{"id":266424,"date":"2026-06-14T23:04:24","date_gmt":"2026-06-14T23:04:24","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/266424\/"},"modified":"2026-06-14T23:04:24","modified_gmt":"2026-06-14T23:04:24","slug":"folk-kultur-billettane-til-odd-borretzen-hyllest-fauk-ut-dottera-katrine-set-opp-ekstrakonsert-i-heimbyen-egersund","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/266424\/","title":{"rendered":"Folk, Kultur | Billettane til Odd B\u00f8rretzen-hyllest fauk ut: Dottera Katrine set opp ekstrakonsert i heimbyen Egersund"},"content":{"rendered":"\n<p>I \u00e5r ville far til Katrine B\u00f8rretzen i Egersund fylt 100 \u00e5r. I over eit \u00e5r har dottera til Odd B\u00f8rretzen jobba med prosjektet som er meint \u00e5 vera ein hyllest til den folkekj\u00e6re artisten, skribenten og faren.<\/p>\n<p>\u2013 Det starta i det stille \u2013 med minne, tekstar og songar, og med eit \u00f8nske om \u00e5 gjera noko personleg og \u00e6rleg med materialet han etterlet seg. Etter kvart vaks ideen, og tankar blei til ekte planar, seier Katrine B\u00f8rretzen.<\/p>\n<p>Det balla p\u00e5 seg<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3024\" height=\"4032\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/IMG_0007.jpeg\" alt=\"Inger-Johanne R\u00f8yset og Katrine B\u00f8rretzen\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3024 \/ 4032;\"\/><\/p>\n<p>      KONSERTPROSJEKT: Inger-Johanne R\u00f8yset (t.v.) og Katrine B\u00f8rretzen startar planlegginga av hyllestkonserten for Odd B\u00f8rretzen for over eit \u00e5r sidan.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>Ho fekk med seg Inger-Johanne R\u00f8yset, som var nyinnflytta til Egersund, og n\u00e5 begynte planane for alvor \u00e5 ta form. Dei henta pianist fr\u00e5 Stavanger, Odd Brommeland, og begynte \u00e5 \u00f8va.<\/p>\n<p>\u2013 Til \u00e5 begynna med \u00f8vde me i stova til Inger-Johanne i Hestnes. S\u00e5 blei det \u00f8vingsrommet i kjellaren hos Odd i Stavanger, fortel Katrine B\u00f8rretzen.<\/p>\n<p>Musikken og historiene begynte \u00e5 ta form, men trong meir volum, fylde og innpakning, meinte dei tre involverte.<\/p>\n<p>\u2013 Etter kvart tok eg kontakt med gitarist Hans Petter Stifoss-Hanssen i Grimstad. Eg sa kva me heldt p\u00e5 med og spurde om han ville f\u00e5 med seg fleire og bli med oss p\u00e5 vegen vidare, seier B\u00f8rretzen.<\/p>\n<p>Det ville han. B\u00f8rretzen &amp; di best\u00e5r n\u00e5 av seks personar. I tillegg til dei som alt er nemnde, er Ole \u00abKelly\u00bb Kvamme fr\u00e5 Arendal med p\u00e5 bass og Erlend S\u00f8rensen fr\u00e5 Lillesand p\u00e5 slagverk.<\/p>\n<p>Premiere for fullt hus<\/p>\n<p>Laurdag hadde gjengen premiere p\u00e5 \u00abDa sier vi alt dette\u00bb i form av ein utselt sommarkonsert i Apotekergaarden i Grimstad.<\/p>\n<p>\u2013 For meg var det naturleg \u00e5 ha premiere i Grimstad, sidan far tok med seg familien dit, og eg vaks opp der. Apotekergaarden blei eit naturleg sceneval, forklarer Katrine B\u00f8rretzen.<\/p>\n<p>Parallelt med planlegginga av konserten p\u00e5 S\u00f8rlandet ordna dei to eigersundsdamene seg \u00f2g avtale med Ellingsens Hotel i Egersund om ein haustkonsert. Lokalet og scenen p\u00e5 Ellingsens Hotel er under oppussing, men skal st\u00e5 konsertklart til siste helga i september.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5743\" height=\"3829\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/DSCF0099.JPG\" alt=\"B\u00f8rretzen &amp; di i Apotektergaarden i Grimstad\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5743 \/ 3829;\"\/><\/p>\n<p>      STR\u00c5LANDE MOTTAKING: Inger-Johanne R\u00f8yset (t.v.) og Katrine B\u00f8rretzen er overvelda av dei fine tilbakemeldingane etter premieren p\u00e5 \u00abDa sier vi alt dette\u00bb i Apotekergaarden i Grimstad laurdag kveld.<br \/>\n      Foto: Henning Jansen\n    <\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3578\" height=\"2862\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/DSCF0131.JPG\" alt=\"B\u00f8rretzen &amp; di i Apotektergaarden i Grimstad\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3578 \/ 2862;\"\/><\/p>\n<p>      M\u00c5KE-MEISTER: Carine Gronholz kom flygande fr\u00e5 Oslo for \u00e5 f\u00e5 med seg, og bidra litt under, konserten i Grimstad. Ho er europameister i m\u00e5keskrik. Som kjent hadde Odd B\u00f8rretzen eit spesielt forhold til m\u00e5ker.<br \/>\n      Foto: Henning Jansen\n    <\/p>\n<p>  Dobbelkonsert i Egersund til hausten<\/p>\n<p>Som konserten i Grimstad p\u00e5 laurdag, blei ogs\u00e5 konserten i Egersund 26. september raskt utselt.<\/p>\n<p>\u2013 At billettane til begge konsertane fauk ut p\u00e5 eit blunk, har gledd oss stort. Fleire har etterspurt ein ekstrakonsert i Egersund, og me har bestemt oss for \u00e5 gjera ein ny konsert i byen sundag 27. september, opplyser Katrine B\u00f8rretzen.<\/p>\n<p>Kanskje stoppar det heller ikkje der:<\/p>\n<p>\u2013 Konserten i Grimstad blei ein kjempesuksess. Det var stinn brakke, og me er overvelda av alle dei fine tilbakemeldingane og oppfordringane om \u00e5 ta prosjektet v\u00e5rt rundt til andre plassar i landet. Eg kan noks\u00e5 sikkert seia at det iallfall blir fleire konsertar i Rogaland og p\u00e5 S\u00f8rlandet, s\u00e5 f\u00e5r me sj\u00e5 kor det endar, seier Inger-Johanne R\u00f8yset til Dalane Tidende dagen etter premieren.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"I \u00e5r ville far til Katrine B\u00f8rretzen i Egersund fylt 100 \u00e5r. I over eit \u00e5r har dottera&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":266425,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[58],"tags":[36,88,71,89,410,30,28,29,1510,72],"class_list":["post-266424","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-underholdning","tag-art","tag-eigersund","tag-entertainment","tag-folk","tag-kultur","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-story","tag-underholdning"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116750966419167601","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/266424","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=266424"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/266424\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/266425"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=266424"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=266424"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=266424"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}