{"id":272026,"date":"2026-06-20T13:28:16","date_gmt":"2026-06-20T13:28:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/272026\/"},"modified":"2026-06-20T13:28:16","modified_gmt":"2026-06-20T13:28:16","slug":"trygve-slagsvold-vedum-vil-sende-ol-soknad","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/272026\/","title":{"rendered":"Trygve Slagsvold Vedum vil sende OL-s\u00f8knad"},"content":{"rendered":"\n<ul class=\"_list_145nj_3 _list_64s2r_85 _unordered_145nj_106 text-sans-m\">\n<li class=\"_item_145nj_30\">Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum vil at Norge skal s\u00f8ke om \u00e5 arrangere vinter-OL igjen.<\/li>\n<li class=\"_item_145nj_30\">Vedum meiner at OL bind folk saman og skapar samhald og glede.<\/li>\n<li class=\"_item_145nj_30\">Han \u00f8nskjer \u00e5 bruke mange av dei eksisterande idrettsanlegga for \u00e5 spare pengar.<\/li>\n<li class=\"_item_145nj_30\">Tidlegare har ein rekke parti p\u00e5 Stortinget vore positive til ein ny OL-s\u00f8knad. Vedum \u00f8nskjer \u00e5 gjere eit vedtak i haust om formelt \u00e5 jobbe for ein s\u00f8knad. <\/li>\n<\/ul>\n<p>Vis mer <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Ro, ro, ro! <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Fr\u00e5 det mektige Myklebustskipet ljomar det i takt fr\u00e5 seks VM-frelste senterpartistarsenterpartistarMedlemmar i Senterpartiet. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Skipet er 30 meter langt og seks meter breitt og ein full rekonstruksjon av det st\u00f8rste vikingskipet som er funne i Norge. H\u00f8vdingen denne kvelden kjem fr\u00e5 garden Bj\u00f8rby i Stange kommune langt inne i landet, langt fr\u00e5 b\u00e5de hav og nordamerikanske VM-stadionar. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kva held du eigentleg p\u00e5 med no? <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Eg elskar jo, eg elskar jo \u2026 Kva eg held p\u00e5 med? Ha ha ha, ler <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/tag\/trygve-slagsvold-vedum?utm_source=vg-article&amp;utm_medium=auto-tagger&amp;utm_campaign=0poeRM\" class=\"_link_145nj_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Trygve Slagsvold Vedum<\/a>.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Sp-leiaren tenkjer seg litt om f\u00f8r han svarar. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Fotball er den leiken i verda som samlar flest menneske. Det samlar og gleder heile verda. Eg meiner at vi m\u00e5 leike litt. Vikingtradisjonen er kamp, det bind oss saman og det er norsk identitet, seier han. <\/p>\n<p><img alt=\"KLAR TIL STRID: Trygve Slagsvold Vedum er stolt av norsk vikingtradisjon.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll\" class=\"_image_jw3bv_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"5107\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/2e66a967-de61-3e95-bc54-732f2ecd2cb4.jpeg\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"7150\"\/>KLAR TIL STRID: Trygve Slagsvold Vedum er stolt av norsk vikingtradisjon.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum har nemleg ei nyheit han vil dele om eit anna idrettsarrangement medan det norske folk gleder seg over fotball-VM. Han sender no eit brev til alle dei parlamentariske leiarane p\u00e5 Stortinget. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Bodskapen er klar: <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_145nj_25\">\u2013 Eg vil at Norge igjen skal ha vinter-OL. Vi m\u00e5 s\u00f8ke no, seier Vedum. <\/strong><\/p>\n<p>Les heile brevet her<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_145nj_25\">Invitasjon til samtale og samling om OL i Norge<\/strong><\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Kj\u00e6re parlamentariske ledere,<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Norge er et lite land med stolte idrettstradisjoner. B\u00e5de OL i Oslo i 1952 og p\u00e5 Lillehammer i 1994 skapte nasjonale folkefester og minner som mange av oss fortsatt holder h\u00f8yt. Jeg vil gjennom dette invitere dere til \u00e5 st\u00e5 sammen om et nytt felles, nasjonalt l\u00f8ft: at Norge tar p\u00e5 seg ansvaret for \u00e5 arrangere et nytt vinter-OL.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Et vinter-OL i Norge kan bli mer enn et idrettsarrangement. Det kan bli et prosjekt som bygger fellesskap, inspirerer nye generasjoner og viser at demokratiske land ogs\u00e5 tar ansvar n\u00e5r de st\u00f8rste internasjonale arrangementene skal gjennomf\u00f8res.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Vi vet at store idretts\u00f8yeblikk kan samle folk p\u00e5 tvers av geografi, alder, bakgrunn og politiske skillelinjer. N\u00e5r vi heier p\u00e5 de samme ut\u00f8verne, n\u00e5r frivillige stiller opp, og n\u00e5r lokalsamfunn f\u00e5r v\u00e6re vertskap, blir vi minnet om at vi h\u00f8rer sammen.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Et OL p\u00e5 norsk jord vil gi en kraftig inspirasjonsb\u00f8lge inn i idrettslagene v\u00e5re \u2013 s\u00e6rlig om vi kobler arrangementet tett til rekruttering og tiltak som gj\u00f8r det lettere \u00e5 delta uavhengig av \u00f8konomi.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_145nj_25\">Demokratiske stater m\u00e5 ogs\u00e5 ta ansvar for vinter-OL<\/strong><\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Vi ser en utvikling internasjonalt der store mesterskap i \u00f8kende grad havner i land der \u00e5penhet, pressefrihet og demokratiske spilleregler ikke alltid st\u00e5r like sterkt. Jeg mener det er viktig at demokratiske land ikke bare peker p\u00e5 utfordringene \u2013 men ogs\u00e5 tar ansvar og viser at det g\u00e5r an \u00e5 arrangere store idrettsarrangementer p\u00e5 en \u00e5pen og trygg m\u00e5te.\u00a0<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\"><strong class=\"_strong_145nj_25\">En oppfordring til \u00e5 samle oss<\/strong><\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Jeg \u00f8nsker derfor at vi \u2013 p\u00e5 tvers av partier \u2013 kan samle oss om et prinsippvedtak: At Norge b\u00f8r arbeide for \u00e5 f\u00e5 et nytt vinter-OL, og at vi gj\u00f8r det p\u00e5 en m\u00e5te som er \u00f8konomisk ansvarlig, b\u00e6rekraftig og til beste for bredden i norsk idrett. Et nytt OL i Norge vil ogs\u00e5 gj\u00f8re det naturlig at det investeres i et nytt toppidrettssenter.\u00a0<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 _paragraph_12fix_11 layout-component text-serif-m layout-normal text-sans-m layout-padded\">Jeg foresl\u00e5r at vi i trontalen 2026 fatter et prinsippvedtak om at Stortinget \u00f8nsker at regjeringen, i samspill med Norges Idrettsforbund og Olympiske og Paralympiske Komit\u00e9, jobber for at det skal arrangeres et nytt vinter-OL i Norge.\u00a0\u00a0<\/p>\n<p>Vis mer<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kvifor det? <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Fordi det bind folk saman. Viss nokon er i tvil om store idrettshendingar gjer det, ber eg dei sj\u00e5 kva som skjedde d\u00e5 Norge m\u00f8tte Irak i fotball-VM. Det skapte begeistring og fellesskap i Oslo sine gater, grendehus og stuer landet rundt, seier Vedum og utdjupar:<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Norge elskar vinter-OL. Vi b\u00f8r som eit velfungerande og godt demokratisk land vise at vi kan ha eit n\u00f8kternt og fint OL p\u00e5 nordisk og norsk vis, seier han. <\/p>\n<p><img alt=\"ORGANISERT: Senterpartiet jobbar med \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass \u00e5rene i skipet som st\u00e5r stilt ut i Sagastad i Nordfjordeid.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll\" class=\"_image_jw3bv_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"4673\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/cb625643-7307-35fb-94b6-8f4aae32d06b.jpeg\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"6542\"\/>ORGANISERT: Senterpartiet jobbar med \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass \u00e5rene i skipet som st\u00e5r stilt ut i Sagastad i Nordfjordeid.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Statsminister Jonas Gahr St\u00f8re (Ap) sa etter vinter-OL at vi m\u00e5 ta debatten om \u00e5 vere vertsland igjen. Ein ringerunde til dei andre partia viste at <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/nyheter\/i\/e7E2My\/stoere-aapner-for-norsk-ol-igjen\" data-track-element-type=\"Link\" data-track-id=\"link:e7E2My\" class=\"_link_145nj_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">eit klart fleirtal p\u00e5 Stortinget<\/a> var positive til \u00e5 s\u00f8ke. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Vedum meiner at politikarane i haust m\u00e5 ta eit nytt steg i den retninga. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Vi vil at Stortinget ber regjeringa g\u00e5 i dialog med Norges Idrettsforbund med m\u00e5l om \u00e5 at Norge skal arrangere vinter-OL. Vi fremmar eit forslag om \u00e5 vedta ei villigheitserkl\u00e6ring i samband med trontaledebatten i haust, seier han. <\/p>\n<p>   Vikingfeber i VM<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Fotballandslaget sitt vikingbilete f\u00f8r avreise til USA gjekk verda rundt. Biletet blei kalla \u00abgriseharry\u00bb i Morgenbladet. VG-kommentator Hans Petter Sj\u00f8li kravde \u00e5 f\u00e5 \u00ab<a href=\"https:\/\/www.vg.no\/nyheter\/i\/zOlL1r\/katastrofalt-vikingblod\" data-track-element-type=\"Link\" data-track-id=\"link:zOlL1r\" class=\"_link_145nj_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">vikingen ut av fotballen<\/a>\u00bb. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Sp-leiaren l\u00e9t seg ikkje stoppe. I 1994 var det H\u00e5kon og Kristin som var symbola p\u00e5 feiringa, men Vedum er stolt av vikingestetikken. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Han lanserer OL-kravet med vikinghjelm, skjold, vikingklede, sverd \u2026 og dongeribukser. Og eit ulveskinn over skuldra. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Den vikingtradisjonen vi er stolte av er at vi er t\u00f8ffe, t\u00f8r \u00e5 st\u00e5 i kampen og toler litt blod, sveitte og t\u00e5rer. Og s\u00e5 er det sj\u00f8lvsagt deler av vikingtradisjonen vi ikkje vil tilbake til, seier han. <\/p>\n<p><img alt=\"\" class=\"_image_jw3bv_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"4205\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/221a45aa-6519-3bb1-8cb1-12606b81766f.jpeg\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"5256\"\/><img alt=\"ST\u00c5L P\u00c5 HOVUDET: Vedum trivst i stridsutstyr fr\u00e5 vikingtida.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll\" class=\"_image_jw3bv_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"4315\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/15516344-79d9-30f6-8e53-22654159385f.jpeg\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"6041\"\/>ST\u00c5L P\u00c5 HOVUDET: Vedum trivst i stridsutstyr fr\u00e5 vikingtida.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kva tenkjer du om seksuell vald, nedbrenning av kyrkjer og drap p\u00e5 munkar, for \u00e5 ta nokre d\u00f8me? <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det er ein del av v\u00e5r historie det ogs\u00e5. Det var ekstremt brutalt. Men i idretten er det berre det morosame i det vi trekkjer fram. Og den urnorske kampkrafta er ein god ting, seier han. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Er du griseharry no?<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kall meg kva du vil. Det m\u00e5 vere litt g\u00f8y i livet ogs\u00e5. Det er altfor mykje alvor, seier han. <\/p>\n<p><img alt=\"ST\u00d8RSTE I NORGE: Det rekonstruerte Myklebustskipet er laga med utgangspunkt i det st\u00f8rste vikingskipet som er funne i Norge. Det var brent og blei funne p\u00e5 garden Myklebust i Nordfjordeid.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll\" class=\"_image_jw3bv_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"4975\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/8e076a75-2148-3419-97a6-274dd8ffae3f.jpeg\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"6965\"\/>ST\u00d8RSTE I NORGE: Det rekonstruerte Myklebustskipet er laga med utgangspunkt i det st\u00f8rste vikingskipet som er funne i Norge. Det var brent og blei funne p\u00e5 garden Myklebust i Nordfjordeid.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Vedum viser til at Den internasjonale olympiske komit\u00e9 (IOC) har g\u00e5tt bort fr\u00e5 strenge krav om at leikane m\u00e5 vere kompakte og berre haldast p\u00e5 ein stad. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Han seier at det opnar for \u00e5 arrangere OL i heile Norge der ein brukar mange av dei eksisterande idrettsanlegga ein gong til. Det vil spare skattebetalarane for pengar og gjere det mogeleg \u00e5 arrangere, meiner han. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det er mykje lettare \u00e5 transportere seg rundt i Norge no enn det var i 1994. I min draum har vi eit Norges-OL. Vi kan ha arrangement rundt i heile landet og pusse opp og bruke opp att mange av anlegga vi allereie har, seier Vedum. <\/p>\n<p>Stolt over Lillehammer-OL<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Han seier at han var sv\u00e6rt stolt av Lillehammer som OL-by og at det har betydd mykje for regionen hans. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Er du villig til \u00e5 bruke milliardar av kroner p\u00e5 dette dersom det er n\u00f8dvendig? <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det kan vere riktig \u00e5 bruke milliardar, s\u00e5 lenge dei blir investerte riktig kan det skape mykje aktivitet og verdiar i etterkant. Feil styrt kan det bli sl\u00f8sing, men riktig styrt kan ein bruke det til \u00e5 bygge arenaer for ein generasjon framover. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Vi m\u00e5 gjere dette p\u00e5 ein m\u00e5te som gjer at vi har glede av det ogs\u00e5 om fem \u00e5r, ti \u00e5r og tretti \u00e5r. Nord-Norge har vi f\u00e5 sk\u00f8ytehallar og ishallar. Vi kunne brukt dette prosjektet til \u00e5 bygge den typen fasilitetar der. Men vi treng ikkje bygge eit nytt bobanlegg. D\u00e5 pussar vi berre opp bobanlegget fr\u00e5 Lillehammer-OL, seier han. <\/p>\n<p><img alt=\"KLEDI MINE: \u201cKaute karar med kledi dei vart, til spe vert kar utan klede\u201d.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll\" class=\"_image_jw3bv_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"6521\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/31bcb96f-8dcd-37ec-b460-a67d80670ca2.jpeg\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"4658\"\/>KLEDI MINE: \u201cKaute karar med kledi dei vart, til spe vert kar utan klede\u201d.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Norsk idrett har etter Lillehammer-OL b\u00e5de jobba for nytt OL i Troms\u00f8 og i Oslo, utan at det har f\u00f8rt fram. Neste mogelegheit for \u00e5 f\u00e5 vinter-OL i Norge er 2038 \u2014 dersom Sveits ikkje endar med \u00e5 seie ja til \u00e5 arrangere \u2014 eller 2042. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Korleis unng\u00e5r ein at dette endar i ein ny lokaliseringsstrid? <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Med litt klokskap fr\u00e5 Norges Idrettsforbund kan ein sj\u00e5 at ein kan bruke eit nytt OL til \u00e5 bruke anlegga vi allereie har. I tillegg kan ein for d\u00f8mes bygge ein ishall i Troms\u00f8 og ha nokre av kampane der. Det vil bety mykje fr\u00e5 byen ogs\u00e5 dei neste tjue-tretti \u00e5ra, seier han. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">D\u00e5 Oslo vurderte \u00e5 s\u00f8ke om vinter-OL i 2014 fekk <a href=\"https:\/\/www.vg.no\/sport\/i\/nzgGo\/oslo-ol-kan-bli-to-ukers-pampefest-ioc-krever-gratis-sprit-paa-stadion-og-cocktail-fest-med-kongen\" data-track-element-type=\"Link\" data-track-id=\"link:nzgGo\" class=\"_link_145nj_39\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">VG tilgang til eit dokument med over 7000 sider med krav og spesifikasjonar<\/a>. <\/p>\n<p><img alt=\"H\u00d8VDING OG HUSKARL: Trygve Slagsvold Vedum, kommunestyrerepresentant Paul Jacob Helgesen i Stad Sp, r\u00e5dgjevar Per Martin Sandtr\u00f8en, stortingsrepresentant Erling Sande for Sp fr\u00e5 Sogn og Fjordane, lokallagsleiar \u00d8ystein Ragnar Aaseb\u00f8 i Stad Sp og stortingsrepresentant Geir Inge Lien for Sp fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll\" class=\"_image_jw3bv_65 layout-component layout-normal\" data-fullscreen- data-track-element-type=\"Article image fullscreen\" data-track-name=\"ImageFullscreen\" decoding=\"async\" loading=\"lazy\" height=\"4675\" itemprop=\"image\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/da57450e-e23a-3196-b783-af091b8c2846.jpeg\"  style=\"object-position:0% 0%\" width=\"5844\"\/>H\u00d8VDING OG HUSKARL: Trygve Slagsvold Vedum, kommunestyrerepresentant Paul Jacob Helgesen i Stad Sp, r\u00e5dgjevar Per Martin Sandtr\u00f8en, stortingsrepresentant Erling Sande for Sp fr\u00e5 Sogn og Fjordane, lokallagsleiar \u00d8ystein Ragnar Aaseb\u00f8 i Stad Sp og stortingsrepresentant Geir Inge Lien for Sp fr\u00e5 M\u00f8re og Romsdal.  Foto: Wilhelm S\u00e6rvoll<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Innhaldet skapte sterke reaksjonar: IOC kravde blant anna cocktail med kongen, eigne OL-felt p\u00e5 motorvegane der IOC-toppane skulle reise og eigne inngangar for IOC-medlemmane p\u00e5 flyplassen. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Kan vi unng\u00e5 at dette blir ein pampefest? <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Vi m\u00e5 berre st\u00e5 imot. Det er s\u00e5 \u00f8ydeleggande n\u00e5r det blir slikt. Norge var meir naivt i m\u00f8te med dette d\u00e5 vi arrangerte i 1994. Vi er p\u00e5 ein betre stad no med ei meir kritisk presse der f\u00e6rre ting slepp gjennom, seier han. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Eg trur at IOC ser at det \u00e5 ha eit Norges-OL vil bety mykje for heile idretten. Vi har sett fleire OL der det er f\u00e5 publikummarar. Her i Norge vil heile landet st\u00e5 p\u00e5 hovudet og fylle opp tribunane, seier han. <\/p>\n<p>\u2014 Gledeleg<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Idrettspresident Zaineb Al-Samarai er positiv til signala fr\u00e5 Senterpartiet. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Det er gledeleg at Senterpartiet, saman med fleire stemmer fr\u00e5 det politiske Norge, viser interesse for eit mogeleg framtidig OL og Paralympics i Norge, skriv Al-Samarai i ein e-post til VG. <\/p>\n<p><img decoding=\"async\" alt=\"Bilde av Zaineb Al-Samarai\" class=\"_image_148z4_25\" height=\"26\" itemprop=\"image\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/4bed5f58-b6ef-38fc-869d-1c505aefbcc7.jpeg\"  width=\"40\"\/><strong class=\"_name_148z4_34 title-serif-xs\">Zaineb Al-Samarai<\/strong><\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 text-sans-m _description_148z4_39\">Idrettspresident<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 Eit slikt initiativ fr\u00e5 Stortinget vil vere eit godt utgangspunkt for \u00e5 sj\u00e5 n\u00e6rmare p\u00e5 mogelegheitsrommet for eit mogeleg framtidig OL og Paralympics i Norge, legg ho til.<\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">Ho nyttar h\u00f8vet til \u00e5 be politikarane ogs\u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 andre grep for \u00e5 s\u00f8rgje for at Norge held seg i toppen av internasjonal idrett. <\/p>\n<p class=\"_paragraph_145nj_4 _paragraph_6fko5_10 layout-component text-serif-m layout-normal text-serif-m layout-padded\">\u2013 For norsk idrett er det sv\u00e6rt viktig at vi kjem i m\u00e5l med det nye nasjonale toppidrettssenteret. Uavhengig av eit framtidig OL og Paralympics p\u00e5 heimebane vil eit slikt senter sikre at Norge framleis blir ein leiande og konkurransedyktig toppidrettsnasjon, skriv ho. <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum vil at Norge skal s\u00f8ke om \u00e5 arrangere vinter-OL igjen. Vedum meiner at OL&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":272027,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[30,10583,28,281,29,820,83,82,280,3428],"class_list":["post-272026","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-no","tag-nordfjordeid","tag-norge","tag-norsk-politikk","tag-norway","tag-senterpartiet-sp","tag-sport","tag-sports","tag-trygve-slagsvold-vedum","tag-vinter-ol"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116782675724440636","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/272026","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=272026"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/272026\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/272027"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=272026"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=272026"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=272026"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}