{"id":280628,"date":"2026-06-29T14:32:16","date_gmt":"2026-06-29T14:32:16","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/280628\/"},"modified":"2026-06-29T14:32:16","modified_gmt":"2026-06-29T14:32:16","slug":"stad-skipstunnel-stad-dei-skal-bygge-stad-skipstunnel","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/280628\/","title":{"rendered":"Stad skipstunnel, Stad | Dei skal bygge Stad skipstunnel"},"content":{"rendered":"\n<p>Kontrakten for totalentreprisen for Stad skipstunnel har ein verdi p\u00e5 om lag 5,6 milliardar kroner ekskl. mva. og skal signerast i august. Byggjestart er planlagd tidleg i 2027. Det melder Kystverket.<\/p>\n<p>AF Gruppen vert tildelt kontrakten etter ein omfattande anbodsprosess, der tre tilbydarar var med i den siste forhandlingsrunden.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har vore heldige som har hatt dyktige og engasjerte tilbydarar med i konkurransen. Dei endelege tilboda kom inn i april, og etter ei vurdering vart det klart at AF Gruppen hadde det beste tilbodet. Vi ser no fram til eit godt samarbeid med ein erfaren norsk entrepren\u00f8r i gjennomf\u00f8ringa av dette historiske prosjektet, seier kystdirekt\u00f8r Einar Vik Arset.<\/p>\n<p>Totalentreprise<\/p>\n<p>Kontrakten er ei totalentreprise. Det inneber at entrepren\u00f8ren f\u00e5r ansvar b\u00e5de for prosjektering og bygging av Stad skipstunnel.<\/p>\n<p><b>Entreprisen omfattar mellom anna bygging av ein 1700 meter lang skipstunnel gjennom Stad-halv\u00f8ya, fr\u00e5 Kj\u00f8depollen i Vanylvsfjorden til Moldefjorden ved Selje. Tunnelen f\u00e5r ei h\u00f8gd p\u00e5 50 meter og ei breidd p\u00e5 36 meter.<\/b><\/p>\n<p>Arbeidet inkluderer i tillegg mellom anna bygging av entrings- og leiekonstruksjonar, opparbeiding av n\u00e6ringsomr\u00e5de ved tunnelportalane, frakt av steinmassar til eksterne mottakarar, sikring, fendring og tekniske installasjonar i tunnelen, samt utdjuping av skipsleia i Saltasundet ved Selje.<\/p>\n<p>Etter tildelinga f\u00f8lgjer ein kort karensperiode f\u00f8r kontrakten kan signerast. Planen er \u00e5 signere kontrakten etter fellesferien i august.<\/p>\n<p>Byggjestart neste \u00e5r<\/p>\n<p>F\u00f8r entrepren\u00f8ren startar sj\u00f8lve tunnelarbeidet, skal partane gjennom ein samhandlingsfase. M\u00e5let er \u00e5 f\u00f8rebu anleggsstart, etablere gode samarbeidsrutinar og avklare potensielle utfordringar f\u00f8r bygginga tek til.<\/p>\n<p>Samhandlingsfasen startar i august. Entrepren\u00f8ren vil \u00f2g starte arbeidet med detaljprosjektering av sine leveransar.<\/p>\n<p>\u2013 Dei store anleggsarbeida startar f\u00f8rst i 2027. F\u00f8r den tid kan det bli aktuelt med f\u00f8rebuande arbeid, som etablering av kontor- og bustadigg, tilpassingar p\u00e5 eksisterande vegar og etablering av anleggsvegar. Vi skal \u00f2g ha ut to underentreprisar no i sommar, for legging av vassleidningar og for \u00e5 rive bygningar som st\u00e5r i vegen for skipstunnelen, seier prosjektsjef for Stad skipstunnel, Harald Inge Johnsen.<\/p>\n<p>Ny kostnadsramme vedteke av Stortinget<\/p>\n<p>Fredag 19. juni vedtok Stortinget ei ny kostnadsramme (P85) for prosjekt Stad skipstunnel. Den nye kostnadsramma er p\u00e5 8.588 millionar kroner.<\/p>\n<p>Etter Stortinget sitt vedtak har Kystverket \u00f2g motteke nytt oppdrag og tildelingsbrev fr\u00e5 N\u00e6rings- og fiskeridepartementet. Dette gjev Kystverket grunnlaget for \u00e5 inng\u00e5 kontrakt for totalentreprisen og g\u00e5 vidare mot byggjestart av verdas f\u00f8rste skipstunnel, skriv dei.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kontrakten for totalentreprisen for Stad skipstunnel har ein verdi p\u00e5 om lag 5,6 milliardar kroner ekskl. mva. og&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":280629,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,1517,22,23,13,30,28,29,14,16,8790,2027,1504,1510,26,27],"class_list":["post-280628","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-kystverket","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-samferdsle","tag-stad","tag-stad-skipstunnel","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116833887567111087","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/280628","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=280628"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/280628\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/280629"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=280628"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=280628"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=280628"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}