{"id":300751,"date":"2026-07-23T18:49:33","date_gmt":"2026-07-23T18:49:33","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/300751\/"},"modified":"2026-07-23T18:49:33","modified_gmt":"2026-07-23T18:49:33","slug":"22-juli-utoya-slik-er-det-nye-22-juli-senteret-mykje-som-aldri-for-er-vist-fram","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/300751\/","title":{"rendered":"22.juli, Ut\u00f8ya | Slik er det nye 22. juli-senteret \u2013 mykje som aldri f\u00f8r er vist fram"},"content":{"rendered":"\n<p>Opninga av det nye, permanente 22. juli-senteret skjer p\u00e5 dagen 15 \u00e5r etter terrorangrepet, der 77 menneske vart drepne.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8447\" height=\"5631\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/NTB_q3ICZKdVk2E.jpg\" alt=\"Oslo 20260721. &#10;Pressevisning av det nye 22. juli-senteret i Regjeringskvartalet. Senteret \u00e5pner for publikum 22. juli 2026.&#10;Foto: Rodrigo Freitas \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8447 \/ 5631;\"\/><\/p>\n<p>      Ein modell som viser Ut\u00f8ya.<br \/>\n      Foto: Rodrigo Freitas\/NTB\/NPK\n    <\/p>\n<p>Senteret er no tilbake p\u00e5 \u00e5staden der bomba small etter \u00e5 ha hatt mellombels base nokre steinkast unna regjeringskvartalet i nokre \u00e5r.<\/p>\n<p>\u2013 Det er viktig, seier leiaren for 22. juli-senteret, Lena Fahre.<\/p>\n<p>\u2013 Me har p\u00e5 mange m\u00e5tar teke regjeringskvartalet tilbake. Det er noko fint ved det. Men det er ogs\u00e5 viktig \u00e5 ta med seg den vanskelege delen av historia og bevara spora. Difor er det veldig viktig \u00e5 ha ei utstilling i autentiske lokale, seier ho til NTB.<\/p>\n<p>Gjenstandar blir utstilte for f\u00f8rste gong<\/p>\n<p>Den permanente utstillinga inneheld ei lang rekkje gjenstandar som aldri f\u00f8r er viste fram for offentlegheita.<\/p>\n<p>Blant desse er gummist\u00f8vlane til Bano Rashid, som vart drepen p\u00e5 Ut\u00f8ya. Tidlegare same dag hadde ho l\u00e5nt bort gummist\u00f8vlane til Gro Harlem Brundtland, som bes\u00f8kte \u00f8ya og trong fott\u00f8y som passa til det regntunge v\u00earet.<\/p>\n<p>AUF-genseren til ein av dei overlevande er ogs\u00e5 utstilt. Genseren vart riven opp av legane p\u00e5 sjukehuset. I etterkant sydde bestemora genseren saman igjen som ein del av eigen sorgprosess.<\/p>\n<p>D\u00e5verande statsminister Jens Stoltenbergs eigne handskrivne notat fr\u00e5 den fatale dagen er utstilte for f\u00f8rste gong.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8567\" height=\"5711\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/NTB_5LVcNrSOtLQ.jpg\" alt=\"Oslo 20260721. &#10;Pressevisning av det nye 22. juli-senteret i Regjeringskvartalet. Senteret \u00e5pner for publikum 22. juli 2026.&#10;Foto: Rodrigo Freitas \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8567 \/ 5711;\"\/><\/p>\n<p>      Ein AUF-hettegenser til utstilling inne p\u00e5 senteret.<br \/>\n      Foto: Rodrigo Freitas\/NTB\/NPK\n    <\/p>\n<p>  Uniforma til terroristen<\/p>\n<p>Loggen fr\u00e5 MS Thorbj\u00f8rn vert ogs\u00e5 vist fram for f\u00f8rste gong i eit monter som vert kalla bevismaterialet til politiet.<\/p>\n<p>Her vil ein ogs\u00e5 for f\u00f8rste gong kunna sj\u00e5 den falske politiuniforma til terroristen som han hadde p\u00e5 seg.<\/p>\n<p>\u2013 Dette er viktig \u00e5 visa fram, seier Fahre.<\/p>\n<p>\u2013 Den heimelaga politiuniforma som gjerningsmannen hadde p\u00e5 seg, viser me fordi han brukte henne som eit aktivt verkemiddel for \u00e5 kunna drepa flest mogleg.<\/p>\n<p>\u2013 Han skriv seg inn i loggen p\u00e5 MS Thorbj\u00f8rn som politi, kjem til \u00f8ya, drep dei vaksne f\u00f8rst og lurer deretter folk fram for \u00e5 kunna skyta og drepa dei. Me har mange vitneforteljingar som beskriv at det var grunnen til at dei vart drepne.<\/p>\n<p>Det er fleire stader i senteret der det ikkje er lov \u00e5 ta bilete \u2013 og det gjeld mellom anna monteret med gjenstandane til terroristen.<\/p>\n<p>\u2013 Me \u00f8nskjer ikkje at bilete av den uniforma skal kunna brukast positivt av h\u00f8greekstreme. Som me viser i utstillinga \u00abRadikalisering\u00bb, det blir laga memes, videospel og anna innhald med bilete av Breivik og Hitler. Me vil ikkje bidra til at slike bilete hamnar i feil kanalar, seier Fahre.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"8585\" height=\"5723\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/NTB_8ZZMRrcYjLg.jpg\" alt=\"Oslo 20260721. &#10;Pressevisning av det nye 22. juli-senteret i Regjeringskvartalet. Senteret \u00e5pner for publikum 22. juli 2026.&#10;Foto: Rodrigo Freitas \/ NTB\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 8585 \/ 5723;\"\/><\/p>\n<p>      Mobiltelefonar brukte p\u00e5 Ut\u00f8ya.<br \/>\n      Foto: Rodrigo Freitas\/NTB\/NPK\n    <\/p>\n<p>  Eit viktig l\u00e6ringssenter<\/p>\n<p>I tillegg til \u00e5 minnast dei drepne er senteret ogs\u00e5 eit l\u00e6ringssenter mot ekstremisme og radikalisering.<\/p>\n<p>\u2013 Me kjem til \u00e5 ha mange fine undervisnings\u00f8kter med elevar fr\u00e5 15 \u00e5r og oppover. Dei som er 15 \u00e5r no, vart f\u00f8dde i 2011, seier Fahre.<\/p>\n<p>\u2013 I fjor hadde me 25 000 bes\u00f8kjande, og 60 prosent var elevar og l\u00e6rarar. Det blir utruleg viktig \u00e5 ta i bruk eit senter som ligg midt i regjeringskvartalet, der departementa held til, og p\u00e5 mange m\u00e5tar i sentrum av makta. Eg trur det blir kjempeviktig.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Opninga av det nye, permanente 22. juli-senteret skjer p\u00e5 dagen 15 \u00e5r etter terrorangrepet, der 77 menneske vart&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":300752,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[3637,36,20,21,24,25,15,22,23,13,30,28,29,14,16,1510,26,27,3621,781],"class_list":["post-300751","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-22-juli","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories","tag-utoya","tag-utstilling"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116970793786795747","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/300751","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=300751"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/300751\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/300752"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=300751"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=300751"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=300751"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}