{"id":261291,"date":"2026-06-09T16:36:21","date_gmt":"2026-06-09T16:36:21","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/261291\/"},"modified":"2026-06-09T16:36:21","modified_gmt":"2026-06-09T16:36:21","slug":"meiningar-sogndal-kvifor-eg-er-for-pride-nar-eg-ikkje-er-homo","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/261291\/","title":{"rendered":"Meiningar, Sogndal | Kvifor eg er for Pride, n\u00e5r eg ikkje er homo?"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Meiningar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Eg f\u00e5r nokre slike sp\u00f8rsm\u00e5l, og det er ganske enkelt \u00e5 svara p\u00e5. Eg har mange vener og kjende, som ikkje har hatt det lika enkelt som meg. Kjenningar (eg skriv kjenningar, d\u00e5 eg ikkje vil identifisera dei) som har hatt, og har det ilt og utfordrande i livet. Kjenningar som kunne hatt mykje betre liv, om berre dei sj\u00f8lve og dei rundt dei hadde hatt litt meir kunnskap om kor forskjellige me eigentleg er.<\/p>\n<p>Nokre d\u00f8me fr\u00e5 min krets:<\/p>\n<p>Ein homofil kjenning i ein sterkt religi\u00f8s krets, valde \u00e5 hengja seg, han passa ikkje inn.<\/p>\n<p>Ein homofil kjenning har g\u00e5tt inn og ut av psykiatriske institusjonar heile sitt vaksne liv, d\u00e5 det ikkje var aksept\/forst\u00e5ing for homofili i heimen i barne- og ungdomstida.<\/p>\n<p>Ein homofil kjenning fortel om gifte familiefedrar (i Sogn) som tek kontakt for \u00e5 sjekke moglegheita for sex, d\u00e5 dei er fanga i ulukkelege ekteskap utan intimitet.<\/p>\n<p>Ein kjenning fjerna brysta sine s\u00e5 seint som i slutten av 40-\u00e5ra, for \u00e5 komma n\u00e6rare sin ikkje-bin\u00e6re identitet. Tenk alle \u00e5ra med tankar fram til det vart ein realitet.<\/p>\n<p>Ein kjenning som ikkje kan reisa heim til heimlandet sitt, d\u00e5 han likar same kj\u00f8nn.<\/p>\n<p>Ein kjenning som meir eller mindre r\u00f8mte fr\u00e5 Noreg, til eit land som kunne akseptere at ho ikkje berre var ei \u00abvanleg\u00bb jente.<\/p>\n<p>Fleire kjenningar fortel at dei ikkje lenger kan halde kvarandre i handa p\u00e5 offentleg plass, utan at det kjem blikk, kommentarar og hets. Dei fortel at det har vorte mykje verre i det siste.<\/p>\n<p>D\u00f8ma er fleire, og det er heilt skremmande \u00e5 sj\u00e5 korleis folk me vaks opp med blir og har blitt behandla (b\u00e5de bevisst og ubevisst). Det er ikkje alle som er sterke nok til \u00e5 seia ifr\u00e5, og n\u00e5r folk jagar i flokk for \u00e5 fortelje dei at dei har det berre bra, d\u00e5 trengst det at fleire seier ifr\u00e5.<\/p>\n<p>Dei som g\u00e5r igjennom livet som marginaliserte, dei fortener at vi hjelper dei inn i fellesskapet, og ikkje ut av det. N\u00f8dvendig oppl\u00e6ring, og feiring av fellesskapet er b\u00e5de naudsynt og p\u00e5 tide. Studiar visar at dei som ikkje fell innafor den \u00abvanlege norma\u00bb har fleire gonger h\u00f8gare risiko for sj\u00f8lvmords\u00e5tferd enn heterofile. <\/p>\n<p>Me m\u00e5 ta eit felles ansvar for at folk ikkje skal ha det slik. Me treng dessverre difor ein Pridem\u00e5nad, som har fokus p\u00e5 \u00e5 l\u00e6ra oss meir toleranse og forst\u00e5ing for kvarandre.<\/p>\n<p>Fansen til Bod\u00f8\/Glimt sa det godt p\u00e5 ein stor \u00abbanner\u00bb f\u00f8r ein viktig fotballkamp:<\/p>\n<p>\u00abBE CAREFUL WHO YOU HATE, IT COULD BE SOMEONE YOU LOVE\u00bb<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Eg f\u00e5r nokre slike sp\u00f8rsm\u00e5l, og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":261292,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[5],"tags":[36,20,21,24,25,15,19,22,23,17,18,1939,13,30,28,29,14,1533,16,2065,1029,26,27],"class_list":["post-261291","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-overskrifter","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-hovedoppslag","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-main-news","tag-mainnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-pride","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116721128883727774","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/261291","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=261291"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/261291\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/261292"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=261291"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=261291"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=261291"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}