{"id":310246,"date":"2026-08-02T15:52:54","date_gmt":"2026-08-02T15:52:54","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/310246\/"},"modified":"2026-08-02T15:52:54","modified_gmt":"2026-08-02T15:52:54","slug":"bustad-og-eigedom-husforsikring-storbrannen-i-drammen-var-ein-vekkar-mange-trur-dei-er-forsikra-utan-a-vere-det","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/310246\/","title":{"rendered":"Bustad og eigedom, Husforsikring | Storbrannen i Drammen var ein vekkar: \u2013 Mange trur dei er forsikra utan \u00e5 vere det"},"content":{"rendered":"\n<p><b>\u2013 I det augeblikket du skal kj\u00f8pe forsikring, leitar du etter den beste prisen. Men i det augeblikket skaden oppst\u00e5r, vil du ha den beste dekninga. Desse to tinga g\u00e5r ikkje alltid s\u00e5 godt saman, seier Jan Hallstensen.<\/b><\/p>\n<p>Jan Hallstensen har lang erfaring som forsikringsagent i Flor\u00f8. Han meiner storbrannen i Drammen, der over hundre rekkehus vart r\u00e5ka og fleire viste seg \u00e5 vere uforsikra, viser ein skummel trend som ofte er usynleg.<\/p>\n<p>\u2013 N\u00e5r det skjer i s\u00e5 stor skala som i Krogstadelva, blir det veldig synleg. Men at folk st\u00e5r utan dekning skjer dessverre med jamne mellomrom. Eg har opplevd fleire her i distriktet som har g\u00e5tt p\u00e5 store tap fordi dei mangla forsikringsdekning n\u00e5r ulykka skjedde. Det er tragisk for dei som blir r\u00e5ka, sl\u00e5r han fast.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" height=\"4284\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/image_A3669E7F-2946-4987-B92A-A00C0CE8621D_1785501904.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>      \u2013 N\u00e5r du kj\u00f8per forsikring, vil du ha l\u00e5gast pris, og n\u00e5r det smeller vil du ha best dekning. Desse to tinga er ikkje alltid s\u00e5 lette \u00e5 balansere, seier Jan Hallstensen.<br \/>\n      Foto: Dag Fr\u00f8yen\n    <\/p>\n<p>  Slik \u00abmistar\u00bb folk forsikringa si<\/p>\n<p>For korleis kan ein eigentleg ende opp med eit uforsikra hus eller innbu? Hallstensen peikar p\u00e5 fleire klassiske feller:<\/p>\n<ul>\n<li><b>Endring i livssituasjon:<\/b> \u2013 Du har hatt innbuforsikring via sambuar eller ektefelle. Etter eit samlivsbrot er tankane ofte andre stader, og det er lett \u00e5 gl\u00f8yme \u00e5 teikne eiga forsikring.<\/li>\n<li><b>Meldt ut av fagforeining:<\/b> \u2013 Mange har innbuforsikring inkludert gjennom medlemskap i LO eller andre fagforeiningar. Om du melder deg ut, forsvinn ogs\u00e5 forsikringa \u2013 utan \u00e5 tenkje over at du m\u00e5 erstatte den. Det same gjeld om du skiftar arbeidsgjevar.<\/li>\n<li><b>Svikt i trekk:<\/b> \u2013 Avtalegiroar eller faste trekk kan feile eller stoppe opp. Det kan g\u00e5 eit halvt til eit heilt \u00e5r utan at folk oppdagar at forsikringa har opph\u00f8yrt p\u00e5 grunn av manglande betaling. Har du ikkje betalt for forsikringa di, er du heller ikkje forsikra.<\/li>\n<li><b>Blitt 21 \u00e5r: <\/b>\u2013 N\u00e5r borna fyller 21 \u00e5r, m\u00e5 dei ofte teikne eigen reiseforsikring. Sjukehusopphald i utlandet utan god nok dekning blir fort dyrt.<\/li>\n<li><b>Nybilgaranti g\u00e5tt ut: <\/b>\u2013 Er garantien g\u00e5tt ut p\u00e5 bilen din, kan maskinskadeforsikring vere ei l\u00f8nsam investering. <\/li>\n<\/ul>\n<p>Hallstensen fortel at bransjen i dag ikkje er flinke nok til \u00e5 fange opp at kundane kanskje ikkje er forsikra. For Hallstensen, som sel forsikring i distriktet, handlar det meir om \u00e5 bygge tillit over tid ved \u00e5 levere kvalitet og selje gode produkt.<\/p>\n<p>\u2013 Det er viktig for oss \u00e5 levere kvalitet, det kan ikkje vere slik at vi kryssar gata om vi m\u00f8ter kundane v\u00e5re, seier han og smiler.<\/p>\n<p>Men til sjuande og sist har ikkje forsikringsagenten kontroll p\u00e5 kva som skjer etter at kunden har g\u00e5tt ut d\u00f8ra. Dekninga er ditt eige ansvar.<\/p>\n<p>Farlege \u00absm\u00e5 bokstavar\u00bb og sparte tusenlappar<\/p>\n<p>Det er spesielt p\u00e5 dei dyraste tinga v\u00e5re at Hallstensen ber folk tenkje seg om ein ekstra gong. Han skj\u00f8nar at det er freistande \u00e5 velje det rimelegaste alternativet n\u00e5r ein samanliknar tilbod, men \u00e5tvarar mot billege standarddekningar.<\/p>\n<p>\u2013 \u00c5 velje den d\u00e5rlegaste forsikringa p\u00e5 huset \u2013 det absolutt dyraste objektet du eig \u2013 er slik eg ser det litt merkeleg. Kj\u00f8per du toppdekning p\u00e5 hus, enten det er hos oss eller andre selskap, er vilk\u00e5ra 99 prosent likt dekka. Men vel du ei billegare standarddekning, har ho mykje fleire unntak, forklarar han.<\/p>\n<p>R\u00e5det hans er difor at det dyraste objektet du har b\u00f8r vere noko du har best dekning p\u00e5.<\/p>\n<p>Han meiner at om du sparer til d\u00f8mes 7000 kroner p\u00e5 ein billegare avtale, kan det fort bli ei ekstremt dyr innsparing dersom uhellet er ute.<\/p>\n<p>\u2013 For eksempel ved vassinntrenging utanfr\u00e5: F\u00e5r du vatn inn langs pipa og stuetaket byrjar \u00e5 bule, dekkast ikkje det utan at du har toppdekning, p\u00e5peikar han.<\/p>\n<p>Det er n\u00e5r kunden har helt andre forventningar enn det vilk\u00e5ra tilseier, at dei store skuffelsane oppst\u00e5r og t\u00e5rene trillar.<\/p>\n<p>Sjekk forsikringsbeviset ditt i dag<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om ein brann vanlegvis blir dekka uansett om du har standard- eller toppdekning (s\u00e5 lenge avtalen er aktiv), er r\u00e5det fr\u00e5 Hallstensen krystallklart: G\u00e5 inn og sjekk forsikringsbeviset ditt!<\/p>\n<p>\u2013 Dei fleste gjer aldri det. Men det tek deg to minutt \u00e5 logge deg inn med BankID p\u00e5 \u00abMi side\u00bb hos forsikringsselskapet ditt. S\u00e5 kan du endre vilk\u00e5ra om det er behov for det, p\u00e5peikar han.<\/p>\n<p><b>Dette b\u00f8r du kontrollere:<\/b><\/p>\n<ul>\n<li><b>Har du med alt? <\/b>Sjekk om nybygd garasje, uthus eller vinterstove faktisk st\u00e5r oppf\u00f8rt i forsikringsbeviset ditt. (Selskapet veit ikkje om dei nye tilbygga dine f\u00f8r du seier fr\u00e5)<\/li>\n<li><b>K\u00f8yrelengd og bil:<\/b> K\u00f8yrer du lenger enn avtalen tilseier, risikerer du avkorting ved skade. K\u00f8yrer du mindre, betalar du for mykje.<\/li>\n<li><b>Innbuforsikring:<\/b> Sjekk at du faktisk har ei aktiv innbuforsikring, enten privat eller gjennom fagforeining.<\/li>\n<li><b>Korrekt areal og bygg\u00e5r:<\/b> S\u00f8rg for at opplysningane om bustaden stemmer overeins med verkelegheita.<\/li>\n<\/ul>\n<p>\u2013 Moralen er enkel: Det kostar sjeldan mykje meir \u00e5 vere skikkeleg sikra. \u00c5 plutseleg st\u00e5 utan dekning n\u00e5r katastrofen er eit faktum, er ein risiko du ikkje har lyst til \u00e5 ta, er Hallstensen sitt tydelege r\u00e5d.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"\u2013 I det augeblikket du skal kj\u00f8pe forsikring, leitar du etter den beste prisen. Men i det augeblikket&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":310247,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,10766,24,25,15,25055,25054,22,23,13,30,28,29,14,16,1601,1510,26,27],"class_list":["post-310246","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-bustad-og-eigedom","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-hus-og-heim","tag-husforsikring","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-overskrifter","tag-skade","tag-story","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117026725094883762","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/310246","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=310246"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/310246\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/310247"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=310246"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=310246"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=310246"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}