{"id":342227,"date":"2026-09-03T02:37:15","date_gmt":"2026-09-03T02:37:15","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/342227\/"},"modified":"2026-09-03T02:37:15","modified_gmt":"2026-09-03T02:37:15","slug":"viking-erik-botheim-erik-botheim-har-signert-for-viking","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/342227\/","title":{"rendered":"Viking, Erik Botheim | Erik Botheim har signert for Viking"},"content":{"rendered":"\n<p>P\u00e5 den siste dagen av overgangsvindauget blei det klart at Erik Botheim melder overgang fr\u00e5 Malm\u00f6 til Viking. Det stadfestar klubben i sine eigne kanalar.\u00a0<\/p>\n<p><b>RA Stavanger erfarer at Botheim kostar Viking 25 millionar kroner.<\/b><\/p>\n<p>Avtalen strekkjer seg ut 2030-sesongen.<\/p>\n<p>\u2013 Det er utruleg mykje spennande som skjer i Viking, og dei har hatt ei enorm utvikling dei siste \u00e5ra. Det er eit spennande prosjekt som trygger, seier Botheim p\u00e5 Vikings eigen nettstad.<\/p>\n<p>Han trur sj\u00f8lv at han passar Viking som hand i hanske.<\/p>\n<p>\u2013 Eg har sett mykje av Viking og korleis dei spelar, og trur eg vil passe bra inn her. Eg er svolten og trur dette kan vere eit fint steg.<\/p>\n<p>Kontrakten varer ut 2030-sesongen.<\/p>\n<p>Freista av Champions League<\/p>\n<p>Botheim har store ambisjonar for tida i Stavanger, og siktar mot b\u00e5de heimleg og europeisk suksess.<\/p>\n<p>\u2013 Eg trur eg kan bli enno betre i Viking. Eg h\u00e5par eg \u00f2g kan bidra med scoringar. S\u00e5 h\u00e5per eg me kan vere med \u00e5 kjempe om seriegull og spele ute i Europa.<\/p>\n<p>Mogelegheita for \u00e5 spele Champions League-fotball var ein sterk motivasjonsfaktor for Botheim, som let seg imponere av heimekampen mot Dinamo Zagreb.<\/p>\n<p>\u2013 Det var mektig \u00e5 sj\u00e5. Sj\u00f8lvsagt har det \u00f2g mykje \u00e5 seie at dette er ei mogelegheit til \u00e5 spele i Champions League her.<\/p>\n<p>Han fortel at han gler seg til \u00e5 m\u00f8te supporterane.<\/p>\n<p>\u2013 Me skal ha det mykje g\u00f8y saman!<\/p>\n<p>Sjokkovergang<\/p>\n<p>Sportssjef i Viking, Erik Nevland, er glad for \u00e5 ha landa signaturen til Botheim.<\/p>\n<p>\u2013 Me er veldig glade for \u00e5 ha landa denne avtalen. Erik har solid erfaring, og vil gi oss \u00f8kt konkurranse framover i banen. Me ser fram til \u00e5 sj\u00e5 han i Viking-drakta, seier Nevland.<\/p>\n<p>Mange hugsar han kanskje fr\u00e5 d\u00e5 han scora 15 m\u00e5l p\u00e5 30 kampar for Bod\u00f8\/Glimt i 2021.<\/p>\n<p>Sportssjef i RA Stavanger, Espen Iversen, <a href=\"https:\/\/www.rastavanger.no\/deadline-day-hos-viking-kok-endringer-og-et-potensielt-skyhoyt-spill\/o\/80-165-48203\" rel=\"Follow nofollow noopener\" target=\"_blank\">har karakterisert overgangen som ein sjokkovergang<\/a>.<\/p>\n<p>At han ikkje signerte i tide for onsdagens batalje mot Brodd lever han nok fint med. Me kan vel trygt sl\u00e5 fast at det var andre ting enn 1. runde i cupen p\u00e5 Midjord som fungerte som gulrot d\u00e5 millionstjerna valde Viking.<\/p>\n<p>Tidlegare onsdag landa \u00f2g Essien Bassey (19) p\u00e5 Sola. Han er i Stavanger for \u00e5 gjennomf\u00f8re overgangen til Viking fr\u00e5 den nederlandske klubben PSV.<\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.rastavanger.no\/80-165-48296\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/NTB_nhBiH70mwBs_1.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            HamKam har gitt Potur fri fra trening\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.rastavanger.no\/80-165-48203\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/1788403034_540_NTB_fLuA-xKadyo.jpg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Deadline day: Fullt kok, Bassey, Botheim, Potur \u2013 og et potensielt skyh\u00f8yt spill\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p>  <a href=\"https:\/\/www.rastavanger.no\/80-165-47996\" class=\"related-teaser has-image article--c-MkAkR\" rel=\"nofollow noopener\" target=\"_blank\"><\/p>\n<p>    <img decoding=\"async\" width=\"155\"  loading=\"lazy\"  src=\"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-content\/uploads\/2026\/09\/1788403035_431_361be9eb-70cd-47fa-a929-f1b4bc32e7c1.jpeg\" alt=\"\" class=\"brick-c-cFOWSL\" style=\"\"\/><\/p>\n<p>\n            Les ogs\u00e5<\/p>\n<p>            Bekreftet: Essien (19) er klar for Viking\n        <\/p>\n<p>  <\/a><\/p>\n<p><a class=\"brick-c-hOTghF\" href=\"#skip-\">Hopp over karusellen.<\/a><\/p>\n<p data-static=\"\" class=\"brick-c-fgNmNC\" id=\"carousel-title-\">Innholdskarusell med 20 artikler.<\/p>\n<ul data-static=\"\" aria-label=\"Navigasjon for innholdskarusell\" class=\"carousel-nav\">\n<li>\n<\/li>\n<li>\n<\/li>\n<\/ul>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"P\u00e5 den siste dagen av overgangsvindauget blei det klart at Erik Botheim melder overgang fr\u00e5 Malm\u00f6 til Viking.&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":342228,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":"","_share_on_mastodon":"0"},"categories":[59],"tags":[36,13070,30,28,29,4819,83,82,1510,435],"class_list":["post-342227","post","type-post","status-publish","format-standard","has-post-thumbnail","category-sport","tag-art","tag-erik-botheim","tag-no","tag-norge","tag-norway","tag-overgang","tag-sport","tag-sports","tag-story","tag-viking"],"share_on_mastodon":{"url":"https:\/\/pubeurope.com\/@no\/117204789032875263","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/342227","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=342227"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/342227\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/342228"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=342227"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=342227"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=342227"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}