{"id":288278,"date":"2026-07-07T22:25:39","date_gmt":"2026-07-07T22:25:39","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/288278\/"},"modified":"2026-07-07T22:25:39","modified_gmt":"2026-07-07T22:25:39","slug":"knarvik-trafikkskule-pa-sin-sjuande-hiace-det-er-sjukt-saert","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/288278\/","title":{"rendered":"Knarvik, Trafikkskule | P\u00e5 sin sjuande Hiace: \u2013 Det er sjukt s\u00e6rt"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Dei som har peiling, ser at det er ein bra \u00abhiakk\u00bb.<\/p>\n<p>Det seier Lukas Skrede (23) med eit smil medan han ser bort p\u00e5 bilen sin.<\/p>\n<p>Ein fin junikveld skin sola ned p\u00e5 den kvite lakken. P\u00e5 parkeringsplassen utanfor Knarvik senter st\u00e5r hjartebarnet til Skrede: Ein Toyota Hiace han har venta lenge med \u00e5 f\u00e5 kloa i.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00e5 eg s\u00e5g han, tenkte eg: Der er han. Etter ein time var han min.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/DSCF1454.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      \u2013 Eg har ein draum om \u00e5 k\u00f8yra den til \u00f8rkenen i Vest-Sahara. D\u00e5 er eg heilt \u00e5leine og m\u00e5 stola p\u00e5 det utstyret eg har med meg. D\u00e5 er denne perfekt.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>I juli i fjor fekk han endeleg n\u00f8klane til bilen, og med dei i handa byrja Skrede \u00e5 dr\u00f8yma om framtida.<\/p>\n<p>Brenn for bilar<\/p>\n<p>23-\u00e5ringen vaks opp i Fana og har dei siste to \u00e5ra studert til \u00e5 verta trafikkl\u00e6rar p\u00e5 Nord universitet i Stj\u00f8rdal. For tida bur han saman med kj\u00e6rasten p\u00e5 Frekhaug og jobbar som sommarvikar for Villanger trafikkskule.<\/p>\n<p>\u2013 Eg er utanom det vanlege. Eg brenn for bilar, seier han stolt og ser bort p\u00e5 varebilen sin.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/DSCF1493.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Bilen har ein 2L-T motor, som i kombinasjon med firehjulstrekk gjer at han lett kan klatra opp bakkar.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>Bilinteressa fekk Skrede inn p\u00e5 tanken om \u00e5 verta trafikkl\u00e6rar, og Hiacen \u00f8nskjer han \u00e5 bruka til undervisning i framtida.<\/p>\n<p>\u2013 Eg vil at folk skal vere flinke p\u00e5 vegane. Her l\u00e6rer dei seg bil og f\u00e5r ei anna innsikt i korleis det er \u00e5 ta f\u00f8rarkort. Det er god l\u00e6ring i dei tronge gatene i Bergen sentrum.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/DSCF1488.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      \u2013 Det er eit fantastisk k\u00f8yret\u00f8y som er praktisk i bruk og veldig lite feil p\u00e5, seier Skrede.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>Kontrasten til dei moderne skulebilane er stor, men Skrede trur framleis det er ei interesse for \u00e5 ha k\u00f8yreoppl\u00e6ringa i Hiacen.<\/p>\n<p>\u2013 Det er nok mange karar med refleksjakker her ute i \u00f8yane som hadde likt det. Dei f\u00e5r ei moglegheit som aldri f\u00f8r har vore der. Eg trur det aldri har vore ein \u00abhiakk\u00bb til skulebil f\u00f8r.<\/p>\n<p>P\u00e5 sin sjuande Hiace<\/p>\n<p>I den gamle travaren med l\u00e5gt kilometertal, m\u00e5 Skrede gjere alt sj\u00f8lv. Bilen er ikkje utstyrt med noko elektroniske system, berre ABS-bremser, airbag og trepunktsbelte. Alt Skrede treng av ein bil.<\/p>\n<p>\u2013 Kva er gleda ved \u00e5 k\u00f8yra autopilot med cruisekontroll n\u00e5r ein kan gira til eit l\u00e5gt gir opp Romarheimsdalen? sp\u00f8r han retorisk.<\/p>\n<p>1998-modellen til Skrede er ein av f\u00e5 godt bevarte Hiace-bilar. Den f\u00f8rre eigaren var eit telekraftselskap i Stavanger som berre brukte bilen i sommarhalv\u00e5ret.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1365\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/DSCF1481.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1365;\"\/><\/p>\n<p>      Det er ikkje mykje rust \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 bilen til Skrede.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>D\u00e5 Skrede s\u00e5g Finn-annonsen, m\u00e5tte han sl\u00e5 til. Han hadde venta lenge p\u00e5 Hiace i slik god stand.<\/p>\n<p>\u2013 Den er unik og j\u00e6kla driftssikker. Dei fleste \u00abhiakkar\u00bb er godt oppbrukte etter lang og tru teneste som varebil, men denne her er personbilregistrert. Det var rett opp med lommeboka og eg betalte med ein gong.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1369\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/DSCF1412.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1369;\"\/><\/p>\n<p>      \u00c5 bytta clutch var det einaste Skrede m\u00e5tte gjera d\u00e5 han kj\u00f8pte bilen.<br \/>\n      Foto: Sylvelin B\u00e6kken Toft\n    <\/p>\n<p>Om vinteren st\u00e5r Hiacen i garasjen for \u00e5 verna han mot saltet p\u00e5 vegane. D\u00e5 har Skrede ein annan Hiace-bil p\u00e5 lur.<\/p>\n<p>\u2013 Det er ei s\u00e6r interesse. Har du f\u00f8rst ein hiakk, s\u00e5 klarar du ikkje \u00e5 kvitta deg med han. Eg er p\u00e5 min sjuande \u00abhiakk\u00bb s\u00e5 langt, seier Skrede med ein latter.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dei som har peiling, ser at det er ein bra \u00abhiakk\u00bb. Det seier Lukas Skrede (23) med&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":288279,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[1751,36,60,61,8068,3275,62,30,28,29,1510,24069,24070],"class_list":["post-288278","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-alver","tag-art","tag-business","tag-economy","tag-hobby","tag-knarvik","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-story","tag-trafikkskule","tag-yrker"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116881046455219583","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/288278","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=288278"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/288278\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/288279"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=288278"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=288278"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=288278"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}