den representativ for alle som bor i landet.\n  <\/p>\n<p>Folk er redde for at talene ikkje er gode nok<\/p>\n<p>Professor i retorikk ved Universitetet i Bergen, Jens Elmelund Kjeldsen, trur at fleire vil bruke KI som eit verkt\u00f8y i taleskriving.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\"   src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhAQABAIAAAAAAAP\/\/\/yH5BAEAAAAALAAAAAABAAEAAAIBRAA7\" loading=\"eager\" alt=\"Biletet viser retorikkprofessor ved Universitetet i Bergen, Jens Elmelund Kjeldsen. Han har kort, brunt h\u00e5r og bl\u00e5 dress. Han smiler mot kamera, og er i sentrum av biletet. \" title=\"Foto: Tove K. Breistein\"\/><\/p>\n<p class=\"\">\u2013 Det er betre at talen ikkje blei heilt perfekt, enn noko som er generert av ei maskin, seier retorikkprofessor Jens Elmelund Kjeldsen.<\/p>\n<p>Foto: Tove K. Breistein<\/p>\n<p>\u2013 Kvifor trur du folk tyr til KI n\u00e5r dei skal skrive og framf\u00f8re talar? <\/p>\n<p>\u2013 Folk er utruleg redde for \u00e5 bli vurderte n\u00e5r dei held talar, og tenker kanskje at maskina kan hjelpe dei til \u00e5 f\u00e5 det til \u00e5 lyde meir profesjonelt, understrekar han.<\/p>\n<p>Han trur likevel at vi mistar mykje dersom vi lar ei maskin skrive talen for oss.<\/p>\n<p>\u2013 I prosessen med \u00e5 skrive talen, s\u00e5 tenker vi jo over kven denne personen er for oss, og kjem gjerne p\u00e5 fleire personlege historier og hendingar. Maskina veit ingenting om kven denne unge konfirmanten er.<\/p>\n<p><strong>Fleire NRK har snakka med p\u00e5 gata, hadde blitt skuffa dersom ein tale til dei var skrive av KI. <\/strong><\/p>\n<p>    \u2190<\/p>\n<ul data-scroll-container=\"\" role=\"list\">\n<li><img alt=\"Ei kvinne med langt, lyst h\u00e5r smiler mot kamera. Bak henne er det ein gr\u00f8n busk. Ho har p\u00e5 seg ein brun cardigan. \"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Henriette Hauge Klopstad<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur eg hadde blitt veldig skuffa. Viss eg til d\u00f8mes hadde funne ut at mamma sin konfirmasjonstale hadde vore KI-generert, m\u00e5tte eg hatt ein alvorsprat med ho. <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Ei kvinne med kort, brunt h\u00e5r smiler mot kamera. Det er sol i andletet hennar, og bak henne er det ei gr\u00f8n eng. \"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Emilie Christensen <\/p>\n<p>\u2013 Viss du har laga ein veldig god prompt, slik at talen er basert p\u00e5 ting du sj\u00f8lv f\u00f8ler og meiner, tenker eg det er greitt. Det har eg sj\u00f8lv gjort i 30-\u00e5rsdagen til ein kompis. Men det er annleis dersom talen er totalt generert av KI. <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Ein mann med kort, lysebrunt h\u00e5r smiler. Han har p\u00e5 seg ein brun jakke. og p\u00e5 skuldrene har han svarte stropper til ein ryggsekk.\"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Lasse Smedsvig<\/p>\n<p>\u2013 Eg hadde nok blitt skuffa dersom talen var totalt KI-generert. F\u00f8r vi gifta oss, hadde kona mi og eg ein samtale der vi blei einige om at ingen av oss skulle bruke KI i talen. <\/p>\n<\/li>\n<li><img alt=\"Ei ung kvinne med lyst h\u00e5r i ein hestehale smiler med tennene. Ho har p\u00e5 seg ein m\u00f8rkebl\u00e5 boblevest, og bak henne er det ein gr\u00f8n busk. \"  width=\"3840\" height=\"2160\" loading=\"lazy\"\/>\n<p>\n        Ingeborg B\u00f8rve Skjold \/ NRK\n      <\/p>\n<p>Kristin Skorge Berntsen<\/p>\n<p>\u2013 Ein KI-generert tale blir veldig upersonleg, rett og slett. Ein mister kjensla av \u00e5 bli verdsett dersom dei som taler ikkje har prioritert tid til \u00e5 skrive talen sj\u00f8lv. <\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2192<\/p>\n<p>\u2013 Ein god tale seier det viktigaste<\/p>\n<p>Som tidlegare r\u00e5dgivar for Erna Solberg og partnar i kommunikasjonsselskapet First House, har Odd Hoen-Sevje skrive fleire taler for den d\u00e5verande statsministeren, og toppleiarar i n\u00e6ringslivet.<\/p>\n<p><strong>Han meiner ei felle fleire g\u00e5r i, er \u00e5 snakke for lenge.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Du skal vere ein ganske god talar for \u00e5 ikkje kjede publikum om du held p\u00e5 i meir enn sju-\u00e5tte minutt. At du morar deg, betyr ikkje at publikum gjer det.<\/p>\n<p>Oppskrifta hans er enkel. God planlegging er n\u00f8kkelen til ein vellukka tale.<\/p>\n<p>\u2013 Bruk god tid p\u00e5 \u00e5 f\u00f8rebu talen, skriv ned det du skal seie og \u00f8v p\u00e5 det p\u00e5 f\u00f8rehand. Noko av det verste som skjer er viss talaren ikkje har tenkt igjennom dette, og berre snakkar heilt fritt, fastsl\u00e5r Hoen-Sevje.<\/p>\n<p>Fem tips til deg som skal tale<\/p>\n<ul>\n<li><strong>F\u00f8rebu deg<\/strong>: Tenk gjennom kva du vil seie, lag ein tydeleg struktur og pass p\u00e5 at det ikkje blir for omfangsrikt.<\/li>\n<li><strong>Gjer talen personleg<\/strong>: Snakk direkte til personen du taler til. Trekk fram personlege historier, og det som er unikt og positivt med dei.<\/li>\n<li><strong>Sj\u00e5 over<\/strong>: Legg vekk teksten, ta han fram att seinare, og gjer endringar.<\/li>\n<li><strong>\u00d8v<\/strong>: Les talen h\u00f8gt for deg, gjerne meir enn ein gong. \u00d8v p\u00e5 pausar og tempo.<\/li>\n<li><strong>Gjennomf\u00f8r<\/strong>: Hugs \u00e5 l\u00f8fte blikket og sj\u00e5 publikum i auga n\u00e5r du snakkar.<\/li>\n<\/ul>\n<p>    Hei!<\/p>\n<p>Har du tankar om saka du har lest?<\/p>\n<p>Send meg gjerne ein e-post!\u00a0<\/p>\n<p>\n      <b>Hei!<\/b><br \/>\n      <br \/>Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er p\u00e5logget andre NRK-tjenester s\u00e5 slipper du \u00e5 logge<br \/>\n      inn p\u00e5 nytt her, men <b>vi trenger ditt samtykke p\u00e5 v\u00e5re brukervilk\u00e5r<\/b> for dialog p\u00e5 nett\n    <\/p>\n<p>Publisert<\/p>\n<p>17.05.2026, kl. 08.57<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Saka oppsummert For nokon kan det verke b\u00e5de freistande og tidssparande \u00e5 la kunstig intelligens generere selskapstalen for&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":240011,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-240010","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116588776451763887","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/240010","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=240010"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/240010\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/240011"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=240010"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=240010"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=240010"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}