{"id":340033,"date":"2026-09-01T11:59:13","date_gmt":"2026-09-01T11:59:13","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/340033\/"},"modified":"2026-09-01T11:59:13","modified_gmt":"2026-09-01T11:59:13","slug":"sogndal-fotball-synspunkt-laerte-sogndal-noko","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/340033\/","title":{"rendered":"Sogndal Fotball, Synspunkt | L\u00e6rte Sogndal noko?"},"content":{"rendered":"<p class=\"vignette\">Debattinnlegg<\/p>\n<p class=\"disclaimer\">Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.<\/p>\n<p>N\u00e5r eit lag taper fotballkampar, er det p\u00e5 to ulike m\u00e5tar ein kan ta eit tilbakeblikk. Det eine viset er \u00e5 vere sj\u00f8lvkritisk, \u00e5 g\u00e5 i seg sj\u00f8lv og finne ut kva ein gjorde gale og kva ein kan endre til det betre.<\/p>\n<p>Den andre m\u00e5ten er \u00e5 skulde p\u00e5 ytre faktorar. D\u00e5 er det som regel dommaren som kjem i fokus, garderobetilh\u00f8ve eller v\u00e6ret.<\/p>\n<p>Den elles glitrande sonen til Svein Bakke, Eirik, vel her den siste utg\u00e5va. If\u00f8lge guten med slektsr\u00f8ter i Holmedal, var det dommaren \u00e5 klandre, d\u00e5 Sogndal hadde Str\u00f8msgodset p\u00e5 gaffelen, men likevel gjekk p\u00e5 eit forsmedeleg tap. Laget fr\u00e5 fruktbygda fekk to raude kort heilt p\u00e5 tampen, \u00e5 kjempe 9 mot 11 vart for t\u00f8ft.<\/p>\n<p>Eit godt livsmotto er \u00e5 ikkje bruke krefter p\u00e5 noko du ikkje kan gjere noko med. Det vert ikkje feil \u00e5 ta dette r\u00e5det med seg inn p\u00e5 bana. Dommaren er einer\u00e5dande, som ein diktator. \u00c5 sl\u00e5st mot han l\u00f8ner seg ikkje. Det er ikkje berre form\u00e5lslaust, men kan syne seg reint destruktivt. Bakke junior b\u00f8r seie til sine disiplar at dei skal b\u00f8ye seg i st\u00f8vet for denne overmakta og ikkje oppf\u00f8re seg som rampeungar i den verste puberteten. I den grad det er mogleg \u00e5 p\u00e5verke dommaren, b\u00f8r gutane takke og bukke og ikkje skjelle han eller ho ut etter notar. Hadde ein slik eksemplarisk oppf\u00f8rsel gjort seg gjeldande, kunne poenga vart att mellom frukttrea i eplebygda.<\/p>\n<p>Det vert heller ikkje feil \u00e5 tr\u00f8 varsamt n\u00e5r kampen g\u00e5r mot slutten. \u00c5 hovudlaust \u00e5 stupe inn i taklingar som kan medf\u00f8re kort, er ikkje vist. Om Sogndal l\u00e6rte noko av kampen mot Godset, vil syne seg. Dei b\u00f8r i alle fall ha l\u00e6rt kva som skal til for ikkje \u00e5 miste krigarar midt i striden.<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Debattinnlegg Dette er eit debattinnlegg, skrive av ein ekstern bidragsytar. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar. N\u00e5r&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":340034,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,17054,92,30,28,29,1533,7865,83,82,6150],"class_list":["post-340033","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-eirik-bakke","tag-fotball","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-opinion","tag-sogndal-fotball","tag-sport","tag-sports","tag-synspunkt"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117195673764521021","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/340033","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=340033"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/340033\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/340034"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=340033"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=340033"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=340033"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}