{"id":309218,"date":"2026-08-01T15:09:20","date_gmt":"2026-08-01T15:09:20","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/309218\/"},"modified":"2026-08-01T15:09:20","modified_gmt":"2026-08-01T15:09:20","slug":"landbruk-beredskap-krig-og-kriser-minner-oss-om-at-gjodsel-faktisk-er-beredskap","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/309218\/","title":{"rendered":"Landbruk, Beredskap | Krig og kriser minner oss om at gj\u00f8dsel faktisk er beredskap"},"content":{"rendered":"\n<p>\u2013 Femti prosent av matproduksjonen i verda er avhengig av gj\u00f8dsel. Viss ein ikkje gj\u00f8dslar, s\u00e5 har det ganske stor innverknad. Det er viktig \u00e5 f\u00e5 gj\u00f8dselet ut til bonden og ut p\u00e5 jordet. Vi som gj\u00f8dselsselskap spelar ei viktig rolle n\u00e5r det kjem til \u00e5 belyse denne problemstillinga og f\u00e5 fram viktigheita av gj\u00f8dsel \u2013 som hos mange er lite kjent, seier konserndirekt\u00f8r for People, External Affairs &amp; Chief of Staff i Yara, Hanna D\u00f8hlen Ben-Ammar, til Nynorsk pressekontor.<\/p>\n<p>Store kriser har komme p\u00e5 rad og rekke dei siste \u00e5ra. B\u00e5de koronapandemi, krig i Ukraina, krig i Midtausten og stenging av Hormuzstredet har skapt enorme ringverknader over heile verda. Og desse ringverknadane m\u00e5 ogs\u00e5 ein gigant som Yara forhalde seg til.<\/p>\n<p>\u2013 Verdsituasjonen understrekar kor viktig det er for oss \u00e5 produsere norsk gj\u00f8dsel og f\u00e5 det ut i marknadane. Men det vi har sett, og som er ei stor bekymring, er kor s\u00e5rbart systemet v\u00e5rt er, seier Ben-Ammar.<\/p>\n<p>Ille for verda<\/p>\n<p>F\u00f8rebels har komplikasjonane i Hormuz hatt lite direkte innverknad p\u00e5 situasjonen i Noreg.<\/p>\n<p>\u2013 Det vi har sett i Hormuzstredet dei siste m\u00e5nadane er ein geopolitisk situasjon som har store konsekvensar for matsystem og gj\u00f8dselmarknad i verda, men f\u00f8rebels har vi ikkje sett dei store konsekvensane her heime.<\/p>\n<p>Hormuz er eit veldig viktig transportknytepunkt b\u00e5de for energi og gj\u00f8dsel. Mellom anna blir sv\u00e6rt mykje av den mest brukte nitrogengj\u00f8dsla i verda, ureagj\u00f8dsel, frakta gjennom stredet.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4253\" height=\"2706\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/NTB_tejp1Zck1qo.jpg\" alt=\"Nye teknologiske verkt\u00f8y skal gi b\u00f8nder betre l\u00f8nnsemd gjennom \u00e5 dokumentere og styre bruk av s\u00e5korn, gj\u00f8dsel og spr\u00f8ytemiddel.&#10;Illustrasjonsfoto: Erik Johansen \/ NTB \/ NPK\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4253 \/ 2706;\"\/><\/p>\n<p>      KI kan truleg vere eit godt hjelpemiddel n\u00e5r b\u00f8nder over heile verda skal optimalisere gj\u00f8dsling.<br \/>\n      Foto: Erik Johansen, NTB\n    <\/p>\n<p>\u2013 Det blir ein cocktail av ting som treffer gj\u00f8dselmarknaden samstundes. Det resulterer i ein veldig kraftig auke i gj\u00f8dselprisane \u2013 som igjen p\u00e5verkar kj\u00f8pekrafta til b\u00f8ndene, seier Ben-Ammar.<\/p>\n<p>D\u00e5 prisane p\u00e5 gj\u00f8dsel tidlegare i v\u00e5r skaut i v\u00earet hadde mange norske b\u00f8nder allereie handla inn det dei trengde for denne sesongen.<\/p>\n<p>\u2013 Vi har hatt dialog med b\u00f8nder i Noreg og Europa rundt dette, og det er heilt klart at dei har vore mindre bekymra enn b\u00f8nder andre stadar i verda. Det er dei som har minst, som blir r\u00e5ka hardast.<\/p>\n<p>Vanskeleg \u00e5 sp\u00e5<\/p>\n<p>Kva konsekvensar den urolege situasjonen vil ha p\u00e5 lang sikt, torer ikkje Ben-Ammar og Yara \u00e5 sp\u00e5. Det dei veit med sikkerheit, og som dei allereie ser, er at marknaden er sv\u00e6rt volatil \u2013 alts\u00e5 at prisane svingar raskt.<\/p>\n<p>\u2013 Det er veldig mykje usikkerheit i marknaden. Gj\u00f8dselprisane er p\u00e5 veg ned no, og det er ei p\u00e5minning om at det er veldig stor volatilitet. Uf\u00f8reseielegheit er ikkje bra. For bonden er det ekstremt krevjande. Dei m\u00e5 forhalde seg til n\u00e5r dei skal kj\u00f8pe inn gj\u00f8dsla, dei m\u00e5 spekulere i n\u00e5r det kan vere taktisk lurt, og dei m\u00e5 \u00f2g forhalde seg til v\u00earendringar. Til sjuande og sist har jo dei eit m\u00e5l om \u00e5 optimalisere eiga bedrift, fortel Ben-Ammar.<\/p>\n<p>Yara er vande til \u00e5 operere i eit globalt system. Dei produserer gj\u00f8dsel i 28 land og sel til 128 land.<\/p>\n<p>\u2013 Vi er vande med \u00e5 handtere volatilitet, og klarer \u00e5 handtere det, men for bonden er det eit problem.<\/p>\n<p>Prisauken b\u00e5de p\u00e5 energi og gj\u00f8dsel set b\u00f8ndene i ein skvis.<\/p>\n<p>\u2013 Dei betalar meir for det dei treng i produksjonen, samstundes f\u00e5r dei ikkje n\u00f8dvendigvis meir igjen for avlingane sine.<\/p>\n<p>Beredskap<\/p>\n<p>Til sjuande og sist handlar det om at ogs\u00e5 gj\u00f8dsel er ein del av beredskapen v\u00e5r, if\u00f8lgje konserndirekt\u00f8ren.<\/p>\n<p>\u2013 V\u00e5r oppg\u00e5ve er ikkje berre \u00e5 produsere gj\u00f8dsel. Vi skal \u00f2g rettleie og hjelpe b\u00f8ndene til \u00e5 gj\u00f8dsle rett og unng\u00e5 \u00e5 bruke for mykje.<\/p>\n<p>Ben-Ammar fortel vidare at teknologien s\u00e5leis kan vere eit godt hjelpemiddel i \u00e5ra framover.<\/p>\n<p>\u2013 KI kan bli eit utruleg godt hjelpemiddel. Etter kvart kan vi bruke KI til \u00e5 lage gj\u00f8dslingsmodellar som vil sikre at ein gj\u00f8dslar med riktig produkt til riktig tid og n\u00e5r det er riktig v\u00ear. Her ligg det enormt store moglegheiter.<\/p>\n<p>(\u00a9NPK)<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 Femti prosent av matproduksjonen i verda er avhengig av gj\u00f8dsel. Viss ein ikkje gj\u00f8dslar, s\u00e5 har det&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":309219,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[12],"tags":[36,3851,20,21,24,25,18371,15,474,755,22,23,13,30,28,29,14,16,1510,26,27,42,43,44,45],"class_list":["post-309218","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-verden","tag-art","tag-beredskap","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-gjodsel","tag-headlines","tag-krig","tag-landbruk","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories","tag-verden","tag-world","tag-world-news","tag-worldnews"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117020889882705494","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/309218","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=309218"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/309218\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/309219"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=309218"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=309218"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=309218"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}