{"id":314935,"date":"2026-08-07T04:17:36","date_gmt":"2026-08-07T04:17:36","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/314935\/"},"modified":"2026-08-07T04:17:36","modified_gmt":"2026-08-07T04:17:36","slug":"anmeldelse-peer-gynt-ei-mikrodose-peer-gynt","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/314935\/","title":{"rendered":"Anmeldelse, Peer Gynt | Ei mikrodose Peer Gynt"},"content":{"rendered":"\n<p>Hildonen og Ulfsby har, i staden for \u00e5 \u00abdeale\u00bb med sorga, laga framsyninga \u00abPeeropolis\u00bb. Peeropolis er byen Peer skal bygge, langt heimanfr\u00e5, blant anna fordi \u00abingen blir profet i eige land\u00bb. I gamle Hellas var ein \u00abPolis\u00bb ein uavhengig bystat, r\u00e5dande over seg sj\u00f8lv. No har Peer fullstendig r\u00e5derett over scena, utan innblanding fr\u00e5 dei andre karakterane i stykket.<\/p>\n<p>\u00abPeeropolis\u00bb skal innom Ibsen-festivalen og vidare p\u00e5 turn\u00e9 med Teater Innlandet, s\u00e5 det vert gode moglegheiter for \u00e5 sj\u00e5 han i vinter. Urpremieren p\u00e5 G\u00e5l\u00e5 blei spelt utand\u00f8rs p\u00e5 nye \u00abPeeropolis-Arena\u00bb, men er meint for eit innomhus scenerom. Derfor kan det godt vere nokre visuelle element som blir tydelegare n\u00e5r dei f\u00e5r blending og tak over hovudet.<\/p>\n<p>Oppklipt Ibsen<\/p>\n<p>Regiss\u00f8r Ulfsby presenterte det som ei forsvarstale fr\u00e5 eit liv som er kappa opp i sm\u00e5bitar og heve opp i lufta. No er det Hildonen si oppg\u00e5ve \u00e5 gestalte denne oppklipte og isolerte versjonen av Peer Gynt, og trekke sm\u00e5bitane ned til dei som har kome til G\u00e5l\u00e5 for urpremiere.<\/p>\n<p>Musikarane Sjur Miljeteig og Elisabeth M\u00f8rland Nesset er eit stumt ensemble som ikkje f\u00e5r kritisere Peer sitt svevande hovud. I staden vert dei som ein levande organisme, bretta ut i rytme, melodi og tekst. Hjarte, kropp og tankar.<\/p>\n<p>Kven er Peer \u00e5leine?<\/p>\n<p>Om ein skal putte \u00abPeeropolis\u00bb inn i tidslinja til originalmanuset, oppfattar eg det som vi er rett etter Peer sitt f\u00f8rste m\u00f8te med knappest\u00f8yparen. Han har opplevd alt fr\u00e5 reisa si, men det har enno ikkje blitt forl\u00f8yst av heimkomsten.<\/p>\n<p>Vi sitt fast i noko m\u00f8rkt, s\u00e5rt og desperat.<\/p>\n<p>I programmet stiller dei sp\u00f8rsm\u00e5let \u00abKva skjer n\u00e5r vi fjernar alle rundt han og berre lyttar til Peer sine tankar og refleksjonar, observasjonar og illusjonar?<\/p>\n<p>Kanskje er det menneska Peer har rundt seg som gjer han \u00f8m, inderleg og lykkeleg. \u00abPeeropolis\u00bb er full av attr\u00e5, men ikkje etter kropp og n\u00e6rleik. Det er ei materialistisk og egoistisk attr\u00e5.<\/p>\n<p>Som i ein Wider\u00f8e-reklame<\/p>\n<p>Eg er ikkje einig i premissen om at dei har \u00abfjerna alle rundt han\u00bb. Peer spelar stadig til usynlege folk han plasserer rundt om i rommet. Elisabeth M\u00f8rland Nesset sin frekke perkusjon er i tydeleg dialog som ein hindring for Peer, nett som ein B\u00f8yg.<\/p>\n<p>I staden for \u00e5 ta utgangspunkt i Grieg sin musikk, har Miljeteig og M\u00f8rland Nesset laga eit lydbilde som finn stad i eit meir moderne nasjonalromantisk landskap. Her snakkar vi musikksjangeren til dei Wider\u00f8e- og Telenor-reklamane som f\u00e5r det til \u00e5 lekke i augekroken p\u00e5 sj\u00f8lv dei minst patriotiske nordbuarar.<\/p>\n<p>Eg klarer faktisk ikkje kjenne att eit einaste tema fr\u00e5 originalmusikken, anna enn eit parti med tekst fr\u00e5 Solveigs song med ny melodi. Den nye musikken har element fr\u00e5 jazz og elektronika, og blir ein deilig kontrast til alt det kjende.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"2667\" height=\"1965\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/PG2026_Peeropolis_pr%C3%B8ver_dagtid_9953.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 2667 \/ 1965;\"\/><\/p>\n<p>      Sjur Miljeteig p\u00e5 scena.<br \/>\n      Foto: @gundersenogmeg\n    <\/p>\n<p>  Full, rablande eller fandenivaldsk<\/p>\n<p>At dei er tru til verseforma gir ei trygg rytme i den oppklipte teksten. Nokre gongar g\u00e5r Hildonen seg litt bort i \u00e5 artikulere nett rytmen, framfor innhaldet i teksten, og forma vert litt deklamerande.<\/p>\n<p>Ho klarer fint \u00e5 riste det av seg n\u00e5r ho f\u00e5r meir \u00e5 spele p\u00e5, fordi teksten rommar meir \u00abskodespelar-mat\u00bb, og n\u00e5r dirigering av rytme vert overlate til musikarane verkar det som at Hildonen slepp seg ekstra fri.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om ho spelar med ei lun finurlegheit, er det f\u00e5 heilhjarta lyspunkt i framsyninga \u00e5 spore. Dei fleste oppstemde augeblikka i teksten f\u00e5r ein manisk, verkelegheitsfjern undertone. Ofte spelar ho Peer som om han er full, rablande eller fandenivaldsk.<\/p>\n<p>Kvalitetsprodukt og sprekkeferdig av godbitar<\/p>\n<p>Det har likevel h\u00f8g underhaldningsverdi. Her har vi med solide scenekunstnarar \u00e5 gjere, og ein er aldri i tvil om at kvaliteten p\u00e5 det ein f\u00e5r servert er skyh\u00f8g.<\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om innhaldet er m\u00f8rkt er vi veldig n\u00e6re teaterkonsert-sjangeren. I staden for \u00e5 lande i ein dyster heilskap kjem energiske musikalske oppbrot som etterlet rom til \u00e5 tenke.<\/p>\n<p>I blant kjem \u00abPeeropolis\u00bb i fare for \u00e5 bli eit \u00abbest of\u00bb-show, med kjende sitat som perlar p\u00e5 ei snor.<\/p>\n<p>Tekstfragmenta er ikkje kuratert p\u00e5 ein m\u00e5te som gjer at dei f\u00e5r ny betydning, eller peikar ein ny retning enn f\u00f8r. P\u00e5 mange m\u00e5tar har framsyninga same funksjon for oss om for ensemblet: Vi f\u00e5r kome p\u00e5 eit uforpliktande bes\u00f8k til Peeropolis, henge litt med teksten vi kjenner, ogs\u00e5 dra heim att etter ein time.<\/p>\n<p>Det er fint \u00e5 bli p\u00e5minna kva for godbitar teksten rommar, spesielt om ein har hjartebarn ein saknar etter \u00e5 ha sett sj\u00f8lvaste G\u00e5l\u00e5-spelet, eller treng \u00e5 \u00abmikrodose\u00bb Peer Gynt n\u00e5r februar- m\u00f8rket kjem og framsyninga skal p\u00e5 turn\u00e9.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"5712\" height=\"4284\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/teater.JPG\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 5712 \/ 4284;\"\/><\/p>\n<p>      Fra framsyninga tirsdag kveld<br \/>\n      Foto: Trine Sylli\u00e5sen\n    <\/p>\n<p>  Heime \u00e5leine<\/p>\n<p>Eg hadde likt \u00e5 sj\u00e5 meir av potensialet i kva Peer kunne ha funne p\u00e5 n\u00e5r han er heilt \u00abheime \u00e5leine\u00bb.<\/p>\n<p>S\u00e5 er det kanskje noko sant i at dei magiske orda \u00abheime \u00e5leine\u00bb i verkelegheita ikkje betyr stort meir enn \u00e5 sakne dei du bur saman med.<\/p>\n<p>\u00abPeeropolis\u00bb er eit idiotsikkert format, kor du trygt kan ta med din Ibsen-konservative bestemor eller ten\u00e5ringen som ikkje taklar tre timar p\u00e5 vers.<\/p>\n<p>Dei har kanskje ikkje funne opp krutet, men dei veit \u00e5 porsjonere det i tiltalande krutlapp-dosar s\u00e5nn at &#8230; ja. Du skj\u00f8nner teikninga.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Hildonen og Ulfsby har, i staden for \u00e5 \u00abdeale\u00bb med sorga, laga framsyninga \u00abPeeropolis\u00bb. Peeropolis er byen Peer&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":314936,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[58],"tags":[118,36,71,12702,30,28,29,1158,1881,72],"class_list":["post-314935","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-underholdning","tag-anmeldelse","tag-art","tag-entertainment","tag-gala","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-peer-gynt","tag-review","tag-underholdning"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117052299899976903","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/314935","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=314935"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/314935\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/314936"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=314935"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=314935"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=314935"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}