{"id":311911,"date":"2026-08-04T07:32:44","date_gmt":"2026-08-04T07:32:44","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/311911\/"},"modified":"2026-08-04T07:32:44","modified_gmt":"2026-08-04T07:32:44","slug":"naeringsliv-steinvik-fiskefarm-as-steinvik-fiskefarm-gjekk-fra-rekordoverskot-til-milliontap","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/311911\/","title":{"rendered":"N\u00e6ringsliv, Steinvik Fiskefarm AS | Steinvik Fiskefarm gjekk fr\u00e5 rekordoverskot til milliontap"},"content":{"rendered":"\n<p>Samstundes fall omsetninga fr\u00e5 670,3 millionar kroner i 2024 til 456,2 millionar kroner i 2025 \u2013 ein nedgang p\u00e5 over 200 millionar kroner.<\/p>\n<p>Styret peikar sj\u00f8lv p\u00e5 utfordringar knytt til produksjon og marknadsprisar som dei viktigaste \u00e5rsakene til resultatsvikten.<\/p>\n<p>\u2013 2025 har vore eit krevjande \u00e5r med utfordringar knytt til produksjon og marknadsprisar, skriv styret i \u00e5rsmeldinga.<\/p>\n<p>Driftsresultatet enda p\u00e5 minus 61,1 millionar kroner, mot eit plussresultat p\u00e5 41,3 millionar \u00e5ret f\u00f8r.<\/p>\n<p>Bekymra for redusert kapasitet<\/p>\n<p>I \u00e5rsmeldinga trekkjer styret fram at selskapet har f\u00e5tt redusert den tillatne produksjonskapasiteten i produksjonsomr\u00e5de 4.<\/p>\n<p>Den tillatne biomassen er redusert med totalt 18 prosent \u2013 fr\u00e5 4.680 tonn til 3.888 tonn.<\/p>\n<p>Styret skriv at dei er bekymra for korleis dette vil p\u00e5verke selskapet si evne til \u00e5 investere i ny og berekraftig produksjonsteknologi. Dette er ogs\u00e5 ei problemstilling Steinvik Fiskefarm tidlegare har peika p\u00e5. \u00c5rsrekneskapen viser ogs\u00e5 at selskapet ikkje gjorde st\u00f8rre investeringar i 2025.<\/p>\n<p>\u2013 Nedtrekket er heilt klart krevjande for ei mindre havbruksverksemd som Steinvik. Det tek vek mykje av grunnlaget med tanke p\u00e5 forutsigbarheit og derav evne til \u00e5 investere i verksemda som skal ruste oss for framtida. Det er mildt sagt usikre tider, seier dagleg leiar Erlend Vassbotten til Firdaposten.<\/p>\n<p>\u2013 Det er no vi ser verknaden av nedtrekka vi og andre p\u00e5 vestlandet har f\u00e5tt, utdjupar han.<\/p>\n<p>I \u00e5rsmeldinga peikar styret ogs\u00e5 p\u00e5 usikkerheit knytt til rammevilk\u00e5r, mogleg ytterlegare reduksjon i biomasse, marknadsprisane p\u00e5 laks, svak norsk krone og auka skattar og avgifter.<\/p>\n<p>Meiner \u00f8konomien er solid<\/p>\n<p>Trass i det svake resultatet vurderer styret den finansielle stillinga som god.<\/p>\n<p>Ved \u00e5rsskiftet hadde Steinvik Fiskefarm ein eigenkapital p\u00e5 291,5 millionar kroner, tilsvarande ein eigenkapitaldel p\u00e5 74 prosent.<\/p>\n<p>Selskapet hadde dessutan positiv kontantstraum fr\u00e5 den ordin\u00e6re drifta p\u00e5 n\u00e6r 20 millionar kroner gjennom \u00e5ret.<\/p>\n<p>\u2013 Styret er ikkje n\u00f8gd med selskapet sitt \u00e5rsresultat. 2025 har vore eit krevjande \u00e5r, men styret vurderer likevel selskapet si finansielle stilling og likviditet som god, heiter det i \u00e5rsmeldinga.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Samstundes fall omsetninga fr\u00e5 670,3 millionar kroner i 2024 til 456,2 millionar kroner i 2025 \u2013 ein nedgang&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":311912,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[36,60,61,11306,6234,62,30,28,29,25101,1510],"class_list":["post-311911","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-art","tag-business","tag-economy","tag-havbruk","tag-kinn","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-steinvik-fiskefarm-as","tag-story"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117036079240638804","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/311911","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=311911"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/311911\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/311912"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=311911"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=311911"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=311911"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}