{"id":340173,"date":"2026-09-01T14:28:44","date_gmt":"2026-09-01T14:28:44","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/340173\/"},"modified":"2026-09-01T14:28:44","modified_gmt":"2026-09-01T14:28:44","slug":"nyhende-naeringsliv-363-mill-i-pluss-pa-eit-halvar-ikkje-vore-mogleg-utan-kompetente-tilsette","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/340173\/","title":{"rendered":"Nyhende, N\u00e6ringsliv | 363 mill. i pluss p\u00e5 eit halv\u00e5r: \u2013 Ikkje vore mogleg utan kompetente tilsette"},"content":{"rendered":"\n<p>Det er ein auke p\u00e5 71,3 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Vi har god grunn til \u00e5 vera n\u00f8gde med halv\u00e5rsresultatet. Det sterke resultatet heng sj\u00f8lvsagt saman med h\u00f8ge prisar i marknaden, men hadde ikkje vore mogleg utan kompetente tilsette som kvar dag st\u00e5r p\u00e5 for at anlegga v\u00e5re skal kunna produsera kraft n\u00e5r samfunnet har behov for det, seier administrerande direkt\u00f8r John Martin Mj\u00e5nes i SKL i ei pressemelding.\u00a0<\/p>\n<p>SKL er som kjend i gang med fleire store prosjekt. Blant anna utbygginga av Bl\u00e5falli Fjellhaugen kraftverk i Kvinnherad, som starta opp for om lag eitt \u00e5r sidan. Eit kraftverk som skal f\u00e5 ein installert effekt p\u00e5 185 MW og gi om lag 70 GWh ny produksjon \u00e5rleg.\u00a0<\/p>\n<p>\u2013 Bl\u00e5falli Fjellhaugen er utan tvil det st\u00f8rste utbyggingsprosjektet SKL har no. I tillegg til \u00e5 gi meir fornybar kraft, blir kraftverket nyttig for \u00e5 styra produksjonen i heile vassdraget betre. Det er mange tilsette, hovudentrepren\u00f8r og underleverand\u00f8rar som jobbar d\u00f8gnet rundt for \u00e5 f\u00e5 p\u00e5 plass kraftverket inne i fjellet. For tida held dei p\u00e5 \u00e5 ta ut kraftstasjonshall og vassvegtunnelar, seier Mj\u00e5nes om kraftverket som etter planen skal koma i drift i 2029.\u00a0<\/p>\n<p>I pressemeldinga skriv SKL ogs\u00e5 at kraftmarknaden i Noreg har vore prega av l\u00e5gare tilsig enn normalt i l\u00f8pet av \u00e5rets f\u00f8rste halv\u00e5r.\u00a0<\/p>\n<p>\u00abDet har gitt l\u00e5ge magasinniv\u00e5 generelt, ogs\u00e5 i SKL sine magasin. I kombinasjon med internasjonal uro og h\u00f8ge gassprisar, har det gitt eit halv\u00e5r med h\u00f8ge kraftprisar. Gjennomsnittsprisen var 111,8 \u00f8re\/kWh i prisomr\u00e5det NO2, som er prisomr\u00e5det SKL har det meste av produksjonen i. Tilsvarande pris for f\u00f8rste halv\u00e5r i fjor, var 72,9 \u00f8re\/kWh\u00bb, st\u00e5r det i pressemeldinga.\u00a0<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.kvinnheringen.no\/80-27-684\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/20260219__DSC_4451.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Nytt tjuveri p\u00e5 Husnes: \u2013 Eit gjentakande problem\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Det er ein auke p\u00e5 71,3 millionar kroner samanlikna med same periode i fjor.\u00a0 \u2013 Vi har god&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":340174,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[56],"tags":[36,60,61,2276,62,30,28,29,4966,572,1510],"class_list":["post-340173","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-naeringsliv","tag-art","tag-business","tag-economy","tag-kraft","tag-naeringsliv","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-nyhende","tag-okonomi","tag-story"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117196260142089434","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/340173","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=340173"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/340173\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/340174"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=340173"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=340173"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=340173"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}