{"id":29821,"date":"2025-09-08T16:52:07","date_gmt":"2025-09-08T16:52:07","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/29821\/"},"modified":"2025-09-08T16:52:07","modified_gmt":"2025-09-08T16:52:07","slug":"fiskebatar-i-cyberangrep-svaert-alvorleg-seier-norske-styresmakter","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/29821\/","title":{"rendered":"Fiskeb\u00e5tar i cyberangrep: \u2013 Sv\u00e6rt alvorleg, seier norske styresmakter"},"content":{"rendered":"<p>Han og reiarlaget \u00f8nskjer \u00e5 vere anonyme. For dei fryktar at dei kan bli utsette for liknande hendingar i framtida.<\/p>\n<p><strong>Skipperen fortel at det vart vanskeleg \u00e5 styre b\u00e5ten, og at dette gradvis forverra seg.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r det vart p\u00e5 det verste, m\u00e5tte vi gi oss. Vi avbraut fisket og gjekk lenger vekk fr\u00e5 delelinja.<\/p>\n<p><strong>Jamminga varte i fleire timar, og varierte i styrke. Og det gjentok seg dagen etter. I denne perioden var skipperen i kontakt med ein representant for norske styresmakter.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Dei sa at dette var ei veldig kraftig jamming. Dei fortalde og at russarane set opp droneforsvarssystem, og at jamminga kanskje kunne knytast til testing av dette systemet. Og rett f\u00f8r det byrja passerte eit norsk kystvaktfart\u00f8y, s\u00e5 det kan ogs\u00e5 ha vore retta mot dei.<\/p>\n<p>\u2013 S\u00e5 du trur ikkje dette var retta mot norsk fiskeriaktivitet?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Ikkje n\u00f8dvendigvis, men det veit vi ikkje.<\/strong><\/p>\n<p>Stadfestar<\/p>\n<p>Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) opplyser til Sunnm\u00f8rsposten at dei har f\u00e5tt fleire rapportar om liknande hendingar.<\/p>\n<p>\u2013 Vi kan stadfeste at det er rapportert fleire episodar i starten av august der fiskeb\u00e5tar har opplevd bortfall av GPS. Dette er hendingar vi tek sv\u00e6rt alvorleg, og som vi f\u00f8lger opp i dialog med b\u00e5de Kystvakta og andre styresmakter, uttaler avdelingsdirekt\u00f8r i Nkom, Espen Slette i ein e-post til Sunnm\u00f8rsposten.<\/p>\n<p><img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/><br \/>\n  \u2013 Vi tek hendingane sv\u00e6rt alvorleg, seier avdelingsdirekt\u00f8r Espen Slette i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. (Nkom).<br \/>\n  <strong>Foto:<\/strong> Pressefoto\/Nkom<\/p>\n<p>\u2013 Kan dette knytast til testing av russisk droneforsvar?<\/p>\n<p><strong>\u2013 Vi kan ikkje stadfeste kva som var \u00e5rsaka til dei rapporterte forstyrringane i starten av august, eller knyte dette til spesifikke aktivitetar. Nkom har ingen klare opplysingar om kjelda til forstyrringane.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Er det grunn til \u00e5 tru at norske fiskeb\u00e5tar er direkte m\u00e5l for fiendtlege handlingar av denne typen?<\/p>\n<p>\u2013 Vi har ingen informasjon som tyder p\u00e5 at norske fiskefart\u00f8y eller nokre andre fart\u00f8y er spesifikke m\u00e5l i desse tilfella. Det vi veit er at jamming av andre GPS-forstyrringar f\u00f8rekjem i luftrommet over Aust-Finnmark og Barentshavet, men vi kan ikkje seie noko sikkert om \u00e5rsaka. N\u00e5r det gjeld forstyrringane i luftrommet over Aust-Finnmark, s\u00e5 er dei lokaliserte til \u00e5 kome fr\u00e5 Russland, og vi har sendt ei formell f\u00f8respurnad til russiske styresmakter og bede om ei forklaring. Utover dette vart saka f\u00f8lgt opp gjennom dei internasjonale kanalane vi har tilgjengeleg, uttalar Espen Slette i Nkom.<\/p>\n<p>Kystvakta har gjort testar<\/p>\n<p><strong>P\u00e5 bakgrunn av rapportane om GPS-forstyrringar hos fiskefart\u00f8y og andre fart\u00f8y i starten av august gjennomf\u00f8rte Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit eigne m\u00e5lingar i samarbeid med Kystvakta.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 V\u00e5re unders\u00f8kingar viste ingen teikn til GPS-forstyrringar i omr\u00e5det i m\u00e5leperioden, men vi f\u00f8lger situasjonen tett og vurderer behovet for nye m\u00e5lingar dersom forholda endrar seg. Vi ser sv\u00e6rt alvorleg p\u00e5 alle meldingar om GPS-forstyrringar, fordi blokkering av slike signal er ulovleg og kan f\u00e5 alvorlege konsekvensar for sj\u00f8fart, beredskap og annan samfunnskritisk infrastruktur, uttalar avdelingsdirekt\u00f8r Espen Slette i Nkom.<\/p>\n<p>\u2013 Korleis skal skipper\/styrmenn agere dersom fart\u00f8yet vert utsett for jamming?<\/p>\n<p>\u2013 Dersom eit fart\u00f8y opplever jamming eller andre GPS-forstyrringar, er det viktig \u00e5 rapportere dette til Kystverket s\u00e5 snart som r\u00e5d, og Kystverket vil igjen melde fr\u00e5 til Nkom. Vi oppmodar ogs\u00e5 fart\u00f8y til \u00e5 ha gode reservel\u00f8ysingar for navigasjon, for eksempel \u00e5 nytte radar, visuell observasjon, papirkart, kompass og rutinar for navigasjon utan GPS. Regelmessig trening i alternativ navigasjon er viktig for \u00e5 oppretthalde tryggleiken til sj\u00f8s, dersom elektroniske hjelpemiddel skulle falle ut.<\/p>\n<p>Fr\u00e5r\u00e5r fiske i russisk sone<\/p>\n<p><strong>Organisasjonen Fiskeb\u00e5t har fr\u00e5r\u00e5dd norske fart\u00f8y \u00e5 fiske i russisk sone p\u00e5 grunn av den spente situasjonen. Frykta til norske fiskarar er \u00e5 bli borda av russisk kystvakt p\u00e5 tynt grunnlag, og tatt inn til Murmansk.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Vi f\u00f8lger dette r\u00e5det. Eg trur ikkje det er nokon som vil g\u00e5 i russesona no, seier skipperen som Sunnm\u00f8rsposten har snakka med.<\/p>\n<p>Norge og Russland har i mange \u00e5r samarbeidd om forvaltinga av fiskeressursane i Barentshavet, der torsk er den viktigaste bestanden. No st\u00e5r dette samarbeidet i fare. Norge har stengt ute tr\u00e5larar fr\u00e5 to russiske reiarlag fr\u00e5 norske omr\u00e5de, p\u00e5 grunn av mistankar om spionasje.<\/p>\n<p>Utfordrar Svalbardsona?<\/p>\n<p>Russiske styresmakter har uttalt at det kan f\u00e5 alvorlege konsekvensar dersom ikkje sanksjonane vert heva. Russarane truar mellom anna med \u00e5 sette eigne kvotar i Barentshavet og i det som vert omtalt som internasjonalt farvatn.<\/p>\n<p><strong>Skipperen p\u00e5 tr\u00e5laren som vart usett for jamming fryktar at det kan bli ein spent situasjon ogs\u00e5 i vernesona rundt Svalbard, der Norge sin rett til \u00e5 regulere fisket er omstridd.<\/strong><\/p>\n<p>\u2013 Eg er redd for at russarane vil vise musklar i Svalbardsona. At dei byrjar \u00e5 borde norske b\u00e5tar. Det har vi sette tidlegare n\u00e5r det har vore konfliktar. Og d\u00e5 brukte dei krigsskip, ikkje kystvaktskip. Men vi m\u00e5 berre vente \u00e5 sj\u00e5 kva som skjer. Og det er vi som seglar p\u00e5 havet som m\u00e5 ta st\u00f8yten.<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.smp.no\/naeringsliv\/i\/OovBr1\/tragisk-om-samarbeidet-opphoerer\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   \u2013 Tragisk om samarbeidet opph\u00f8rer  <\/a> <a href=\"https:\/\/www.smp.no\/nyheter\/i\/wg100L\/ber-norske-fartoey-forlate-russisk-sone\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"> <img decoding=\"async\" src=\"data:image\/gif;base64,R0lGODlhEAAJAIAAAP\/\/\/wAAACH5BAEAAAAALAAAAAAQAAkAAAIKhI+py+0Po5yUFQA7\" alt=\"\"\/>   Ber norske fart\u00f8y forlate russisk sone  <\/a> <\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Han og reiarlaget \u00f8nskjer \u00e5 vere anonyme. For dei fryktar at dei kan bli utsette for liknande hendingar&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":29822,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[2833,20,21,24,25,3288,15,22,23,4803,13,4802,30,28,29,14,16,188,1644,26,27],"class_list":{"0":"post-29821","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-barentshavet","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-fiskeri","14":"tag-headlines","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-navigasjon","18":"tag-news","19":"tag-nkom","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-overskrifter","25":"tag-russland","26":"tag-svalbard","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/29821","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=29821"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/29821\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/29822"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=29821"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=29821"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=29821"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}