{"id":34273,"date":"2025-09-13T12:07:08","date_gmt":"2025-09-13T12:07:08","guid":{"rendered":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/34273\/"},"modified":"2025-09-13T12:07:08","modified_gmt":"2025-09-13T12:07:08","slug":"meiningar-helse-laerdal-sjukehus-er-heile-indre-sogn-sitt-sjukehus","status":"publish","type":"post","link":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/34273\/","title":{"rendered":"Meiningar, Helse | L\u00e6rdal sjukehus er heile Indre Sogn sitt sjukehus"},"content":{"rendered":"\n<p>Som ordf\u00f8rar i Sogndal vil eg uttrykkja sterk uro over framlegget fr\u00e5 Helse F\u00f8rde om \u00e5 leggja ned ortopedisk avdeling og redusera barseltilbodet ved L\u00e6rdal sjukehus. Dette er ikkje berre eit lokalt sp\u00f8rsm\u00e5l for L\u00e6rdal. Det handlar om tryggleiken, arbeidsplassane og beredskapen for heile Indre Sogn.<\/p>\n<p>L\u00e6rdal sjukehus er eit fagmilj\u00f8 som i mange \u00e5r har levert kvalitet og stabilitet i eit distrikt der lange avstandar gjer n\u00e6rleik til helsetenester avgjerande. N\u00e5r ortopedisk avdeling og barseltilbodet vert svekkja, er det ikkje berre femti arbeidsplassar i L\u00e6rdal som st\u00e5r p\u00e5 spel, men eit heilt regionalt tilbod som r\u00e5kar innbyggjarar i Sogndal, \u00c5rdal, Aurland, Luster og Vik.<\/p>\n<p>Sogndal er ein kommune i vekst, med ei ung befolkning og mange sm\u00e5barnsfamiliar. For oss er barseltilbodet ikkje berre eit sp\u00f8rsm\u00e5l om helsetenester, men om \u00e5 skapa tryggleik for dei som vel \u00e5 bu og etablera seg her. N\u00e5r familiar f\u00e5r vissheit om at dei m\u00e5 reise langt i ein s\u00e5rbar livssituasjon, undergrev det b\u00e5de folketalsutviklinga og den framtidstrua me er heilt avhengige av.<\/p>\n<p>Det vert ofte sagt at ein arbeidsplass i distriktet er ein arbeidsplass for heile regionen. N\u00e5r eit sterkt fagmilj\u00f8 vert svekkja, forsvinn ikkje berre kompetansen ut av bygda. Det skaper ringverknader for heile Sogn. Pasientar f\u00e5r lengre reiseveg, tilsette mister tryggleiken sin, og regionen vert mindre attraktiv for b\u00e5de busetnad og n\u00e6ringsutvikling.<\/p>\n<p>Eg har respekt for at Helse F\u00f8rde st\u00e5r i krevjande \u00f8konomiske prioriteringar. Men det er eit feilspor \u00e5 byggja ned det som faktisk fungerer. Ortopedisk avdeling i L\u00e6rdal er b\u00e5de anerkjent og etterspurd. Barseltilbodet er ein grunnstein i tryggleiken for sm\u00e5barnsfamiliar. \u00c5 skjera ned p\u00e5 desse omr\u00e5da er \u00e5 svekkja fundamentet i eit system som me heller m\u00e5 arbeide for \u00e5 styrkje og ikkje redusere.<\/p>\n<p>Sogndal kommune st\u00e5r skulder ved skulder med L\u00e6rdal og resten av regionen i denne saka. Me m\u00e5 l\u00f8fta blikket og hugsa at helsevesenet i Sogn ikkje er delt opp kommune for kommune, men er eit felles tilbod for alle innbyggjarar. Difor seier eg tydeleg: Me m\u00e5 st\u00e5 saman for \u00e5 bevare dagens tilbod ved L\u00e6rdal sjukehus.<\/p>\n<p>Les meir om: artikkelemnene<\/p>\n","protected":false},"excerpt":{"rendered":"Som ordf\u00f8rar i Sogndal vil eg uttrykkja sterk uro over framlegget fr\u00e5 Helse F\u00f8rde om \u00e5 leggja ned&hellip;\n","protected":false},"author":2,"featured_media":34274,"comment_status":"","ping_status":"","sticky":false,"template":"","format":"standard","meta":{"footnotes":""},"categories":[10],"tags":[36,20,21,24,25,15,736,22,23,5341,1939,13,30,28,29,14,1533,16,41,26,27],"class_list":{"0":"post-34273","1":"post","2":"type-post","3":"status-publish","4":"format-standard","5":"has-post-thumbnail","7":"category-norge","8":"tag-art","9":"tag-breaking-news","10":"tag-breakingnews","11":"tag-featured-news","12":"tag-featurednews","13":"tag-headlines","14":"tag-helse","15":"tag-latest-news","16":"tag-latestnews","17":"tag-laerdal","18":"tag-meiningar","19":"tag-news","20":"tag-no","21":"tag-norge","22":"tag-norway","23":"tag-nyheter","24":"tag-opinion","25":"tag-overskrifter","26":"tag-politikk","27":"tag-top-stories","28":"tag-topstories"},"share_on_mastodon":{"url":"","error":""},"_links":{"self":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/34273","targetHints":{"allow":["GET"]}}],"collection":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts"}],"about":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/types\/post"}],"author":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/users\/2"}],"replies":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/comments?post=34273"}],"version-history":[{"count":0,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/posts\/34273\/revisions"}],"wp:featuredmedia":[{"embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media\/34274"}],"wp:attachment":[{"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/media?parent=34273"}],"wp:term":[{"taxonomy":"category","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/categories?post=34273"},{"taxonomy":"post_tag","embeddable":true,"href":"https:\/\/www.europesays.com\/no\/wp-json\/wp\/v2\/tags?post=34273"}],"curies":[{"name":"wp","href":"https:\/\/api.w.org\/{rel}","templated":true}]}}