{"id":27062,"date":"2025-09-04T17:20:10","date_gmt":"2025-09-04T17:20:10","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/27062\/"},"modified":"2025-09-04T17:20:10","modified_gmt":"2025-09-04T17:20:10","slug":"anmeldelse-cronos-the-new-dawn","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/27062\/","title":{"rendered":"Anmeldelse: Cronos: The New Dawn"},"content":{"rendered":"<p>Det er noko med \u00e5 gjere det ein kan, det ein kjenner, og det som ligg i blodet. Polske Bloober Team har dei siste \u00e5ra bygd seg opp som eit namn \u00e5 f\u00f8lgje med p\u00e5 n\u00e5r det kjem til skrekk og gru. For nokre \u00e5r sidan gjorde dei grei suksess med The Medium, og i fjor lanserte dei knallsterke Silent Hill 2 Remake.<\/p>\n<p>Med det var deira namn etablert.<\/p>\n<p>I \u00e5r er dei tilbake med noko nytt, noko eige, og noko uhyre stemningsfullt. I Cronos: The New Dawn tek dei oss med til Polen, ein dystopisk helvetesversjon av Polen. Det er dystert, bleikt, livlaust og forvrengt. Vi m\u00f8ter bygningar som har st\u00e5tt tomme i fleire ti\u00e5r. Enten er det st\u00f8v, skit og rust som har ete opp det som ein gong var eit livleg samfunn, eller s\u00e5 har organisk materie vakse over det og dekt det i vrengde kroppar som f\u00e5r det til \u00e5 sj\u00e5 ut som om du vandrar p\u00e5 innsida av ein kropp oppeten av pest og kolera.<\/p>\n<p>Lekkert.<\/p>\n<p>                            Dette spelet osar stemning.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Alt er d\u00f8d<\/p>\n<p>Vi tek p\u00e5 oss rolla som ein reisande. Kven du er er irrelevant. Du er eit ansiktslaust vesen i ei dykkardrakt med ein dominerande hjelm som skjuler kven du er. Du er ein av mange. Mange kom f\u00f8r deg, og deira spor finn du kvar enn du g\u00e5r. Din jobb er diffus, men sakte, eit steg om gongen vandrar du inn i ei m\u00f8rk og guffen verd der kvar lyd er eit teikn p\u00e5 at du eigentleg ikkje er aleine.M\u00e5let er \u00e5 hente ut essensen av folk som d\u00f8ydde i fortida, f\u00f8r hendinga som \u00f8ydela verda.<\/p>\n<p>Cronos: The New Dawn er kaldt, guffent, ekkelt. Vi m\u00f8ter forvirta restar av ei austblokkland prega av brutalisme og fleire ti\u00e5r gamle idear om science fiction. T\u00e5ke og st\u00f8v heng tjukti lufta, og du ser sjeldan langt. Du navigerer alt fr\u00e5 opne omr\u00e5de der kva som helst kan kome ut av disen, til tronge korridorar med slitne d\u00f8rer som kan skjule noko uhyrleg bak ein kvar krok. Dei er der sjeldan, men n\u00e5r dei br\u00e5tt er der, er dei for n\u00e6re, for tidleg.<\/p>\n<p>Spelet k\u00f8yrer st\u00f8dig p\u00e5 prinsippet om at mindre er meir. For det meste vandrar du gjennom den bitande, ufyselege stemninga. Du h\u00f8yrer lydar. Surklande lydar. Hvesande lydar. Gurglingane av nokon eller noko som blir kvelt av seg sj\u00f8lv. Over deg trykker dunkel musikk, dystre, m\u00f8rke droner som et opp heile lydbiletet og trykker deg ned i det som hadde vore gj\u00f8rma om alt liv ikkje var borte, og den einaste rest var sand. <\/p>\n<p>Ein stad blir noko velta overende.<\/p>\n<p>Monstra er f\u00e5, men livsfarlege. Br\u00e5tt, uventa, og ein sjeldan gong i overveldande mengder er dei p\u00e5 deg. Utviklarane har henta ikkje reint lite inspirasjon fr\u00e5 sjangerklassikaren Resident Evil 4 her. Du m\u00e5 sikte f\u00f8r du kan skyte, du kan ikkje springe og sikte samstundes, og sj\u00f8lv om tempoet er sakte, kan ting skje veldig fort.<\/p>\n<p>                            Du har gjerne for mange fiendar, og for lite ammo.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Den desperate jakta<\/p>\n<p>Di st\u00f8rste utfordring er inventaret ditt, og den konstante mangelen p\u00e5 ressursar. Alt tek plass. Kvart v\u00e5pen tek plass, har du ei knipetang for \u00e5 kutte kjettingar tek den plass. Ammo tek plass, drivstoff for flammekastaren tek plass. Finn du noko verdifult du kan selje for pengar, tek det plass. Alt tek plass, men du har alltid for lite.<\/p>\n<p>Nokre gongar m\u00e5 ein gjere heslege val der ein m\u00e5 legge fr\u00e5 seg ammo for \u00e5 kunne f\u00e5 med seg noko anna, og dette kan vere den type val som gjer den neste timen uuthaldeleg vanskeleg, men det er i desse situasjonane spelet er p\u00e5 sitt beste.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv n\u00e5r du trur du har eit godt utgangspunkt kan spelet sende fleire bestialske monster din veg, kanskje bommar du p\u00e5 eit skot, kanskje m\u00e5 du br\u00e5tt lade om, eller du dynkar fiendane i flammar berre for \u00e5 oppdage brukte den viktige ressursen for tidleg. Fleire er p\u00e5 veg. Sm\u00e5 avgjersler f\u00e5r uhyre mykje \u00e5 seie, og det er eit tungt, taktisk element over spelet. Det finnest alltid ei r\u00e5, ingenting er umogleg, sj\u00f8lv om du st\u00e5r der med halvt magasin og m\u00f8ter det verste du s\u00e5 langt har st\u00e5tt ovanfor.<\/p>\n<p>Ein leitar gjennom alt, berre for \u00e5 f\u00e5 nokre skarve kuler. Kanskje finn du ei, kanskje to, kanskje noko \u00e5 lage kuler av. Det f\u00e5r halde, men kanskje er livslina di raud, og du b\u00f8r bruke ressursane der. Kampen om ressursane er konstant, og alt handlar om ha reservere det du har lenge nok til at du kan kome deg fram til eit trygt rom der du kan lagre, forh\u00e5pentlegvis hamstre litt ammo, samt oppgradere utstyret ditt.<\/p>\n<p>                            Eld er din ven.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Skrekk for alle<\/p>\n<p>Det eg kanskje likar aller best med Cronos: The New Dawn er at det set meir kjensla av \u00e5 alltid vere i livsfare i deg, meir enn det faktisk set deg i livsfare. Dette spelet er tilgjengeleg, og om du er uhyre dyktig i nettopp denne typen spel vil du mest av alt kose deg med den gode stemninga.<\/p>\n<p>For alle andre er det ein kamp for \u00e5 overleve, men ikkje ein umogleg kamp. Dei fleste m\u00f8te med fiendar vil du kome greitt unna, men gjerne ikkje utan \u00e5 ha mista ei kule for mange, eller f\u00e5tt eit slag for mange, rett etter at du kj\u00f8pte og brukt litt medisin du tenkte du skulle leve lenge p\u00e5.<\/p>\n<p>Bloober Team har gjort nokre kloke val for \u00e5 oppna dette. V\u00e5pna kan til d\u00f8mes avfyrast p\u00e5 to m\u00e5tar. Trykk inn knappen for eit enkelt skot, eller halde den inne for eit kraftigare skot. Du veit du m\u00e5 bruke det andre alternativet, men dei sekunda tar s\u00e5 lang tid, og fienden kjem n\u00e6rare og n\u00e6rare medan du ventar p\u00e5 at skotet skal g\u00e5 av. Eld er \u00f2g uhyre viktig. Fiendane kan ete andre fiendar for \u00e5 bli st\u00f8rre og sterkare, og det mest effektive middel mot dette er \u00e5 brenne dei opp, med dei f\u00e5 ressursane du har.<\/p>\n<p>Det er stemninga som er kongen her. Den er heilt nydeleg. Den er annleis, f\u00e6l, men og veldig interessant. Kombinasjonen av det fascinerande visuelle uttrykket, det tunge lydbiletet, og ikkje minst alt du finn i verda rundt deg, er trykkande. Vi er vande med \u00e5 sj\u00e5 korleis vestlege utviklarar tolkar eit land i krise, men vi er ikkje fullt s\u00e5 vande med \u00e5 sj\u00e5 det same fr\u00e5 eit austleg land.<\/p>\n<p>Resultatet er fascinerande. Utan \u00e5 seie for mykje merkar ein godt korleis dette er ei anna verd. Sj\u00f8lv f\u00f8r katastrofa var det ei anna verd, og eg skulle nesten ynskje utviklarane hadde g\u00e5tt hardare inn p\u00e5 det. I det islandske actioneventyret Echoes of the End er alle skodespelarane islandske, til stor effekt. Det hadde vore fascinerande \u00e5 h\u00f8yre korleis Cronos: The New Dawn kunne blitt om Bloober Team pr\u00f8vde seg p\u00e5 noko liknande.<\/p>\n<p>                            Ein og annan gong m\u00e5 du manipulere terrenget litt.<\/p>\n<p>                    \u00d8ystein Furevik\/Gamer.no\n                <\/p>\n<p>Konklusjon<\/p>\n<p>Cronos: The New Dawn er eit spel som osar av stemning. Det n\u00e6rast dryp fr\u00e5 alle kantar, og dannar ein seig, tjukk dam du vassar gjennom. Stemninga er stjerna i spelet, for den gjennomsyrer aboslutt alt anna. Dette er den typen spel der du sjeldan tek sjansen p\u00e5 \u00e5 springe, for du veit aldri kva du kan springe inn i, kva du kan springe forbi, og kva du kan miste om du tek for store sjansar.<\/p>\n<p>Det er \u00f2g eit spel med ei fascinerande verd det er spanande \u00e5 finne ut meir om. Spelet sl\u00e5r deg ikkje over hovudet med forteljinga si, men deler den ut sakte, bit for bit, og i s\u00e5 sm\u00e5 dosar at mysteriuma er store, og svara f\u00e5.<\/p>\n<p>Om du treng noko dystert for \u00e5 halde deg varm i det komande haustm\u00f8rkret byr Cronos: The New Dawn p\u00e5 alt du treng. Her finn du ei desperat jakt p\u00e5 noko \u00e5 drepe fiendar med, ekle organiske former som et opp alt rundt seg, forvridde monster som ein gong var menneske, og tragiske skjebnar du berre ser spor av. <\/p>\n<p><strong>Cronos: The New Dawn er i sal for Nintendo Switch 2, PlayStation 5 (testa), Xbox Series S\/X og Windows 5. september.<\/strong><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det er noko med \u00e5 gjere det ein kan, det ein kjenner, og det som ligg i blodet.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":27063,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[57],"tags":[30,28,29,65,63,64,66,70,69,67,68],"class_list":{"0":"post-27062","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-vitenskap-og-teknologi","8":"tag-no","9":"tag-norge","10":"tag-norway","11":"tag-science","12":"tag-science-and-technology","13":"tag-scienceandtechnology","14":"tag-technology","15":"tag-teknologi","16":"tag-vitenskap","17":"tag-vitenskap-og-teknologi","18":"tag-vitenskapteknologi"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/27062","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=27062"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/27062\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/27063"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=27062"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=27062"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=27062"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}