{"id":323401,"date":"2026-08-15T10:51:17","date_gmt":"2026-08-15T10:51:17","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/323401\/"},"modified":"2026-08-15T10:51:17","modified_gmt":"2026-08-15T10:51:17","slug":"kommentar-meiningar-det-viktigaste-for-utvikling-i-ein-kommune-er-optimisme-og-pagangsmot","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/323401\/","title":{"rendered":"Kommentar, Meiningar | Det viktigaste for utvikling i ein kommune er optimisme og p\u00e5gangsmot"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Kommentar<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er ein kommentar, skriven av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>I mange ti\u00e5r var synet av ein byggjekran i Sogndal eit uomtvisteleg teikn p\u00e5 vekst og optimisme.<\/p>\n<p>I dag er det reine biletet av bygda, utan ruvande byggjekraner, noko som vekkjer uro. <\/p>\n<p>Sj\u00f8lv om planutvalsleiar Clara \u00d8berg med rette peikar p\u00e5 at den offentlege byggjeaktiviteten er historisk h\u00f8g, med ny symjehall, tannklinikk, trafostasjon og den store utbygginga av Trudvang skule, er det grunn til \u00e5 setja eit sp\u00f8rsm\u00e5lsteikn ved at dei private initiativtakarane glimrar med sitt fr\u00e5v\u00e6r. <\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1471201\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/image_425943AD-A396-4D05-ABCE-B6A1F0F9DBDE_1780488192.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Vil vurdera saker p\u00e5 nytt: \u2013 Kommunestyret har framleis eit handlingsrom\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1470210\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/1786791075_484_PXL_20260806_111305393.PORTRAIT.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            \u2013 D\u00e5 s\u00e5g han meg rett i fjeset og sa: \u00abden dagen du ikkje ser ein byggjekran, den dagen har Sogndal stoppa opp\u00bb\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Ein serie med store og viktige private prosjekt som Stedjevegen, Guro Ness-kvartalet, Ulvahaugen Vest, Billagstomta og Sognatun har anten stoppa opp, dreg ut i tid eller er lagde heilt p\u00e5 is.<\/p>\n<p>Det heng sj\u00f8lvsagt saman med h\u00f8ge renter og sviktande sal, men det er meir enn det som murrar bakom.<\/p>\n<p>Ut fr\u00e5 ei rekkje saker og intervju i Sogn Avis den siste tida, handlar det ogs\u00e5 om at fleire akt\u00f8rar i den lokale byggjen\u00e6ringa opplever Sogndal kommune som ein motspelar framfor ein medspelar.<\/p>\n<p>Der mykje av b\u00e5de frustrasjon, og etter kvart resignasjon, botnar i mangel p\u00e5 kommunikasjon. Og ikkje minst mangel p\u00e5 f\u00f8reseielegheit. <\/p>\n<p>Den st\u00f8rste og mest akutte frustrasjonen blant b\u00e5de utbyggjarar og innbyggjarar handlar om det me m\u00e5 ha lov \u00e5 definera som rein kommunikasjonssvikt. <\/p>\n<p>Det vert skildra ein kvardag der e-postar ikkje vert svara p\u00e5, telefonar g\u00e5r ubesvarte hen, og f\u00f8respurnader om m\u00f8te vert kontant avviste. Som planutvalsleiar \u00d8berg \u00e6rleg vedg\u00e5r: \u00abFolk som skal byggja er heilt avhengige av god kommunikasjon. N\u00e5r fleire melder tilbake at den har vore d\u00e5rleg, s\u00e5 trur eg p\u00e5 folk sine opplevingar\u00bb.<\/p>\n<p>Dette er ikkje berre d\u00e5rleg service, men kan vitna om ein praksis som lammar framdrift og eskalerer konfliktar. Den langvarige og no skrinlagde saka til Ove Ellingsen og Raunehaug Eigedom i Kyrkjebakken 40 st\u00e5r att som eit grelt d\u00f8me.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1468819\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/_DSC3461.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Langar ut etter avslag: \u2013 Huset kjem til \u00e5 bli st\u00e5ande og rotna p\u00e5 rot\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Han har opplevd dialogen med kommunen som direkte ubehageleg. Prega av manglande svar, sakshandsamarar som er d\u00e5rleg f\u00f8rebudde og lite presise m\u00f8te med kommunen.<\/p>\n<p>N\u00e5r kommunikasjonen sviktar, oppst\u00e5r det ofte ein un\u00f8dvendig mistillit. Status er at utbyggjar sit att med avslag p\u00e5 21 sider og eit hus som rotnar p\u00e5 rot, er skjemmande for nabolaget og i verste fall ogs\u00e5 farleg for tryggleiken.<\/p>\n<p>Like alvorleg som kommunikasjonssvikten er ogs\u00e5 mangelen p\u00e5 f\u00f8reseielegheit. Investeringar i fast eigedom krev langsiktig planlegging og kalkulerbar risiko. Slik situasjonen er i Sogndal i dag, er risikoen for mange blitt uforsvarleg h\u00f8g fordi utbyggjarar meiner dei ikkje lenger kan stola p\u00e5 dei signala dei f\u00e5r undervegs.<\/p>\n<p>S\u00e5 er det vel heller ikkje \u00e5 leggja skjul p\u00e5 den store gjennomtrekken av tilsette p\u00e5 planavdelinga har medverka til denne uf\u00f8reseielegheiten. Ellingsen opplevde \u00e5 m\u00e5tte forhalde seg til minst sju ulike sakshandsamarar p\u00e5 elleve \u00e5r. <\/p>\n<p>Ein sakshandsamar kan vera positiv og gje gr\u00f8nt lys til ein viss retning f\u00f8r ein ny sakshandsamar tek over og stiller heilt nye, fordyrande krav eller plutseleg snur om til eit uventa avslag p\u00e5 oppl\u00f8pssida.<\/p>\n<p>Me ser det same m\u00f8nsteret i mindre private saker. Ekteparet som s\u00f8kte om \u00e5 f\u00e5 setja opp eit naust ved fjordeigedomen sin, m\u00e5tte venta i uakseptable halvanna \u00e5r p\u00e5 svar. <\/p>\n<p>Frustrasjonen vert ikkje mindre av at kommunen, f\u00f8rst i sj\u00f8lve avslagsvedtaket etter 18 m\u00e5nader, grunnleggjande avviste s\u00f8knaden etter \u00e5 ha bede om mange utfyllande opplysningar. \u00c5 halda p\u00e5 slik set s\u00f8kjarar i ein heilt umogleg \u00f8konomisk og praktisk situasjon. <\/p>\n<p>Ein m\u00e5 kunne forvente at ein profesjonell kommune kartlegg og kommuniserer slike formelle krav tidleg i prosessen, i staden for \u00e5 spara dei til endeleg vedtak. Som i dette tilfellet vart gjort midt i fellesferien og om lag samstundes med at Sogn Avis starta \u00e5 jobba med saka.<\/p>\n<p>S\u00e5 skal det p\u00e5 alle m\u00e5tar understrekast at ei planavdeling i ein kommune handterer eit krevjande, nasjonalt regelverk. Rammene fr\u00e5 overordna myndigheiter og Statsforvaltaren har vorte vesentleg strammare dei siste \u00e5ra. <\/p>\n<p>Ein fersk h\u00f8gsterettsdom fr\u00e5 mars 2026 har understreka at dispensasjonar skal gjevast restriktivt. Administrasjonen har difor ei legitim plikt til \u00e5 sikra juridisk haldbare vedtak og sl\u00e5 fast at st\u00f8rre prosjekt m\u00e5 g\u00e5 \u00abplanvegen\u00bb framfor lettvinte unntak. Men praksisen deira fjernar verkar til \u00e5 fjerna eit handlingsrom utbyggjarane meiner dei burde kunne nytte.<\/p>\n<p>Eit strengt regelverk forsvarer ikkje d\u00e5rleg kommunikasjon eller manglande f\u00f8reseielegheit. Det er ikkje i strid med lovverket \u00e5 svara p\u00e5 telefonar eller e-post.<\/p>\n<p>Lovverket krev heller ikkje at ein skal halda ein s\u00f8knad som i realiteten er sjanselaus g\u00e5ande i \u00e5revis p\u00e5 dyre tilleggsutgreiingar, f\u00f8r ein gjev avslag.<\/p>\n<p>S\u00e5 er det sj\u00f8lvsagt ogs\u00e5 heilt uakseptabelt n\u00e5r frustrasjonen kokar over til personlege \u00e5tak og ufine ytringar mot dei tilsette p\u00e5 planavdelinga. <\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1469518\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/DSCF1230.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Nye rutinar: \u2013 Det har kome uakseptable ytringar retta mot enkelttilsette\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>Ansvaret for systemsvikten m\u00e5 me plassera p\u00e5 toppen \u2013 b\u00e5de administrativt og politisk. <\/p>\n<p>D\u00e5 politikarane i Sogndal sommaren 2024 vedtok \u00e5 delegera myndigheita i dispensasjonssaker til administrasjonen, skapte dei eit politisk vakuum. Saker som handlar om lokal samfunnsutvikling vart reduserte til reint faglege, juridiske vurderingar.<\/p>\n<p>Det politiske skj\u00f8net vart parkert, noko som ogs\u00e5 planutvalsleiar Clara \u00d8berg sj\u00f8lv seier. \u00abDet er til sjuande og sist politikarane sitt ansvar, og det ansvaret tyngjer meg litt\u00bb <\/p>\n<p>Og kanskje det er nettopp der ein skal starta. At politikarane omgjer vedtaket fr\u00e5 kommunestyret i 2024.<\/p>\n<p>Betre kommunikasjon, dialog og openheit og ikkje minst f\u00f8reseielegheit for involverte partar, er ogs\u00e5 tiltak som m\u00e5 p\u00e5 plass.<\/p>\n<p>Det viktigaste for utvikling i ein kommune er optimisme og p\u00e5gangsmot. Akkurat no kan det sj\u00e5 ut som Sogndal er litt i manko av begge deler.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1459482\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/IMG_4536.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Fleire stiller seg bak utbl\u00e5singa: \u2013 Er blitt utrygt \u00e5 setja i gang med ting\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.sognavis.no\/5-115-1457796\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/08\/hillestad.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Ifr\u00e5 \u00e5 ha vore ei bygd i rivande utvikling i fleire ti\u00e5r, f\u00f8ler eg no at den positive trenden er p\u00e5 veg til \u00e5 snu\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Kommentar Dette er ein kommentar, skriven av ein redaksjonell medarbeidar. Kommentaren gir uttrykk for skribenten sine haldningar. I&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":323402,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,266,22,23,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,1029,26,27],"class_list":["post-323401","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-norge","tag-art","tag-breaking-news","tag-breakingnews","tag-featured-news","tag-featurednews","tag-headlines","tag-kommentar","tag-latest-news","tag-latestnews","tag-meiningar","tag-news","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyheter","tag-opinion","tag-overskrifter","tag-politikk","tag-sogndal","tag-top-stories","tag-topstories"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117099147736626653","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/323401","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=323401"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/323401\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/323402"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=323401"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=323401"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=323401"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}