{"id":299285,"date":"2026-07-22T02:25:55","date_gmt":"2026-07-22T02:25:55","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/299285\/"},"modified":"2026-07-22T02:25:55","modified_gmt":"2026-07-22T02:25:55","slug":"nsf-distrikt-halvparten-av-sjukepleiarar-i-heimetenesta-vurderer-a-slutta-ein-kvardag-prega-av-stress","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/299285\/","title":{"rendered":"NSF, Distrikt | Halvparten av sjukepleiarar i heimetenesta vurderer \u00e5 slutta: \u2013Ein kvardag prega av stress"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Dette er ikkje noko nytt for oss. Dette har tillitsvalde og leiarar meldt fr\u00e5 om over tid.<\/p>\n<p>Nestleiar i Sjukepleiarforbundet (NSF) Kai \u00d8ivind Brenden er skuffa, men ikkje overraska, n\u00e5r han f\u00e5r presentert <a href=\"https:\/\/www.oslomet.no\/forskning\/forskningsnyheter\/omorganisering-i-hjemmetjenesten\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">den nye rapporten<\/a> fr\u00e5 forskingsinstituttet NOVA.<\/p>\n<p>Der kjem det fram at stadig omorganisering, f\u00e6rre p\u00e5 jobb og fleire eldre skapar eit aukande press p\u00e5 sjukepleiarane i heimetenesta i kommunane.<\/p>\n<p>Halvparten av dei 1114 sjukepleiarane som har vore med i unders\u00f8kinga seier dei vurderer \u00e5 slutta i jobben.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.nationen.no\/5-148-910453\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/image_EF872CC5-E906-4DCC-B6D7-2BD0F26C0830_1779106095.heic.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Aud (99) bor alene p\u00e5 g\u00e5rden \u2013 reiser rett hjem fra sykehuset\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Meir arbeid, f\u00e6rre folk<\/p>\n<p>P\u00e5 \u00abg\u00f8lvet\u00bb kjenner dei seg ogso att i dei dystre tala. Anne-Lene Gravli er tillitsvald for NSF i Nord-Odal kommune, og har lang fartstid i heimetenesta. Ho fortel om ein vanskeleg kvardag der ting skal g\u00e5 stadig raskare.<\/p>\n<p>\u2013 Det er klart det er ein kvardag prega av stress. Det er mange arbeidsoppg\u00e5ver som skal verta utf\u00f8rte av f\u00e6rre p\u00e5 raskast mogleg tid, men omsorg tar den tida det tar.<\/p>\n<p>Gravli fortel at arbeidskvardagen har endra seg mykje sidan ho byrja \u00e5 arbeida p\u00e5 sjukeheim i 2001. Den gongen hadde dei tid til \u00e5 ta med brukarane p\u00e5 utflukter og gjera andre aktivitetar saman. Det er heilt utelukka no.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2208\" height=\"2944\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/20240517_090552.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2208 \/ 2944;\"\/><\/p>\n<p>      Tillitsvald for NSF i Nord-Odal kommune Anne-Lene Gravli fortel om ein kvardag fylt av stress.<br \/>\n      Foto: Privat\n    <\/p>\n<p>Pasientane som den gong hamna p\u00e5 sjukeheim, f\u00e5r i dag heller hjelp av heimetenesta.<\/p>\n<p>\u2013 I dag har me mykje d\u00e5rlegare pasientar som gjerne treng hjelp med b\u00e5de mat og medisin. Det krev tettare oppf\u00f8lging.<\/p>\n<p>I st\u00f8rre kommunar, som til d\u00f8mes dei store byane, er dette eit mindre problem. Der har ein gjerne spesialiserte institusjonar som tek seg av s\u00e6rskilde pasientgrupper. Det er det ikkje kapasitet til i kommunar som Nord-Odal.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ein liten kommune der alle m\u00e5 gjera alt, seier Gravli.<\/p>\n<p>Kvardagen er ogso s\u00e6rs uf\u00f8reseieleg, fortel ho. Plutseleg kan det koma ein ny pasient som er utskriven fr\u00e5 sjukehus og treng hjelp, eller ein annan pasient vert akutt sjukare. Dei kan ganske enkelt ikkje vita fr\u00e5 veke til veke kor mange pasientar dei har og kor mykje hjelp dei treng.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.nationen.no\/5-148-941416\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/Bildemontoren_2026-07-09_1.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Advarer etter ambulanse-mangel: M\u00e5tte frakte hjertepasient sittende i brannbil\n        <\/p>\n<p>  <\/a><br \/>\n  Meir komplekse pasientar<\/p>\n<p>I eit fors\u00f8k p\u00e5 \u00e5 handtera den aukande delen av eldre i befolkninga, har kommunar over heile landet tydd til rask og omfattande omorganisering av helsetenesta. Samstundes er kommune\u00f8konomien mange stader s\u00e6rs d\u00e5rleg, og omorganiseringa legg ofte til rette for st\u00f8rre innsparingar.<\/p>\n<p>Desse omorganiseringane er ein av hovudgrunnane sjukepleiarane peikar p\u00e5 n\u00e5r dei vil finna \u00e5rsaker til det d\u00e5rlege arbeidsmilj\u00f8et.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4176\" height=\"2784\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/Kai %C3%98ivind Brenden_2328.jpg\" alt=\"Nestleder Kai \u00d8ivind Brenden foran Stortinget\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4176 \/ 2784;\"\/><\/p>\n<p>      Nestleiar i NSF Kai \u00d8ivind Brenden er ikkje overraska over funna i rapporten.<br \/>\n      Foto: Kristin Henriksen\n    <\/p>\n<p>Samstundes f\u00e5r dei stadig meir komplekse pasientar, fordi dei ogso p\u00e5 sjukehusa skal springa stadig fortare. Liggetida vert kortare, og komplekse pasientar flyttar heim for \u00e5 f\u00e5 hjelp av heimetenesta.<\/p>\n<p>\u2013 Dessutan overlever fleire lengre, men kan trenga varig hjelp. Me m\u00e5 f\u00f8rebu oss p\u00e5 framtida, men kommunane har d\u00e5rleg \u00f8konomi og stramme budsjett, sukkar Brenden.<\/p>\n<blockquote class=\"article--c-WooUv theme-white\">\n<p class=\"blockquote-text\">Det verste ein kan gjera no er det regjeringa f\u00f8resl\u00e5r<\/p>\n<p>        Kai \u00d8ivind Brenden, NSF\n      <\/p><\/blockquote>\n<p>Ei av pasientgruppene sjukepleiarane i studien er s\u00e6rskild bekymra for, er dei med demens og kognitiv svikt. Nesten halvparten meinte denne gruppa ikkje vert vareteken godt nok.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er ei gruppe pasientar ein ikkje kan spara p\u00e5, dei treng tid. Det er ein grunn til at dei ofte er p\u00e5 sjukeheim.<\/p>\n<p>Vanskeleg \u00e5 finna l\u00f8ysingar<\/p>\n<p>Ikkje nok med at alt dette gjer at sv\u00e6rt mange vurderer \u00e5 finna seg ein annan jobb. Det f\u00f8rer ogso til rekrutteringsvanskar. Ogso dette er eit st\u00f8rre problem i dei sm\u00e5 kommunane.<\/p>\n<p>Brenden i NSF er slett ikkje sikker p\u00e5 kva ein burde gjera for \u00e5 fiksa alle desse problema, men ein ting meiner han me ikkje burde gjera.<\/p>\n<p>\u2013 Det verste ein kan gjera no er det regjeringa f\u00f8resl\u00e5r, som er \u00e5 fjerna kompetansekrav. Det f\u00f8rer til at kommunar i \u00f8konomiske vanskar vel billigare l\u00f8ysingar. Kanskje hyrar dei inn ufagl\u00e6rte, og det vil ramma tenestene hardt.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.nationen.no\/5-148-913199\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/Tore+Brandstadmoen+Smestad++p+sykehuset+(2)_1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Traktor p\u00e5 sju tonn kj\u00f8rte over Tore (49)\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Ein ting Brenden peikar p\u00e5 som han trur kan gjera ting litt betre er, kanskje noko paradoksalt, fleire leiarar. Dette er eit omr\u00e5de mange kommunar har sett sitt snitt til \u00e5 kutta i dei siste \u00e5ra, noko Brenden meiner har f\u00f8rt til d\u00e5rlegare administrering av tenestene.<\/p>\n<p>\u2013 Leiarar har gjerne ikkje rammevilk\u00e5r, men eit h\u00f8gt kontrollspenn, som det heiter. Me har snakka med leiarar med over 120 tilsette under seg. Det seier seg sj\u00f8lv at n\u00e5r dette er ei teneste som g\u00e5r d\u00f8gnet rundt med turnus og mykje sjukdom, vert det nesten umogleg.<\/p>\n<p>Han legg til at dette er noko medlemmane til fagforeininga ogso har meldt inn til dei, og at dette ser ut til \u00e5 vera ei nokso universell oppfatning.<\/p>\n<p>Gravli p\u00e5 si side meiner ein burde f\u00e5 attende st\u00f8ttefunksjonar ein har kutta dei siste ti\u00e5ra.<\/p>\n<p>\u2013 Me skulle hatt fleire av dei arbeider med til d\u00f8mes servering eller HR, som ikkje n\u00f8dvendigvis arbeider med pleie. Det hadde letta arbeidspresset p\u00e5 oss, seier ho.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Dette er ikkje noko nytt for oss. Dette har tillitsvalde og leiarar meldt fr\u00e5 om over tid.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":299286,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[5],"tags":[465,36,20,21,7835,24,25,15,736,19,22,23,18560,17,18,13,30,28,29,24557,14,16,1510,8639,26,27],"class_list":["post-299285","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-overskrifter","tag-arbeidsliv","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-distrikt","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-helse","tag-hovedoppslag","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-levekar-i-distriktene","tag-main-news","tag-mainnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nsf","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-sykepleiere","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116961266500602104","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/299285","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=299285"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/299285\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/299286"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=299285"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=299285"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=299285"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}