{"id":26249,"date":"2025-09-03T20:28:10","date_gmt":"2025-09-03T20:28:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/26249\/"},"modified":"2025-09-03T20:28:10","modified_gmt":"2025-09-03T20:28:10","slug":"balestrand-sogndal-kjem-i-ny-drakt-motbakkelop-har-ei-dalande-kurve","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/26249\/","title":{"rendered":"Balestrand, Sogndal | Kjem i ny drakt: \u2013 Motbakkel\u00f8p har ei dalande kurve"},"content":{"rendered":"\n<p>For tiande gong vert Balestrand Opp arrangert, men i \u00e5r skjer det nye endringar. For denne gongen er det ikkje berre oppover folk skal springa.<\/p>\n<p>I \u00e5r vert l\u00f8pet kalla Balestrand Opp og Rundt.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ein ny vri, og det er av fleire grunnar, fortel arrang\u00f8r Trond Sundby.<\/p>\n<p>Den praktiske gjennomf\u00f8ringa av l\u00f8pet har hatt litt \u00e5 seia n\u00e5r dei no har bestemt seg for \u00e5 endra l\u00f8pet fr\u00e5 \u00e5 berre g\u00e5 oppover, til \u00e5 bli eit terrengl\u00f8p.<\/p>\n<p>\u2013 Det er vanskeleg \u00e5 arrangera eit l\u00f8p med m\u00e5lomr\u00e5de p\u00e5 toppen av eit fjell utan vegtilkomst, seier Sundby, og legg til:<\/p>\n<p>\u2013 Dessutan har motbakkespringinga hatt ein dalande kurve. F\u00f8r har det vore eitt slikt l\u00f8p i nesten alle kommunar, men dei fleste er lagt ned.<\/p>\n<p>\u00c5rets nyvinning<\/p>\n<p>Fjor\u00e5rets l\u00f8p vart ein siste krampetrekning av sommar, og nesten 60 personar var med og sprang dei 972 h\u00f8gdemeterane opp mot Raudmelen.<\/p>\n<p>Trass i god p\u00e5melding, sa arrang\u00f8r Sundby til Sogn Avis i fjor at dei m\u00e5tte revurdera og tenkja nytt om dei skulle halda fram med l\u00f8pet.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1206322\" class=\"related-teaser has-image default-story-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_8512.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              \u00c5rets fjell\u00f8p fekk ei fantastisk ramme. Arrang\u00f8ren m\u00e5 likevel i tenkjeboksen f\u00f8r neste l\u00f8p\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Grunnen d\u00e5 handla hovudsakleg om at det var tungvint \u00e5 arrangera eit l\u00f8p med m\u00e5lgang p\u00e5 toppen av Raudmelen. Mykje skal fraktast, og logistikken er vanskeleg \u00e5 f\u00e5 til \u00e5 g\u00e5 opp om v\u00earet ikkje klaffar. I fjor til d\u00f8mes var det med eit naudskrik at helikopteret kom seg opp rett f\u00f8r l\u00f8pet.<\/p>\n<p>Men no har dei alts\u00e5 bestemt seg. L\u00f8pet er endra.<\/p>\n<p>6. september vil b\u00e5de start og m\u00e5lgang vera ved Kreklingen stadion ved skulen i Balestrand. L\u00f8pet vert ei rundl\u00f8ype som kombinerer motbakke og terrengl\u00f8p p\u00e5 9 km i konkurranseklassen. Triml\u00f8ypa vil vera p\u00e5 om lag 4 km<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6000\" height=\"4000\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/5_115_1206298+IMG_8512.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6000 \/ 4000;\"\/><\/p>\n<p>    Ole Hjortland fr\u00e5 Fjellgeitene i fin driv forbi Orrabenken og heiagjengen i fjor.<br \/>\n    Foto: Ronja \u00c5rskaug Vallestad\/Arkiv\n  <\/p>\n<p>\u2013 Det er ei l\u00f8peb\u00f8lge for tida, s\u00e5 no vert det kombinert.<\/p>\n<p>I tillegg ynskjer arrang\u00f8rane \u00e5 f\u00e5 med fleire, ogs\u00e5 utanom deltakinga i sj\u00f8lve konkurransen.<\/p>\n<p>\u2013 \u00c5rets nyvinning er \u00e5 gje alle barn og unge til og med 16 \u00e5r gratis deltaking i trimklassen, og s\u00e5 har me aktivitetar langs l\u00f8ypa og p\u00e5 stadion, seier Sundby.<\/p>\n<p>\u2013 Breia den gode bodskapen<\/p>\n<p>Sundby peiker p\u00e5 at det er ti\u00e5rsjubileum for arrangementet. Og p\u00e5 desse ti \u00e5ra har det kvart \u00e5r vore eit fast innslag i opningsseremonien.<\/p>\n<p>\u2013 Det har vore \u00e5 dela ein stor gamalost. I \u00e5r skal me \u00f2g gjera det, men det er den nye osten fr\u00e5 Sogn jord- og hagebruksskule som skal delast. Det er viktig for oss \u00e5 breia den gode bodskapen om kulturretten gamalost, seier han entusiastisk.<\/p>\n<p>Arrang\u00f8ren har ikkje sjekka dei siste tala p\u00e5 p\u00e5melde enno, men sist han sjekka var det rundt 20 stykk. Han reknar med at det kjem til \u00e5 ta seg opp mot helga.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1343662\" class=\"related-teaser has-image default-gallery-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/kil1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Bildeserie<\/p>\n<p>              Inge Magnar og Marta gjennomf\u00f8rte den hardaste varianten \u2013 sj\u00e5 fyldig biletserie fr\u00e5 Sognefjord Trail Run\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"For tiande gong vert Balestrand Opp arrangert, men i \u00e5r skjer det nye endringar. For denne gongen er&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":26250,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,4205,2211,410,30,28,29,1029,83,82,1510],"class_list":{"0":"post-26249","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-balestrand","10":"tag-idrett","11":"tag-kultur","12":"tag-no","13":"tag-norge","14":"tag-norway","15":"tag-sogndal","16":"tag-sport","17":"tag-sports","18":"tag-story"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/26249","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=26249"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/26249\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/26250"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=26249"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=26249"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=26249"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}