{"id":266891,"date":"2026-06-15T12:12:16","date_gmt":"2026-06-15T12:12:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/266891\/"},"modified":"2026-06-15T12:12:16","modified_gmt":"2026-06-15T12:12:16","slug":"meiningar-pride-skulen-har-aldri-vore-verdinoytral","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/266891\/","title":{"rendered":"Meiningar, Pride | Skulen har aldri vore verdin\u00f8ytral!"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Debattinnlegg<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>Kvart \u00e5r, n\u00e5r Pride kjem opp som tema i skulen, kjem og p\u00e5standen om at \u00abskulen skal vere verdin\u00f8ytral\u00bb, og at Pride difor ikkje h\u00f8yrer heime i klasserommet. Men det er ei misforst\u00e5ing av kva skulen er, og kva skulen alltid har vore.<\/p>\n<p>Skulen har aldri vore verdin\u00f8ytral. Skulen er tvert imot ein av dei viktigaste stadene vi som samfunn formidlar felles verdiar til barn og unge. Vi l\u00e6rer ikkje berre \u00e5 lese, skrive og rekne, vi l\u00e6rer kva slags samfunn vi \u00f8nskjer \u00e5 vere.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6240\" height=\"4160\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/b40a8135-c17d-4f61-9727-80a42d24ce0f.bin.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6240 \/ 4160;\"\/><\/p>\n<p>      Bilde fra Pride i Sogndal 2024.<br \/>\n      Foto: Adelheid Breidvik\n    <\/p>\n<p>Vi l\u00e6rer elevane at demokrati er bra. At ytringsfridom og rettstryggleik betyr noko. Vi l\u00e6rer at apartheid var horribelt, at nazismen var ein fiende av fridom og menneskeverd, at slavehandel var grove brot p\u00e5 menneskerettane, og at segregering var gale. Dette er ikkje \u00abn\u00f8ytralt\u00bb. Det er verdibasert oppl\u00e6ring, og det er heilt n\u00f8dvendig.<\/p>\n<p>Og det stoppar ikkje der: Sj\u00f8lve skulestrukturen er politisk og verdistyrt. Kva fag vi har, er politiske val. At vi har sidem\u00e5l, er eit politisk val, og eit uttrykk for at vi vil ta vare p\u00e5 spr\u00e5k, kultur og identitet i heile landet. Kor mange gymtimar elevane skal ha, er politisk. Om vi skal ha arbeidslivsfag, sl\u00f8yd og praktiske fag, er politisk. Timetal, innhald og prioriteringar seier noko om kva vi meiner er viktig \u00e5 kunne, og kven skulen skal vere til for.<\/p>\n<p>N\u00e5r nokon d\u00e5 seier at Pride ikkje h\u00f8yrer heime i skulen fordi skulen skal vere \u00abn\u00f8ytral\u00bb, s\u00e5 overser dei at skulen allereie st\u00e5r for noko: likeverd, respekt og at ingen skal mobbast eller haldast utanfor fellesskapet.<\/p>\n<p>For meg handlar Pride i skulen ikkje om partipolitikk. Det handlar om skulemilj\u00f8. Om at elevar som bryt med normer for kj\u00f8nn og seksualitet, eller som har foreldre, sysken eller vener som gjer det, skal sleppe \u00e5 kjenne seg \u00e5leine. Det handlar om \u00e5 f\u00f8rebyggje mobbing og utanforskap, og om \u00e5 byggje eit fellesskap der det er plass til fleire.<\/p>\n<p>Eg oppteken av sterke fellesskap og sm\u00e5 skilnader, og av at skulen skal vere ein trygg stad \u00e5 vere, uansett kven du er og kvar du bur. D\u00e5 m\u00e5 vi og tole at skulen formidlar verdiar som inkluderer, ikkje ekskluderer.<\/p>\n<p>Skulen har aldri vore verdin\u00f8ytral. Sp\u00f8rsm\u00e5let er ikkje om skulen skal st\u00e5 for verdiar, men kva verdiar vi vil at skulen skal st\u00e5 for.\u00a0<\/p>\n<p>Eg meiner svaret b\u00f8r vere tydeleg: menneskeverd, respekt og ein skule der alle elevar kan kjenne seg trygge.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. Kvart&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":266892,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,2065,26,27],"class_list":["post-266891","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-pride","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116754065043422679","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/266891","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=266891"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/266891\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/266892"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=266891"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=266891"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=266891"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}