{"id":29571,"date":"2025-09-08T03:52:13","date_gmt":"2025-09-08T03:52:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/29571\/"},"modified":"2025-09-08T03:52:13","modified_gmt":"2025-09-08T03:52:13","slug":"folk-friluftsliv-utever-pa-kom-deg-ut-dagen-sma-og-store-kasta-seg-uti-kjende-og-ukjende-aktivitetar","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/29571\/","title":{"rendered":"Folk, Friluftsliv | Utev\u00ear p\u00e5 Kom deg ut-dagen: Sm\u00e5 og store kasta seg uti kjende og ukjende aktivitetar"},"content":{"rendered":"\n<p>Til \u00e5 markera Kom deg ut-dagen i Vannbassengan denne sundagen hadde Stavanger Turistforening og Barnas Turlag Dalane f\u00e5tt med seg ei rekke lokale lag og foreiningar som driv med friluftsliv og utand\u00f8rsaktivitetar. Dermed blei dagen ein kombinasjon av tur- og aktivitetsdag \u2013 til stor glede for alle som liker at det skjer noko.<\/p>\n<p>I Kjerketj\u00f8dne var det rift om b\u00e5de kanoane og kajakkane. Therese Kristoffersen Haldma (7,5) var ikkje skeptisk til \u00e5 bli sj\u00f8sett sj\u00f8lv om kajakk ikkje er ein farkost ho er spesielt godt kjent med.<\/p>\n<p>\u2013 Men eg kan padla. Eg har padla mykje p\u00e5 SUP-brett, forsikra ho og la av garde for \u00e5 n\u00e5 igjen venninna Sikke Osaland Pedersen (6,5).<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5202\" height=\"3464\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9966.JPG\" alt=\"Therese Kristoffersen Haldma (7,5), kajakk, kjerketj\u00f8dne&#10;\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5202 \/ 3464;\"\/><\/p>\n<p>    KONTROLL P\u00c5 \u00c5RA: Therese Kristoffersen Haldma (7,5) har padla p\u00e5 SUP-brett f\u00f8r og rekna ikkje med at det var verre \u00e5 ta seg fram i kajakk.<br \/>\n    Foto: Keth Odland\n  <\/p>\n<p>Br\u00f8rne Simon (7) og Jakob (5) Blakstad Egeland var ferdige med sin kajakktur d\u00e5 DT trefte dei med kvar si grillp\u00f8lse med spr\u00f8l\u00f8k.<\/p>\n<p>\u2013 Me har padla f\u00f8r. Ganske mykje, fortalde gutane om erfaringa har dei skaffa seg p\u00e5 Gaudland i Sokndal, der dei har vore p\u00e5 tur med Barnas Turlag fleire gonger.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9969.JPG\" alt=\"Jakob (5) og Simon Blakstad Egeland (7)\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>    FRILUFTSMAT: Jakob (5) og Simon Blakstad Egeland (7) fekk kvar si grillp\u00f8lse med spr\u00f8l\u00f8k etter kajakkturen p\u00e5 Kjerketj\u00f8dne.<br \/>\n    Foto: Keth Odland\n  <\/p>\n<p>Blant foreiningane som var i Vannbassengane for \u00e5 presentera seg og aktivitetane sine, var Eigersund Frisbeegolfklubb. Erik \u00d8en Svan\u00f8e (5) let seg freista til \u00e5 pr\u00f8va \u00e5 treffa ei av korgene som var plasserte ut i skogen. Det var ikkje lett. Men \u00e5 gi seg kom ikkje p\u00e5 tale.<\/p>\n<p>Og den stae vinn som regel. Ogs\u00e5 i dette tilfellet. Kom ut deg ut-dagen blei dagen d\u00e5 Erik klarte \u00e5 f\u00e5 sin f\u00f8rste frisbee i korga. Dermed vanka det buff i premie.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9980.JPG\" alt=\"Erik \u00d8en Svan\u00f8e kastar frisbee, Daniel Eriksen fr\u00e5 Eigersund Frisbeegolfklubb\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>    GAV IKKJE OPP: Erik \u00d8en Svan\u00f8e (5) nekta \u00e5 gi seg f\u00f8r han hadde f\u00e5tt ein av frisbeeane til Daniel Eriksen oppi korga.<br \/>\n    Foto: Keth Odland\n  <\/p>\n<p>Speidarane var p\u00e5 plass med ei rekke ulike aktivitetar. Oddvar Aamodt si utfordring handla om r\u00e5 kraft. Til bilen sin hadde han festa eit tau av samanbundne sykkelslangar \u2013 vel \u00e5 merka godt brukte og med hol i. S\u00e5 var det hal i og dra for \u00e5 f\u00e5 bilen til \u00e5 bevega seg. Men det gjekk ikkje.<\/p>\n<p>\u2013 Bilen lar seg ikkje rikka. Dette er bare for g\u00f8y. Me har hatt denne aktiviteten i \u00e5tte \u00e5r, b\u00e5de p\u00e5 Kom deg ut-dagen og p\u00e5 Sommar p\u00e5 Sletteb\u00f8. Det er alltid popul\u00e6rt. Men n\u00e5 treng eg nye sykkelslangar. Eg m\u00e5 ta meg ein runde til sykkelbutikkane i byen og h\u00f8yra om dei har nokon \u00f8ydelagde eg kan f\u00e5, smilte Aamodt, som er gruppeleiar i 1. Egersund.<\/p>\n<p><b>Bla for \u00e5 sj\u00e5 fleire bilde fr\u00e5 Kom deg ut-dagen:<\/b><\/p>\n<p>  <a data-static=\"\" href=\"#skip-\" class=\"brick-c-fgNmNC\">Hopp over karusellen.<\/a><\/p>\n<p data-static=\"\" class=\"brick-c-fgNmNC\" id=\"carousel-title-\">Innholdskarusell med 14 artikler.<\/p>\n<ul data-static=\"\" class=\"contents-wrapper\" data-contents-wrapper=\"\" tabindex=\"0\" data-min-slides-to-show=\"1\" aria-label=\"Skrollbart innhold\">\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 1\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9971.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 2\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9975.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Erik \u00d8en Svan\u00f8e (5) hadde ingen planar om \u00e5 gi seg f\u00f8r han hadde treft korga med ein av frisbeeane. <\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 3\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9983.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Til slutt trefte han, og d\u00e5 vanka det sj\u00f8lvsagt premie p\u00e5 frisbeegolfdebutant Erik fr\u00e5 Daniel Eriksen i Eigersund frisbeegolfklubb. <\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 4\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3239\" height=\"2204\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9985.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3239 \/ 2204;\"\/><\/p>\n<p>Aryen Sido (8) pr\u00f8ver \u00e5 flytta bilen til Oddvar Aamodt, gruppeleiar i 1. Egersund speidargruppe. <\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 5\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9990.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Ogs\u00e5 Aryen si s\u00f8ster og mor, Fatima og Berivan, var med p\u00e5 Kom deg ut-dagen i Vannbassengan.  <\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 6\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3447\" height=\"2467\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_0028.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3447 \/ 2467;\"\/><\/p>\n<p>Rakel Oftedal (9) (t.v.) og Henny Marie Westby (11) kom seg ikkje bare ut, dei kom seg \u00f2g uti. Jentene er fr\u00e5 Gjesdal og Drammen, men var sundag p\u00e5 bes\u00f8k hj\u00e5 Rakel si mormor og morfar i Egersund.<\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 7\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2840\" height=\"2211\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_0023.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2840 \/ 2211;\"\/><\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 8\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_0020.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Soppbordet til J\u00e6rsoppen vekte interesse hos Hallvard Blakstad Egeland. Med seg har han Simon og Olivia. <\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 9\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_0007.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Eit slags luftgev\u00e6r, bare at prosjektilet er ei flaske med vatn som blir pumpa opp med luft. Bestemor Jorunn Hadland ser til at det g\u00e5r rett og trygt f\u00f8re seg  n\u00e5r Lars (3,5) pumpar. <\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 10\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_0015.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Vatnet sprutar n\u00e5r Lars (3,5) fyrer av. <\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 11\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5012\" height=\"3364\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_0016.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5012 \/ 3364;\"\/><\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 12\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9961.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Therese Kristoffersen Haldma klar for kajakktur<\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 13\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"3456\" height=\"5184\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9955.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 3456 \/ 5184;\"\/><\/p>\n<p>Blant dei som ville ut p\u00e5 Kjerketj\u00f8dne, var s\u00f8strene Mia (4) og Louise (2) M\u00e6hle Ellingham. Med seg som b\u00e5tf\u00f8rar hadde dei bestemor Helene M\u00e6hle.<\/p>\n<\/li>\n<li data-static=\"\" data-content-wrapper=\"\" data-content-item=\"\" tabindex=\"-1\" aria-label=\"Artikkel 14\">\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9954.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>Mia, Louise og bestemor Helene M\u00e6hle<\/p>\n<\/li>\n<\/ul>\n<p>Kom deg ut-dagen er ei god anledning for generasjonane til \u00e5 vera saman ute i det fri. Ved eit bord i speidarleiren hadde tre blad Sagland tatt seg ein rast. Bestefar Thor Bernhard Sagland bur p\u00e5 Hovden, men er utflytt hedlandsbu og var i helga p\u00e5 bubiltur p\u00e5 gamle tomter.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_9995.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>    BESTEFAR OG BEATRICE: Halvanna \u00e5r gamle Beatrice har same etternamn som morfar Thor Berhard, nemleg Sagland. Sistnemnde er fr\u00e5 Helleland, men bur n\u00e5 p\u00e5 Hovden. <\/p>\n<p>\u2013 Veldig kjekt \u00e5 kunna vera i lag med dotter og barnebarn p\u00e5 eit s\u00e5 flott opplegg som dette, syntest Thor Bernhard.<\/p>\n<p>\u00c9in grunn til \u00e5 koma seg ut kan vera all den fine soppen som finst der ute. Ogs\u00e5 i Vannbassengan veks det mykje sopp, men d\u00e9t er det mange som veit om, s\u00e5 du m\u00e5 vera utom deg om vil sikra deg litt.<\/p>\n<p>\u2013 Det er mange som sankar sopp i Vannbassengan, veit Johan Tore R\u00f8dland i foreininga J\u00e6rsoppen.<\/p>\n<p>Saman med Hilde Marie Dybing Johnsen sat han bak eit bord bugnande av ei rekke ulike soppsortar, klar til b\u00e5de \u00e5 reklamera for og svara p\u00e5 sp\u00f8rsm\u00e5l om sopp fr\u00e5 dei som hadde kome seg ut p\u00e5 sundag.<\/p>\n<p>\u00c9in av dei som stansa opp ved soppbordet for \u00e5 sj\u00e5, sp\u00f8rja og lukta, var Hallvard Blakstad Egeland.<\/p>\n<p>\u2013 Eg liker b\u00e5de \u00e5 plukka og \u00e5 eta sopp, men det blir mest av det siste. Eg skulle g\u00e5tt mykje meir p\u00e5 sopptur, beklaga han.<\/p>\n<p>Trompetsopp og traktkantarell, og ikkje minst den aller beste, steinsoppen, er blant det han ser etter n\u00e5r han er p\u00e5 sanking.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5184\" height=\"3456\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/IMG_0021.JPG\" alt=\"Hallvard Blakstad Egeland, J\u00e6rsoppen ved Hilde Marie Dybing Johnsen og Johan Tore R\u00f8dland\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5184 \/ 3456;\"\/><\/p>\n<p>    SKOGENS DELIKATESSAR: Soppbordet til Hilde Marie Dybing Johnsen og Johan Tore R\u00f8dland fr\u00e5 J\u00e6rsoppen vekte interesse hos Hallvard Blakstad Egeland.<br \/>\n    Foto: Keth Odland\n  <\/p>\n<p><b>\u2013 Korleis og til kva bruker du sopp?<\/b><\/p>\n<p>\u2013 Sopp steikt i lag med l\u00f8k som topping p\u00e5 pizza, saman med creme fraische; det er digg, det.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Til \u00e5 markera Kom deg ut-dagen i Vannbassengan denne sundagen hadde Stavanger Turistforening og Barnas Turlag Dalane f\u00e5tt&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":29572,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,524,20,21,4781,88,24,25,89,3797,15,22,23,13,30,28,29,14,16,1510,26,27],"class_list":{"0":"post-29571","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-barn-og-unge","10":"tag-breaking-news","11":"tag-breakingnews","12":"tag-dt","13":"tag-eigersund","14":"tag-featured-news","15":"tag-featurednews","16":"tag-folk","17":"tag-friluftsliv","18":"tag-headlines","19":"tag-latest-news","20":"tag-latestnews","21":"tag-news","22":"tag-no","23":"tag-norge","24":"tag-norway","25":"tag-nyheter","26":"tag-overskrifter","27":"tag-story","28":"tag-top-stories","29":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/29571","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=29571"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/29571\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/29572"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=29571"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=29571"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=29571"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}