{"id":271791,"date":"2026-06-20T08:29:19","date_gmt":"2026-06-20T08:29:19","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/271791\/"},"modified":"2026-06-20T08:29:19","modified_gmt":"2026-06-20T08:29:19","slug":"meiningar-hvl-hoge-ambisjonar-strammare-rammer","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/271791\/","title":{"rendered":"Meiningar, Hvl | H\u00f8ge ambisjonar, strammare rammer"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Debattinnlegg<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>I juni har H\u00f8gskulen p\u00e5 Vestlandet sett i gang eit arbeid med \u00e5 vurdera konsekvensar av \u00e5 flytta studieplassar mellom fakultet. Fleire har uttrykt uro og bekymring for arbeidet som no er i gang. Det m\u00e5 takast p\u00e5 alvor. Eg \u00f8nskjer i dette innlegget \u00e5 informera om og opplysa saka.<\/p>\n<p>Lat dette vera klart:<\/p>\n<p>HVL og v\u00e5re fem campus skal styrkast i \u00e5ra som kjem. V\u00e5re utdanningar skal ha rammer for \u00e5 utviklast i tr\u00e5d med dei h\u00f8gste ambisjonar. Erfarne og nye studentar som kjem til oss i august kan vera trygge p\u00e5 at dei vil m\u00f8ta sterke og stimulerande fag- og l\u00e6ringsmilj\u00f8 i Haugesund, p\u00e5 Stord, i Bergen, i F\u00f8rde og i Sogndal.<\/p>\n<p>Me har h\u00f8ge m\u00e5l for h\u00f8gskulen p\u00e5 alle v\u00e5re studiestadar. Men i tida me er inne i m\u00e5 heile HVL syta for \u00e5 n\u00e5 m\u00e5la innanfor strammare \u00f8konomiske rammer. Dette er ein del av den nasjonale politikken. Dette har me arbeidd med over tid. For ein stor del lukkast me innanfor utdanning, forsking og nyskaping. Det \u00e5 f\u00e5 meir ut av strammare rammer, gir ogs\u00e5 grunnlag for \u00e5 tru at me kan halda fram og styrka utviklinga i rekrutteringa av studentar me har sett dei siste par \u00e5ra. God studentrekruttering er avgjerande for heile h\u00f8gskulen si utvikling.<\/p>\n<p>Meir s\u00e6rskilt har det dei seinare \u00e5ra kome tydelege signal fr\u00e5 Kunnskapsdepartementet om \u00e5 dimensjonera utdanningstilbodet v\u00e5rt i tr\u00e5d med behova i samfunnet og innanfor n\u00e6rare spesifiserte omr\u00e5de. HVL har ansvar for \u00e5 gjera dette og sj\u00e5 til at l\u00f8yvde ressursar kjem i bruk p\u00e5 beste vis. Departementet forventar at HVL prioriterer helsefag, l\u00e6rarutdanningane, teknologi, sikkerheit, beredskap og omr\u00e5de som er s\u00e6rleg viktige for det gr\u00f8ne skiftet, og for eit h\u00f8gproduktivt og konkurransedyktig n\u00e6ringsliv.<\/p>\n<p>H\u00f8gskulen har over tid hatt ein del tomme studieplassar. Det er studieplassar kor me ikkje har studentar. Fleire ledige studieplassar er knytt til Fakultet for l\u00e6rarutdanning, kultur og idrett. Mykje av bakgrunnen ligg i at f\u00e6rre unge har valt utdanning til l\u00e6rar- og barnehagel\u00e6raryrket dei seinare \u00e5ra.<\/p>\n<p>Lokalt og nasjonalt legg HVL ned eit omfattande arbeid for \u00e5 styrka rekrutteringa av studentar til l\u00e6raryrket, og for \u00e5 utvikla utdanningane p\u00e5 eit vis som gjer dei meir attraktive for utdanningss\u00f8kande. Teikna til framgang me har hatt i 2025 og 2026 gir inspirasjon til \u00e5 satsa vidare.<\/p>\n<p>Men \u00e5 driva med tomme studieplassar over tid er ikkje god bruk av ressursar. Me kan d\u00e5 vurdera \u00e5 nytta kapasiteten og finansieringa som ledige studieplassar gir inn i andre utdanningar i h\u00f8gskulen.<br \/>Dei siste \u00e5ra har HVL hatt god s\u00f8king til helsefaglege utdanningar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, men ogs\u00e5 til ingeni\u00f8r- og teknologiske fag ved Fakultet for teknologi, milj\u00f8- og samfunnsvitskap. Her er eit tydeleg kompetansebehov og me kan ta opp fleire studentar. Skal me f\u00e5 til dette f\u00f8reset det tilf\u00f8ring av meir ressursar i form av studieplassar som i dag st\u00e5r tomme.<\/p>\n<p>\u00c5 flytta studieplassar og ressursar mellom fakulteta er inga enkel sak. Dilemma kjem opp. Mange moment m\u00e5 vurderast og vektast mot kvarandre. Desse perspektiva er viktige \u00e5 f\u00e5 godt fram. Difor m\u00e5 det konsekvensvurderast.<\/p>\n<p>HVL m\u00e5 uansett syta for ein fleksibilitet i dimensjoneringa. Om me lukkast med rekrutteringsarbeidet v\u00e5rt og trendar snur, slik at utdanningar som i dag har ledige studieplassar i st\u00f8rre grad fyller opp desse, m\u00e5 h\u00f8gskulen kunna tilpassa seg situasjonen og tilf\u00f8ra ressursar og studieplassar att p\u00e5 ein god m\u00e5te.<\/p>\n<p>Signala fr\u00e5 departementet er \u00e5 dimensjonera studieplassane v\u00e5re i tr\u00e5d med kompetansebehova rundt oss. Det er krevjande og det kan opplevast som motstridande. Men HVL har ansvar for \u00e5 gjera det.<\/p>\n<p>Difor g\u00e5r me ut i alle deler av h\u00f8gskulen for \u00e5 f\u00e5 fram konsekvensvurderingar der me kan f\u00e5 tydeleg fram oppsider og nedsider ved omfordeling av studieplassar. (https:\/\/www.hvl.no\/aktuelt\/konsekvensvurdering\/).<\/p>\n<p>Gjennom grundige konsekvensvurderingar kan heilskaplege vurderingar gjerast. H\u00f8gskulen arbeider med \u00e5 f\u00e5 dette grunnlaget fram til styret, f\u00f8rst i ei dr\u00f8ftingssak i september, so i ei vedtakssak i oktober.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1451467\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/DSCF3889.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Forslaget fr\u00e5 rektor vil f\u00e5 store konsekvensar for studietilboda ved FLKI samla sett\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1448984\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/DSCF3886.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Me er overraska og skuffa over at\u00a0Gunnar\u00a0Yttri ikkje er samd med oss i dette\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1448693\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/IMG_4518.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Det er f\u00e5 eller ingen st\u00f8rre verksemder med suksess her i regionen som ikkje har ei tydeleg stadleg leiing\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. I&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":271792,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,23402,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,1029,26,27,132],"class_list":["post-271791","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-hvl","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories","tag-utdanning"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116781499649771185","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/271791","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=271791"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/271791\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/271792"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=271791"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=271791"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=271791"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}