{"id":301503,"date":"2026-07-24T18:11:15","date_gmt":"2026-07-24T18:11:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/301503\/"},"modified":"2026-07-24T18:11:15","modified_gmt":"2026-07-24T18:11:15","slug":"sport-fotball-dana-cup-eventyret-held-fram-eg-vert-heilt-rort-og-stolt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/301503\/","title":{"rendered":"Sport, Fotball | Dana Cup-eventyret held fram: \u2013 Eg vert heilt r\u00f8rt og stolt"},"content":{"rendered":"\n<p>Det brusar bra i Voss-leiren under \u00e5rets Dana Cup. Med eit str\u00e5lande sommarv\u00ear i Nordjylland og topp hum\u00f8r p\u00e5 campus, st\u00f8ttar lagkameratar, trenarar og foreldre kvarandre fr\u00e5 sidelinja.<\/p>\n<p>Gutar 16 til A-kvartfinale \u2013 heia fram av heile leiren<\/p>\n<p>Gutar 16 leverte ein storslegen kamp d\u00e5 dei feide Nymark av banen 4\u20130. Sigeren sende gutane rett inn i kvartfinalen i det gjeve A-sluttspelet der dei m\u00f8ter Flint 1 fr\u00e5 T\u00f8nsberg.\u00a0<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1237\" height=\"934\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/att.XWrqR2MIj3JwRWTslC2HfmSR34leFfB53NUAFzsIu6E.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1237 \/ 934;\"\/><\/p>\n<p>      Gutar 15\/16.<br \/>\n      Foto: FBK Voss.\n    <\/p>\n<p>Sigeren var i h\u00f8gste grad eit lagarbeid, ogs\u00e5 fr\u00e5 tribunen. Alle fr\u00e5 Vossa-leiren stod tidleg opp for \u00e5 heia gutane fram.<\/p>\n<p>\u2013 For ein fin gjeng med ungdommar, eg vert heilt r\u00f8rt og stolt av dei, fortel \u00e5rets reiseleiar Hege Aldal Indreb\u00f8.\u00a0<\/p>\n<p> Vossingane tapte kvartfinalen 0\u20131 mot Flint 1.<\/p>\n<p>Debutantar i kvartfinale og jamne semifinalar<\/p>\n<p>Det er ikkje berre gutar 16 som markerer seg i Danmark:<\/p>\n<p>Jenter 14\u20131 og 2 er med p\u00e5 Dana Cup for fyrste gong, og har spelt seg heilt fram til kvartfinalar i B-sluttspelet der fotballeventyret slutta for begge laga.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1320\" height=\"1760\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/att.AgAqUWqvx-BBhn0HHWiEoikQsgPiS_VrVLm9xXElKz0.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1320 \/ 1760;\"\/><\/p>\n<p>      Jenter 14-2.<br \/>\n      Foto: FBK Voss.\n    <\/p>\n<p>Jenter 18\/19 kjempa seg fram til semifinale i A-sluttspelet. Der vart det eit knipent 1-0-tap mot heimelaget Fortuna Hj\u00f8rring etter ein jamn kamp.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2048\" height=\"1536\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/att.Z7u7Exps5hWoElxlJm4YSU0UBpGf1QtXbhLHM1jVAUw.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2048 \/ 1536;\"\/><\/p>\n<p>      Jenter 18\/19.<br \/>\n      Foto: FBK Voss.\n    <\/p>\n<p>Gutar 15: Tok seg ogs\u00e5 vidare til A-sluttspelet, men m\u00e5tte takke for seg etter straffesparkdrama.<\/p>\n<p>\n          Stopp video<br \/>\n          Sl\u00e5 p\u00e5 lyd<br \/>\n          <video data-standalone=\"false\" preload=\"none\" muted=\"\" loop=\"\" playsinline=\"\" autoplay=\"\"><\/p>\n<p>          <\/video>\n        <\/p>\n<p>    Dommartalent fr\u00e5 Voss<\/p>\n<p>Dommartalentet H\u00e5kon Skjoldli f\u00e5r kjenna p\u00e5 spenninga i dei internasjonale kampane. Han har d\u00f8mt over 40 kampar heime i Norge i v\u00e5r, noko han dreg nytte av no.<\/p>\n<p>\u2013 Mange av kompisane mine skulle nedover, s\u00e5 d\u00e5 eg kunne jobba og samstundes vera saman med dei. Det var ein vinn-vinn-situasjon, fortel Skjoldli.<\/p>\n<p>I Danmark vert det d\u00f8mt etter FIFA-reglar, og temperaturen kan verta sv\u00e6rt h\u00f8g n\u00e5r lag fr\u00e5 heile verda m\u00f8tast:\u00a0<\/p>\n<blockquote class=\"article--c-WooUv theme-grayDark\">\n<p class=\"blockquote-text\">Eg hadde nett ein match med eit meksikansk lag der eg m\u00e5tte tr\u00f8 til og beskytte hovuddommaren. Det st\u00e5 mykje p\u00e5 spel i mange kampar, og ein m\u00f8ter t\u00f8ffe utfordringar med store kulturforskjellar \u2013 alt fr\u00e5 h\u00f8g temperatur til fysiske konfrontasjonar.\u00bb<\/p>\n<p>        \u2013 H\u00e5kon Skjoldli, dommar p\u00e5 Dana Cup.\n      <\/p><\/blockquote>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"1536\" height=\"2048\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/att.rs7V7SQW2qJf2Iise_EzZVxJlg4PCd4v38hBS3wm4is.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 1536 \/ 2048;\"\/><\/p>\n<p>      Det er ikkje berre spelarane som representerer Voss p\u00e5 Dana Cup i \u00e5r. H\u00e5kon Skjoldli gjer ein viktig innsats med fl\u00f8yta p\u00e5 dei danske grasbanane.<\/p>\n<p>  Unikt milj\u00f8 og l\u00e6ring for livet <\/p>\n<p>Trass i t\u00f8ffe tak p\u00e5 banen, trekkjer Skjoldli fram det sosiale milj\u00f8et som det aller beste med turen. Dommarane bur saman og utvekslar erfaringar p\u00e5 tvers av landegrensene.<\/p>\n<p>\u2013 Det er eit utruleg inkluderande milj\u00f8. Her bur me i lag med dommarar fr\u00e5 Ghana til Skandinavia. Eg m\u00f8ter mange dyktige dommarar som har d\u00f8mt p\u00e5 h\u00f8gt niv\u00e5, og det er veldig kult \u00e5 f\u00e5 jobba saman med dei, fortel Skjoldli.<\/p>\n<p>Han ser p\u00e5 Dana Cup som ein perfekt arena for \u00e5 veksa i dommarrolla f\u00f8r haustsesongen heime i Noreg.<\/p>\n<p>\u2013 D\u00f8mming er ferskvare. Her f\u00e5r ein pr\u00f8ve seg i vanskelege kampar, men eg opplever st\u00f8tte og gode tips fr\u00e5 dei andre dommarane. Det er ein fantastisk utviklingsarena der ein l\u00e6rer mykje om b\u00e5de meistring og handtering av utfordringar.<\/p>\n<p>Med str\u00e5lande sol, gode resultat og ein solid heiagjeng held Dana Cup-festen fram heilt til sundag.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.avisa-hordaland.no\/80-132-17540\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/1784916674_210_Bildemontoren_2026-07-22.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Cupmagi i Danmark: FBK Voss heidra med \u00abHonor Award\u00bb\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.avisa-hordaland.no\/80-132-17987\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/07\/1784916675_207_Bildemontoren_2026-07-23.png\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Kjartan debuterte tidleg i arbeidslivet. \u2013 Eg var s\u00e5 stolt i frakk med mange kulepennar\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det brusar bra i Voss-leiren under \u00e5rets Dana Cup. Med eit str\u00e5lande sommarv\u00ear i Nordjylland og topp hum\u00f8r&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":301504,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,24526,1524,24660,92,30,28,29,83,82,1510],"class_list":["post-301503","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-dana-cup","tag-danmark","tag-fbk-voss","tag-fotball","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-sport","tag-sports","tag-story"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/116976306936437459","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/301503","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=301503"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/301503\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/301504"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=301503"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=301503"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=301503"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}