{"id":269003,"date":"2026-06-17T14:37:16","date_gmt":"2026-06-17T14:37:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/269003\/"},"modified":"2026-06-17T14:37:16","modified_gmt":"2026-06-17T14:37:16","slug":"pride-ullensvang-offentleg-flagging-eg-vil-komma-med-eit-kompromissforslag","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/269003\/","title":{"rendered":"Pride, Ullensvang | Offentleg flagging: Eg vil komma med eit kompromissforslag"},"content":{"rendered":"\n<p>Ein treng ikkje bli sett p\u00e5 som \u00e5 vera rasist eller homofob, h\u00e5par eg, om eg f\u00e5r lov til \u00e5 ytra mi meining ang\u00e5ande pride og markering p\u00e5 offentlege flaggstenger.\u00a0<\/p>\n<p>Eg veit det har vore ei lovendring og at det er i dag lov \u00e5 heisa \u00absymbolflagg\u00bb p\u00e5 offentlege flaggstenger. Og eg er i det heile ikkje i mot pride berre s\u00e5 det er sagt, og eg prisar initiativa og markeringane for pride. Eg er faktisk glad i og stolt kjent av fleire \u00abskeive\u00bb, og for meg er dei lika mykje verd som alle andre. For meg kan skular, vegar og r\u00e5dhus sj\u00f8lvsagt prydast med pridefargane b\u00e5de p\u00e5 fasade og med balkongflagg, men p\u00e5 den offentlege flaggstonga skal for meg berre det norske nasjonalflagget heisast. Eller om n\u00f8dvendig orlogsflagget heisast.\u00a0<\/p>\n<p>Igjen, eg er for markering og er glad i alle uansett legning, religion eller anna. Kanskje detta berre er ein vrang og aldrande mann si meining. Men for meg handlar og detta igjen om mi meining, og det er at det for meg, berre er det norske flagget som skal heisast p\u00e5 offentlege flaggstenger. Mitt syn p\u00e5 akkurat dette med flaggheising p\u00e5 offentlege flaggstenger har igjen i det heile ingen relasjon utover noko anna enn at eg ser p\u00e5 flaggstonga som Noregs og nasjonens tre, der det norske flagget skal bl\u00f8ma.\u00a0<\/p>\n<p>Eg vil komma med eit kompromissforslag. Og det er at Noregs flagg blir heist p\u00e5 alle offentlege bygg i heile pride-perioden. Symbolikken kan ikkje bli sterkare. Det norske flagget representerer dei same verdiane og kanskje vel s\u00e5 det. H\u00e5per de som les dette skj\u00f8nner at eg ikkje er ute etter splid og konfrontasjonar, men faktisk \u00f3g vil l\u00f8fta fram likeverd, men \u00f3g nasjonal stoltheit (stoltheit i den forstand at vi ikkje er her til pynt men og kan sl\u00e5 oss p\u00e5 brystet og st\u00e5 imot utvendige nasjonale press og truslar).<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ein treng ikkje bli sett p\u00e5 som \u00e5 vera rasist eller homofob, h\u00e5par eg, om eg f\u00e5r lov&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":269004,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,5415,1533,16,2065,26,27,457,963],"class_list":["post-269003","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-odda","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-pride","tag-top-stories","tag-topstories","tag-ullensvang","tag-ytring"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116765959531091981","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/269003","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=269003"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/269003\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/269004"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=269003"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=269003"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=269003"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}