{"id":293289,"date":"2026-07-14T06:57:20","date_gmt":"2026-07-14T06:57:20","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/293289\/"},"modified":"2026-07-14T06:57:20","modified_gmt":"2026-07-14T06:57:20","slug":"kva-skjer-i-kinn-og-bremanger-kultur","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/293289\/","title":{"rendered":"Kva skjer i Kinn og Bremanger, Kultur"},"content":{"rendered":"<p>  Tysdag 14. juli<\/p>\n<p><b>Kl. 09.00 \u2013 Tur og kultur: Nipedag<\/b><\/p>\n<p>Flora Turlag har ikkje teke ferie. Tvert i mot, dei inviterer til Nipedag, der turen g\u00e5r fr\u00e5 rasteplassen ovanfor Eikefjord til Eikefjordst\u00f8ylen, Knollande, over Oksedalen, Nipevatnet, Skreene, Flatenipa, Likkjevatnet, Strandanipa, Hovlandsst\u00f8len og ned att til rasteplassen. Eg blei sliten berre av \u00e5 skrive det, men for dei som likar \u00e5 g\u00e5 i fjellet er det truleg om lag s\u00e5 bra som det kan f\u00e5 bli!<\/p>\n<p>Turen tek sju-\u00e5tte timar, og det er oppm\u00f8te og avreise fr\u00e5 parkeringsplassen p\u00e5 Evja klokka 09.00. Turleiar er Ove Hatleset, og vil du vere med m\u00e5 du <a href=\"https:\/\/www.facebook.com\/flora.dnt.no\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">melde deg p\u00e5 innan klokka 20.00 kvelden f\u00f8r<\/a>. <\/p>\n<p><b>Kl. 11.00 \u2013 Barnas Kystmuseum og b\u00e5tbyggjarverkstad<\/b><\/p>\n<p>Her skjer det som mange har venta p\u00e5, skriv dei sj\u00f8lv i det minste: Ingen ordentleg \u00abBarnas kystmuseum\u00bb utan ein b\u00e5tbyggjarverkstad! Hit kan du kome og bygge di eiga jekt med mast og segl, eller fargeleggje ein f\u00e6ring og henge den opp i Nordfjordb\u00e5t-utstillinga. Aktiviteten er tilgjengeleg heilt fram til dei stenger klokka 17.00.<\/p>\n<p>Det er kjekke aktivitetar for dei yngste kvar tysdag i heile juli. Gratis for barn, men vaksne m\u00e5 betale ein inngangsbillett. <\/p>\n<p>Onsdag 15. juli<\/p>\n<p><b>Kl. 13.00 \u2013 Teater p\u00e5 biblioteket i Svelgen<\/b><\/p>\n<p>Teaterstykket Raudhette st\u00e5r p\u00e5 programmet p\u00e5 biblioteket i Svelgen. Det er gratis for alle, men passar best for born som er mellom fem og ti \u00e5r gamle. Det er Thais Messillier og Therese Furstet som har regien, og arrang\u00f8r saman med biblioteket er ECCO. <\/p>\n<p>Torsdag 16. juli<\/p>\n<p><b>Kl. 18.00 \u2013 Lisa og Lunden sin legendariske bursdagsquiz<\/b><\/p>\n<p>Du er vant med \u00e5 finne Lisa og Lunden sine legendariske quizar p\u00e5 kroa p\u00e5 Svan\u00f8y, men denne gongen er dei stolte over \u00e5 invitere til quiz p\u00e5 Kjellarhuset. Ja, det er framleis p\u00e5 Svan\u00f8y d\u00e5. Dei har toppa laget og fyrer i gang med temaet \u00abbursdag\u00bb, og kva er vel betre enn bursdag? Fint lite! Det vert levande musikk, praktiske og upraktiske oppg\u00e5ver, og truleg er det vel nokon som har bursdag den dagen og. Dette blir truleg veldig kjekt, den gode og d\u00e5rlege nyheita er at dei skriv p\u00e5 Facebook at det er utseld. <\/p>\n<p>Dette er ein del av programmet til Svan\u00f8yveka, som startar opp tysdag 14. juli. D\u00e5 er det mogleg \u00e5 ta turen til Svan\u00f8y og ete femrettars middag kvar dag med lokale r\u00e5varer som laks, hjort og gr\u00f8nsaker i sesong. Det er og lunsj og grill kvar dag.<\/p>\n<p>Fredag 17. juli<\/p>\n<p><b>Kl. 16.05 Tur til Vingen<\/b><\/p>\n<p>I sommar arrangerer Bremanger kommune faste turar til Vingenfeltet kvar fredag, fr\u00e5 og med 26. juni til og med 21. august. Du m\u00e5 melde deg p\u00e5 om du vil vere med, og det m\u00e5 vere minimum fire personar for at det skal bli tur. Dei har plass til 40 personar og to guidar. Les meir her: <a href=\"https:\/\/bremanger.kommune.no\/aktuelt-i-kommunen\/turar-til-vingen-2026.6900.aspx\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Turar til Vingen 2026<\/a><\/p>\n<p><b>Kl. 19.00 \u2013 Stein Torleif Bjella \u2013 konsert<\/b><\/p>\n<p>Han treng vel ingen n\u00e6rmare presentasjon? Stein Torleif Bjella har blitt folkekj\u00e6r og allemannseige, og har du ikkje sett han spele i levande live f\u00f8r har du no sjansen. Han spelar i Kulturl\u00e5ven p\u00e5 Svan\u00f8y, og om ikkje det blir bra skal underteikna ete ein hatt eller noko liknande. I skrivande stund finn vi ingen ledige billettar p\u00e5 TicketCo, s\u00e5 her blir det nok fullt hus, slik det jo skal vere p\u00e5 Svan\u00f8y n\u00e5r det kjem storfint bes\u00f8k. <\/p>\n<p><b>P\u00e5 kino i Flor\u00f8 denne dagen:<\/b><\/p>\n<ul>\n<li>18.00 \u2013 Vaiana<\/li>\n<li>20:30 \u2013 The Oddyssey (NB: I skrivande stund er denne ikkje lagt ut p\u00e5 heimesida til kinoen, men det skjer truleg i l\u00f8pet av m\u00e5ndag kveld)<\/li>\n<\/ul>\n<p><b>P\u00e5 kino i Bremanger denne dagen:<\/b><\/p>\n<p>Laurdag 18. juli<\/p>\n<p><b>Kl. 10.00 \u2013 Barnas loppemarknad<\/b><\/p>\n<p>Dette skjer i Flor\u00f8hallen, mellom klokka 10 og 15. Her kan barna selje, byte eller gi bort leikar, spel, b\u00f8ker og kle dei ikkje brukar lenger. Ta med det du vil kvitte deg med og bli med p\u00e5 ein morosam dag fylt med liv, handel og sommarstemning. Flor\u00f8 Sanitetsforening stiller og vil ha open kaf\u00e9. <\/p>\n<p>Det er Byen V\u00e5r Flor\u00f8 som er arrang\u00f8r, og vil du vere med kan du melde deg p\u00e5 her: <a href=\"https:\/\/www.floro.no\/kva-skjer\/barnas-loppemarknad\/?fbclid=IwZXh0bgNhZW0CMTAAYnJpZBExaWcxbnFOMnpURkN3cHdWaHNydGMGYXBwX2lkEDIyMjAzOTE3ODgyMDA4OTIAAR6-NI7-ABARsPtpQ_8WNIFznkhL8girPSGJRoH_XckVFWMxEFfbbrmfHcRwlQ_aem_oYylAKwYQFYuQtZe_wxqdA\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Barnas loppemarknad i Sommarbyen Flor\u00f8<\/a><\/p>\n<p><b>Kl. 20.00 \u2013 Kaidans i Stavang<\/b><\/p>\n<p>Det er alts\u00e5 dans p\u00e5 kaia, og ikkje ein eller annan som heiter Kai som kjem for \u00e5 danse. Det kan vere greitt \u00e5 vite. Det er Ludviken som er arrang\u00f8r, og det er Mini Jacks som skal s\u00f8rge for den gode stemninga. Rykta fortel at dei leverer musikk for dei som likar sving, line dance eller rett og slett likar ein god allsong. V\u00earmeldinga er lovande, men Ludviken har ein plan B om det skulle blir regn. Fest blir det uansett!<\/p>\n<p><b>Kl. 20.00 \u2013 Eva Weel Skram \u2013 konsert<\/b><\/p>\n<p>Pub og grill fr\u00e5 klokka 17, konsert klokka 20.00 med dyktige Eva Weel Skram. Det er p\u00e5 Svan\u00f8y det skjer denne helga, og Skram treng vel heller ikkje nokon st\u00f8rre presentasjon. Ho har berre blitt betre og betre gjennom karrieren, med personlege tekstar og gode melodiar. Her har vi f\u00e5tt rapport om at det er selt godt med billettar, men framleis er det mogleg \u00e5 skaffe seg billettar her. <\/p>\n<p><b>P\u00e5 kino i Flor\u00f8 denne dagen:<\/b><\/p>\n<p>S\u00f8ndag 19. juli<\/p>\n<p><b>P\u00e5 kino i Flor\u00f8 denne dagen:<\/b><\/p>\n<ul>\n<li>Kl. 16.00 \u2013 Superhunden Charlie<\/li>\n<li>Kl. 18.15 \u2013 Vaiana<\/li>\n<li>Kl. 20.45 \u2013 The Oddyssey (NB: I skrivande stund er denne ikkje lagt ut p\u00e5 heimesida til kinoen, men det skjer truleg i l\u00f8pet av m\u00e5ndag kveld)<\/li>\n<\/ul>\n<p>Vi tek ikkje alltid med gjentakande arrangement i v\u00e5r oversikt. Du kan finne fleire arrangement p\u00e5 aktivitetskalenderen til Kinn kommune her: <a href=\"https:\/\/kinn.friskus.com\/events?filters=global_filters_municipalities(EQ)25262c64-c1f1-4d1d-bb78-7bf4b458ec9e$$true\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Friskus Kinn<\/a>.<\/p>\n<p>Aktivitetskalenderen til Bremanger finn du her: <a href=\"https:\/\/bremanger.foreningsportal.no\/kalender\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">Foreiningar i Bremanger.<\/a><\/p>\n<p>Er det noko vi har gl\u00f8ymt? Send e-post til redaksjon@firdaposten.no s\u00e5 legg vi det til s\u00e5 fort vi kan!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Tysdag 14. juli Kl. 09.00 \u2013 Tur og kultur: Nipedag Flora Turlag har ikkje teke ferie. Tvert i&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":293290,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[58],"tags":[36,1585,71,6234,410,24272,30,28,29,1510,19213,72],"class_list":["post-293289","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-underholdning","tag-art","tag-bremanger","tag-entertainment","tag-kinn","tag-kultur","tag-kva-skjer-i-kinn-og-bremanger","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-story","tag-underhaldning","tag-underholdning"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116917032982498382","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/293289","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=293289"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/293289\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/293290"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=293289"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=293289"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=293289"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}