{"id":33762,"date":"2025-09-12T18:12:32","date_gmt":"2025-09-12T18:12:32","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/33762\/"},"modified":"2025-09-12T18:12:32","modified_gmt":"2025-09-12T18:12:32","slug":"sk-brann-debatt-a-sla-united-var-enormt-det-var-likevel-noko-anna-som-fekk-tarene-til-a-trilla","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/33762\/","title":{"rendered":"SK Brann, Debatt | \u00c5 sl\u00e5 United var enormt, det var likevel noko anna som fekk t\u00e5rene til \u00e5 trilla"},"content":{"rendered":"\n<p>Prestasjonen er skamr\u00e5!<\/p>\n<p><b>Sj\u00f8lv om det<\/b> berre er snakk om ein enkeltkamp, og alt kan skje i Manchester om ei veke, var det litt av ei bragd heimelaget utf\u00f8rte p\u00e5 Brann Stadion 11. september 2025.<\/p>\n<p>Ja. Det er den typen prestasjon som f\u00f8rst som sist kan festast til ein dato. Sportsklubben Brann fr\u00e5 Bergen vann 1\u20130 mot Manchester United.<\/p>\n<p><b>Me kan allereie<\/b> etablera sp\u00f8rsm\u00e5let: Kor i alle dagar var du d\u00e5 Brann slo Manchester United?<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6192\" height=\"4128\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/EWB_1553.jpg\" alt=\"Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6192 \/ 4128;\"\/><\/p>\n<p>    Desse tre jentene vil aldri gl\u00f8yma kor dei var d\u00e5 Brann slo Manchester United.<br \/>\n    Foto: Emil Weatherhead Breistein\n  <\/p>\n<p>Mi dotter p\u00e5 seks \u00e5r kan iallfall seia at ho var p\u00e5 Stadion med venninnene sine den kvelden. Ja, eg trur at ho kjem til \u00e5 skryta av det ein eller annan gong i framtida.<\/p>\n<p><b>Ho veit heldigvis<\/b> fint lite om at Manchester United i fjor hadde den fjerde st\u00f8rste kvinnesatsinga i verda. Ja, det var berre tre klubbar p\u00e5 planeten som hadde st\u00f8rre inntekter i enn dei raude djevlane i Manchester.<\/p>\n<p>Og sj\u00f8lv om b\u00e5de pengane og pengeforskjellane i kvinnefotballen er langt mindre enn i herrefotballen, er det dessverre slik at ein i fotball i veldig stor grad kan kj\u00f8pa seg suksess.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.ba.no\/5-8-3153738\" class=\"related-teaser has-image default-opinion-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/EWB_5267.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>              Det er mer imponerende om en tiendedel fra rekordkampen dukker opp s\u00f8ndag\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p><b>Om du i fjor<\/b> hadde sett opp ein tabell over personalkostnadane til dei norske toppserieklubbane, ja, d\u00e5 hadde du f\u00e5tt akkurat den same tabellen som ein enda opp med etter at alle seriekampane var ferdigspelte.<\/p>\n<p>Og dei to klubbane som hadde det st\u00f8rste budsjettet i Europa i fjor, ja, det var dei to klubbane som m\u00f8ttest i Champions League-finalen. Dei heiter Arsenal og Barcelona.<\/p>\n<p>Men rett bak der finn du alts\u00e5 laget som Brann hamla opp med p\u00e5 Stadion i torsdag. Det er rett og slett imponerande.<\/p>\n<p><b>Men, ja, eg <\/b>har bygd opp til eit \u00abmen\u00bb her:<\/p>\n<p>Det var ikkje berre det \u00e5 vinna ein kamp mot Manchester United som fekk t\u00e5rer og superlativ til \u00e5 renna fr\u00e5 fjesa til Brann-spelarane.<\/p>\n<p><b>Nei, det finst<\/b> nemleg noko som er end\u00e5 st\u00f8rre og viktigare enn store prestasjonar. Nemleg draumane. Dei draumane som er den store drivkrafta.<\/p>\n<p>Derfor var det noko som var end\u00e5 sterkare enn sj\u00f8lve prestasjonen p\u00e5 Brann Stadion torsdag.<\/p>\n<p>Selma Panengstuen (22) er ikkje noko lita jente lenger. Ho viste seg som ein keeper av stort internasjonalt format.<\/p>\n<p><b>Ho var sj\u00f8lvsagt<\/b> veldig forn\u00f8gd med prestasjonen mot Manchester United. Det var likevel noko anna som gjorde at ho m\u00e5tte inn til den vesle jenta ho ein gong var, for \u00e5 finna svaret ho leita etter.<\/p>\n<p>Til BA sa ho:<\/p>\n<p><a href=\"https:\/\/www.ba.no\/ble-rort-av-hyllesten-jeg-pleier-ikke-a-bli-rort-av-fotball\/s\/5-8-3153630\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">\u2013 Det er eigentleg den vesle jenta i meg som skrik: Det er ein draum som g\u00e5r i oppfylling!<\/a><\/p>\n<p><b>Den draumen handla<\/b> om \u00e5 f\u00e5 spela for ein full stadion. Ikkje berre det; \u00e5 f\u00e5 spela for ein full Brann Stadion.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6192\" height=\"4128\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/ABK_2563.jpg\" alt=\"Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6192 \/ 4128;\"\/><\/p>\n<p>    Selma Panengstuen midt i jubelscenane etter at Brann tok f\u00f8rste stikk i dobbeltoppgjeret mot Manchester United.<br \/>\n    Foto: Emil Weatherhead Breistein\n  <\/p>\n<p>Det er det nemleg ingen jenter eller kvinner som har f\u00e5tt lov til nokon gong tidlegare. Ikkje p\u00e5 noko anna stort stadion i Norge heller, for del.<\/p>\n<p><b>At 16.019 personar<\/b> troppa opp p\u00e5 Brann Stadion og laga europakok for Brann-damene, er ikkje berre norsk rekord, og rekord i ein kvalifiseringskamp til kvinnenes Champions League uavhengig av kva europeiske klubbar du m\u00e5lar mot, og faktisk den nest best bes\u00f8kte europacupkampen som er spelt p\u00e5 Brann Stadion, uavhengig av kj\u00f8nn.<\/p>\n<p>Det er eit teikn p\u00e5 noko mykje meir.<\/p>\n<p>Det er eit teikn p\u00e5 ein by som bryr seg. Ja, det er faktisk snakk om kj\u00e6rleik.<\/p>\n<p><a class=\"simple-relation related-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default article--c-eRUmMG-iBPVJb-cv\" href=\"https:\/\/www.ba.no\/gronners-dom-en-kveld-for-historiebokene\/s\/5-8-3153409\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">Gr\u00f8nners dom: \u2013 En kveld for historieb\u00f8kene<\/a><\/p>\n<p><b>Akkurat som i <\/b>livet elles og i kyrkja, er det kj\u00e6rleiken som er st\u00f8rst av alt.<\/p>\n<p>Ingrid Stenevik har spelt toppfotball lenger enn dei fleste av dei andre som spelte p\u00e5 Stadion.<\/p>\n<p>Ho vart r\u00f8rt til t\u00e5rer. Igjen, ikkje p\u00e5 grunn av prestasjonen, ikkje p\u00e5 grunn av at ho faktisk sk\u00e5ra vinnarm\u00e5let.<\/p>\n<p><b>Men p\u00e5 grunn <\/b>av kj\u00e6rleiken ho opplevde fr\u00e5 tribunen. Ho sa nemleg:<\/p>\n<p>\u2013 Eg pleier ikkje \u00e5 f\u00e5 t\u00e5rer i auga av fotball, men n\u00e5r eg stod framfor bataljonen og dei ropte namnet mitt, s\u00e5 betydde det veldig mykje \u2026<\/p>\n<p>Ingrid Stenevik (30) har oppn\u00e5dd st\u00f8rre ting reint sportsleg. Ho har vunne b\u00e5de cupen og serien med Brann, ho har spelt seg fram til kvartfinale i Champions League.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"6192\" height=\"4128\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/ABK_2587.jpg\" alt=\"Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 6192 \/ 4128;\"\/><\/p>\n<p>    Ingrid Stenevik avgjorde heimekampen mot United. Det var likevel den enorme hyllesten fr\u00e5 tribunen som gjorde mest inntrykk.<br \/>\n    Foto: Emil Weatherhead Breistein\n  <\/p>\n<p><b>Det var likevel<\/b> d\u00e5 ho fekk spela for ein full Stadion, som i tillegg hylla henne, at t\u00e5rene trilla.<\/p>\n<p>S\u00e5 lenge har Stenevik vore med, at denne urealistiske draumen eigentleg ikkje stod p\u00e5 lista over draumar.<\/p>\n<p>I brorparten av karrieren i toppfotballen har Ingrid Stenevik spelt for slekt og venner. Knapt nok det.<\/p>\n<p><a class=\"simple-relation related-teaser article--c-eRUmMG article--c-eRUmMG-jKCPdD-design-default article--c-eRUmMG-iBPVJb-cv\" href=\"https:\/\/www.ba.no\/ba-borsen-for-en-stjerne\/s\/5-8-3153508\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\">BA-b\u00f8rsen: For en stjerne!<\/a><\/p>\n<p><b>Lenge med ei<\/b> kjensle av ikkje \u00e5 verta sett.<\/p>\n<p>\u2013 Det er s\u00e5 heise kjekt at s\u00e5 mange kjem for \u00e5 sj\u00e5 p\u00e5 oss, sa strilen fr\u00e5 Austevoll etter kampen. Med trykk p\u00e5 oss. For \u00e5 understreka at dette slettes ikkje er sj\u00f8lvsagt.<\/p>\n<p><b>No har ho<\/b> spelt for eit fullsett Brann Stadion.<\/p>\n<p>Ikkje eit kva som helst fullsett Brann Stadion, heller. Nei, for blant dei 16.019 som m\u00f8tte opp i pissregnet p\u00e5 Stadion, var det delvis eit anna klientell enn det brukar \u00e5 vera p\u00e5 Brann-kampar. Det var fleire tusen fotballjenter p\u00e5 tribunen.<\/p>\n<p>   <img decoding=\"async\" width=\"4032\" height=\"2688\" fetchpriority=\"low\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2025\/09\/ABK_2430.jpg\" alt=\"Champions League-kvaliken: Brann - Manchester United\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"--brick-image-ratio: 4032 \/ 2688;\"\/><\/p>\n<p>    Kor mange jenter med b\u00f8ttehatt greier du \u00e5 finna i dette bildet? Det er ikkje f\u00e5!<br \/>\n    Foto: Emil Weatherhead Breistein\n  <\/p>\n<p><b>Fotballjenter som opplever <\/b>det som heilt naturleg at ein kvinnekamp kan fylla Stadion.<\/p>\n<p>Ja, for desse jentene er det faktisk ein heilt reell draum \u00e5 ein gong f\u00e5 spela for ein fullsett Stadion.<\/p>\n<p>Dei har heldigvis ingen f\u00f8resetnader for \u00e5 forst\u00e5 kor eksepsjonelt dette faktisk er.<\/p>\n<p><b>I fjor spelte<\/b> V\u00e5lerengen i gruppespelet i Champions League. Ogs\u00e5 dei m\u00f8tte verkelege kanonar. Medan 1923 m\u00f8tte opp mot Juventus, 2314 s\u00e5g heimekampen mot Bayern M\u00fcnchen, var det 4333 som s\u00e5g Oslo-klubben sin heimekamp mot Arsenal.<\/p>\n<p>M\u00e5lt mot mange andre kampar i Champions League for kvinner er det eigentleg ikkje noko \u00e5 skamma seg over heller.<\/p>\n<p><b>Det kan veldig<\/b> fort henda at det vert V\u00e5lerengen og ikkje Brann som representerer Norge i Champions League denne sesongen. Som serievinnar ii 2024 har dei f\u00e5tt ein lettare veg enn Brann.<\/p>\n<p>Brann har ei veldig t\u00f8ff oppg\u00e5ve framfor seg i bortekampen i Manchester.<\/p>\n<p><b>Uansett kva som<\/b> skjer, gav dei bergenspublikummet ei oppleving som dei som var til stades aldri kjem til \u00e5 gl\u00f8yma.<\/p>\n<p>Dei viste jentene p\u00e5 tribunen at ein kvinnekamp kan fylla Stadion.<\/p>\n<p>Dei viste jentene p\u00e5 tribunen at dei kan f\u00e5 dr\u00f8yma om det same.<\/p>\n<p>For meg vart det ein av dei aller finaste kveldane p\u00e5 Brann Stadion nokon gong. Det seier litt.<\/p>\n<p><b>Eg h\u00e5par inderleg<\/b> at b\u00e5de jentene p\u00e5 tribunen og jentene p\u00e5 bana f\u00e5r oppleva dette igjen. Det fortener dei verkeleg!<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Prestasjonen er skamr\u00e5! Sj\u00f8lv om det berre er snakk om ein enkeltkamp, og alt kan skje i Manchester&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":33763,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[59],"tags":[36,37,92,266,30,28,29,1533,418,1382,83,82],"class_list":{"0":"post-33762","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-sport","8":"tag-art","9":"tag-debatt","10":"tag-fotball","11":"tag-kommentar","12":"tag-no","13":"tag-norge","14":"tag-norway","15":"tag-opinion","16":"tag-sk-brann","17":"tag-solve-rydland","18":"tag-sport","19":"tag-sports"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/33762","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=33762"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/33762\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/33763"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=33762"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=33762"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=33762"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}