{"id":240655,"date":"2026-05-18T05:48:24","date_gmt":"2026-05-18T05:48:24","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/240655\/"},"modified":"2026-05-18T05:48:24","modified_gmt":"2026-05-18T05:48:24","slug":"vi-ma-alle-i-dette-fantastiske-landet-ta-ansvar-for-a-stoppe-hets-og-trugsmal","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/240655\/","title":{"rendered":"\u2013 Vi m\u00e5 alle i dette fantastiske landet ta ansvar for \u00e5 stoppe hets og trugsm\u00e5l"},"content":{"rendered":"<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">D\u00e5 Solberg og H\u00f8gre styrte landet saman med Listhaug og FRP var Noreg eit godt land \u00e5 bu i. Dei aller fleste av oss hadde god levestandard, r\u00e5d til \u00e5 dra p\u00e5 ferie, spise oss mette og vel s\u00e5 det kvar dag, og unne oss litt luksus i ny og ne. Borna gjekk i rimeleg barnehage og gratis skule, ungdomane gjekk p\u00e5 gratis vidareg\u00e5ande, h\u00f8gskule eller universitet, og dei som sleit fekk hjelp av NAV. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Vart vi sjuke fekk vi hjelp av eit fantastisk offentleg helsevesen. Vi betalte skatter og avgifter som dei fleste av oss syntes var i overkant h\u00f8ge, men s\u00e5 fekk vi jo mykje att for det. Rett nok var ikkje alt perfekt. Nokre fall utanfor og hadde store \u00f8konomiske problem. Helsek\u00f8ane i eit av verdas beste offentlege helsevesen var for lange. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">N\u00e6ringslivet var pressa av konkurranse og h\u00f8gt skattetrykk. Men for dei fleste av oss var livet bra. Samanlikna med dei fleste land og folk b\u00e5de i v\u00e5r tid og tidlegare tider, hadde vi det generelt veldig godt.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">N\u00e5r Arbeiderpartiet no styrer landet er Noreg eit godt land \u00e5 bu i. Dei aller fleste av oss har god levestandard, r\u00e5d til \u00e5 dra p\u00e5 ferie, spise oss mette og vel s\u00e5 det kvar dag, og unne oss litt luksus i ny og ne. Borna g\u00e5r i rimeleg barnehage og gratis skule, ungdomane g\u00e5r p\u00e5 gratis vidareg\u00e5ande, h\u00f8gskule eller universitet, og dei som slit f\u00e5r hjelp av NAV. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Vert vi sjuke f\u00e5r vi hjelp av eit fantastisk offentleg helsevesen. Vi betaler skatter og avgifter som dei fleste av oss synes er i overkant h\u00f8ge, men s\u00e5 f\u00e5r vi jo mykje att for det. Rett nok er ikkje alt perfekt. Nokre fell utanfor og har store \u00f8konomiske problem. Helsek\u00f8ane i eit av verdas beste offentlege helsevesen er for lange. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">N\u00e6ringslivet er pressa av konkurranse og h\u00f8gt skattetrykk. Men for dei fleste av oss er livet bra. Samanlikna med dei fleste land og folk b\u00e5de i v\u00e5r tid og tidlegare tider, har vi det generelt veldig godt.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Noko av det fantastiske med \u00e5 bu i Norge er at det stabilt. Politikarane har ulike meiningar og visjonar for retninga politikken skal ta, men om det er den raude eller bl\u00e5 sida som har makta, s\u00e5 har det ikkje s\u00e5 veldig stor innverknad p\u00e5 kvardagen v\u00e5r. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Velferdstaten er ikkje perfekt, og har stort forbetringspotensial, men den ligg der stabilt og tek vare p\u00e5 oss. Oljepengane gjer at vi er i ei s\u00e6rstilling samanlikna med dei fleste. Slik er det godt \u00e5 ha det.<\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Kva er det som trugar dette fantastiske landet v\u00e5rt mest? \u00a0Eg trur det er fors\u00f8k p\u00e5 polarisering som er den st\u00f8rste trusselen. Dei algoritmestyrte sosiale medier skaper ekkokammer der ein blir over\u00f8st med polariserande innlegg. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Normal folkeskikk i kommentarfelta vert bytta ut med grove beskrivelser av medmennesker og meiningsmotstandarar. Eg trur at dei fleste av oss gremmer oss over utviklinga i det offentlege ordskiftet p\u00e5 sosiale medier. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Og eg trur at dei fleste av oss vil bevare eit Noreg som er stabilt, som har politikarar som kranglar og kjefter p\u00e5 kvarandre, men som likevel er gode vener etter at debatten er ferdig, og som jobbar for at Noreg framleis skal vere eit godt land \u00e5 bu i for alle. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Eg trur ikkje nokon av v\u00e5re fremste politikarar er landssvikarar eller vil rasere Norge, sj\u00f8lv om eg ueinig i mykje dei seier og st\u00e5r for. N\u00e5r unge politikarar f\u00e5r trugsm\u00e5l og hets mot seg, s\u00e5 svekkes demokratiet og stabiliteten som er s\u00e5 god \u00e5 ha. <\/p>\n<p data-testid=\"textWithMarkup-text\" data-v-c666a32d=\"\" data-v-8b265892=\"\">Kanskje m\u00e5 vi alle ta litt meir ansvar for \u00e5 bevare dette fantastiske landet v\u00e5rt gjennom \u00e5 st\u00e5 opp for eit ytringsklima der hets og truslar ikkje vert godteke.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"D\u00e5 Solberg og H\u00f8gre styrte landet saman med Listhaug og FRP var Noreg eit godt land \u00e5 bu&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":240656,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,26,27],"class_list":{"0":"post-240655","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-breaking-news","9":"tag-breakingnews","10":"tag-featured-news","11":"tag-featurednews","12":"tag-headlines","13":"tag-latest-news","14":"tag-latestnews","15":"tag-news","16":"tag-no","17":"tag-norge","18":"tag-norway","19":"tag-nyheter","20":"tag-overskrifter","21":"tag-top-stories","22":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116594010064401498","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/240655","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=240655"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/240655\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/240656"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=240655"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=240655"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=240655"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}