{"id":278802,"date":"2026-06-27T16:44:32","date_gmt":"2026-06-27T16:44:32","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/278802\/"},"modified":"2026-06-27T16:44:32","modified_gmt":"2026-06-27T16:44:32","slug":"kvamsvagen-alversund-vil-gje-dei-unge-den-same-gleda-ho-hadde","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/278802\/","title":{"rendered":"Kvamsv\u00e5gen, Alversund | Vil gje dei unge den same gleda ho hadde"},"content":{"rendered":"\n<p>Ein overskya junidag leikar Sigrid Johansen saman med sonen sin Aksel Gaustad Johansen (1) p\u00e5 uteplassen ved ungdomshuset i Kvamsv\u00e5gen.<\/p>\n<p>At det ein gong har vore ei grusbane her, er vanskeleg \u00e5 sj\u00e5. For her er vekstvilk\u00e5ra for mose sv\u00e6rt gode.<\/p>\n<p>Midt i mosehavet st\u00e5r ei avfarga plastsklie heilt \u00e5leine, medan lauvskogen berre kjem tettare og tettare p\u00e5.<\/p>\n<p>\u2013 Det ser forlate og trist ut, seier Johansen og ser utover bana. Eitt\u00e5ringen leikar med sm\u00e5steinar ved sida av.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/FUJI8274.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Snart skal den einslege sklia f\u00e5 litt meir selskap p\u00e5 uteplassen. Ein ballbinge skal verte bygd ved sida av.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>Lyktestolpane fr\u00e5 90-talet er knapt \u00e5 skimta mellom dei overgrodde trea. Tida d\u00e5 det yrte av leik og moro, er for lengst forbi.<\/p>\n<p>\u2013 Det ser ut som at det ein gong var nokon som hadde det kjekt her, men ikkje no, seier Johansen.<\/p>\n<p>Men snart kan du knapt kjenna att uteplassen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/FUJI8353.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Bygda arrangerer 17. mai feriring kvart \u00e5r, og ungdomshuset har elles i \u00e5ret mange aktivitetar.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>  \u2013 Heilt uverkeleg<\/p>\n<p>Styret i Sambygdingen ungdomslag har lenge dr\u00f8ymt om \u00e5 oppgradera uteplassen sin. Medan ungdomshuset glitrar i nystroken m\u00e5ling, var dei siste oppgraderingane p\u00e5 mosebana p\u00e5 90-talet. D\u00e5 bana stod ny.<\/p>\n<p>Sigrid Johansen vaks sj\u00f8lv opp i nabolaget, og har mange gode barndomsminner fr\u00e5 tida d\u00e5 grusbana var fersk. Ho hugsar spesielt fotballturneringane mellom bygdene og fotballtreningane dei hadde.<\/p>\n<p>\u2013 Det var utruleg kjekt. Alle var samla. Eg var her heile tida, seier ho og mimrar tilbake.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/FUJI8366.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Sigrid Johansen ser stort eit potensial i uteplassen.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>Saman med broren, \u00d8ystein Johansen, tok ho initiativ til oppgraderinga. D\u00e5 slang resten av styret seg med og sende s\u00f8knad om tilskot til Sparebanken Norge.<\/p>\n<p>Etter ei stund fekk Johansen ein telefon fr\u00e5 banken. Dei hadde valt \u00e5 innvilga s\u00f8knaden p\u00e5 400 000 kroner.<\/p>\n<p>\u2013 Det var heilt uverkeleg. D\u00e5 tenkte eg at no f\u00e5r me det endeleg til, seier ho.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1475\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/FUJI6996.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1475;\"\/><\/p>\n<p>      Sigrid Johansen og Mailin Berg\u00e5s Hatten tek i mot tilskotet fr\u00e5 Sparebanken Norge under tildelinga tidlegare i juni.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>  \u2013 Alle kan komma<\/p>\n<p>Det finst nesten ikkje grenser for kva styret i Sambygdningen ungdomslag \u00f8nskjer \u00e5 f\u00e5 til med uteplassen sin. Det skal koma b\u00e5de ballbinge, sykkelbane og sitjeplassar, om ikkje meir viss pengane strekker til.<\/p>\n<p>P\u00e5 den m\u00e5ten kan folk i alle aldrar str\u00f8yma til leikeplassen, noko som har vore m\u00e5let deira.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1333\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/FUJI8308.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1333;\"\/><\/p>\n<p>      \u2013 \u00c5 ha ein m\u00f8teplass lokalt i Kvamsv\u00e5gen, vil styrka identiteten her. No stoppe jo ikkje folk her lenger, seier Johansen.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>\u2013 Me vil gje alle eit tilbod. Den eldre generasjonen kan komma og nyta kaffi etter ein tur, medan borna og ungdommane kan leika i ballbingen ved sida av.<\/p>\n<p>Motorsag-entusiastar i aksjon<\/p>\n<p>Etter sommaren skal ungdomslaget f\u00e5 svar p\u00e5 dei siste s\u00f8knadane. Dei 400 000 fr\u00e5 banken dekkjer berre ein tredel av den totale summen for prosjektet.<\/p>\n<p>\u2013 Om me ikkje f\u00e5r alt me \u00f8nskjer, er ballbingen hovudprioritet, seier Johansen og forsikrar at det uansett vert ei oppgradering.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/FUJI8399.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Johansen h\u00e5par ballbingen vil st\u00e5 ferdig til neste 17. mai. Den skal bli oppf\u00f8rt til venstre for sklia.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>Til hausten startar dugnadsarbeidet, der den overgrodde skogen er det f\u00f8rste som skal nedkjempast.<\/p>\n<p>\u2013 Me har mange ivrige motorsag-entusiastar, og s\u00e5 h\u00e5par eg at folk elles i bygda kjem for \u00e5 hjelpa til med borna sine.<\/p>\n<p>\u2013 Skapar identitet<\/p>\n<p>Medan regnet yrer ned, leikar eitt\u00e5ringen seg i plastsklia. Trappetrinna er litt for h\u00f8ge til at han klarar \u00e5 klatra opp sj\u00f8lv, s\u00e5 mora m\u00e5 hjelpa han.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/06\/FUJI8294.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      For \u00e5 henta inspirasjon til prosjektet, har Johansen vore p\u00e5 liknande uteplassen og notert ned idear.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>\u2013 Det hender me kjem her for \u00e5 leika litt i sklia, men elles blir ikkje bana mykje brukt.<\/p>\n<p>Johansen \u00f8nskjer \u00e5 gje det same til ungane i bygda, som ho fekk d\u00e5 ho vaks opp p\u00e5 90-talet.<\/p>\n<p>\u2013 M\u00e5let er at borna f\u00e5r eit anna forhold til heimstaden sin, og at det skjer ting her. Det er trass alt det som skapar identitet, seier ho.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Ein overskya junidag leikar Sigrid Johansen saman med sonen sin Aksel Gaustad Johansen (1) p\u00e5 uteplassen ved ungdomshuset&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":278803,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[12],"tags":[1751,23672,36,20,21,24,25,15,23671,22,23,13,30,28,29,14,16,1510,26,27,3985,42,43,44,45],"class_list":["post-278802","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-verden","tag-alver","tag-alversund","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-kvamsvagen","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories","tag-ungdom","tag-verden","tag-world","tag-world-news","tag-worldnews"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116823082551495034","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/278802","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=278802"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/278802\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/278803"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=278802"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=278802"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=278802"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}