{"id":296329,"date":"2026-07-17T16:49:18","date_gmt":"2026-07-17T16:49:18","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/296329\/"},"modified":"2026-07-17T16:49:18","modified_gmt":"2026-07-17T16:49:18","slug":"debatten-debatt-vi-bor-ro-for-dei-som-produserer-maten-var","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/296329\/","title":{"rendered":"Debatten, Debatt | Vi b\u00f8r ro for dei som produserer maten v\u00e5r"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Debattinnlegg<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger.<\/p>\n<p>Like sikkert som at sommaren kjem, kjem ogs\u00e5 nyheitene om tap av sau til rovdyr. Like sikkert som at vedtak om skadefelling kjem, kjem ogs\u00e5 hetsen av og usaklege p\u00e5standar om b\u00f8nder i sosiale media.<\/p>\n<p>Det er forstemmande \u00e5 sj\u00e5 at dei som meiner vi ikkje skal ta ut eit einaste rovdyr kallar b\u00f8nder for dumme, dei skuldar dei for ikkje \u00e5 passe p\u00e5 dyra sine, dei p\u00e5st\u00e5r b\u00f8ndene g\u00e5r p\u00e5 \u00abtrygd\u00bb og andre nedsettande og meir alvorlege kommentarar.<\/p>\n<p>Den norske rovviltforvaltninga er basert p\u00e5 at vi skal legge til rette for ei tosidig m\u00e5lsetting. Det betyr at det skal kunne g\u00e5 an \u00e5 b\u00e5de ha bestandar av rovvilt og samtidig kunne drive norsk matproduksjon. Beiteressursane som ligg i utmarka er ein viktig ressurs for auka norsk matforsyning. Det er ei forvaltning basert p\u00e5 bestandsm\u00e5l og ei soneforvaltning der rovdyr og beitedyr har ei noko ulik prioritering.<\/p>\n<p>Historisk tok b\u00f8ndene sj\u00f8lve ut dei rovdyra som angrep dyra sine. I dag er det slik at det er strenge reguleringar for \u00e5 kunne ta ut rovdyr. I praksis kan ikkje b\u00f8ndene beskytte sauene sine, men er avhengige av eit storsamfunn som b\u00e5de ser og forst\u00e5r kva tiltak som m\u00e5 setjast inn for \u00e5 avgrense skader.<\/p>\n<p>N\u00e5r berre 3 % av Norge er dyrka jord og 40 % er utmarksbeite, seier det seg sj\u00f8lv at vi vil svekke norsk matforsyning om vi ikkje forvaltar rovviltbestanden og legg utmarksbeitet brakk. Utmarksareala i ulvesona kan ikkje nyttast til beiting lenger og det er ein politikk vedteken av Stortinget. I sommar er det beiteprioriterte omr\u00e5de i Tr\u00f8ndelag, Hedmark og Oppland som har opplevd store tap av sau til ulv, igjen. Det er uakseptabelt fordi det her skal vere prioritert for beite og matproduksjon. Det har vore store tap av sau til bj\u00f8rn nord for Dovre og debattklimaet kring uttak av bj\u00f8rnane som gjer skade har vore hardt.<\/p>\n<p>Alle dei som klaskar p\u00e5 tastaturet et ogs\u00e5 mat kvar dag. Dersom vi ikkje regulerer rovviltbestanden i Norge vil etter kvart all matproduksjon basert p\u00e5 utmarksressursar bli borte. Da vil den norske sj\u00f8lvforsyninga g\u00e5 drastisk ned og det blir lite mat p\u00e5 bordet etter kvart.<\/p>\n<p>I stor respekt for alle dei som 24\/7 \u00e5ret rundt g\u00e5r i fj\u00f8set, dyrkar jorda og steller med dyra, b\u00f8r vi heller sette oss inn i korleis dei jobbar for \u00e5 f\u00e5 hjula til \u00e5 g\u00e5 rundt. I staden for \u00e5 hetse b\u00f8nder som mister sau til rovvilt b\u00f8r vi ro for dei.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Debattinnlegg Dette er et debattinnlegg, skrevet av en ekstern bidragsyter. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdninger. Like sikkert&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":296330,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,24422,20,21,37,5518,24,25,15,755,22,23,13,30,28,29,14,1533,16,41,1520,1963,26,27],"class_list":["post-296329","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-beitebruk","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-debatt","tag-debatten","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-landbruk","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-rovdyr","tag-senterpartiet","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116936347840508736","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/296329","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=296329"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/296329\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/296330"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=296329"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=296329"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=296329"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}